-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Utskilt: Evolusjon, menneske, dyr, vern mm.
Ragnar svarte på Svein sitt emne i Generelt om friluftsliv
Viss du vil diskutere dette med andre, så anbefaler eg deg å ta ein kikk på denne sida: talkorigins.org Ser du på deg som kreasjonist, så er det iorden det, men eg tvilar eigentleg på at du seriøst meinar det. Eg har ingen fagleg bakgrunn innanfor evolusjonsbiologi, og det har vel ikkje du heller (?), difor vil eg vera veldig forsiktig med å påstå at "gjeldande" teorier og forskning er feil. Du må nok også ta med menneske, jerv, kongeørn, bjørn og fjellrev. Etter det eg forstår, så var (er) bestanden av villrein til dels avhengig av bestanden av rovdyr og omvendt. Reinen hadde kanskje ikkje problem med at den vart splitta "opp i små og fragmenterte bestander" slik den vel er idag? (zoologi.no) At villreinen har klart seg mot desse rovdyra viser vel at det er motstandsdyktig mot desse, eller? Dette går vel inn under villreinsforvaltning. Viss det er slik du hevder, kan vi ikkje då i med jakt plukke ut dei svakaste dyra? Og er du sikker på at dette ikkje til ein viss grad også blir gjort? Oppveg "fordelen" ved lite rovdyr villreinens ulemper av oppsplitting og fragmentering? Nokre interessante lenkjer: http://www.zoologi.no/fakta/rein.htm http://www.zoologi.no/fakta/jerv.htm http://www.villreinen.no/pdf/Kraftlinjer.pdf Deltema villrein, Fylkesmannen i Buskerud: http://www.fylkesmannen.no/fmt_fagomrade.asp?tgid=20161&gid=20177&amid=1037496& Sjekk også ut denne tråden her på fjellforum: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1307 -
Viss du les nokre postar ovanfor, så er det blitt lagt ut link til sida hjå Fylkesmannen i Buskerud som omhandlar Hallingskarvet. Under deltema Villrein er det eit kart over m.a. vinterbeiteområde for villreinen. Det viser vel ganske klart at det er vinterbeite i området, eller? Sjå også sjølve verneplanen. Dette har ikkje vore nevnt her i forhold til denne saka. Du blandar kanskje med tilsvarande diskusjon om surfing på Jæren? Tja, det kan jo diskuterast om det er nok handheving av eit forbod. At det ikkje blir forsøkt handheva stiller eg meg tvilande til. Diskusjonen dreiar seg jo hovudsakleg om Hallingskarvet, kva som er tilfellet ellers på Hardangervidda er ikkje nødvendigvis reperasentativt for dette området. Dei gongene eg har truffe på villrein har dei vore veldig sky, men dog så var dette ikkje på Hardangervidda. Kanskje det har noko med årstid eller andre faktorar kor sky dei er? Stiller meg også tvilande til Panda sin konklusjon om nysgjerrige reinsdyr, kan det stemme? Det siste avsnittet ditt reknar eg med at du har kjeldar du kan visa meg? Vi får prøve å halde eit visst nivå på debatten. Forøvrig så har eg ikkje ytra meg noko om kiting eller forbod mot dette, verken i den eine eller andre retningen.
-
Turforslag i vinterfjeld for (næsten) nybegyndere?
Ragnar svarte i et emne i Ski og vinteraktiviteter
Finse - Kjeldebu er vel ikkje akkurat heilt flat? Ei heller Litlos - Haukeliseter? Resten er imiddlertid ganske flatt, det er eg med på. Lettgått? Iallefall viss du har gått ein del på ski før, sliksom sikkert både du og eg har gjort. Finse-Haukelister er ca 115km i følge kvistekartet og dette gjer dagsetappar på omlag 29km, viss ein tar det over fire dagar. Når folk seier dei er nybegynnarar, så tenker eg at dei kanskje ikkje gått så mykje på ski før, og då trur eg 115km kan bli vel langt, difor vil eg ikkje utan vidare anbefala turen. Men det er også ein grunn til at eg faktisk nevnde turen over Hardangervidda, det er jo ein forholdvis "lett" tur. Men for all del, har ein gått litt på ski før i fjellet og er fornuftig med hensyn til planlegging og utstyr, så er dette ein kjempebra påsketur også for dei som ikkje føler seg så erfarne. Har sjølv gått ruta med full oppakning og strålande sol heile dagene og det er ein fantastisk tur! -
Turforslag i vinterfjeld for (næsten) nybegyndere?
