Gå til innhold
  • Bli medlem

omn

Aktiv medlem
  • Innlegg

    14
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av omn

  1. Startar på 3dje sommaren med mine Scarpa Charmoz. Har vore svært nøgd med dei til no. Fantastisk stødige og samstundes veldig lette.Eg har brukt dei til sommarturar, breturar og litt isklatring, og eg tykkjer dei fungerar godt. Scarpa har også ein fasong som passar meg godt. Men no er høgre skoen byrja å ta inn vatn. Må ein forvente at membran sviktar etter to år ?. Må eg gå attende til lærstøvlar ? Det har vore fantastisk morro å gå med så lette sko, men ein kan jo ikkje bruke 3 lappar kvart andre år, på fjellsko... eller...? Click here to view the article
  2. takk for flott rapport. Fantastiske bilete.... Men du...appropo harselere: Det beste av Jotunheimen ligg no på vestlandet vel....? Eg bur jo midt oppi hærlegheita
  3. Makalaust flotte bilete ! Berdalseken er ein "påskefavoritt" frå Årdalssida også. Fantastisk utsyn, som du verkeleg får formidla gjennom bileta dine ! Veldig flott !
  4. Takk for gode refleksjonar gutar. Rune og eg etterlet oss ikkje spor når me er ute. Eg har ingen vanskar med å følgje tankane dykkar, og det er viktig å reflektere litt rundt dette med å stimulere til ferdsel, kontra det å motarbeide ferdsel i særleg utsette område. Prinsipielt meinar eg at sporlaus ferdsel er ein føresetnad, anten ein går i Gjendeområdet, i Morkakoldedalen, eller i Styggegjelet. Styggegjelet er, uansett så utilgjengeleg at ferdsel vil begrense seg sjølv. Ei veke etter at eg var der, måtte nokre lokale karar snu lenge før Rune og eg gjorde. Tilhøva må vera spesielt gunstige ismessig. Det har heller ikkje vore snø i dette området til no i vinter. Etter kvart som snøen kjem, vil det bli livsfarleg å gå inn i området pga skredfare. Morkakoldedalen toler meir besøk. Ein fantastisk plass, som uansett ikkje vil bli besøkt av "vardebyggarane" trur eg.... Mestedelen av trafikken dreier seg om å komme til topps ( kan de begripe ein slik mani ? ), og då vil det vera turane frå Tyinholmen-sida som blir løysinga for dei aller fleste. Årdalsfjella er fulle av unike stader for oss "spesielt innvidde", men så lenge ferdsel føregår på naturen sine premissar, tykkjer eg at det er plass til fleire. Men eg skulle ønskje at fleire kunne lære seg å vera på tur, i staden for å komme seg fortast mogeleg til snupunktet, for så å komme seg fortast mogeleg heimatt.... Kan de begripe...?
  5. Øysann ...!!! Eg hadde ikkje trudd at eg skulle bli nevnt i samme forbindelse som Slingsby og Sulheim Men eg kjende eit lite slektskap, då eg var der inne laurdag Utruleg spesielt ! Den hola må me jo finne ein gong....
  6. Laurdag opplevde eg, at sjølvaste Styggegjelet i Utladalen, let meg få komma på besøk. Rune og eg stod tidleg opp, starta heimanfrå kl 07.30, og me tok ein kaffikopp ved Vettifossen ca kl 09.00. Her gjekk me ut på elva, som var dekt av eit fint snølag, så me gjekk eit langt stykke utan piggsko. Etter kvart vart det meir "rotete" underlag, med issvullar, så stegjerna måtte opp or sekken. Ingen av oss hadde peiling på kva som venta oss her inne, så me hadde med klatreøkser og litt sikringsmidlar også. Me rusla vidare med ei øks i handa, og etter ei stund passerte me elvi frå Stølsmaradalen. Den var heilt frosen, breid og kraftig is, og blå. Fantastisk. Men me skulle finne ut kor langt inn me kunne komma, så det blir ikkje klatring her i dag. Men du verden kor fristande..... Dalen, eller elvegjelet, vart trongare og trongare, med høgare og høgare vegger rett opp. Innover bar det, meir og meir andektig bevisst på, at dette som me ser i dag, er det ikkje mange forunnt å oppleve. Her er verkeleg utilgjengeleg. Men slik tilhøva er no, med lite vatn og skikkeleg vinter, går det an å avlegge gjelet eit besøk. Teknisk sett, var me overutstyrde. Me hadde greidd oss med stegjern og ei breøks. Men kven kunne vita det...? Det er ikkje mange å spørje om korleis det er inni her. Største usikkerheitsmomentet i dag, viser seg å vera isen. Den var også til dels sviktande mange stader. Og til slutt var det også det som stoppa oss. Ein heilt åpen høl, og me kan berre gå på vatnet når det er frose..... Men då hadde me gått innover frå Vettisfossen, med fart på minnst 2 km/t, i 2,5 timar. Det skulle bringe oss inn godt forbi Midtmaradalen og Kyrkjestigen. Dette berre trur eg, for GPS'en min fann berre 1 satelitt, og klarde ikkje å gi meg posisjonen vår. Men beregningen min stemmer også bra med eit fantastisk "isslott" me passerte rett før me snudde. Fyrste bekken etter Fleskedøla, som kan ha nok vatn til å lage so mykje is, kjem ned frå Friken, på høgde med, midt mellom Midtmaradalen og Skoddedalen. Me takka Styggegjelet pent for at me fekk komma, og returnerte til bygdi. Måtte sjølvsagt ete opp resten av maten vår under Vettisfossen, som er vakker også om vinteren. Etter denne opplevinga, kjem eg til å vera "høg" i mange dagar, men ikkje verre enn at eg gler meg til helgi att, og kva som kan by seg av spennande ting.... Takk for denne gongen Rune.
