-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Norske ekspedisjonar på Grønland
Ragnar svarte på Ragnar sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Kom over ein finsk ekspedisjon, interessant tur: Pete Mäkelä and Pete Vuorenmaa, Grønland på langs april-juli 2008 Namn: Greenland Nortward Expedition 2008, nettside: http://www.expedition.fi/greenland2008/enindex.html Den finske ekspedisjonen brukte 90 dagar, medan "Jenter i kuling" unnagjorde turen på bare rundt 33 dagar... Av andre ekspedisjonar som kan vera nyttig/interessant lesing: Harald Fuchs og Andre Felbrich i april/mai 2008 (Grønland på tvers) Namn: Greenland Crossing 2008, nettside: http://greenlandcrossing.wordpress.com/ Danskane Per Jessen og Søren Hvalsøe startet 1.april frå vest, ein noko kald tur... (Grønland på tvers) Namn: X-ICE 2008 Nettside: www.x-ice.dk Og for dei som planlegg ekspedisjonar på Grønland kan det vera nyttig å vite at det denne våren var minst 2 grupper som delvis måtte bli henta ut. Den eine fekk eit telt øydelagt i ein storm, det andre skyldes sykdom, begge deler kan vera vanskeleg å gardere seg mot. -
For dei som ønsker å følgje med på nokre av haustens grønlandskryssningar, så er det fleire norske ekspedisjonar. Dei fleste er klassiske kryssningar over innlandsisen på rundt 600km. Det er forøvrig ganske nøyaktig 120 år sidan Fridtjof Nansen tok til på sin ferd over isen, den 15. august 1888 la hans ekspedisjon ut frå Umivik på Aust Grønland. Camilla Ianke og Bjørg Selvåg startet den 13.august frå Aust sida av Grønland. Ekspedisjonen har namn "Greenland East2West" og har nettside: GreenlandEast2west.com Dagny I. Lysaker, Ragnhild Holmen Waldahl og Aimar Stakvik starter i løpet av få dager, også frå Aust siden av Grønland Ekspedisjonens namn er: "På kryss og tvers i Arktis", nettside: http://www.kryssogtvers.com/ Dei gjekk forøvrig Svalbard på langs i vinter. Ekspedisjonsfirmaet Hvitserk skal også nokre arrangerte turar nå i løpet av august. Det er kanskje andre norske grupper også? Kom også over nettsidene til ekspedisjonen Jenter i Kuling: http://www.jenterikuling.com/ Ingrid Langdal, Silje S Haaland og Saskia Evelyn Boldingh fullførte Grønland på langs turen no i Juli (med kite). Verkeleg imponerande!
-
Sjekk også ut den nye Garmin Oregon. Koster vel rundt 3500 i Norge Den ser jo ganske grei ut, men har ingen erfaringar med den sjølv. http://www.navigate3d.no/mbbs22/forums/thread-view.asp?tid=1279 http://www.kartbutikken.no/produktdetaljer.php?visprodukt=9045 Nokon som har prøvd denne kontra Colerado? Ulempen med 60Csx er lang oppdateringstid for kartutsnitt (zoom, pan). Kanskje det er blitt bedre på dei nye modellane?
-
Ja, både Norge på langs, på Grønland, Svalbard og ein del andre turar har eg nytta Svalbard telt, forskjellige versjonar. Vanlegvis plar eg å sette dør-enden mot vinden, men går greit motsatt også. Meiner Helsport skriv det samme i sine brosjyrar (?). Problemet er om vinden snur i løpet av natta og du får vinden mot sjølve døra, det er ikkje bra. Det er ulempen med bare 1 inngang.
