Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Den langvarige kulden denne vinteren, har gjort tilhøva perfekte, for turar til eksotiske stader, som det går mange år mellom kvar gong det går an å besøke.
Ein slik stad er Gryta i Vikadalen.
Me la i veg kl 10.00 laurdag 16.01.10, frå riksveg 53 i Naddvik.
Annette, Anne Brit, Heidi, Jostein og eg.
I starten gjekk turen på traktorveg, og seinare på sti, inn til trimposten til Årdal Turlag.
Her tok me på stegjern, og gjekk vidare på elva, som var heilt tilfrosen.
Elva rundar ein åsrygg som heiter Halsen, og her er det heilt uframkommeleg utan is på elva.
Litt innom Halsen endar turen i ein 30 - 40 meter høg foss, som har grave ut ei stor rund gryte i fjellet.
Hit er det ikkje mogeleg å komme, anna enn på elva, dersom ein ikkje kan flyge (eller rappellere ned ovanfrå sjølvsagt).
Apropos flyge; Ei kongeørn sveva over oss, og sette ein ekstra spiss på turopplevinga i dag.
Ho lurte nok på kva vi skulle...
Her i låglandet vestpå, er vintrane ofte for milde til at naturen kan by på slike gode istilhøve.
I vinter er tilhøva sjeldent gode.
Så oppfordringa blir: Finn fram stegjern og øks, og gå laus på næraste elvegjel.
Det kan gå mange år til neste gong...
Dette er minst like morro som blåisvandring om sommaren.
Her i Vikadalselvi, er det fin variasjon mellom paddeflate elvehølar og små fossefall å "klatre" i.
Me brukte omlag 3 timar inn og to timar utatt.
Eg vil seie at me brukte lang tid. Me tok fram tau til sikring to gonger, og då går tida fort.
Men det er også med på å gjere opplevinga eksotisk for mange som ikkje er så godt trena "på glatta".
Dersom ein ikkje brukar tau, og guffar på litt, vil ein greie seg fint med 2 timar inn og 1,5 timar utatt.

post-7264-133474673819_thumb.jpg

post-7264-133474673838_thumb.jpg

post-7264-133474673867_thumb.jpg

post-7264-133474673887_thumb.jpg

post-7264-133474673908_thumb.jpg

post-7264-133474673929_thumb.jpg

post-7264-133474673949_thumb.jpg

post-7264-13347467397_thumb.jpg

post-7264-133474673991_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Mayhassen: Veldig fine tilhøve her inne no

Dag: Fleire sjeler; samme tanke. Kjempegøy ;) , og dei fine tilhøva ser ut til å vare lenge enno,

og her inne er det mange elvedalar....

  • 1 måned senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.