Gå til innhold
  • Bli medlem

Gulo Gulo

Aktiv medlem
  • Innlegg

    99
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gulo Gulo

  1. mykje bra i nordvest... kan løne seg med isbor, men ein får oftast betalt for det;)
  2. eg kjøpte den med kokekjelar for omlag 500 på fjellsport(eller var det outnet?) rett før jul... har sett den til under 300 eit par stader, meiner det var på outnet det og..
  3. hadde det same spørsmålet her i haust...etter å ha prata med nokre kompisar som hadde denne,+ nokre som hade optimus crux, kom eg frsm til at eg ville ha sistnemnde-- største årsaka var spredninga.. kovea svir fort, om ein ikkje passar på...visstnok... er iallefall nøgd med crux`en:)
  4. Såg eigentleg meget gode ut:) men korleis er glidelåsane framme ved lårøft..(i oppoverbakkar o.l.)
  5. Femunden med alle dei elver og småvatn som er i og rundt parken:) Bra fiske, om fisken er i den forma at den først vil bite..flott natur og litt mykje mygg:P Anbefalast! Tømmerrennene ned til Feragen og fisket nedover i vatna der er fantastisk:) Evt starte frå sverige, og inn mot Rogen for så å kome seg vidare til Femunden.. Eg har diverre ikkje så mange andre stadar å anbefale for kanotur. Har berre hatt kano i eitt år, og dette var ein naturleg stad å starte:) lukke til:)
  6. Eg fekk ei øks som liten...liknar litt på granfors sine, om eg ikkje hugsar feil.. Litt vikingpreg over hovudet.. Men skaftet tok raskt kvelden:P Bestefar min brukte alltid å lage nye skaft sjølv til sine økser, noko eg også har gjort dei siste 15 åra... tek litt tid å få tørka eit skaftemne, men til gjengjeld får du "din" str. og form:) ...og eit personleg preg:) kjekt:)
  7. Er einig med afe angåande feltbuksa. Meget gode lommer, bra slitestyrke og behageleg å gå med.....synest eg.. men sug vatn:) Har også ei fjellreven bukse som eg er greit nøgd med. Men synest også at lommene på venstresida er noko snodig plassert, så ender alltid opp med å ha ting kun i lårlomma på høgre side. Har i dei seinare åra prøvt mange ulike softshell/stretch-bukser, då i forbindelse med klatring, men som fungerer utmerket til alt mogleg anna og. Bevegelsen i ei slik bukse er fantastisk i bratt lende, tørkar fort..++ Kjøpte ei Tilak Crux (den utan windstopper) i 2006. Denne har vist seg å vere svært slitesterk, men har mist fasongen heilt.. (ser ut som eg går rundt med sigeræv heile tida..) Denne har lommer med glidelås, der lomma er låst når "glidarane" er nede. Dvs perfekt ved bæring av sekk med hoftebelte.. Kjøpte ei Mammutbukse no for 1års tid sidan.. Dennne har glidarane oppe, noko som fører til artige gnagsår rundt hoftene..irriterande detalj! Så.. den ultimate turbuksa? Sei det? Eg likar svært godt bomull, men likar også bevegelegheita til softshell/stretch.. Har kika litt på Norrøna Dovre heavy duty... erfaringar her?
  8. "Har også brukt sekken som ekstra isolasjon bå beina. Det fungerer ganske bra."(fimax) Dette gjer eg også, og fungerar meget bra. Har ofte ein tynn stor pakkpose eller fleire små, som eg legg det andre utstyret i om natta, så stappar eg enden av soveposen oppi.. Godt og varmt:)
  9. Heng meg med på denne:) plundrete?ja...meget:) men ein får igjen for det iallefall:)
  10. Beklager,då har eg misforstått:P eg har vore borti enkel klaff under glidelåsen ja, men slik eg forsto det var dette ein "fullverdig klaff som beskytta mot veir og vind, om låsen skulle ryke, og derfor spørsmålstegnet..- som i: "Men ser ikkje på dette som ein "klaff" som sikrar deg ved evt at glidelåsen skulle ryke?"
  11. Har hatt borrelåsklaff over alle mine tidlegare jakker. Brukt på alle turar, sommar som vinter.. fungert utmerket(bortsett frå forrige trollveggenjakke med "bitar" av borrelås her og der..endte opp med å sy på stripe tilslutt...)aldri hatt problem med snø. Erfaringa mi er iallefall å halde borrelåsen fri for rusk, slik at den faktisk låser og ikkje glir opp slik at snø og anna drit kjem mellom.. Skaffa meg ei RAB LATOK, av anbefaling frå fleire. "Ei fantastisk jakke, der glidelåsen er trygg som banken..osv osv.."- Skeptisk, som det vanedyret eg er, kjøpte eg likevel jakka, som var utan klaff. Fungerte utmerket!....... i 5mnd.... så rauk glidelåsen første gong. Sendte den inn, fekk ordna ny glidelås over heile fjøla..etter den opplevinga har glidelåsen gått 2 gongar til..ein sommaren 2011, og ein no i vinter. Skulle skifte ullundertrøye på toppen..har på meg jakka, tek tak i glidelåsen..og: glidelåsen raknar..igjen. Snøkave og relativt sterk vind kombinert med opa jakke er ikkje spesielt ok. Sportstape vart redninga. Klaff under glidelåsen, som enkelte nemner har eg ikkje erfaring med. Men ser ikkje på dette som ein "klaff" som sikrar deg ved evt at glidelåsen skulle ryke? Eg er iallefall ikkje i tvil: Klaff med borrelås er tingen for meg!
