Gå til innhold
  • Bli medlem

omn

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    14
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. Startar på 3dje sommaren med mine Scarpa Charmoz. Har vore svært nøgd med dei til no. Fantastisk stødige og samstundes veldig lette.Eg har brukt dei til sommarturar, breturar og litt isklatring, og eg tykkjer dei fungerar godt. Scarpa har også ein fasong som passar meg godt. Men no er høgre skoen byrja å ta inn vatn. Må ein forvente at membran sviktar etter to år ?. Må eg gå attende til lærstøvlar ? Det har vore fantastisk morro å gå med så lette sko, men ein kan jo ikkje bruke 3 lappar kvart andre år, på fjellsko... eller...? Click here to view the article
  2. takk for flott rapport. Fantastiske bilete.... Men du...appropo harselere: Det beste av Jotunheimen ligg no på vestlandet vel....? Eg bur jo midt oppi hærlegheita
  3. Makalaust flotte bilete ! Berdalseken er ein "påskefavoritt" frå Årdalssida også. Fantastisk utsyn, som du verkeleg får formidla gjennom bileta dine ! Veldig flott !
  4. Takk for gode refleksjonar gutar. Rune og eg etterlet oss ikkje spor når me er ute. Eg har ingen vanskar med å følgje tankane dykkar, og det er viktig å reflektere litt rundt dette med å stimulere til ferdsel, kontra det å motarbeide ferdsel i særleg utsette område. Prinsipielt meinar eg at sporlaus ferdsel er ein føresetnad, anten ein går i Gjendeområdet, i Morkakoldedalen, eller i Styggegjelet. Styggegjelet er, uansett så utilgjengeleg at ferdsel vil begrense seg sjølv. Ei veke etter at eg var der, måtte nokre lokale karar snu lenge før Rune og eg gjorde. Tilhøva må vera spesielt
  5. Øysann ...!!! Eg hadde ikkje trudd at eg skulle bli nevnt i samme forbindelse som Slingsby og Sulheim Men eg kjende eit lite slektskap, då eg var der inne laurdag Utruleg spesielt ! Den hola må me jo finne ein gong....
  6. Laurdag opplevde eg, at sjølvaste Styggegjelet i Utladalen, let meg få komma på besøk. Rune og eg stod tidleg opp, starta heimanfrå kl 07.30, og me tok ein kaffikopp ved Vettifossen ca kl 09.00. Her gjekk me ut på elva, som var dekt av eit fint snølag, så me gjekk eit langt stykke utan piggsko. Etter kvart vart det meir "rotete" underlag, med issvullar, så stegjerna måtte opp or sekken. Ingen av oss hadde peiling på kva som venta oss her inne, så me hadde med klatreøkser og litt sikringsmidlar også. Me rusla vidare med ei øks i handa, og etter ei stund passerte me elvi frå Stølsmaradalen
  7. Mayhassen: Veldig fine tilhøve her inne no Dag: Fleire sjeler; samme tanke. Kjempegøy , og dei fine tilhøva ser ut til å vare lenge enno, og her inne er det mange elvedalar....
  8. Den langvarige kulden denne vinteren, har gjort tilhøva perfekte, for turar til eksotiske stader, som det går mange år mellom kvar gong det går an å besøke. Ein slik stad er Gryta i Vikadalen. Me la i veg kl 10.00 laurdag 16.01.10, frå riksveg 53 i Naddvik. Annette, Anne Brit, Heidi, Jostein og eg. I starten gjekk turen på traktorveg, og seinare på sti, inn til trimposten til Årdal Turlag. Her tok me på stegjern, og gjekk vidare på elva, som var heilt tilfrosen. Elva rundar ein åsrygg som heiter Halsen, og her er det heilt uframkommeleg utan is på elva. Litt innom Halsen endar turen i e
  9. Kan bekrefte opplysning fra Bjarne. Langs Stølsmaradalsryggen må den vesle breen kryssast. Langs Gravdalsryggen slepp du det. Førjuls- / Romjulstur på Gravdalsryggen, med Stlsmaradalstind som mål, og stølen på Gravdalen som base, høyrest ut som eit glimrande prosjekt
  10. Hei Øyvind, Veldig kjekt å høyre frå deg. Drit i 2K samlinga , kom "heim" Velkommen til Gravdalen igjen.
  11. hei, moro med respons. 500fjell: Eg likte veldig godt turrapporten din frå Midtmaradalsryggen. Om det går an å aka ned renna, må du vurdere. Eg veit at nokre vil gjera det, så det er nok mogeleg, men eg vil ikkje. Eg legg ved eit vinterbilete som eg tok frå Kyrvassnosi for eit par år sidan. Håpar det kan vera til hjelp. Velkommen i Gravdalen. Bjarne: Gravdalen er ubetjent. Det er nok berre tilfeldig om du kan finne litt mat som er etterlatt der oppe. Men det er ellers godt utstyrt med kjøkkenutstyr og vedfyring. Sengene er det dyner i, så lakenpose rekk lenge. Velkommen i Gravdalen. Kr
  12. Fyrste helgi etter Påske 2009. Tom, Magne og eg gjekk frå Hjelle fredag kveld. Tunge sekker med både stegjern, øks, truger, ski og staver. Me har tilsyn med Årdal Turlag sine restaurerte sel på Gravdalen, så me hadde med oss litt forsyningar også; lampeolje og gass m.m. Her har me gått mange gonger, både sommar og vinter, så vegen opp lia mellom Avdalen og Gravdalen, kjenner me like godt som den berømte bukselomma. Været er det aller beste, stille og klårt, så me kjenner alt i kveld litt forventningar til skituren i morgon. Men i kveld lyt skia bli på sekken, for opp gjennom skogen til fj
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.