Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Tenkte å prøve meg på ein liten turrapport her:

30.mai 2011
”Fisketur” til Molladalen.

Endeleg var det nokolunde greie vêrmeldingar, og eg planla å få nytta høve til eit besøk i Molladalen. Hjartet i Sunnmørsalpane. Tinderekka som symboliserar alt det Sunnmørsalpane står for. Vêrmeldinga sa litt regn på morgonkvisten, så skulle ting betre seg utover dagen. Når eg sto opp, så hang skyene tungt utanfor, men det skulle tross alt betre seg, så eg pakka fiske og fotoutstyr i sekken og var klar for tur.

Satt med på motorsykkelen og starta på turen. Men allereie når eg kom ut av tunellen i Ålesund, så regna det så gale at eg måtte stoppe på Esso i Nørvegata for å ha på meg regndressen. Flott start med andre ord! Etter å fått unna nokon ærend, bestemte eg meg for å kjøre til Melbøsætra.

Eg starta på turen, og allereie etter hundre meter måtte eg stoppe for å finne fram regnjakka. Turen gjennom skogen gjekk ganske fint, blautt i terrenget, men for det meste opplett. Før eg kom til Molladalsporten blåste det ein del, men det gjekk likevel greitt å gå gjennom ”porten”. Etter å ha passert porten, viste snøflekkane seg, og marka bar preg av at det ikkje var lenga sia snøen hadde forsvunne. Blåbærplantane hadde ikkje kome like langt som lengre nede i dalen. På vei opp dei siste høgdemeterane viste sunnmørsvêret seg nok ein gong frå sitt beste, og ga meg litt sludd som oppmuntring dei siste meterane opp til vatnet. Når eg endeleg kom opp til vatnet følgje eg meg rett og slett som ein idiot, for der hadde ikkje isen forsvunne enda. Lite fiske på meg med andre ord denne gongen.

Når eg fekk opp kameraet var det til og med litt blå himmel som viste seg på bileta.

post-9890-133474750975_thumb.jpg

post-9890-133474751003_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Synd med fisketuren som gikk skeis, men du fikk nå en fin tur :) I 2005 (snørikt år) var det fortsatt helt snø/isdekket vann i begynnelsen av juli når jeg var opp der, tipper det så omtrent ut som på bildet ditt.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.