-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Eg har bare nytta ein annan type kortfell i forhold til den Åsnes har, men prinsippet blir det samme. Den er nok mest nyttig når det er vanskeleg å få smurninga til å sitte eller ved lange oppoverbakkar. Spesielt ved nullføre er det veldig kjekt å heller legge på fellane, i staden for å eksperimentere med skismurning. Også fint når ein trekk pulk under mange forhold, då trengs ofte litt betre feste. Kortfeller som dette vil nok aldri gje samme glid som blå swix, uansett kva spenn det er på skia. Spennet er imidlertid med på å gje litt bedre glid når fellane er på. Kortfellane er nok bare eit supplement til skismurning.
-
Arc'teryx Alpha SV-jakken er ikkje blandt dei lengste, eg har storleik Large og då er den litt i det kortaste.Hetta er veldig god, dekker godt i andletet. Ved bruk med hjelm er den bare passe stor. Veldig god jakke, særleg formen på den synes eg er veldig god (den passer på grunn av dette ikkje til "alle"). Dette er ein skalljakke, så direkte varm er den ikkje. Prisen synes eg er litt for høg i forhold til mange andre jakker på markedet Lurer på om ein av dei andre Arc'teryx jakkane er litt lengre (Thetta kanskje)
-
Kan tipsa om at Bt.no i dag har eit nettmøte med Eystein Jansen, direktør ved Bjerknessenteret i Bergen. "Nå kan du få svar på dine spørsmål om jordens klimatiske fremtid, direkte fra en av Norges fremste på området. Torsdag klokken 12.00 stiller han opp til nettmøte på bt.no. " http://www.bt.no/klima/article337948.ece
-
Traff på K. K. Devold ifjor vinter under Norge på langs turen min. Det var etter å ha fortalt om nokre vindfulle dagar i Saltfjellet der eg hadde gått inntulla i maske og briller at ho snakka om dette med ansiktsmasker på tur. På vintaren hadde visst både ho og familien med seg slike tur eller i alpinbakken og dei vart flittig brukt. Det var ein del dagar eg var veldig glad for å ha ansiktsmaska lett tilgjengeleg i fjor vinter. Blandt anna når det blåste god motvind over Gjende I Jotunheimen. Utan ansiktsmaske hadde eg definitivt søkt ly snarast. Det kan bli litt klamt etter fleire timars bruk, så det er best å lufte litt innimellom. Den maska eg likar best, har neopren rundt munn/nase, medan resten er i mjuk windstopperfleece. Det gjer den litt mindre klam. Denne Gator-maska kjøpte eg hjå Coop Sport i Longyearbyen. Forøvrig kanskje einig i at ein balaklava eller hals kan gjera noko av den samme nytten, men skikkelege masker er best, særleg med tanke på å unngå frostskadar. Når ein nyttar ein slik hals til å puste gjennom, så blir den fuktig. Difor snur eg den litt etter kvart, slik at ei ny flate kjem fremst. Dette fungerer ei stund, men etter ein heil dag er halsen ganske nedisa, det er min erfaring. Dei fleste halsar/balaklava er heller ikkje vindtette, det kan vera ei ulempe ved sterk "motvind", særleg når det er sterk snøføyke. Likevel nyttar eg ofte hals til å dekke ansiktet viss det ikkje er så kaldt, lite vind og det er ein kort tur. Ansiktsmaska eg har fungerer også bra som "hals", men vanlegvis har eg begge delar med vintarstid
-
Anbefaler absolutt ansiktsmaske til bruk mot kulde og vind. I likhet med DNTs generalsekretær Kristin K. Devold, så har eg alltid ei slik maske med på tur (nesten alle turar i alle fall). Det er nok ein del som nyttar slike masker, men eg er einig i at det har vore lite merksemd om dette. I grunnen kan det vera like nyttig på fjellet i Norge som på Nordpolen. Kombinert med stormbriller/alpinbriller, lue og god hette gjer ansiktsmasker god ly for vind og kulde. Det er vel kanskje blandt snøscooterførarar slike masker er mest utbreidt, relativt få vanlege sportsbutikkar som forhandlar dette på fastlandet. På Svalbard er det derimot å finne i dei fleste butikkane der oppe. Sportsnett har til dømes bare ei ansiktsmaske: link Har nytta to typar ansiktsmasker, begge såkalla "halvmasker" av merke Gator. Synes det er best med ein kombinasjon neopren og windstopperfleece, samt at det er borrelås i bak-kant. Ingen tvil om at ein god hals av fleece eller ull også kan bli nytta som ei slags maske, men mi erfaring er at slike fort kan bli litt fuktige og deretter fryse etter ei tid.
