Gå til innhold
  • Bli medlem

Vassdalseggi og Bamsebu, 01-02.07 2006


Ragnar

Anbefalte innlegg

Vassdalseggi med sine 1658 moh er Rogalands høgste topp og ligg heilt nord i Ryfylkeheiane, på grensa mellom Rogaland og Telemark fylker. Både toppen og naturen i området er verkeleg verdt turen.

Tidleg laurdag morgon bar det innover Ryfylke. Vi kom oss med første ferje over Høgsfjorden og parkerte ved Sandvatnet, inn av Nesflaten i Suldal kommune. Sola stod høgt på himmelen og det var varmt oppover mot Holmavatn. Etter snaue to timar var vi ved turisthytta Holmavassbu og her vart det meste i sekkane lagt igjen. Planen var å gå til Vassdalseggi og deretter returnere til hytta om kvelden. Å finna informasjon om ei grei rute opp frå sør var ikkje så lett, då dei aller fleste tar denne toppen frå nordsida. I ei av Stavanger turistforenings årbøker var det nevnt ein umerka sti frå Holmavatn mot Kvanndalen og denne passa det greit å følge eit stykke. Vi starta rett opp bakken frå hytta og såg aldri noko til denne stien, men vi fann likevel ein temmeleg grei rute mot toppen. Etter å ha runda vestsida av Fitjanuten, haldt vi høgda forbi Djupe tjørnane og Isvatnet. Deretter gjekk vi vest for vatn 1364 og aust for vatn 1352 før vi satte kursen rett mot toppen. Terrenget var småkuppert heile tida og det bar nesten konstant opp eller ned, slik det ofte er i Ryfylkeheiane! Og fint var det iallefall i desse traktene. På avstand var det ikkje så lett å sjå kva for rute opp til toppen som var best. Det løyste seg imiddlertid veldig greit, siste stykke mot toppen var det enkelt å ta seg opp på ein liten rygg, rett aust for fylkesgrensa.

På toppen
Den store varden på toppen hadde vi gått å sett på lenge og utsikten derfrå var ganske fin. Vi kom til toppen omtrent klokka 18, etter litt under fire timar frå Holmavassbu. Litt skyer kom sigande og ein liten bris var det også der oppe. Nødlinga/vardinga mot Haukeliseter var godt synleg, men ruta frå den kanten er vel bare delvis merka etter det eg forstår. Mot Kvanndalen var det også varder som gjekk nedover, så eg reknar med at det er fint å gå opp sør-vest flanken også. Etter nokre brødskiver, samt litt sjokolade og tørka aprikoser var det klart for returen. Sidan ruta rundt Fitjanuten var relativt småkuppert, fekk vi lyst til å heller gå ned litt sør for Turistskaret og ta den t-merka stien tilbake til hytta. Rett ved punkt 1410 tok vi sør-austover og her var det også nokre vardar. Det var enkelt å ta seg ned, men vi kunne nok med fordel ha gått utanom det einaste bratte partiet nedover, spesielt sidan det var godt synleg på kartet.
Heile dagen hadde det vore relativt varmt og utpå kvelden forsvann også skyene. T-skjorte og shorts var absolutt å fortrekka denne dagen!

Holmavassbu
På turisthytta til Stavanger turistforening var det kome oppe eit par frå Sandefjord som var på sin første reale fjelltur. Dei hadde tatt turen opp frå Haukeliseter og syntes det hadde vore langt inn, men også opplevingsrikt i det fine vèret. I turistskaret var det fortsatt ein del snø og eit par småelver måtte vadast fortalte dei.

Etter ein fin kveld på hytta, vakna vi opp til nok ein fin dag. Utpå formiddagen kom eit sveitsisk par forbi hytta. Dei hadde vore på 14 dagars tur opp frå Lysebotn! Vi satt alle utpå trappa beundra utsikten; Frå dei grøne grasslettene rundt hytta til det store Holmavatnet og resten av den store fjellheimen.


Flott vandretur frå Holmavasshytta til Bamsebu
Bamsebu er eit lita steinbu som vart bygd av nokre av tungtvassabotørane under i 1943. Den dag i dag står steinbua der fortsatt, omlag 6km frå Holmavasshytta heilt nord i Ryfylkeheiane
Frå Holmavassbu la vi kursen ned mot eit par hytter som er avmerka på kartet. Her vada vi over elva og fortsatte sør om Dyrskarnuten og punkt 1187. Vi holdt stort sett høgda, då det var vanskelgare å gå nede lags vatnet. Til tider var det nokre vardar og ein svak sti, men det var lett å finne vegen.

Då vi stod nede ved vatnet ikkje langt frå bua ifølge kartet, tok vi til å speide etter hytta. Den var ikkje så lett å få auge på med ein gong. Hytta er fortsatt i god stand, men den er i privat eige og det var ikkje mogleg å gå inn. Inn vinduet kunne vi skimte eit par senger og ein ovn, rikitg kosleg virka det til.
Ved å besøke hytta får ein eit visst inntrykk om korleis det var å gøyme seg langt til fjells.


Fleire bilde, kart og meir om turane på breogfjellsport.no:

:!: Turen til Vassdalseggi
:!: Bamsebu

post-5-133474425643_thumb.jpg

post-5-133474425651_thumb.jpg

post-5-133474425659_thumb.jpg

post-5-133474425664_thumb.jpg

post-5-133474425671_thumb.jpg

post-5-133474425678_thumb.jpg

post-5-133474425684_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Vassdalseggi er et fint fjell. Jeg måtte nærmest bære en sliten kompis tilbake til Haukelisæter.

Jeg har halvveis i livet funnet ut av jeg bør kunne navnet på mer enn kun en blomst, og har iverksatt "corrective action". Nå drister jeg meg utpå og hevder det er Skogstorkenebb du har tatt bilde av. Det gule er litt uklart, men jeg synes jeg skimter Tiriltunge?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Einerbusken, vieren og blomane kom vi over like under ei bratt, sørvendt fjellside. Her er nokre fleire bilde.

Sjå også artikkelen på breogjellsport.no:

http://breogfjellsport.no/fjellomraade/ryfylkeheiane/articles.php?s_id=75&articleID=422

Skulle absolutt ha blitt bedre til å kjenne igjen planter og blomar. Takker for tips om kva blomar dette dreide seg om!

bildenr3181.jpg

bildenr3183.jpg

bildenr3179.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fine bilder fra en topp (utenfor Jotunheimen) som jeg også har vært på :twisted: Ser at det er lite snø, men det gjelder vel hele kongeriket i 2006. Det er noen småbreer innunder Vassdalseggi som ikke er merket av på kartet. Hvordan stod det til med dei?

Småbreer??

Det var jo meir snø akkurat rundt toppen, men såg ingen ting som minna om bre (såg jo heller ikkje så veldig etter dette då). Kan jo henda nokre av snøfennene ligg der heile året? Kom opp frå sør-aust. Breane på kartet er vel litt lengre nord, men det var nok ikkje dei du meinte.

Definitivt mykje mindre snø i Ryfylkeheiane i år, kontra fjoråret. Alle ruter bør vera heilt kurrante å ta seg fram på no (så lenge bruene er lagt ut...). Traff folk som hadde gått opp frå Lysebotn og traska heilt opp til Haukeli, så det tyder jo på at det meste skal vera på plass.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.