
Agnar
Aktiv medlem-
Innlegg
245 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Agnar
-
Gullsetedalen, øksahogget mellom Rambera og Fresvikbreen.
Agnar svarte på Stuttjukken sitt emne i Turrapporter
Det blei berre med Dyrkolbotn - Skavlabu og retur dagen etter, men det freistar absolutt med ein lenger tur austover i Stølsheimen. Og Taket kunne eg òg godt tenkt meg å besøke. Akkurat no tenkjer eg mest på kommunetoppane, så får vi sjå kva det blir til utover hausten. Kanskje eg tek ein på veg heim frå Bergen i helga, Svadfjellet i Gulen er ikkje lange avstikkaren frå Kringla. -
Gullsetedalen, øksahogget mellom Rambera og Fresvikbreen.
Agnar svarte på Stuttjukken sitt emne i Turrapporter
Takkar Ørjan og Stuttjukken for informative svar. Dersom mildværet held seg kan det bli aktuelt å ta turen i oktober. Vert det for bratt/for mykje ur å gå opp frå Svartevatnet til vatnet på 1364 m.o.h.? Skulle gjerne sett meir stoff frå Vestlandet på forumet, det vert mykje Jotunheimen. Sjølv tok eg turen i sommar frå Romarheimsdalen til Skavlabu. Flott tur i for meg ukjent terreng, og fekk ein forsmak på Stølsheimen. Til eaa: Ikkje mange krinkelkrokar for å finne fram her. Frå Hedmarken er det strake vegen over Sognefjellet, eller Fillefjell til Gudvangen, og då er du der nesten. Men du køyrer jo forbi mange 2-K toppar på vei vestover...... -
Gullsetedalen, øksahogget mellom Rambera og Fresvikbreen.
Agnar svarte på Stuttjukken sitt emne i Turrapporter
Frå kvar er kortaste turen til toppen av Fresvikbreen? Er det greiast om sommaren, eller kan den anbefalast som ein vårskitur?? Saknar forresten bilder frå turen din. -
Då har du to toppar liggande og vente Morten, Blægja og Snønipa. Begge er jo fine på ski om våren. Så det er berre å sette av tid til neste år, så er dere velkomne over.
-
Dette er ein topp som har lagt der å venta i mange år, og endeleg så klaffa det. Sjølv om været såg tvilsomt ut kl 06.00, så valgte vi å reise til Jølster og Stardalen. Og ved avgang frå Haugadeln var det litt lettare skydekke, sjølv om skodda låg rundt toppane. Rein transportetappe innover dalen, og oppover mot Haugabreen. Pga ingen snø på breen, og voldsomt med sprekker, var det ikkje aktuelt å gå den tradisjonelle ruta. Vi tok bratt oppover på vestsida av breen. Litt klyving i ur og morenemassar, før vi nådde breen oppe på ryggen. Her var det fram med breutstyret, og nokre timar med brevandring låg framfor oss. Skodda låg framleis på toppane, så sikten var minimal. Det var restar etter nysnø rundt toppen, og ein kald vind gjorde det til ein utriveleg stad. Været var lovd bedre på ettermiddagen, og det var tydeleg at eit kvart heldt på å skje, for i eit glimt såg vi utover Myklebustbreen. Men det vart til at vi returnerte til breen, og starta tilbaketuren i samme trasèen. Og naturlegvis, ein halv time etter at vi hadde forlatt toppen, begynte det å klarne opp. Vi fekk i alle fall litt utsikt austover Jostedalsbreen, og snart låg Lodalskåpa klar og snødekt rett i aust. Og før vi tok til på nedstiginga såg vi både Kjenndalskruna og Høgste innimellom skoddedottane. Bak Oldeskardet stupte Briksdalsbreen bratt ned mot dalbotnen, mens Kattanakken og Hanekamben låg mørke og snøfrie under storbreen. Då vi kom ned igjen i dalen lyste sola fint opp på fjella på sørsida av Stardalen, frå Kvannebakknova til Galden. Endeleg var Sunnfjord sin høgste erobra, samtidig som den er høgast i to kommunar.
-
www.istur.no/article.php?ar_id=9099&fo_id=1589 Sjå på bildene på denne linken, frå ein tur forrige helg. Dei seier litt om forholda under Kåpa for tida.
-
http://www.turistforeningen.no/article.php?ar_id=8220&fo_id=467 Virkar ikkje som du når heilt fram med budskapet ditt. Med vel 200.000 medlemmer kan DNT sikkert leve bra med at 6 -7 personar på Fjellforum ikkje likar foreninga.
-
Det var brua mot Brendeteigen eg meinte ja. Har ikkje gått over den, men har gått forbi den på veg til Vettisfossen. Det er ei hengebru, men den ser no ganske solid og stabil ut. Som sagt før kan du ungå den ved å gå mot Avdalen, men eg forstår det vel slik at du helst vil ungå å vandre på veg. Dersom du skal gå over Gravdalsbandet kjem du ganske langt opp i Gravdalen, og det bør gå greit å krysse elva her. Frå Berdalen kan du, som Stuttjukken skreiv, gå ned til Fuglesteg og Fortun, her kan du proviantere. Så vidt eg veit er det òg bussforbindelse opp til Nørstedalsæter, men det er vel ikkje noe godt alternativ.