-
Viss du har ein såkalla 3G telefon vil den søke både på GSM-nettet og UMTS-nettet kontinuerlig. Søking etter UMTS-nettet bruker masse straum, på min telefon held den dobbelt så lenge når eg har UMTS slått av. Du kan ofte deaktivere UMTS/3G under nettverksalternativer på telefonen. Vêret kan påvirke mobilsignal, spesielt om det er svake signal i utgangspunktet, men det treng ikkje vera slik alltid. Snø kan også vera med på å reflektere signal, noko som både kan slå både positivt og negativt ut. Blir avstanden til basen for lang (35+ km totalt inkl refleksjon), så er ikkje kommunikasjon mogleg. Nokre fjellstasjonar har dobbel rekkevidde, dvs 60-70km. Ved refleksjonar vil støyen auke drastisk med dertil tap av pakker, det blir fleire "parallelle signal" som fører til høgare guard tid, dermed lågare samtalekvalitet. Ein del mobiltelefonar har/kan installera nettverksmonitor, som viser eksakt nivå på signalet. Mykje lettare å bruke svake signal på den måten. Gprs er også ganke robust når først forbindelsen er etablert, har sendt bilder/tekst på -105-110dB Av stasjonar på vidda kan det i tillegg nevnast Kalhovd og ein som står på ein topp inn av Hedlo/Hadlaskad. Begge desse har ganske stor rekkevidde på kvar sin kant. Snart kjem det også dekning ved Mogen turisthytte. Sendaren vil stå på fjelltoppen Argehovda og skal vera operativ i løpet av 2007 ifølge Telenor Mobil Redigert: Det skal vera Mogen turisthytte ved Møsvatn som etter kvart skal få mobildekning, ikkje Mårbu som eg ved ein feil skreiv. Ifølge dekningskartet til telenormobil skal det allereie vera brukbar dekning ved Mårbu frå ein sendar ved Kalhovd, men dette har eg ikkje sjekka sjølv.
-
Mobiltelefonen bør du ikkje utan vidare stole på som nødtelefon. Mobildekninga på Hardangervidda avheng av kor på vidda du skal, men det er definitivt ikkje dekning overalt. Spesielt vestre, midtre og sørlege delar av vidda har dårleg med dekning. Skal du ha dekning, søk opp i høgden. Sjølv små høgdedrag kan sperre for signala. Ofte er det lettare å få sendt tekstmeldingar enn å ringe ved dårleg signal. Se gjerne på dekningskartet til Telenor Mobil: http://telenormobil.no/dekninginnland/index.do Men vêr oppmerksom på at slike kart har ein tendens til å vise litt betre dekning enn reelt. Batteriet på mobiltelefonen har mindre kapasitet i kulde. Mobiltelefonen brukar også langt meir straum i fjellet, då den ofte sendar meg høgare effekt. La heller ikkje telefonen stå på når du er ute å går, det tapper batteriet veldig (pga varierande dekning). Eit ekstra batteri er alltid lurt å ha med seg.
-
Hundekjører sitter værfast i Trollheimen
Ragnar svarte på Detlef sitt emne i Generelt om friluftsliv
Dyp løssnø sinker leting i Oppdal http://www.dagsavisen.no/innenriks/article2548868.ece http://www.adressa.no/nyheter/sortrondelag/article793190.ece -
Kjøpte meg Varg Polar for ei tid tilbake. Den er rimeleg god og varm på grunn av innerskoen, men den skaper også litt problem. Sålen synes eg fortsatt er ganske stiv også etter ei tids bruk, nesten slik at det er litt vrient å kjøre telemark med dei. Har også vore plaga med litt gnagsår i desse skoa, så det er uaktuelt å gå veldig lange turar med desse for min del. Trur dei er ganske normale i storleik, 45 som eg vanlegvis brukar, passar meg bra. Imidlertid hadde nok valgt å gå opp eit nr viss eg hadde skaffa meg nye. Dette for å ha litt bedre rom å bevega seg på og kanskje ha plass til enda eit par sokkar. Bruker forøvrig Garmont Touring sko nå, som eg synes er passe å gå med. Sidan det hender eg bruker det i kalde område, har eg gått eit nr opp i storleik. Sjølve hælen på skoen er ein god del større samanlikna med Crispi og Varg, slik at dei til mine føtter passar bedre (og eg får lite/ingen gnagsår!). Dette er ein sko som kanskje liknar litt på Varg Morgedal, men sålen er litt mjukare.