-
Har brukt både Svalbard 3 og Svalbard 5, også under litt røffe vêrforhold. Det er på alle måtar eit kjempegodt telt og det er veldig greit å få gravd ei skikkeleg kuldegrop/kokegroup, ikkje mange telt som både er vindstabile og som gjer ei slik moglegheit. Fordelen med 3' utgåva er at den er ein tanke enklare å sette opp om du er åleina, men så er ein gjerne fleire om ein har 5' utgåva. Likevel er det på ingen måte det lettaste teltet å få opp i sterkt vind eller kulde, krysset mellom stengene byr alltid på ein liten utfordring med vottar! Stengene skal bli tredd gjennom trange kanalar og det fungerer bedre i romtemperatur enn i -30C. Helsport skal ha utbedra strikken på stengene (sjå anna tråd om dette), dette er/var eit stort problem ved temperatursvingningar. Vidare er det mange bardunar, noko som er bra, viktig å ha godt system i desse (må bindes opp så dei ikkje tvinner seg). Når du kjenner teltet godt, så går det som regel greit, men har også sett svalbardtelt dårleg satt opp, då er det ikkje særleg vindstabilt lenger (uheldig bruk av pluggar og bardunar). Har også opplevd at glidelåsen har gått på eit 5' telt, det skyltes langvarig bruk over fleire år, kulde og stor snøtyngde mot duken slik at glidelåsen stod i spenn. Sidan det er dobbel glidelås, var det bare å sy den igjen/lukke den best mogleg og bruke den andre glidelåsen. Glidelåsen er forøvrig ikkje noko spesielt svakt punkt, alle telt kan potensielt få problem med slike. For at teltet skal stå godt i vinden, så hugs å stramme dei mest viktige bardunane, spesielt sidesvegs og i lengderetningen må det vera stramt. Om det ikkje er sterk vind, held det med 5-6 pluggfester (2-3 i kvar ende) + 4 bardunar ( framfor og bak + sidesvegs ved døra). Om vintaren er det godt å ha nokre skikkelege snøpluggar i tillegg til eventuelle bambuspinnar og ski, 2-3 av Helsport sine 30cm er veldig gode når det er djup nysnø. Husk også alltid reseverledd til stengene + ekstra strikk, slike kan ryke på "dårlige" tidspunkt, spesielt ved låge temperaturar (generelt problem med stenger) Akkurat vindmessig trur eg det er liten forskjell på 3' og 5', men nok bittelitt ekstra vindfang i 5' versjonen. Storleiken på 3' gjer at det passer best for to stykker vinterstid synes no eg, 5' passer til 3 stk vintertid med kjempegod plass (vi kaller det "hotell") eller 4 stk med litt dårleg plass (typisk kortare turar). Om ein er 4-5stk i 5' versjonen, vil dei ytterste ligge litt nærme duken på grunn den litt skrå vinkelen på stengene, dette kan potensielt føre til fuktgjennomslag frå ytterduken (kondens). Takhøgden i standard 3 versjonen er litt låg, så ville ha vurdert 3' high utgåva, sjølv om eg ikkje har nokre eige erfaringar med denne. Kan også ta med at det sjå ut som om konstruksjonen gjer ekstra god ytnytting av varmen ved fyring av primus. Varmen hoper seg tilsynelatande opp under buen, medan ventilane er montert lågt nede og dermed ikkje slepp varmen ut. Det blir i alle fall veldig fort varmt, i andre telt har eg ikkje opplevd dette på samme måte (sjølv om det blir høgst subjektivt, har ikkje testa med så mange ulike telt, også forskjell på temperatur, fukt osv). Bare det å ha primusen på ganske så låg effekt inne i innerteltet har gitt meir enn god nok varme over lengre tid (2-3timar), greit å ikkje måtte sløse for mykje med drivstoffet.
-
Eg har vore i kontakt med Tom Sjøgren hjå Explorersweb.com/k2climb.net etc (det er samme folka/selskap) Spørsmålet var kjelder for artikklane om Fredrik Stang (K2 delen, ikkje om meritter etc). Han viste kun til det vesle som er referert frå svensk media allereie i artikkelen og kunne ikkje/ville ikkje oppgi noko anna, sjølv etter 2 direkte spørsmål om dette. Han hadde på ingen måte vore i kontakt, eller prøvd å få kontakt, med Fredrik Stang eller hans gruppe slik eg forstod han. Alt dette ser ut til å vera 3./4.håndsinformasjon, slik som artiklar i aftonbladet og expressen, blogger og slikt. Om det stemmer, vil eg nok sei at explorersweb driv useriøst, det virker meir ut til å vera ein privat blogg enn den nyhetsida dei prøver å presentere. k2climb/explorersweb har fått mykje merksemd i det siste, sitert i utallige medier verda over. Slik set er eg veldig skuffa over seriøsiteten. Her er svaret frå Tom der eg spurde om kjelder (litt forkorta) "There isn't a single fact wrong and we've been thanked by family, > friends and climbers from all over the world." "We were involved in the rescue from the first day and have most probably more information that Fredrik on what happened. Also, we are not journalists