-
Bjørnen har vore på vandring, ikkje berre i Luster, men har vore innom Sunnfjord tidlegare. Den vart først oppdaga i Fjærland, der den hadde slått i hel nokre sauer. Så vart det funne drepte sauer i Gaular, før den to gonger vart observert i Førde(ikkje langt frå tett bebyggelse) og i Jølster. Så vart det funne spor på Jostedalsbreen, då den truleg tok seg austover igjen. Til slutt vart det funne fleire drepte sauer i Jostedalen, og dermed syntest Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen det fekk vere nok, og gav fellingsløyve på bjørnen. Så det har vore organisert jakt i Jostedalen i over ei veke, utan at dei har sett bamsen. No verkar det vel ikkje heilt som politiet trur på karen som var inne til avhøyr søndag. Han skal vist vere ein av dei som har mist sauer, men var ikkje med i jaktlaget, og om han har skote har han brukt ulovleg ammunisjon til slik jakt. Forhåpentleg vis tek bjørnen seg over breen igjen til Skjåk, der han truleg har komme frå, uten skotskader.
-
Må sei eg er imponert over dine lange vandringar, og synest absolutt du bør halde fast på den opprinnelege planen. Å vandre frå Finse til Skjåk er ein drøm som eg har hatt lenge, men som av forskjellige grunner ikkje har latt seg gjennomføre. Starten, frå Finse til Hallingskeid, er kanskje litt problematisk når du ikkje vil følge Rallarvegen. Trur kanskje det er lurt å gå mot Steinbergdalen litt før, resten av ruta mot Vettismorkje er kurant. Å krysse Utladalen er ikkje så utfordrande som du trur, men ein god motbakke blir det sjølvsagt opp på nordsida. Som Morten skreiv, det er fasinerande å oppleve den ville naturen i Utladalen. Det er to måtar å krysse Utladalen ved Vetti. Du kan ta ned til elva rett øst for husa på Vetti, og krysse elva på god bru. På veg opp igjen får du ei flott utsikt rett mot Vettisfossen(275 m høg). Ein raskare måte er å følge grusvegen i retning Årdal, for så å ta opp i Avdalen, og direkte til Gravdalen. Det går an å legge ruta litt vekk frå veien frå Austabotn til Turtagrø, men det blir litt meir opp og ned. Frå Turtagrø kan du gå opp Mjelkedalen, og komme inn på stien frå Sognefjellet, og gå mot Lundadalen og Bismo. Eit anna alternativ er å legge turen om Nørstedalsæter, og komme ut i Ottadalen ved Pollfoss, men her er det truleg ikkje mulig å proviantere. La det bli det 10. året i norske fjell, med lagleg vær kan dette bli den flottaste vandringa av alle.
-
Fritidsaktiviteter i Sognefjorden/Nordfjord og omegn
Agnar svarte i et emne i Generelt om friluftsliv
Og i Jølster kan du drive med rafting: http://www.jolster-rafting.no/ Dessuten ligg Jostedalsbreen like ved. -
Lengst vest i M & R meinar du? Frå Stadt og sørover finst det mykje moder norge som ligg lenger vest. Muligens er Utvær fyr vest om Solund det vestligaste punktet. Nokon som veit??
-
Risnesnipa (777moh) 26.06. For ei tid tilbake skreiv Snilen, at kommunetoppane i Sogn og fjordane antagelig vart dei vanskeligaste av alle fylka. Det gjorde meg litt nysgjerrig, så eg studerte påstanden litt nermare. Og med ei gjennomsnitshøgde på over 1400 m, og med veldig mange brepasseringar, er det sikkert rett. Det enda med at eg bestemte meg for å prøve å ta alle 25. Med berre 6 frå tidlegare, og hittil 3 i år, når eg nok ikkje målet i år, og sikkert ikkje neste år heller. I dag gjekk turen til Risnesnipa, høgast i Hyllestad kommune. Toppen er den vestligaste delen av Lifjellet, med Lihesten lengst øst. Fant ein merka sti frå Hovland(omtalt av g-arnt før), som ligg rett under fjellet. Imponerande arbeid som er utført med høge murar på det brattaste partiet. Lett og fint å gå når ein er kommen opp på platået. I det nydelege været var det eit flott rundskue frå toppen: i øst Jostedalsbreen, i vest Nordsjøen, i nord Ålfotbreen og i sør Stølsheimen.
-
Saga, på Ålfotbreen.
-
På det første bildet lignar det på Kaldakari, og då står personen i tilfelle i Supphelleskardet.
-
Så det var Bjordal du skulle fram til, eg har ikkje gått i det området(enda). Ellers trudde eg at Einar Førde hadde namnet frå ein gard som låg i Høyanger, der verket no ligg, sjølv om han vel vaks opp oppe på Håland? Førde finst mange plassar på vestlandet, og kjem vel av fjord, eller lengst inne i fjorden.
-
Vegen er opna i dag(11.05). Det blir meldt om tørr og fin vegbane.
