Gå til innhold
  • Bli medlem

tf

Aktiv medlem
  • Innlegg

    53
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av tf

  1. Yup, var der 9. mai 2004 og 10. mai 2005. I 2004 la me merke til ein litt malplassert 'skavl' i denne posisjonen, og etter litt graving dukka 'nunataken' opp! Har elles kommentert dette tidlegare, i eit litt 'off-topic' innlegg til tråden om 'Finnmarks høyeste fjelltopp', som refererte til TrondE si 'fylkestoppliste', sjå http://www.fjellforum.net/viewtopic.php?p=31653&highlight=#31653. Som utflytta 'Ulviking' er eg også godt nøgd med at Hordaland sitt høgaste punkt no er trygt plassert i Ulvik kommune ... Torbjørn
  2. Petter har kjøpt kart lokalt (og skriv også om korleis ein går fram for å skaffa seg det idiotiske "toppløyvet") sjå: http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/3000mtn.html#teide Sjølv handla eg karta som Petter omtalar i denne nettbutikken (har både 1:50000 og 1:25000 kart): http://www.tiendaverde.es/mapasesp/en/mapas.php?lang=en Når det gjeld turbeskrivelsar, kan det vera verdt å ta ein titt på denne boka (finst hjå norske bokhandlarar): http://www.sunflowerbooks.co.uk/tenerife.htm --- Torbjørn
  3. Fotografen står på Olsskavlen, me ser Nordbotnnuten i framgrunnen, deretter (delvis) Skorafjell, Vassfjøra; tilsist (som RobinM skriv) Hardangerjøkulen, med Ramnabergnuten og Luranuten framfor. Torbjørn
  4. Kan berre applaudera dette, Midtfjell er ein utsiktstopp som verkeleg lever opp til namnet sitt!!! Andre utgangspunkt for skitur dit er Bergo, Sjusete (Vambheim) eller Fryste i Ulvik. Eit anna utgangspunkt (mest for sommartur ...) er Hallanger nær Vallavik i Ulvik; sjå: http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/midtfjell.html og http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/1000mtn.html#midtfjell --- Torbjørn
  5. Frå Finse, over Skarvet, og til Havsdalen Skisenter ved Geilo er det nær 50 km. Ta ein titt på denne tråden for meir info: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6832&highlight=
  6. Det må vera Sauafjellet (539 moh) i Samnanger, sett frå Sveningen ...! Torbjørn
  7. Takk til gi og Nils for kjappe svar - og for dermed å ha avslørt for all verda at eg aldri har sett Hurrungane frå denne sida ... ! Eit lite "tilleggsspørsmål": Kva kan kunstnaren sin nøyaktige posisjon ha vore?? Torbjørn
  8. Her kjem ein fjell-quiz-with-a-twist: Har vedlagte bilde (olje på lerret, ca. 25 x 20 cm) på veggen heime, men veit ikkje om kunstnaren berre har brukt fantasien, eller om han har måla eit verkeleg motiv. Dersom det siste er tilfellet, er spørsmålet då om nokon av forumet sine ekspertar er i stand til å finne ut kva for fjell bildet skal førestilla ... . Torbjørn
  9. Petter har visst vore 'over alt', også på Pico de Orizaba (Citaltépetl), sjå: http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/5000mtn.html#orizaba Torbjørn
  10. Minnar litt om siste biten mot toppen av Store Smørstabbtind (2208)??? Torbjørn
  11. Ta ein kikk på http://www.skimountaineer.com/ , spesielt http://www.skimountaineer.com/ROF/RingOfFire.html og http://www.skimountaineer.com/CascadeSki/CascadeSki.html. Om ikkje dette er ei komplett vulkanliste, så skulle du likevel ha litt å drive med ei stund framover ...! Torbjørn
  12. Det er korrekt! Torbjørn
  13. Nope. Me skulle mest nord og litt mot aust frå Hegglandsfjellet. Fotografen står 'i utkanten av' Samnanger kommune, og tjørna på bildet er synleg på eit M711-kart. Torbjørn