but explorers and know these things. Most of the climbers in Norway (yes, Norway) and Sweden has agreed with the story. " Etter det eg forstår er "involved in the rescue" det å svare på epost og telefonar i USA. Av det som er kjent, er at han som innehavar av selskapet HET sendte ein forespørsel til satelitt-telefonselskapet Thuraya om nokre GPS sporingar, men eg tar atterhald om at dei no kan ha utført andre oppdrag også. Sjølv meiner eg det er rart å framheve noko slikt, det går ikkje inn under min definisjon av "involvert i redningsaksjon" i alle fall, isåfall er det ganske mange andre involvert. Av norske klatrarar kan eg ikkje sjå at nokon kome med så drastiske sluttningar som explorersweb (sjå lenkene under). Det er også merkeleg dei meiner å ha meir informasjon enn Stang, enn så lenge dei skriv i artikkelen at det er mykje som er uklart. Alt i alt er det heile svært snodig, med tanke på ulykka som har vore. Det ser ut til å vera mykje følelsar i sving, lite kristisk journalistikk. Tom og Tina Sjøgren skulle eigentleg sjølv ha klatra K2 denne sessongen, uvisst av kva for grunn, vart forsøket kanselert etter det eg veit Sjøgren ville heller ikkje kommentere politikken med å ikkje signera artiklar med namn, ei heller å oppgje kontaktinformasjon på nettsida. Det syntes likevel ut som om det var Tom eller Tina som stod for K2 artiklane. For dei som ikkje kjenner til derias nettstadar/bedrift: http://outside.away.com/outside/culture/200706/out-there-explorers-web-1.html For mange er nok også HumanEdgeTech.com ganske godt kjent. Diskusjon på steepstone: http://forum.steepstone.com/viewtopic.php?t=1114 Blogg innlegg om mediadekningen: http://borebloggen.blogspot.com/2008/08/k2-og-mediene-lett-tr-feil.html
-
Ifølge NRK og VG var Cecilie Skog og Lars Nessa på toppen, men kjeldane for dette er ikkje oppgitt (truleg nokon frå eit anna team). Grunnen til at ting er/var så uklart, synes å vera at den norske ekspedisjonen ikkje har hatt tilgang til sine egne satelitt-telefonar eller anna kommunikasjonsutstyr den siste tida. Dei har då måtte sende meldingar gjennom andre. Kva dette skyldes er uklart, men Cecilie Skog skreiv i bloggen 31.juli at satelitt-telefonen vart lagt igjen i C3 7400 moh dagen før toppstøtet. Kan hende har desse ikkje blitt henta på veg ned igjen, er øydelagt etc. Ulykka har jo skjedd og eg reknar med at rapportering tilbake til Norge ikkje har blitt prioritert.
-
Tankane går til familier og venner av Rolf Bae og dei andre forulykka. Verkeleg triste greier. Eurocoter sitt AS350B3 kan fly til ca 9.000-10.000 meter utan noko særlige problem, men den kan i praksis ikkje drive redning i den høgden. Sjølv om den har "landa" på Everest, så er den eigentlege operasjonshøgden rundt 8000 moh eller mindre, slik som South Pass på Everest til dømes, 7925 moh, der det landa og tok av på meir vanleg vis. Det forutsett også ein nokonlunde flat landingsplass i den høgden for å kunne gjere noko nytte for deg, slik som å sette av eller frakte ned utstyr/personar. For å drive redning med vinsj/heis må ein nok ned mot 7000-7500 meter for dette helikopteret, utan at eg veit det sikkert, det er mange faktorar som spelar inn ("in ground effect", vind, temperatur etc). Det vil i alle tilfelle også vera svært lite vekt å gå på under operasjonar i slike høgder, slik at det ikkje er sikkert at helikopteret kan ta med seg noko last utover piloten. Då dei flaug på Everest var det i eit strippa helikopter med lite fuel ombord. Høgderekorden for helikopter er rundt 12000 meter, satt allereie i 1972, av eit LAMA helikopter Det er imidlertid nokre helikopterprosjekt for redning i store høgder. Det vesle selskapet TGR Helicorp Ltd har presentert noko med namn "Alpine wasp", eit ubemanna helikopter (UAV). Selskapet hevdar, utan å dokumentere det, å kunne frakte ned to personar (ca 227Kg) frå høgder opp til 9000 meter om dei får ferdigstillt prosjektet. Det synes imidlertid ut til å vera problem med både finansiering og teknologi og det er nok mange år fram i tid. Nettsida http://www.rescueoneverest.org har presentert ei løsyning for å stasjonere eit slik helikopter i Nepal når det er ferdig. Informasjonen på sida er ikkje blitt oppdatert på lenge og reflekterer nok meir eit ønske enn ein realitet. Fleire av dei store helikopterprodusentane utviklar UAV helikoptre som nok med tida også kan nyttast i store høgder. Ved hjelp av nye lette materialar, ny motorteknologi og spesielt egna rotorblad, så kan det sjå ut som om slike prosjekt kan realiserast, men realistisk vil det nok ta nokre år.