  7. Mayhassen: Veldig fine tilhøve her inne no Dag: Fleire sjeler; samme tanke. Kjempegøy , og dei fine tilhøva ser ut til å vare lenge enno, og her inne er det mange elvedalar....
  8. Den langvarige kulden denne vinteren, har gjort tilhøva perfekte, for turar til eksotiske stader, som det går mange år mellom kvar gong det går an å besøke. Ein slik stad er Gryta i Vikadalen. Me la i veg kl 10.00 laurdag 16.01.10, frå riksveg 53 i Naddvik. Annette, Anne Brit, Heidi, Jostein og eg. I starten gjekk turen på traktorveg, og seinare på sti, inn til trimposten til Årdal Turlag. Her tok me på stegjern, og gjekk vidare på elva, som var heilt tilfrosen. Elva rundar ein åsrygg som heiter Halsen, og her er det heilt uframkommeleg utan is på elva. Litt innom Halsen endar turen i ein 30 - 40 meter høg foss, som har grave ut ei stor rund gryte i fjellet. Hit er det ikkje mogeleg å komme, anna enn på elva, dersom ein ikkje kan flyge (eller rappellere ned ovanfrå sjølvsagt). Apropos flyge; Ei kongeørn sveva over oss, og sette ein ekstra spiss på turopplevinga i dag. Ho lurte nok på kva vi skulle... Her i låglandet vestpå, er vintrane ofte for milde til at naturen kan by på slike gode istilhøve. I vinter er tilhøva sjeldent gode. Så oppfordringa blir: Finn fram stegjern og øks, og gå laus på næraste elvegjel. Det kan gå mange år til neste gong... Dette er minst like morro som blåisvandring om sommaren. Her i Vikadalselvi, er det fin variasjon mellom paddeflate elvehølar og små fossefall å "klatre" i. Me brukte omlag 3 timar inn og to timar utatt. Eg vil seie at me brukte lang tid. Me tok fram tau til sikring to gonger, og då går tida fort. Men det er også med på å gjere opplevinga eksotisk for mange som ikkje er så godt trena "på glatta". Dersom ein ikkje brukar tau, og guffar på litt, vil ein greie seg fint med 2 timar inn og 1,5 timar utatt.
  9. Kan bekrefte opplysning fra Bjarne. Langs Stølsmaradalsryggen må den vesle breen kryssast. Langs Gravdalsryggen slepp du det. Førjuls- / Romjulstur på Gravdalsryggen, med Stlsmaradalstind som mål, og stølen på Gravdalen som base, høyrest ut som eit glimrande prosjekt
  10. Hei Øyvind, Veldig kjekt å høyre frå deg. Drit i 2K samlinga , kom "heim" Velkommen til Gravdalen igjen.
  11. hei, moro med respons. 500fjell: Eg likte veldig godt turrapporten din frå Midtmaradalsryggen. Om det går an å aka ned renna, må du vurdere. Eg veit at nokre vil gjera det, så det er nok mogeleg, men eg vil ikkje. Eg legg ved eit vinterbilete som eg tok frå Kyrvassnosi for eit par år sidan. Håpar det kan vera til hjelp. Velkommen i Gravdalen. Bjarne: Gravdalen er ubetjent. Det er nok berre tilfeldig om du kan finne litt mat som er etterlatt der oppe. Men det er ellers godt utstyrt med kjøkkenutstyr og vedfyring. Sengene er det dyner i, så lakenpose rekk lenge. Velkommen i Gravdalen. Kristian: Du har heilt rett. Du manglar ei viktig årstid der oppe Velkommen igjen !