Ragnar svarte i et emne i Ski og vinteraktiviteter
Påsken er veldig tidleg i år og på denne tida er det somregel full vinter i høgfjellet. Sjansen for dårleg vèr, storm og låge temperaturar er absolutt tilstades. I Høgfjellet kan temperaturen gå ned i 15-25 kuldegrader. Imiddertid kan det også bli mildare vèr, sol og lite vind, men ikkje ta det for gitt. Uansett kor ein går er det viktig å kunne vera fleksibel og tilpassa opplegget etter foholda. Det trengs skikkeleg vinterutstyr for ein slik tur, sjølv om ein går frå hytte til hytte. Utstyrslister finn du for eksempel på turistforeningen.no. Husk spesielt på snøspade og ha i baktanke at det kan bli nødvendig å nødovernatte i snøhule. Skifeller kan også vera greie å ha med til lange oppoverbakkar. Skismurning må også med, inkludert klister (f.eks. universalklister og rødt klister) Sjølv om mange ruter blir merka med kvister rundt påsketider, er kart og kompass obligatorisk. Bruk kartet aktivt og ikkje stol blindt på merkinga. Kan du bruke gps, så er det også eit fint hjelpemiddlel. Merk også at "kvistet løype" kun betyr at det er satt opp kvister, det betyr ikkje at det er blitt kjørt opp spor! Det er ikkje alltid dei lengste turane som er finast, det kan vera vel så bra å gå mindre etappar og ha god tid. Ikkje legg ut på ein tur utan tilstrekkeleg trening og erfaring. Følg fjellvettreglane og lytt til både erfarne fjellfolk og vèrmeldinga Hardangervidda Ein klassisk og fin påsketur er å gå over Hardangervidda, for eksempel frå Finse i nord til Haukeliseter eller Rjukan i sør. Eksempel på rute: Finse (betjent) - Kjeldebu (sjøvbetjent) - Sandhaug (betjent) - Litlos (betjent) - (Hellevassbu (sjølvbetjent)) - Haukeliseter (betjent) Dette er Imidlertid ein forholdvis lang tur og bare 5 dagar kan bli for knapt med tid viss det skulle bli dårleg vèr. Det er ikkje ein tur eg vil anbefala til nybegynnarar i vinterfjellet sånn heilt utan vidare, til det er den for lang. Det blir fort dagsetappar på 30km, så litt skierfaring er påkrevd. Til Finse går det tog fleire gonger om dagen i tillegg til nattog, både frå Oslo og Bergen. Frå Haukeliseter går det buss både vestover og austover, f.eks. til Oslo. Frå Rjukan går det buss til Oslo. Oversikt over tog på nsb.no. Oversikt over busser på nor-way.no Det er sikkert andre her på forumet som kan foreslå andre turar? Kan tenka meg at iallefall Skarvheimen, Filefjell og Jotunheimen også er aktuelle område God tur! -
At det aldri har vore snakk om å regulera dei aktivitetene du nevner, er feil. På Jæren har det lenge våre bråk om surfing i verna område. Eit knippe artiklar i Stavanger aftenblad om saka: http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article167263.ece http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article11413.ece http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article56259.ece http://web3.aftenbladet.no/sport/article157471.ece http://web3.aftenbladet.no/debatt/leder/article55138.ece Fugler.net hadde ein tråd om dette i sitt forum: http://www.fugler.net/fn.asp?nowpage=8&ID=581 Norsk surfeforbund ser heller ikkje ut til å få dispensasjon, iallefall ikkje føreløpig: http://www.norsurf.com/norsurf/public/openIndex/view/page1.html?ARTICLE_ID=1104859002379 På Mølen er det samme problemstillinga: http://www.op.no/nyheter/article1264500.ece
-
Skitur til Blåfjellenden, Ryfylkeheiane (29-30.01 2005)
Ragnar svarte på Ragnar sitt emne i Turrapporter
Det var veldig mildt og regn på søndag, og viss det mildvèret fortsetter i lengre tid, så kan isforholda endra seg. Tendensar på overvatn var synleg heilt nord på Leitesvatnet og scooterspora svinga unna dette området. Det var iallefall mykje snø oppå isen og ikkje synlege svakheter, så eg reknar med at isen er ganske god, sjølvom vi ikkje sjekka dette nøye. Har vedlagt eit bilde i større format av STF-turisthytta Blåfjellenden -