-
Tar opp igjen denne gamle tråden. Topo kart for sveits er utgitt av Garmin og kjem i fleire utgåver. Trur den siste er tilsvarande våre topo pro kart (bedre farger etc), men den forrige (2006) fungerer nok fint den også. Ikkje så mange som leverer dette kartet, men fann det i denne nettbutikken, som også sender til Norge: http://www.tramsoft.ch/gps/garmin_mapsource-ch_en.html Meir info om du søker i google: garmin topo swiss
-
Beredskap på bunn. Pengebingen svulmer over.
Ragnar svarte på Dag G - Evje sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg skreiv her om helikopterinnkjøp til forsvaret og helikopterberedskap frå sivile operatørar, der eg ikkje kan sjå at det blir spart særleg på pengane - kanskje ikkje det var presisert nok. Eg har ikkje utalt meg om akkurat bruken av pengar i denne situasjonen, men ser jo at det i går ettermiddag var 11stk helikoptre leigd inn - kor mange fleire helikoptre kan det vera plass til? Desse skulle vel kunne klare 400.000 liter i timen og viser at det er nødvendig kapasitet i lufta. At det går utruleg treigt med å rekvirere inn helikoptre - både frå lokalt og sentralt hald - er noko heilt anna. Her er det ikkje bare å skylde på staten, lokale myndigheter kunne rekvirere inn det som er nødvendig utan å måtte venten på DSB. Når det gjeld beredskap på bakken så har du nok rett i at forsvaret ikkje kan bidra på samme måte som før, det burde ha blitt kompensert med anna type beredskap. Beredskap av mannskap koster mykje, ingen tvil om det. Eg har ikkje fått med meg at NH-90 til forsvaret skal vera særleg utsatt frå innkjøpars side. Det har rett nok vore ein del modifiseringar som tar noko tid, men det er den generelle utviklingsprosessen som fører til leveranseproblem Når det gjeld SAR maskinane så klarer Seaking nokre ekstra år utan for mykje problem, men det byrjar å haste litt med å bestille. Her har det vore ein hard dragkamp mellom ulike leirer, men eg kan ikkje sjå at det eigentleg står på pengane? Vi kunne snart ha hatt "vanlige" NH-90 helikoptre om vi hadde nytta forsvarets opsjon for nokre år sidan. Olje- og fiskeribransjen ville imidlertid ikkje godta den typen helikoptre og har gjennom sine utval pressa på for amerikanske S-92. NH-90 med større kabin og ekstra fuel-kapasistet er forsvarets og kanskje justisdepartementet sin favoritt, men det er uklart om denne i det heile blir bygd. Det tredje alternativet, som på papiret kanskje er det beste med tanke på rekkevidde og kapasitet, har slitt med dårleg kvalitet hjå våre danske og kanadiske partnere (EH101). Dette er også i overkant stort for landing på mindre helikopterdekk. Det fører nok til at det blir ein bestilling av S-92 i lag med eit par andre land for Norges del om ein bare på bestemt seg, noko som kan ta ytterliggare år. Ut over desse to innkjøpa, kjenner ikkje eg til andre forsenka helikopterkjøp i statleg regi. -
Beredskap på bunn. Pengebingen svulmer over.