-
Imponerande tur det der, men eg lurte eit øyeblikk på om du hadde gått den på ein dag. Det lokale turlaget her har i eit par år hatt den første delen til Grøndalen, med retur til Vetlefjorden. Må prøve å få blitt med på den ein gong. Har lest rapporten din frå Lifjellet òg. Kan vere artig å tenke tilbake på, men ikkje så kjekt mens det står på. Er jo eit vanskeleg terreng å ta seg fram i, med masse hamrar, og når det attpåtil er kledt med is blir det ikkje lettare.
-
Sunnfjordbjørnen ja, har aldri høyrt dette namnet brukt her. Men du gjekk ikkje heilt inn dit då du gjekk Meneseggji?
-
Store kontrastar frå gårsdagens skitur i høgfjellet, til dagens vandring i vårleg vestlandsli. Frå starten på Lekva og til skoggrensa var det vårblomsten som dominerte. Siste veka har det skjedd ein eksplosjon, med grøn bjørk og blomsterprakt i skogbotnen. Så første delen av turen var det berre å nyte og suge inn inntrykk. Like over skoggrensa er det stidele, til venstre normalruta, til høgre Nipestien som går beint opp. Her er det ca 100 høgdemeter med klyving før ein er oppe på kanten. Eg valde den siste, så etter 1,5 t var eg på toppen. Desverre var disen om mulig enda verre i dag, så utsikta var sørgeleg dårleg. Var borte og såg på den berømte gygrekjeften, ein imponerande klippeformasjon som heng ut frå toppen. Tilbakevegen gjekk så nordover, og utover Lifjellet til nokre stølar som ligg oppe i det karrige landskapet. Her går stien sørover og ned ei trang kløft, før den svingar austover mot utgangspunktet.
-
Fantastiske værutsikter, og snø som berre fordampar, kanskje blei det siste vårskituren i år. Tanken var å gå inn Skarvedalsvatnet, men mykje overvatten på vatna etter varmen, gjorda at vi starta på Utsikten, på toppen av bakkane opp frå Vetlefjorden. Var spente på kor blaut snøen var, men tidleg på morningen var den slett ikkje verst. Lange seige bakkar opp til Vardegga, men så blir det meir kupert innover. Passerte på vestsida av Gottopphesten, og i ly av ein skavl nord for toppen var det ideelt for ein pause. Vinstille og sola steikte. Litt nedover igjen, før stigning opp til Kvangrøfjelellet, og så kjem siste bakkane opp mot toppen på Jostefonn. Ikkje så lett å finne toppunktet på ein slik brekuppel, men aukande vind gjorde det heller ikkje til ein blivande plass. Så det var berre å ta seg nedover og finne ly på same punktet som opp for ein pause, men først stakk eg oppom toppen på Gottopphesten. Siste stykket ned gjekk på ganske roten snø, men etter 7 timar kunne vi sette oss i bilen igjen. Mykje dis gjorde at bildene blir litt uklare, og den forventa utsikta mot Hurrungane uteblei.
-
Beregna opning torsdag 11.05 opplyser Tindevegen i dag(05.05.
-
Såg ikkje innlegget ditt før eg skreiv det forrige, men du meinar vel det samme som eg konkluderte med: servicen er blitt for god, og bryter med idèen om det enkle friluftslivet. Og det er eit greit standpunkt, men det er altså ein forsvinnande liten del av den samla aktiviteten. Om vi treng meir tilrettelegging? Tja, du meiner at DNT bør sei stopp, nok er nok, og det er òg eit greit standpunkt sett frå ditt ståsted. I dei sentrale fjellstrøka østafjells og i Jotunheimen spesielt, så er det rikeleg tilrettelagt. No føregår vel det meste som finst av tilvekst i regi av lokallag rundt omkring, og i område som ikkje er særleg omstridt. Og om desse lokallaga ser eit behov for ei hytte eller to i sitt område, så kan jo dette òg vere med å minke presset på dei mest sentrale områda. Til motorferdsel i utmark: DNT har som meg bekjent aldri generelt gått i mot motorferdsel i utmark, men meint at denne skal begrensast til nyttetransport. Ser jo at det kan vere eit dilemma, særleg i nasjonalparkar, at organisasjonen sjølv står for slik transport. Men at DNT difor ikkje skal kunne ha meiningar i slike spørsmål er å trekke det for langt etter mi meining.
-
Så det er desse 10 prosentane av hyttene som er betjente som er den kommersielle delen du ikkje likar, er det slik å forstå? Dei 90 % som består av ubetjente og sjølvbetjente hytter er forsåvidt greit, men den dagen du skulle finne på å overnatte på ei betjent hytte der einkvan står og lagar og serverer middag til deg, det er å gå for langt. Dette er imot formåls- paragrafen om eit enkelt friluftsliv. Har eg forstått deg rett då?
-
For høg standard på hyttene meinar du? Og kor mange av hyttene til DNT er betjente? Som eg har sagt før, både DNT og andre hadde aktivitet frå før i fleire av dei områda som det no er oppretta nasjonalpark i, så kven er det som har hindra andre i å drive på same måten?