Denne helga gjekk turen inn til ei gjetarbu inne ved Blåfjellenden, Frafjordheiane. Starta i 13-tida frå Høgaleite i Hunnedalen og kom omsider opp den første kneika. Dei to hundane som var med skulle eigentleg ta pulken heile vegen, men det gjekk ikkje så godt i bratte oppoverbakkar. Difor blei det litt strev med å trekke den med seg oppver. Vidare innover var føret brukbart og hundane fekk etter kvart meir dreis på å trekke med seg pulken. Ruta innover mot Blåfjellenden var ikkje kvista, men det var nyleg kjørt med snøscooter innover, så det var brukbare spor å følgje. Kort, men bratt nedkjøring til Leitesvatnet. Vidare nedover var føret litt tungt, men nokre telemarksvingar vart det. Det siste stykket svingte me av den vanlege ruta og gjekk rett mot gjetarbua (privat), som ligg litt nord for turisthytta ved Blåfjellenden. Gjetarbua var av den gamle sorten og bestod av eit rom i tillegg til ingangspartiet. Slike gamle og litt enkle hytter er skikkeleg koselege og det vart ein fin kveld på hytta med god mat. Særleg kaldt var det ikkje og utpå natta slo det skikkeleg om til mildvèr. Det var sikkert smelta 10cm snø frå dagen før og endå meir smelta i løpet av dagen. Tilbaketuren gjekk i konstant regn, sjølv oppe på nesten 900 meter. Enkelte av oss var nok litt våte då vi kom tilbake til Høgaleitet i Hunnedalen. Isen på lågareliggande vatn og elver var ikkje trygg. Ein del overvatn og inn/utosar som var heilt opne. Vidare innover var vatnet som ligg 786 moh samt Leitesvatnet på 795 moh heilt greie, men på sistnemnde var det antydning til overvatn enkelte stadar. Leitesåna og bekken forbi Blåfjellenden var delvis open, men det gjekk greit å kryssa på ski. Link: Meir om turen og fleire bilde på breogfjellsport.no
-
Trolltindene i Romsdal - navn og plassering av nålene
Ragnar svarte på TrondE sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ja, då er det sanneleg godt vi har eit godt internettarkiv: "Internet archive: The Wayback Machine" www.archive.org Søk etter romsdal.org: http://web.archive.org/web/*sa_/http://romsdal.org Trolltidene fann eg på sider lagra 13.10.2003: http://web.archive.org/web/20031013021928/www.romsdal.org/topptur/trolltindene/trolltindene-1.htm Og her har vi fjellforum.net om morgonen 1.mai 2003 (lanseringsdagen): http://web.archive.org/web/20030501084022/http://www.fjellforum.net/ Heilt genialt! -
Stavanger kommune har ein klatrevegg ved Tastarustå skole i Stavanger. Det skal vera gratis etter det eg har fått med meg, men vaktmester må kontaktes før klatring (har ikkje prøvd veggen). Fjellsportgruppa til Stavanger turistforening klatrer i denne veggen tirsdagar, på kveldstid, i vinterhalvåret. Det er ikkje utstyrsutleige, men fjellsportgruppa kan sikkert vera behjelpeleg viss det er aktuelt. Det kan tenkast at Brattkort er innført. Bilder av denne veggen finn du her: http://www.scanalp.no/tastarusta.html Les meir om veggen her: http://www.stavanger-turistforening.no/news_article.asp?iParentId=&ID=868 BRV driver "Buldrehålå" i Ut i Naturen sin lokaler i Bjergsted. Sjå www.brv.no for meir informasjon om dette. Klatregruppa ved HIS har også eit buldrerom: http://www.klatring.ux.his.no/klatring.cgi?page=info Det ser også ut til å koma ein stor klatrevegg i ein ny fleirbrukshall på Ullanhaug, kanskje løpet av 2005?: http://web3.aftenbladet.no/innenriks/politikk/article162627.ece Det er også fleire mindre klatrevegger i ulike idrettshallar, både i Stavanger og Jæren forøvrig. Apebergets internettside er forøvrig www.klatresenter.no
-