  12. Fyrste helgi etter Påske 2009. Tom, Magne og eg gjekk frå Hjelle fredag kveld. Tunge sekker med både stegjern, øks, truger, ski og staver. Me har tilsyn med Årdal Turlag sine restaurerte sel på Gravdalen, så me hadde med oss litt forsyningar også; lampeolje og gass m.m. Her har me gått mange gonger, både sommar og vinter, så vegen opp lia mellom Avdalen og Gravdalen, kjenner me like godt som den berømte bukselomma. Været er det aller beste, stille og klårt, så me kjenner alt i kveld litt forventningar til skituren i morgon. Men i kveld lyt skia bli på sekken, for opp gjennom skogen til fjells, er det truger som gjeld om vinteren. Til tross for tung bør, gjer me unna turen frå sivilisasjonen til stølen på to og ein halv time. Så er det å hente vatn, fyre i ovnen og lage mat til kvelds. Litt småskrøning og godt drikke før me kryp til sengs i varmt og godt sel. Laurdag morgon, strålande vær, tidleg opp, lage mat og smørje niste. Me er klar med ski på beina kl 08.00. Skogen kryp oppover også i dette området, så fyrste delen av turen oppover mot Gravdalsryggen, går i fjellbjørkeskog. Det er knallhard skare, så me tek like godt av skia igjen, og går til fots, med skia på aksla, opp til ytterst på Gravdalsnosi. Her tek me fyrste rast og kosar oss med utsynet tvers over Utladalen mot 'morki og tindene der inne. Her får me einaste "uhellet" på turen. Tom mister eine drikkeflaska si, og sjølv om han er ledig som ein katt , greier han sjølvsagt ikkje å få tak i den....Den seila nok heilt nedatt.... Vidare herifrå er det snaufjell og fint å labbe innover på ski. Utsynet på denne skituren, på ein godværsdag som dette, kan måla seg med det meste. Me ser so godt som heile Vestjotunheimen, med dalar og tinder heile turen. Me går faktisk midt oppi det... Neste skikkelege rast blir på 1700. Det er fint å sitte her oppe i slikt vær. Ikkje eit vindpust. Under oss på eine sida er Gravdalen. På andre sida Isvatnet, og eit steinkast lenger bort, Stølsmaradalen. Stølsmaradalsryggen og Gravdalsryggen går saman her inne. Men me skal opp på tinden i dag, og då kan me ikkje kose vekk heile dagen her. Innunder vetle tinden, set me att skia, og tek på stegjern i tilfelle det er isete lenger oppe. På vegen oppover ser me skispor, så for folk med gode ski og ferdigheiter, er nok dette ein skitur, heilt til topps. Men slike ferdigheiter har ikkje me.... Me går opp på vetle tinden fyrst. Deretter går me bort på Store. Eg får gå fyrst (takk skal de ha karar), sidan eg har gjort to framstøyt mot denne toppen tidlegare, men måtta snu. Her må ein vera merksam på utoverhengande snøskavl langs heile kanten mot stølsmaradalen. Ikkje gå for nær kanten.... God rast på toppen. Me ser to personar på veg oppover breen på Store Riingstind. Dei har også valgt seg ein god dag for ein fjelltur.... Det blir mange djupe magadrag før me vender nasen nedover igjen. Me er midt i eit område som kan ta pusten frå folk som veit å sette pris på slike opplevingar. Returen er berre kos. Slake bakkar utover heile ryggen. Til slutt er det å baska seg ned gjennom fjellbjørkeskogen til stølen på Gravdalen. No so seint på dagen, er det ikkje skare lenger. Snarare tvert imot.... Men me kjem ned med alle ski og stavar inntakt. No ventar luksusen i selet. Turre klede, varm mat.... og ein triveleg kveld med mykje å snakke om. Søndagen skjær me litt ved, kløyver og legg opp, før me returnerer til bygda i kveldingen. Denne skituren anbefaler eg varmt. Både på grunn av skituren, og på grunn av fine buforhold på Gravdalen. Ein treng ikkje bruke heile helga (men det er no finast synest eg:)). Etter skituren kan ein fint returnere ned til bygda samme kveld. Eller ein kan, i staden for å gå tilbake på Gravdalsryggen, gå ut Riingsdalen til Turtagrø.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.