-
Turplanlegging Haukeliområdet - trenger tips...
Ragnar svarte på lommelun sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er vel to hytter som heiter "Bamsebu" i dette området. Den som er nevnt over her (og som eg ikkje veit noko særleg om), og den som ligg ved Holmevass, syd for Haukeliseter. Sistnevnde er ei lita hytte frå 2.verdskrigen og er låst. -
http://www.bt.no/lokalt/hordaland/article327983.ece "Et Sea King-helikopter gjenopptok søndag morgen letingen etter de tre mennene i 20-årene som ble meldt savnet av pårørende lørdag. De tre er fra Stavanger-området og skal være fjellvante. På grunn av dårlig vær måtte helikopteret raskt settes på bakken. Politiet har derfor valgt å sende patruljer på snøscooter inn i terrenget. ... Ifølge Lyssand er de tre mennene godt fjellvant. De er utstyrt med satelittelefon, og har sporadisk kontakt med politiet i Odda. " Ser bare ut til at det er bt.no som melder at dei har satelittelefon. Aftenbladet nevner det ikkje: http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article391790.ece. Det som ellers står her stemmer ikkje særleg godt overens med at ein har hatt kontakt med dei sakna
-
http://web3.aftenbladet.no/innenriks/article391725.ece Tre menn i 20-årene er savnet på Hardangervidda etter at de ikke kom tilbake som avtalt til Haukelisæter lørdag. - Vi har iverksatt en redningsaksjon og tar i første omgang sikte på å sjekke ut Middalsbu fjellhytte som skulle være mennenes overnattingssted natt til lørdag, sier operasjonsleder Ragnar Lyssand i Hordaland politidistrikt til NTB.
-
Eit par innlegg er flytta over i tråden "Hva mener du om snøscootere?" https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=7049 Mod
-
Hender det ikkje også at Nordlyset strekk seg heilt ned til Sør-Norge også idag? Hugsar godt ein fin rotur ein sein haustkveld på Nordfjorden, heile himmelen var grøn og raud! Likevel er dette nok lite i forhold til det som er "vanleg" lenger nord.
-
Statistikk (flest visninger / flest svar)
Ragnar svarte på Peder K. sitt emne i Generelt om friluftsliv
Her kjem statistikken Peder K spør etter. Som det er spesifisert under, så har desse tala ei rekke avgrensningar og visar ikkje nødvendigvis eit reelt "bilde". Trådar med flest innlegg Her kan det vera verdt å merke seg at det bare er antall innlegg som er talt. Lengden på tekst i innlegga er ikkje tatt med, noko som fører til at ein del trådar med mykje tekst, men med færre postingar, kjem lågare rangert. Motsatt, trådar med mange innlegg og lite tekst kjem høgt rangert. Det er også slik at ein del tema er diskutert over fleire "parallelle" trådar, medan dette ikkje er tilfelle for ein del andre. Dette vil sjølvsagt også påverke resultatet. 1. Fjell-quiz (posts: 1854 views: 71446) 2. snøscooter (posts: 605 views: 29276) 3. Innvandrer på Fjelltur ? (posts: 592 views: 20546) 4. Vestlands-fjellquiz (posts: 370 views: 21849) 5. Toppturer, et utdebatert tema (posts: 282 views: 14910) 6. Blokkleiligheter på Tyin (posts: 206 views: 5836) 7. Nerde-fjellquiz De Luxe #1 (posts: 177 views: 5667) 8. Savnet person (Sist sett på Spiterstulen) / missing person in Jotunheimen (posts: 175 views: 19721) 9. Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er (posts: 167 views: 8103) 10. Lengde mellom synlige fjelltopper (posts: 164 views: 22066) 11. Privatisering av vann på Hardangervidda (posts: 160 views: 16575) 12. "Bedre på Besseggen" (posts: 157 views: 9569) 13. Fjell-quiz UTLAND (posts: 151 views: 9240) 14. Ti-meter-topper over 2000m (posts: 123 views: 3695) 15. Hund på DNT-hytter (posts: 115 views: 9795) 16. Teltforbudsona ved Spiterstulen (del av Bompengar i fjellet) (posts: 110 views: 4249) 17. Vertskapet på Leirvassbu oppsagt (posts: 110 views: 12439) 18. Hvorfor er ikke Jotunheimen nasjonalpark større??? (posts: 108 views: 3592) 19. Kjært barn, mange navn (posts: 107 views: 6326) 20. Digitale kameraer (posts: 105 views: 7892) 21. Vil tvinge flere fosser i rør / energipolitikk (posts: 103 views: 3793) 22. Når fjellet er det beste du vet...er du kanskje fra Oslo... (posts: 102 views: 3959) 23. Vindmøller langs norskekysten (posts: 102 views: 4496) 24. Boikotting av "breA"-navn (posts: 101 views: 5737) 25. Føring til Storen / Diskusjon rundt føring og betaling (posts: 99 views: 6354) 26. Olabukse på tur (utskilt) (posts: 96 views: 5094) 27. Det uberørte Norge (posts: 95 views: 3736) 28. Dobbeltmoral ? (posts: 93 views: 4758) 29. OT: Kvinnesyn - Debatt (posts: 92 views: 3714) 30. Husk kart og kompass! (posts: 90 views: 6078) Trådar med flest visninger (views) Imidlertid inkluderer dette visninger frå robotar/indekseringsdatamaskinar. Antall treff frå slike stig veldig om det postes mange lenkjer på eksterne sider, men det kan også vera meir eller mindre tilfeldig kor ofte ein tråd har blitt indeksert. Samme brukar vil også kunne generere mange visninger innanfor kort tid ved fleire sidelastingar (cache-innstillinger kan påvirke dette i begge retninger). Tala oppgitt her vil difor ikkje nødvendigvis vise kor mange personar som har lest tråden. 1. Fjell-quiz (posts: 1854 views: 71446) 2. snøscooter (posts: 605 views: 29276) 3. Lengde mellom synlige fjelltopper (posts: 164 views: 22066) 4. Vestlands-fjellquiz (posts: 370 views: 21849) 5. Innvandrer på Fjelltur ? (posts: 592 views: 20546) 6. Savnet person (Sist sett på Spiterstulen) / missing person in Jotunheimen (posts: 175 views: 19721) 7. Privatisering av vann på Hardangervidda (posts: 160 views: 16575) 8. Toppturer, et utdebatert tema (posts: 282 views: 14910) 9. Turmat!! (posts: 86 views: 14879) 10. 2000 meterssamlere - Presentasjonsrunde (posts: 47 views: 12704) 11. "Dagbok" - Bok om 2000 m topper (posts: 67 views: 12586) 12. Vertskapet på Leirvassbu oppsagt (posts: 110 views: 12439) 13. Hund på DNT-hytter (posts: 115 views: 9795) 14. proviant på fjelltur (posts: 66 views: 9783) 15. "Bedre på Besseggen" (posts: 157 views: 9569) 16. Fjell-quiz UTLAND (posts: 151 views: 9240) 17. Hva har du på beina på tur? (posts: 55 views: 8681) 18. Innbinding i klatresele (posts: 54 views: 8657) 19. Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er (posts: 167 views: 8103) 20. Digitale kameraer (posts: 105 views: 7892) 21. Fotokonkurranse m/ premie (posts: 56 views: 7806) 22. Kjøp av ny tursekk. (posts: 36 views: 6916) 23. Fjellforum.net, en introduksjon og netikette (posts: 1 views: 6819) 24. Julia og Morten - Gratulerer med en fantastisk bok. (posts: 69 views: 6737) 25. Kilimanjaro (posts: 53 views: 6728) 26. Galdhøpiggen: Vertikalhøyde blir 2475 meter fra oktober (posts: 68 views: 6715) 27. aleneklatring (posts: 39 views: 6712) 28. Feil i Fjellforums navn (bør rettes opp) (posts: 71 views: 6457) 29. Jerven fjellduk til overnatting? (posts: 31 views: 6451) 30. Føring til Storen / Diskusjon rundt føring og betaling (posts: 99 views: 6354) Mvh, Ragnar fjellforum.net -