Målet for turen var Sandvatn turisthytte i Ryfylkeheiane. Vèrmeldinga var alt anna enn god, med moglegheit for liten storm, snø og etter kvart omslag til mildvèr. Pakka difor med alt nødvendig utstyr for snøhuleovernatting og rekna med at det kunne bli nødvendig å snu eller å grave seg ned pga vèret. Fekk skyss opp til Lortabu øvst i Hunnedalen og la iveg innover litt over kl 13. I den første motbakken oppover, skilte metalldelen og trinsa/tuppen på staven lag. Sportstape måtte til for å fikse - ikkje lett å gå utan tupp og trinse i djup snø. Høgare oppe og lenger inne vart sikta betrakteleg dårlegare og vinden auka på. På grunn av den nedsatte sikta, snøen og "flatt lys", var det vanskeleg å finne ein farbar veg, sjølv om eg hovedsakleg prøvde å følge trasèen som ofte blir brukt som kvisterute (ruta blir kvista i normalår mellom vintarferie og påske). Ved Mangærnane var elva open, som forventa. Sommarbrua var tatt inn, men klarte likevel å balansere på skia over dei to skinnene som går over, men det var såvidt det gjekk greit. Alternativet hadde vore å vade, noko som ikkje var fristande. Det siste stykket til hytta tok veldig lang tid. I perioder var det absolutt ingen sikt i det heile. Viden var også på sitt kraftigaste, det røska skikkeleg. Snudde og gjekk ned igjen til elva etter å ha kome for høgt opp i ei bratt fjellside. Klokka halv fem vart det også mørkt og hovudlukta måtte fram. Framleis var det ca 1 km igjen. Problemet var bratte skrenter og snøfenner, samt å finne ein farbar veg ned på eit vatn som strekk seg opp til hytta. Her er det både innos og utos, som heilt sikkert ikkje var sikkere, isen såg forøvrig grei ut. Ca 300 meter frå hytta tok eg av frå vatnet og satte kursen rett mot hytta. Imiddlertid var det ein forholdvis bratt snøbakke opp frå vatnet som eg ikkje såg først. Etter å ha rota mykje oppi bakken kom eg opp, men kom ikkje vidare på grunn av ein bekkedal. Gjekk tilbake eit stykke og var deretter meir heldig med kursen mot hytta. GPS punktet hadde eg tydlegevis lagt inn frå kartet for fleire år sidan (og gløymt det ut), og det var ca 120 meter feil. Det var godt å kome inn i hytta etter 5 timar ute i blåsten og etter å ha brukt nesten ein og ein halv time på den siste kilometeren. (I fint vèr så tar turen omtrent 2-3 timar). Eg var åleine på hytta og var første gjest i 2005. Kvelden blei tilbrakt foran ovnen med lesing av hyttebøker. Pannekaker til middag. Heile natta kunne eg høyre vinden ta skikkeleg tak i hytta. Dagen etter var sikta noko betre, men fortsatt snø i lufta og vind (liten kuling kanskje?). Det var mykje lettare å gå denne dagen, men særleg fort gjekk det ikkje. Feller var nødvendig heile tida, då føret varierte for mykje til at smurning ville sitte. Flatt lys var også eit problem. Ved Mangærnane vassa eg over elva, då det var uråda å prøve brua frå den kanten på grunn av ein bratt snøkant. Ved nedgangen til eit vatn var det umogleg å sjå om det var bratt ned dei siste metrane. Det var det tydelegvis og eg løyste ut ein liten skavl, men det var heldigvis ikkje langt ned. Tydlegvis at snøen var godt lagdelt og eg var veldig observant på skredfaren. Prøvde så godt som rå å unngå heng og bratte bekkedalar. Eit stykke frå Lortabu stoppa eg for å grave snøhole, då det var litt tid før transporten heim. Sjølv om eg har gått store delar av denne ruta før, både sommars- og vintarstid, hadde kart, kompass og gps (gps utan kart), så var det noko problematisk å ta seg fram i dei gjeldane vèrforholda. Dette var forsåvidt som forventa. Det var spesielt "fin navigering" som var problemet, noko som var vanskeleg å lesa ut frå kartet. Utruleg mange små bekkedalar, snøfenner, skrenter og bakker som ein "ikkje legg merke med" i fint vèr, men som ved dårleg sikt gjer det vanskeleg. For ca to år sidan overlevde ein mann frå Bryne 3 dagar i ei lita snøhole i området ved Sandvatn turisthytte, med svært lite utstyr og mat. Han var bare på dagstur. Sandvatn turisthytte har forøvrig no fått nødtelefon. Legg ved nokre bilde (kjem i større format seinare) Fleire bilde på breogfjellsport.no: http://breogfjellsport.no/dir/pictures/album_window.php?albumID=245
-
http://www.an.no/nyheter/article1395280.ece
-