Ragnar svarte på Dag G - Evje sitt emne i Generelt om friluftsliv
Ser at Helitrans har måtte sette Bell 214 maskinen sin på bakken på grunn av teknisk, det er jo slik som skjer (kanskje den er tilbake idag?). Eit slikt tar omlag 3000liter i eit løft, og det er ikkje så lett å erstatte eit slikt kjapt. Forsvaret er vel inne med fleire av sine Bell 412SP helikoptre i tillegg til dei sivile. Brannberedskapen synes eg totalt sett ikkje er så dårleg, sjølv om den nok alltid kunne ha vore endå betre. Det skulle ikkje by på problem å leige inn ytterliggare helikoptre. Pegasus skal vel no til dømes fly med to helikoptre ser det ut til (AS350B2/B3), er mange slike som flyr i Norge. Det ser heller ut til å vera noko vegring mot å hyre slike ekstra ressursar. Når det gjeld helikopterkapasiteten til forsvaret så er nok den litt redusert, sidan NH-90 maskinane er svært forsenka. Dei skulle ha blitt levert i 2006-2007, no kjem det første i september 2009. Det er ikkje pengar det står på her! Lynx-helikoptrene flyr no mindre på grunn av omfattande vedlikehald, då dei har i overkant mange flytimar. I tillegg er det 3 stk Bell 412 med ekstra personell i Afganistan - dermed er det bare 15stk igjen i Norge. Av desse igjen er det nok nokre maskinar på vedlikehald til ei kvar tid. Fordel det på nødvendig beredskap og oppgåver i Nord-Norge, og det er ikkje mange maskinar igjen. Om ein så kan bidra med 3-4stk 412SP frå forsvaret likevel til brannslukking, så synes eg no det var ganske bra? 330-Skavadronens Westland Seaking SAR helikoptre har lite ekstra kapasitet, det er omfattande vedlikehald også på desse, og det er ikkje bare å ta ut fleire slike til brannslukkning. Nye redningshelikoptre er jo også forsenka, det er fortsatt uvisst kva som kjem her. Heller ikkje her er det penger det står på. -
Forutan Globalstars "SPOT personal messenger", så viser linkane ovanfor tradisjonelle nødpeilesendarar, eller meir bestemt PLB. "ACR Electronics Microfix 406 PLB with GPS" er ein PLB med GPS, "ACR Electronics Terrafix 406 GPS I/O Personal Locator Beacon" er ein PLB der det er mogleg å koble til ein ekstern GPS. Ein god artikkel om EPIRB/ELT/PLB på wikipedia: http://en.wikipedia.org/wiki/EPIRB Signala frå nødpelesendaren blir plukka opp av 4-6 polarbanesatelittar i cospas-sarsat systemet. Vidare er det også 4-5 (?) geostasjonære satelittar som også kan plukke opp dei samme signala. Det er ein fordel med innebygd gps, då eit varsel i mange tilfelle vil skje raskare og meir nøyaktig. Forutan via gps, så blir posisjonen også berekna ut frå doppler-skift frå polarbanesatelittane. Frå nødpeilesendaren blir aktivert, til signalet er mottatt og vidaresendt frå ein polarbanesatelitt, har eg høyrt at det typisk vil ta mellom 30 og 120minutt. Blir signalet plukka opp av ein geostasjonær satelitt, så skjer varselet gjere noko raskare. GPS'en i nødpeilesendaren kan bruke noko tid på å berekne posisjonen, særleg om denne er frå ein kald-start. Avhengig av type kan dette ta frå 30sek til ca 15 minutt. PLB/EPIRB boksen har også eit sporingssignal som sendes på 121.5Mhz. Dei typane eg sjølv har hatt med på tur, har ikkje hatt GPS. I bruk er det veldig enkelt: du har gjerne to knappar: ein for test og ein for nød. Det er somregel også ein antenne som må trekkast ut. Nokre modellar løyses også autmatisk ut når den kjem under vatn. Skal du ha ein nødpeilesendar registrert i Norge, må du søke (dvs betale) for lisens til Post- og Teletilsynet. Pass i så fall på at modellen er typegodkjent i Norge før du kjøper. Derimot er det ingenting i vegen for å ha den registrert i utlandet,der der er det ofte gratis, sjølvom du har den i Norge . Enkelte land krev uavhengig av dette ein eigen radiolisens i tillegg, slik som på Grønland. Når alarmen blir utløyst, vil redningssentralen få opp informasjon om kven som har registrert nødpeilesendaren og evt kven som for tida bruker den. Det er viktig å oppdatere denne informasjonen, slik at dei kan ringe for å få meir informasjon. I Norge er det få nødpeilesendarar registrert for privat bruk, mest brukt på sjøen og i luft-trafikk. Akkurat nødpeilesendar vs satelitt-telefon: Dei aller fleste ekspedisjonar til aude område har begge, slik at ein ikkje satsar alt på "eit kort". Det er ein fordel å kunne ringe ein nødmelding om situasjonen tillet dette, då redningssentralen får eit mykje betre utgangspunkt, samt at du kan få informasjon, råd etc. I andre situasjonar kan det vera heilt umogleg å ringe, då er nødpeilesendaren det beste og einaste alternativet. Ein satelitt-telefon kan også svikte, batteriet kan vera oppbrukt etc, medan ein nødpeilesendar er svært robust. På Svalbard til dømes, så pålegg sysselmannen deg å ha med nødpelesendar og oppfordrar også sterkt om å ha med Iridium satelitt-telefon i tillegg (utanfor område10). På Grønland er det i mange tilfelle pålagt frå Dansk Polarcenter å ha med nødpelesendar, medan forsikringsselskapet ofte krev satelitt-telefon og GPS. Dagens satelitt-telefonar og PLB'er er såpass lette og små at det ikkje burde vera noko problem å ta med begge delar av den grunn. Om du vil vera utilgjengleg, er det bare å ha telefonen avslått. Globalstars "SPOT" er ikkje noko anna enn ein satelitt-telefon og GPS i vasstett innpakkning som utelukkande sendar "tekstmeldingar". Her kan ein velge å sende "OK" melding, "Assistanse" eller "Nødmelding". Ein "OK" melding blir sendt 3 gonger, dei andre blir sendt kvar 5 minutt så lenge dei er aktivert. Her er det altså mogleg å varsle om andre ting enn bare "nød", sjølvom det ikkje kan spesifiserast vidare. At meldingen er sendt tyder ikkje at den er blit mottatt av satelittane. Systemet er ikkje globalt og har stort sett samme restriksjonar som Globalstars satelitt-telefonar, forutan at det kun er L-båndet som blir nytte (dvs fleire operative satelittar for tida). Om du les på Rei.com så er det nokre interessante er tilbakemeldingar om problem, meldingar som ikkje blir mottatt mm, sjølvom mange er nøgde. Globalstars reaksjon er ikkje overraskande ganske lite imøtekommande, slik det vanlevis er frå den kanten (ref problema med selskapets satelitt-telefonar)
-
For turkart har du ein litt gøymd oversikt på kartbutikken.no: http://www.kartbutikken.no/produktlisting.php?kategori=18 Skriv inn eit søkeord (t.d "Bergen") og du får opp eit kart som viser turkart for området. Flytter du rundt på kartposisjonen ser du andre turkart innteikna. Dette gjeld imidlertid bare turkart som er utgitt av Statens Kartverk eller Ugland IT, dei aller fleste er 1:50.000 eller 1:100.000 med nokre unntak.
-
Ja, nordvest i Sogn og Fjordane, slik som Ålfotbreen-Gjegnalundsbreen trur eg har ganske hardt vêr. Det er vel vanleg med 10-15 meter snø på Ålfotbreen og vinden er heilt sikkert kraftig. Veit også at ei kraftlinje gjennom området var utelukka pga mykje islast og håplaus tilgang for feilretting. Hausten 2006 skal det vistnok ikkje ha vore mogleg å landa med helikopter i 3mnd samanhengande periode (i samband med montering av værstasjon)
-
Ryfylkeheiane i desember/januar/februar kan vera ganske vêrhardt. Terrenget er også på mange måter meir krevande enn på Hardangervidda synes eg og det burde by på varierte utfordringar for ein trengingstur. Spesielt området rundt Blåsjø kan ha ganske 'ekstreme' forhold om det først er dårleg vêr.
-
Det er nok snakk om Trolltunga i Odda, denne blir også omtala som preikestolen.
-
Det er få som anbefaler ein slik tur, men det er jo blitt gjennomført nokre gonger dei siste åra. Imidlertid har det også vore episodar der ekspedisjonar har måtte bli henta ut grunna smeltevatnet, både i juli og august, deriblandt norske grupper. Eg kjenner ein som gjekk i juli 2005 (aust-vest), han anbefaler ingen å gå i den perioden og dei sleit veldig med å kome seg ned. Bruker du det forsikringsselskapet på Grønland (som ofte er einaste alternativ), så krev dei at du ikkje er i "brefallet" på vestsida frå 15.07-31.08. TMW hadde t.d. også problem med å få forsikringsselskapet med på å få gå i slutten av Juni, dei kan fort sette seg på bakbeina om du ikkje har ein klar avtale. Det tyder i alle fall at du må starte frå Kangerlussuaq (eller ein annan stad på vestkysten) om du skal ha ein realistisk tidsplan. Eg ville då ha starta så tidleg som mogleg, jo lenger du venter, til