  14. Hovlandsnuten - til venstre i bakgrunnen - er korrekt. FU har tidlegare identifisert Tysnessåta til høgre i bakgrunnen, så då står det berre att å finna fotografen sin posisjon før denne gjenstridige nøtta er knekt. Bildet er altså ikkje knipsa frå Hegglandsfjellet - me skal nordover, og litt mot aust ...! Torbjørn
  15. Du nærmar deg, men du skal eit stykke nordover. Fotografen står nær ein ofte besøkt topp, i eit mykje brukt turområde ....! Torbjørn
  16. Går ut frå at du tenkjer på ein tur over Hallingskarvet på langs. Dersom du vel ruta opp på vest-enden av Skarvet "med omhu" (vest for Kyrkjedørsnuten, sjå kart på http://westcoastpeaks.com/Peaks/flakavassnutane.html - bruk den ruta som teikna inn lengst mot nord, evt. gå opp skaret ved punkt 1689 og deretter mot aust) vil du finna ein trase som skulle vera relativt grei i høve til skredfare, men det kan vera greit å ha med fellane . Deretter er det rake vegen mot Folarskardnuten! "Cruxet" på turen kan fort bli å komma seg ned i Folarskardet derifrå, det siste stykket ned er bratt nok til å bli guffent dersom det er hardt og isete føre - eller dersom vind og nedbør tilseier skredfare. Ruta vidare austover er grei; når du tilslutt skal ned frå Skarvet, har du valget mellom Prestholtskardet, eller forbi Skarvsenden og vidare nordaust, og deretter søraustover forbi Skarveranden til Havsdalen. Heile ruta utgjer ca. 1750 høgdemeter (det er meir kupert på Skarvet enn ein skulle tru!) og nesten 50 km distanse, så det er nok greit å bruke ei heil helg på dette, når turen går i januar (gjekk Finse - Geilo etter denne ruta i mai i år på ein dag, og brukte i underkant av 11 timar). Det kan bli kaldt (og vindfullt!) nok i januar - var på Kyrkjedørsnuten vest på Skarvet seint i februar 2005, med ca. -20 C, på ein dag med sol! Med bra ver og føre, er prosjektet ditt ein kanontur - lukke til! Torbjørn
  17. Tysnessåta til høgre er korrekt - då skulle vel knausen til venstre, og fotografen sin posisjon vera grei å identifisera? Anyone??
  18. Denne vart visst litt i vrangaste laget, så det trengst eit hint: "Fjella i disen" er øytoppar (i Hordaland) ...! Torbjørn
  19. Det er ikkje Ulvanosa heller ... men me er no komne til rett fylke! Torbjørn
  20. Nope. Du skal sørover ... Torbjørn
  21. No når vintermørket snart legg seg over landet, kan det vel passa med eit lite "flashback" frå ein varm dag tidlegare i haust . Kva heiter fjella i disen i bakgrunnen, og kor står fotografen?
  22. "Noen" har nok det, sjå: http://www.westcoastpeaks.com/Europics/europa.html http://www.westcoastpeaks.com/Europics/europa2.html Torbjørn
  23. Du skriv ikkje kva målet for toppturen var, men bildet ser ut til å vera teke frå toppen av Fuglafjellet, i retning Fotasperrnuten ...?!? Torbjørn
  24. World Waterfall Database, som Nils viser til ovanfor, nyttar tydelegvis litt snåle kriteria: 'Fossen' i Balåi (ligg i Ulvik kommune i Hordaland, der eg kjem frå) står som nummer 6 på lista, og er oppgitt til å ha 850 meter totalt fall. Ein kjapp titt på kartet viser at det totale fallet skjer over ein horisontal distanse på over 1.2 km, dvs. ikkje akkurat vertikalt fall - berre ca. 35 grader bratt i gjennomsnitt! Vidare er 'tallest drop' er oppgitt til 452 meter, men det finst ingen deler av Balåi som har (nær) vertikale fall som er meir enn nokre titalls meter høge. Torbjørn
  25. ... i følgje Nettavisen, sjå: http://pub.tv2.no/nettavisen/friluftsliv/article632690.ece og http://pub.tv2.no/nettavisen/friluftsliv/article633284.ece. Torbjørn
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.