Eg har ein slik "thermal bag" som sikkert liknar veldig på den du beskriv: http://www.rei.com/online/store/ProductDisplay?productId=244&storeId=8000&catalogId=40000008000&langId=-1 Eg synes den er litt genial i forhold til den låge vekta og har den ofte med i sekken, enten det er dagstur eller fleirdagars turar. Har også prøvd å overnatte i dennen bag'en, om vintaren og utan særleg mykje anna utstyr. Det var kaldt, men den beskytta godt frå vind og nedbør. Litt varme blei vel også reflektert, men det var vanskeleg å vite om det var tilfelle. Den bag'en eg hadde, tolte ikkje veldig mykje. Fekk ei revene i den etter at eg snudde meg litt for fort. I forhold til såkalla "emergency blancets", som er tilsvarnde stoff utforma til eit teppe, så er posen mykje betre. Hovudpoenget med posen vil eg påstå er lufta som ligg inne i posen, som sakte blir litt oppvarma og som fungerer som isolasjon. (Skreiv ein artikkel om denne frivillige overnattinga i bag'en på breogfjellsport.no) Ein vindsekk er betrakteleg betre enn denne "thermal bag'en", men så veg den også ein god del meir. På turar der ein vanlegvis har med ein vindsekk eller liknande, så ville eg ikkje ha bytta denne ut. På andre turar der ein ikkje har med vindsekk, så ville eg tatt med "thermal bag'en". Vil absolutt anbefale å ha ein slik "thermal bag" fast med seg på tur, då den kan vera det som skal til for å forbetra ein situasjon betrakteleg. Men bytt altså ikkje ut vindsekken! Dette temaet er også nevnt i denne tråden: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldPid=545#545
-
Problemet med bildene bestod i at programvaren på serveren, GD2, ikkje klarte å resize thumbnails på grunn av ukjent kode i jpeg bildet. Det er sikkert mobiltelefonen som lagar bildene på ein litt uvanleg måte og som GD2 ikkje kjenner igjen. Grunnen til at bildet blei vist når det blei opna stort, var at dette var ein rein kopi av bildet. Nettlesaren hadde tydelegvis ikkje problem med bildet, bare GD2. Fiksa problemet ved å lagre bildene på ny med eit bildebehandlingsprogram og deretter laste dei opp på ny. Ragnar fjellforum.net
-
Veit ikkje heilt om det er interessant, men på rasteplassen mellom Frudalstunnelen og Bergetunnelen på riksveg 5 er det ei steinplate med oversikt over fjella ein ser langs Fjærlandsfjorden.
-
Fleire stadar på nettet står Innerdalstårnet nevnt som "Blåfjell", så det stemmer nok. Forøvrig er vel ein del av "Jul i Blåfjell" spela inn i Rørøs. Frå parkeringa i Innerdalen og inn til Innerdalshytta/Rendalssetera er det ca 4km på grusveg (ca 1 times gange). Derfrå er det omtrent 1000 høgdemeter opp til toppen av Innerdalstårnet. Følg merka sti frå Innerdalshytta og opp til Giklingsdalen. Gå eit lite stykke langs vatnet og ta så markert av mot skaret mellom Innerdalstårnet og Tårnfjell. Ruta er ikkje merka, men opp til Tårnskar er tråkket ganske synleg. Her er det god stigning og litt laust i enkelte parti. Frå Tårnskar er ikkje ruta så veldig godt synleg og det er fleire alternativ oppover. Det enklaste er å halde litt til venstre i nedre deler, deretter litt mot høgre innmed ryggen, så litt ute til venstre igjen lenger oppe. Det er ein del sva og klyving oppover, men så veldig vanskeleg er det ikkje. Eit av svapartia kan vera litt ekkelt, men ved å ta seg litt tid trur eg dei fleste fjellvante kjem opp. Ein bør vel ha gått litt i fjellet før, viss ein som 10-12 åring skal bli med på Innerdalstårnet. Det er ein tur som krev litt og det er ein god del høgdemeter som skal forserast. Under ugunstige forhold kan det bli ganske krevande på toppen. Ring til Innerdalshytta for informasjon om føreforhold. I føreren, som er utgitt av NTK (Norsk Tindeklub), er normalveien opp til Store Innerdalstårnet gradert til 2: "Fra Giklingdalsvatnet nordøstre hjørne går det tydelig sti opp dalsida. De Første hamrene man kommer til ligger mellom to gjel, og toppen av disse gamrene kalles Hoppet. Videre oppover ser man to renner med en rygg i mellom. Stien går opp den søndre av det to rennene til toppen av Skjæret, et framspring like nedenfor det punktet der rennene møtes igjen. Fra Skjæret er det kort vei opp til Tårnskar hvor moroa begynner. Herfra følger man et naturlig drag oppover mot toppen. Enkelte små varder viser veien. Fra Tårnskar og opp til toppen er det litt utsatt noen steder. Et lite svaparti kan være ubehagelig uten sikring, særlig hvis det er vått. Ca 3 timer fra Innerdalshytta til Toppen" (rute 33 Normalveien, Klatrefører for Innerdalen, utgitt av NTK 2001) For å få tak i føraren, gå til ntk sin nettbutikk på www.ntk.no. Klikkbart kart over Innerdalstårnet på breogfjellsport.no (trykk på pilene for bilder): www.breogfjellsport.no/dir/maps/map_browser.php?mapID=6 Sjå også desse artiklane: http://breogfjellsport.no/articles.php?articleID=269 http://breogfjellsport.no/articles.php?articleID=327