meir vatn blir det. Kunne du ha lagt ut på tur t.d. rundt 1-10.juni, så trur eg det vil by på langt mindre utfordringar enn ved å vente enda 2-3 veker. Forsikringsselskapet krev forsåvidt også at du har med nødproviant for ein lang periode, på papiret 14 dagar x 6000kcal. Reelt sett kutter "alle" dette ned slik at det er nokonlunde proviant for 30-35 dagar med litt rasjonering, men det er eit problem om du går tom for proviant. I praksis har fleire turar enda opp på 30-35 dagar under vanskelege forhold, sjølv om mange klarer det på 20-28 dagar, så ta høgde for dette. No har eg ikkje sjølv kryssa slike smeltevasselver, men eg har snakka med fleire som har gjort det og sett mykje video og bilde. Problemet er at desse gjerne er veldig breie (100-200m) og at det er issørpe med bare visse område som har direkte ope vatn. Straumen kan også vera svært sterk. Nokon bruker tau for å sikre kvarandre over nokre av desse elvene. Eit problem er også å få oversikten over kor det er best å krysse/gå rundt. Sidan det er temmeleg flatt, er det vanskeleg å sjå dette. Tåke er ikkje eit ukjent fenomen på breen sommarstid Skulle tru det då blir vanskeleg med ein alphacraft, har ikkje sett det brukt til noko slikt. Ser for meg at framdrifta blir vanskeleg gjennom issørpe? Sjå t.d. dette bildet til TMW: http://threemenwalking.com/wp-content/uploads/2007/06/240607-doze.jpg Elles er det å merke at det står mykje "mellom linjene" i slike ekspedisjonsrapportar, mykje som blir tona ned eller utelatt (slik er det bare) Skal du ha vadeutstyr, bør kunne utstyre vadaren med stegjern. Stegjern var i alle fall svært nyttig frå han eg kjenner som kryssa i 2005. Eit anna tips kan vera å legge ruta rundt dei mest utsatte områda. Slik eg har forstått det vil det vera teneleg å gå ein omveg eit stykke nordover frå vestkysten, utan at eg veit heilt kor lang omveg det i så tilfelle blir.
-
Det er ikkje snakk om sensur, på ingen måte. Det er bare ei oppfordring om å vera varsam med å dra fram alt for mange gamle trådar, med mindre ein i alle fall har noko viktig å fare med. I dei aller fleste tilfelle synes eg det då vil vera betre å starte ein ny tråd, deretter referere til den gamle. Det har i det siste vore fleire slike gamle tema, der det ikkje har vore posta på fleire år, som popper opp pga eit enkelt innlegg (t.d. bare ei linje) Det er uheldig om "gamle" tråder dominerer førstesidene på kvart forum.
-
Mange innlegg i dette temaet er skilt ut då det omhandla noko heilt anna enn "Tarptent": Diskusjon rundt anonymitet, turrapporter mm.: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=12318 Nokre innlegg er også blitt fjerna, hovudsakleg fordi dei ikkje passa inn i her eller i det nye temaet. Mvh, Ragnar Moderator
-
Kan vi ikkje prøve å la gamle turrapportar ligge? Slike postinger fører til at eit tema frå 2005 plutseleg ligg på toppen av turrapportar, utan at det i det heile er relevant. Om ein har spørsmål som er tilknytta, så er det like godt å poste eit nytt tema med ein link.
-
Det forekjem til ein viss grad "falsk dekning" i fjellet til tider. Med dette meinar eg at telefonen viser eit godt eller dårleg signal, men uavhengig av dette vil ein ikkje kunne ringe/bruke nettet. Det er difor viktig å sjekke at det faktisk er mogleg å ringe, når ein skal sjå om det er dekning. Du kan også teste med GPRS/Dataoverføring. Det er verdt å merka seg at dette også gjeld om telefonen visar "kun nødnett" - det er ikkje nødvendigvis slik at du kan ringe. Dette har eg sjølv opplevd ganske så mange gonger. Etter det eg veit, skyldes det følgande: -Det er for langt til nærmaste basestasjon, dvs at "signalvegen" er over 35-37km, i visse tillfelle over 60Km om det er satt opp extended range på stasjonen. -Basestasjonen har ingen kontakt med mobiltelefonen, dvs at signalet frå telefonen aldri når fram til basen. Dette skyldes at det er lettare for mobilen å motta eit signal enn motsatt, sidan både effekt og antennefølsomheit er større på basesida (vanlegvis). Det kan også skyldes topografien, slik som at basestasjonen står langt nede i ein dal, medan du er høgt oppe. -Refleksjonar fører til støy (t.d. at maksimal guard tid ikkje er nok til å forhindre multipath), evt andre støykjelder -Fleire basestasjonar som støyer kvarandre ut, t.d. der ein har utsikt til ein storby (typisk om ein er på eit høgdedrag med utsikt til Oslo, Bergen, osv). Då hjelp det ofte å gå litt ned frå toppen, gjerne med skygge mot byen. Felles for alle desse feila, er at du får noko som liknar på opptattsignal (3 korte tonar) eller ein litt lengre feilmeldingstone (avhengig av telefon). Som eit eksempel har eg opplevd dette her: Folgefonna (Både Midtre og Søndre Folgefonna har slike "falske" område) med "god" dekning Jostedalsbreen (her er det eksempel på stasjonar som gir godt signal, men som er over 37km vekke (t.d. Loen) Litt nord for sognefjellet (Breheimen): Sansynlegvis pga sendar som stod i Bøverdalen, for langt vekke. Delar av toppar, slik som ved breen på Trolltind i Romsdal (men lengre oppe var det brukbar dekning) Typiske "langt innpå fjellet" turar, der det oppstår sporadisk dekning i høgdedrag Topper med sikt til byer (slik som Stavanger) Tips for å komme rundt slike problem er først og fremst å flytte på seg, nokre meter frå eller til kan gjera eit stort utslag. Det kan hende at det hjelp å søke opp i høgden (på fjellet). Ved slike problem på ein topp, vil det i visse tilfeller vera essensielt å få sikt ned i dalen der sendaren er plassert. Å prøve ein annan operatør kan også hjelpe om ein har tilgang til begge (typisk har nokon Telenor, andre Netcom om ein er fleire på tur).
- 14 svar
-
- 1
-
-
Det er vel ingenting nytt i at ein metrolog meldar meir korrekt vær enn ein datasimulering, men det har Adressa.no tydelegvis ikkje fått med seg. Fordi modellen ikkje stemmer på 17.mai i Trondheim, så er den verdilaus? Å kritisere yr.no på dette grunnlaget er temmeleg tabloid, ikkje spesielt heldig sak for ei slik avis, spesielt slik dei har lagt det opp med å sitere ein kjent metrolog. Å i det heile presentere 15 dagarsvarsel utan å påpeike at også dagane 3-7 dagar fram i tid er uvisse, er for dårleg. Dei sparte vel nokre kroner på å ikkje ringe metrologen i Bergen, men du verda så useriøst. Storm har eg mista noko av respekten for etter at dei tok vekk advarselen sin om feil i vindsimuleringa, den er der likefullt enda. Det er nemleg slik at når Storm (og også yr.no) meldar t.d. lett/frisk bris, så kan det fort reelt blåsa stiv kuling, spesielt om det er på fjellet eller ved kysten. Å ikkje gjera besøkande merksam på dette er latterleg dårleg. Dette har forplanta seg til at t.d. turistforeningen.no visar det same varselet for sine turisthytter og då sjølvsagt ikkje har med denne advarselen (sidan storm har tatt den vekk). Hadde Storm Weather Center tatt ansvar, hadde dei krevd at denne skulle med i alle presentasjonar, også sin eigen. Yr.no/met.no er klar på dette punktet og har alltid eit tekstvarsel på samme sider som det datagenererte varselet, samt at det er opplyst på sidene om du les meir om datagrunnlaget. Likevel er det mange som stolar blindt på at "det var bare meldt lett bris..." på internett. Eg synes no ofte yr.no treff ganske greit med sin modell, sjølv om det jo hender den bommer litt på tidspunktet. Barskekarsten: Yr.no brukar ikkje målestasjonar for å spå framover i tid, eller det fortell dei i alle fall sjølv. Til dette brukes eit vekta og korrigert snitt frå dei 4 mest nærliggande punkta som det er generert data for. Desse punkta ligg for tida 8km frå kvarandre.
-
Det vil nok fortsatt litt snø i høgda, men ser ingen grunn til at turen ikkje skulle vera gjennomførbar i midten/slutten av juni. Mest snø vil eg tru det er i området mellom Flørli og Kjerag, men det burde ikkje by på særlige problem forutan å traske over nokre snøfenner. Snømengdene og avsmeltinga varierar veldig frå år til år, har t.d. gått delar av denne turen i slutten av mai utan problem. I år er det nok litt meir snø enn normalt i området. Ville ha tatt ein telefon til Stavanger turistiforening for å høyra om aktuelle bruer er blitt lagt ut før du går. Det er ein veldig flott tur!
-
Kva for nettbutikk/leverandør bestilte du frå?
-
Eit ekstra alternativ er blitt lagt til Ragnar Fjellforum