Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Etter å ha følgd den gode gamle "skal ikkje gjere noko på første juledag"-tradisjonen, var det andre juledag tid for å nyte litt sjeldent fint vintervær her vest...
Turen gjekk i første omgang til Redningshytta i Gullfjellet, med obligatorisk solbærtoddy i Gullfjellets mest populære turmål.
Eg og kameraten min distanserte dog foreldra mine på veg opp, og var tørste på meir... Men å gå vidare til Gullfjellstoppen så seint på dagen var uaktuelt.
Altså returnerte vi til Osen i Bjørndalen, som er naturlig utgangspunkt for oss arnabuar som vil til Redningshytta.
Herifrå gjekk vi opp Minnedalen, slik at vi kom opp Småskaret til Reppardalsfløyen, og kunne sleppe oss ned i sjølve Reppardalen, som er naturreservat, og vel verd ein visitt både sommar og vinter.
Etter litt slit med gjennomslag og dårleg feste opp Minnedalen hadde vi silkeføre i Reppardalen, og brukbart, om enn litt grusete, føre ned Reppardalsvegen til Stølsvegen og "sivilisasjonen" i Arna.
Frå starten/enden av reppardalsvegen er det ikkje mange metrane heim. Og godt var det, for sola var gått ned og det vart mørkt...

Men eg fekk då tatt nokre bilete med mobilen (digitalkameraet ligg att på folkehøgskolen...)

post-339-133474388652_thumb.jpg

post-339-133474388655_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Problemet med bildene bestod i at programvaren på serveren, GD2, ikkje klarte å resize thumbnails på grunn av ukjent kode i jpeg bildet. Det er sikkert mobiltelefonen som lagar bildene på ein litt uvanleg måte og som GD2 ikkje kjenner igjen. Grunnen til at bildet blei vist når det blei opna stort, var at dette var ein rein kopi av bildet. Nettlesaren hadde tydelegvis ikkje problem med bildet, bare GD2.

Fiksa problemet ved å lagre bildene på ny med eit bildebehandlingsprogram og deretter laste dei opp på ny.

Ragnar

fjellforum.net

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.