-
Skjermen på eTrex Vista er ikkje særleg stor (storleiken er lik i heile eTrex-serien), men den fungerer greit med kart (har bare sett den så vidt i bruk). Den er veldig hendig og tar nesten ikkje noko plass. Ein test av eTrex Vista og Legend (color): http://gpsinformation.us/vistacolor/etrexvistacolor.html Skulle eg ha kjøpt meg ny gps med kart, så ville eg ha vudert Garmin 60c eller Garmin 60cs. Denne har betydeleg større skjerm, noko som gjer bedre overblikk ved bruk av kart. Imiddlertid er prisen litt høgare, 4800,- for 60c på gpsweb.no. Den veg sikkert også litt meir enn eTrex'en. Test av 60c og 60cs: http://gpsinformation.us/gps60c/g60review.html Bruker sjølv eTrex Summit, ein tidligare modell utan kart, men med kompass og høgdemålar. Den fungerer greit den, ikkje så veldig ofte ein verkeleg har brukt for innebygd kart, men i enkelte situasjonar kan det vera veldig greit å ha. Sjå også desse trådane: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=953 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1878 Mykje informasjon på denne sida: http://gpsinformation.net/
-
Har brukt Ajungilak Tyin Arctic dei siste 3 åra og er fornøgd. Den er varm og god! Har prøvd den ned i ca 28 minusgrader og det gjekk greit. Den har temperaturgrense på -34/-35 grader, og eg har hørt av andre at den blir litt kald ved den temperaturen. Ved slike temperaturer må ein imiddlertid ta ein del forholdsregler (godt liggeunderlag, bruke lue, ha varme klede på seg eller tilgjengeleg ++) I andre enden av skalaen, opp til nokre få plussgrader, er posen meget god. Når det blir nokre plussgrader til, og kanskje litt fuktig, så synes eg posen blir varm og klam. Ikkje særleg god lufting pga den korte glidelåsen. Å ligge inne på "varm" hytte med den posen er ikkje noko særleg. Då hadde heil glidelås vore å foretrekka. Når det er kaldt er imiddlertid den korte glidelåsen med på å gi mindre varmetap, men det blir meir "stress" å legga seg oppi posen. Glidelåsen har ein tendens til å bevega seg litt opp (det er ikkje borrelåsreim), men det er ikkje eit stort problem. Kjenner folk som har sydd på slik borrelåsreim for å unngå problemet. Stoffet er også litt glatt, det er ikkje "anti skli"-stoff (iallefall ikkje på den eg har). Tyin Winter har vel ei temperaturgrense på 25 kuldegrader, så den er vel i mange tilfeller god nok. Den blir nok litt kaldare enn Tyin Arctic, men har ikkje prøvd den. Fordelen her er absolutt den heile glidelåsen når det ikkje er så kaldt. Kompakt winter shelter har eit vannavvisende ytterstoff (som puster) og temperaturgrense på -20/-23. Eit yttertrekk (f.eks. Grevling) kan vel gjera samme nytte på andre soveposar. Eg har brukt slikt yttertrekk ein del, med godt resultat. Det danner seg imiddlertid nesten alltid kondens mellom yttertrekket og soveposen. Oversikt over Ajungilak sine soveposar: http://www.mammut.ch/ajungilak/images/produkte.pdf Dunposar er forøvrig suverent varmast i forhold til vekta, men her kan fuktighet bli eit stort problem under ein del forhold. No er det mange andre gode soveposar på markedet. Eg hadde nok vurdert nøye andre merker også viss eg skulle kjøpt ny pose idag. Det er mogleg andre produsenter har soveposar som egnar seg bedre for høst, vinter og vår enn det Ajungilak har. Sjekk for eksempel med Helsport, Isbjørn og Nanok. Sjå også andre tråder under "Soveposer og liggeunderlag".