  12. http://www.villmarksbutikken.net/Produkter/Klaer/Dresser-jakker-bukser/Skall/Norroena-Dovre-Gore-Tex-Pro-Shell-dress?utm_source=kelkoono&utm_medium=cpc&utm_campaign=kelkooclick&utm_term=Norr%F8na+Dovre+Gore-Tex+Pro+Shell+dress greit tilbud det her:)
  13. Tilbud på jakk og bukse:) http://www.villmarksbutikken.net/Produkter/Klaer/Dresser-jakker-bukser/Skall/Norroena-Dovre-Gore-Tex-Pro-Shell-dress?utm_source=kelkoono&utm_medium=cpc&utm_campaign=kelkooclick&utm_term=Norr%F8na+Dovre+Gore-Tex+Pro+Shell+dress
  14. Eg er også på utkik etter ei jakke med klaff over glidelås og som er romsleg og god. Har hatt Norrøna Trollveggen( dei gamle utgåvene) som har vore meget gode. No har desse teke kvelden, og eg har vorte tipsa om Norrøna Dovre. Den er så og seie som ei gammal Trollveggen, berre i grønt:) Kanskje dette er jakka du ser etter? Solid jakke, etter det eg har høyrt. http://www.villmarksbutikken.net/Produkter/Klaer/Jakker/Skall/Norroena-Dovre-Gore-Tex-Pro-Shell-jakke?utm_source=kelkoono&utm_medium=cpc&utm_campaign=kelkooclick&utm_term=Norr%F8na+Dovre+Gore-Tex+Pro+Shell+jakke
  15. høres bra ut...og ser ikkje minst meget bra ut:) lika det enkle, uten alt for mykje fixfaxeri som er på mange sekkar. Trur eg går for 40 eller 50 utg:) takk for svar.. alltid kjekt å høyre kva andre har for erfaringar..
  16. Nokon som har vore borti denne før? grei sekk? http://www.fjellsport.no/exped-mountain-pro-40-moss-green-s.html Bra bæresystem? solid?
  17. takkar for svar.. Det er netopp til backup eg også vil ha den til, samt toppturar og kortare dagsturar. satsar på den held til det eg vil ha den til:)
  18. Ser eg gløymde eit <"ikkje" mellom "er" og "dette".. altså, trudde eg det var gammalt nytt, og igjen, altså det same som leif strand (Leifs) har gjort i mange år...
  19. Skal til spania no i slutten av desember.. albarracin. Buldre..i 2 veker... Ingen av oss har vore på staden før, eller veit noko om albarracin, utan om det lisje vi har funne av bilete og videoar på nettet. Vi skal campe på ein lokal campingplass i lavvo.. Har sjekka vermeldinga jevnleg, og "funne ut" at vinden ikkje skal vere noko problem slik sett, mtp. lavvo..syn på saka her? det er hytter til leige, men med eit stramt desember budsjett, ser vi oss ikkje råda til det Nokon som har vore på staden og har erfaringar, og kanskje også på denne tida av året? Per dags dato har der snødd litt... tek imot med stor takk alt av tips og råd, ikkje berre ang. telting, men også av andre ting som kan vere kjekt å tenke på..
  20. Fyrstikker her.. Brukte litt tennstål for ein del år sidan..men etter å ha rota det vekk, har eg ikkje kjøpt ny. Fyrstikker i vasstett beholdar.(f.x. eagle sharp sin minste beholdar i aluminium med skrulokk(med tennriper festa i lokket og gummipakning..plass til ein del fyrstikker + nokre bitar tyri og never. Alltid på innerlomma. Har i tillegg, fyrstikker med tennripe vasstett pakka i 1.hjelps pakken.
  21. Dette likar vi! men beklagar om eg rotar til no, men er dette det same`? www.rundskuer.no
  22. brunton sin kopi av optimus crux... Nokon som har erfaringar? tek også imot tips og synspunkt rundt vippbart havud og "lite>"versjonen av crux...takk!
  23. Tafjordfjella er flott.. Mykje bra fiske også.. men Børgefjell....? Fantastisk! Har vore der 3 somrar på rad no..alt frå 1 til 2 veker.. Vi kjøpte "turkartmappe børgefjell" med heile børgefjell nasjonalpark..riktignok 2 kart i mappa..Eitt for sør og eitt for nord. prisen var på 267,- Vi gjekk inn frå Simskardet, Susendalen og no sist frå sverige.. Har enno ikkje vore i sørlege enden av parken. Ergo..der er nok å ta av:) God tur:)
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.