Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

Indre Sunnmøre sa du, ja. Har tenkt det måtte vere Tafjordfjella med dei høgdene. Men ved Geiranger Ligg Blåfjellet og Såthorn som nermar seg 1800 moh. Har vore oppe til Heimste Vesteråsvatnet, så kanskje eg har vore i nærleiken av motivet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Indre Sunnmøre sa du, ja. Har tenkt det måtte vere Tafjordfjella med dei høgdene. Men ved Geiranger Ligg Blåfjellet og Såthorn som nermar seg 1800 moh. Har vore oppe til Heimste Vesteråsvatnet, så kanskje eg har vore i nærleiken av motivet?

Tafjordfjella, jau, du er nok inne på noko der.... ;)

men Geiranger og Vesteråsvatnet kan neppe seiast å vere i nærleiken av motivet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje det blir enklare om meir av toppane blir med?

https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=1842

Når du i forrige innlegg bekrefter at Tafjordfjella er rett område, ble det mulig å peile inn et forslag til løsning på bildet ditt Krekling. Et sted hvor kartet stemmer brukbart med terrenget og fjellene er oppunder 1800 meter, er Trollkyrkja (1762 moh). :D

Hvis du har tatt bildet fra ca Blåfjellet (1575) :cry: , er den slake skulderen i venstre bildekant Blåfjellet (1602). Da skulle toppen bakerst til venstre, som når opp i skylaget, være Trollkyrkja (1762). Pyramidetoppen til høyre er da Muldalsegga (1766).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du har tatt bildet fra ca Blåfjellet (1575) :D , er den slake skulderen i venstre bildekant Blåfjellet (1602). Da skulle toppen bakerst til venstre, som når opp i skylaget, være Trollkyrkja (1762). Pyramidetoppen til høyre er da Muldalsegga (1766).

Meiner også at det er Trollkyrkja og Muldalsegga, ja :)

Biletet er tatt frå Blåfjellet (nærmare 1602 enn 1575), ein dag i juli 2004. Det var ein god del snø igjen i fjellet og veret var skiftande med skodde og lavt skydekke. Dette var faktisk det meste vi fekk sjå av toppane før dei igjen forsvann i skodda. Målet for turen var Muldalsegga, men skodda og ein skavl på høgde 1598, gjorde at vi snudde.

Har planer om å ta igjen turen, men då gå seinare på sommaren og ein dag det er håp om betre utsikt :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous
Prøver meg med ein ny quiz her. Kva ser me her? Mange har nok sett dette fjellet, men kanskje litt færre frå denne vinkelen?

Terrenget minner om Sula. Ulvegreina?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då tek me turen bort i nabobygda, Arnt. I indre Masfjorden nord i Hordaland passerer E 39 kraftbygda Matre, (på vegen Bergen - Førde). Fjellet de har bilete av tek seg endå flottare ut når de køyrer gamlevegen langs Matrefjorden, rett innanfor Trysdalstunnelen. De står ein stad ved vegen så vidt inn i Matresdalen, der fjellet reiser seg som eit slott, difor namnet Matreslottet/Slottet, 622 m.o.h. Fjellet ligg nord for vegen mellom Matre og Bjordal i Sogn (vegen over Stordalen), 1-2 km. frå Matre. Skogsvegen i biletet går eit stykke oppover mot Kvernhusdalen til venstre. Oppover der er det ein god og gammal stølsveg med fine murar, der den svingar seg oppover frodig skog med mykje hassel og nøtter. (Skulle kanskje køyrt inn der og plukka nøtter i skogen der, no som nøttene er modne). Stølsvegen går oppover til Store-Matresætret. Området her byr på ein flott stølstur med fleire stølar innan rekkjevidde. Sjølv gjekk eg runden der ein oktoberdag med eit dryss av nysnø på 1990-talet. Gjekk då følgjande rute: Matresdalen - Kvernhusdalen - Store-Matresætret - Trodalssætret - Langavatnet - Nordgilsbotnen (høyrer til Haugsvær ved E 39 nord for Matre) - Ådneburen - Hopsstølen - sørover på austsida av Nordgilet til Hyttemarki - Fossen gard ved vegen Matre - Stordalen - Bjordal, rett ovanfor svingane ved Brydalsfossen. Eit turtips (til fots) i Masfjorden, når de er på dei kantar.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.