-
Om turistforeninger i Norge og Sverige (utskilt)
Ragnar svarte på paalv sitt emne i Generelt om friluftsliv
Informasjon om ansatte og tilitsvalgte - i tillegg til mykje anna informasjon - ligg under > Om DNT > Organisasjon > på nettsidene til turistforeningen: http://www.turistforeningen.no/index.php?fo_id=4 Skulle også gjerne ha sett at heile regnskapet også var på nettet, no ligg det kun ein liten powerpoint-presentasjon. Eg trur ikkje at det er DNTs politikk å ikkje legga det ut, men kanskje webgruppa ikkje har fått tid til å legge det ut eller kanskje dei ikkje er merksam på at det ikkje ligg ute? -
Lowepro har to modeller som er heilt vasstette: http://www.lowepro.com/Products/Backpacks/waterproof/ Dei har også mange andre modeller med "All weather cover" (regnbeskytta) Ortlieb har eit stort utval av vasstette kamerabager: http://www.ortlieb.de/_list.php?lang=en&produkt=9&pname=camera%20bags Kjenner ein som har ein slik Ortlieb bag til kameraet sitt og den virker bra. Ortlieb burde vera greit å få tak i her til lands. Dei vasstette sekkane til Lowepro er heilt nye og sikkert litt verre å få tak i.
-
Har oppretta eit eige temaforum for utsiktspunkt, siktelinjer mm. Namnet blir "Utsiktspunkt" viss ingen kjem opp med eit meir genialt namn. No er det også mogleg å velje to ulike temaforum til eit emne. Eksempel: Emnet "Uidentifisert Objekt" ligg både under det nye temaforumet "Utsiktspunkt" og i tillegg under temaforumet "Jotunheimen". Ragnar fjellforum.net
-
Eg har Arc'teryx Alpha SV jakken. Kjøpte den ei stund før påske og er fornøgd til nå. Har brukt den i all slags vèr og synes det er ein god 'all round' jakke. Passformen er ekstremt bra (til meg iallefall) og det er ein viktig faktor for mange som kjøper den jakken. Jakken er ganske lett, ca 600 gram. Hetta synes eg er veldig god, kanskje ein tanke liten ved bruk av hjelm, men bedre enn på andre jakkar eg har prøvd. Det er to typar stoff i jakken, begge med Goretex XCR membran. Det eine er lettvektsstoff, mens det andre toler litt meir. Alle glielåsar er vanntette (ikkje bare vannavstøtande). Dette fungerer utmerka godt. Forøvrig så er det ikkje klaff over hovudglidelåsen, så det er eit ankepunkt med tanke på at glidelåsen kan ryke ein gong. Trur slik skade lettast oppstår når du ikkje har på deg jakken, for eksempel av at stein triller ned på den eller at glidelåsen blir tråkka på (kjenner til eksempel på førstnemnde). Dette er det einaste eg har å utsetta på jakken. I Norge ligg prisen på rundt 5000-5500, men det er nok mogleg å prute litt/få rabatt. I utlandet er den betrakteleg billigare. Outdoorreview.com oppgjer ein pris på $425, ca 3000 kr, men mange oppgjer at di har fått jakken betrakteleg billigare. Link til kommentarar/erfaringar på Outdoorreview.com Ellers så har Klattermusen ein imponerande serie med bra jakker og bukser. Ser ut til å vera veldig gjennomtenkte og skikkeleg holdbare produkt (har ikkje Klattermusen sjølv, men kjenner folk som har det). E-vent stoffet som blir brukt er iallefall like godt som goretex XCR, bedre i dei testane eg har sett. Er einig i at dei aller fleste goretex-jakkar er gode. Gore-tex variantar har ulike eigenskapar, så det blir litt etter bruken. Ein bør imiddlertid ikkje sjå seg blind på merkevara 'Gore-tex' alltid. . Membranen er bare "laminert" på, så det blir nytta forskjellige slags stoff. Dette gjer seg utslag i vekt og slitestyrke. Passforma på jakken er ofte like viktig som membranen Sjå også desse trådane: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=519 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1219
-
Det ser ut til at du meiner ruta MYSUSETER - BJØRNHOLLIA? Denne er ifølge "Til fots i Norge" ikkje merka lenger. Etojm.com har ein fin rutebeskrivelse, og ifølge denne er det bru over Illmannåen like ved Bjørnhollia Link til rutebeskrivelse på etojm.com
-
Tindegruppa i NTNUI har kursmateriell som bl.a. tar for seg knuter: Link til klatrekurskompendium1 (Word dokument) Link til klatrekurskompendium2 (Powerpoint) http://www.ntnui.no/tindegruppa/
-
Meiner at det skal gå bra med Berghaus Yeti ekstrem på 75mm sko, men har ikkje testa dette sjølv. Gamasjen har hull i fronten, så sjølve "tuppen" på skiskoen stikk ut. Det er jo denne tuppen som går inn i sjølve bindinga. I bakkant er det også hòl, så feste for evt kabelbinding burde gå greit. På kalde turar har eg brukt fotposar utpå skiskoa. Har du Super telemarkbinding e.l. så må du lage hòl til "taggane" og ha ein klaff over hòlet når du ikkje har skoen i bindinga. Ei slik løysning slit imiddlertid mykje på stoffet, særleg viss det er goretex. Har sydd egne i bevernylon (med 50% bomull?). Kjøpte, dyre fotposar anbefalest altså ikkje til dette formålet. Link: Berhaus Yeti Extreme Link: Sportsnett
-
Om turistforeninger i Norge og Sverige (utskilt)
Ragnar svarte på paalv sitt emne i Generelt om friluftsliv
Er sterkt ueinig i dette. At DNT og DNTs medlemsforeningar engasjerer seg i miljøsakar som også angår område kor direkte turistforeningsinteresser ikkje er tilstades, synes eg er meget godt. Det viser jo at dei er ein tar naturvern på alvor og ikkje bare tenker på "hytter og stier" i sine eigne område. Det skulle også bare mangle av organisasjonar som flagger naturvern høgt. Vi diskuterer eigentleg ikkje energisituasjonen her, men det er nok fleire enn meg som er ueinig i dine synspunkt her. Har vi ikkje alle også eit ansvar for å ta var på "urøyrd" natur også? Er det ikkje også samfunnsansvar? Eg er sikker på at DNT også er godt kjent med konsekvensane av å ikkje bygga ut meir vasskraft, noko du ikkje ser ut til å ta alvorleg. Mange vil nok sei at du tar for lettvint når du ramsar opp energikjeldene som ikkje er aktuelle. Har vi ikkje eit nytt gasskraftverk på trappene då? (vi har då fleire gasskraftverk frå før...så dette er ikkje ein heilt ukjent kjelde) Sjøvsagt har vi alle eit ansvar for det som skjer her i samfunnet, men å bygge ut meir vasskraft er ikkje løysninga på energiproblema meinar svært mange, meg inkludert. Energiforbruket kjem nok til å gå gjennom taket uansett framover, det kan ikkje vasskraft i Norge dekka aleina. Ditt syn ser ut til å vera på kolisjonskurs med både det stortinget og regjeringa har uttala dei siste åra. Her er vi nok ueinige, bare så det er klårt. Det er nok mange som ikkje synes støypte bekkeinntak, svære steinfyllingar mm. langt innpå fjellet er direkte fint. Å Gå milevis langs kraftliner er heller ikkje alltid like givande . Eg håpar verkeleg at dei tida med store vasskraftubyggingar er forbi. Skal vi verkeleg ikkje spare dei få områda som fortsatt ikkje har blitt bygd ut? Ser du ingen verdi i dette? Ser at du antydar demokratiske problem i DNT. Her må du nesten underbygge med konkrete eksempler. Meinar du DNT, eller nokon av medlemsforeningane?