Viss eg ikkje hugsar feil, så var det nokon som hadde tatt ein skøytetur over Gjende i slutten av desember 2006. Dette las eg om i hytteboka på Gjendebu då eg var der tidleg i vinter. Men i år har det kanskje vore ein litt mildare start på vintaren, så det forundrar meg ikkje om det tek lengre tid. Sjølv om isen har lagt seg, er det ofte svært lite snø på den. Var bare såvidt dekka av eit tynt snølag rundt midten av februar i år. Dette skriv Gjendebu på sine sider: Gjende er med si djupn på omtrent 150 meter den djupaste innsjøen i Jotunheimen Nasjonalpark. På grunn av det store vassvolumet, og at vatnet er utsett for vind, legg det seg vanlegvis ikkje sikker is på vatnet før ved juletider. http://www.gjendebu.com/gjendebu_no/1_3_gjende.php
-
Vil sterkt anbefala nokon test-turar for å både teste formen og skoa du har tenkt å gå med. Eg ville nok ha investert i nokon spesialtilpassa sko, særleg viss slitasjen merkes etter eit par "testdagar". Eit par heftige dempesålar kan kanskje vera eit alternativ. Sjølv "toppmodellar" av joggesko er på ingen måte berekna på slike turar. Dette med slitasje på føtene er individuelt, så det kan slå begge vegar. Teleskopstavar er nok også fint å ha med seg; god avlastning når dei brukes, låg vekt og tar liten plass. Vasstette sokkar kan vera kjekke å ha med seg (t.d. Sealskinz), for det er ikkje særleg stas å gå med våte sokkar heile det stykket. Gore-tex fritidssko kunne ha vore eit alternativ, men desse er nok ikkje så gode på asfalt (det har eg fått erfare...).
-
Artig prosjekt! I følge gulesider.no er det 836km kortaste veg mellom Stavanger og Trondheim. Det innebærer 38km pr dag i 22 dagar og burde kunne gå...No har det vel tenkt å gå litt i fjellet også, men eventuelle innkortingar på ruta trur eg blir nulla ut av at det gjerne tar lenger tid å gå til fjells. Ruta bør nok leggast opp mest med tanke på tidsperspektivet. Gå langs vegen innimellom, ta "snarvegen" over fjellet når det lønner seg.
-
Vart litt overraska då eg gjekk nokre dager i strekk på asfalt for ei tid tilbake, det var ganske belastande. Etter kvart fann eg ut at stavar hjalp litt, samt det å ha lett sekk! Gode sko med skikkelege dempesålar skal eg i alle fall ha meg før eg skal transke langt langs landevegen neste gong. Forutan Rennfasttunellane (som det verken er lov eller særleg ønskeleg å gå gjennom), så skal det gå bra med dei andre tunellane på strekket Stavanger - Odda. Har sykla samme strekning og ved nokre av dei lengste tunellane, nyttes gamlevegen som gang/sykkelsti. Ikkje like kjekt når det er mykje trafikk, så vil anbefala refleksvest og lys. Det er jo heller ikkje alltid like interessant å gå langs den vegen. Det kan nok bli lit knapt med tid viss de skal gå heile strekket Stavanger - Tronheim på 22 dagar, då blir det kanskje litt vel dryge dagsetappar? Kva med å sykle litt i starten og til slutt?
-
Alle norske 2000-metere - hva med Beerenberg?
Ragnar svarte på Hansi sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er vel bare slik at Jan Mayen "administreres" av Nordland Fylkeskommune. Definitivt ikkje ein del av Bodø Kommune. Fram til 1995 var Jan Mayen underlagt Sysselmannen på Svalbard. Har forøvrig høyrt at http://www.ecoexpeditions.no/ arrangerer turer til Beerenberg. Transport med seilbåt! -
wikiloc.com var ei fin side Vi skal prøve på å få til noko liknande på fjellforum utpå nyåret Ragnar Fjellforum
-
Edit: Det kan lønne seg å bli medlem, sjølv for denne helgeturen. Utan å vera medlem ser reknestykket ditt ut til å vera korrekt for overnatting i både "fjellhytter" og i marka. Eg er med på at prisen er litt for høg i dette tilfellet. Prislista har ein del merknader nedst som det er verdt å få med seg, men ein del av dette gjeld kun for medlemmar. Frå 13-26 år er det halv pris på overnatting for medlemmar, dvs at 2 vaksne og 3 ungdommar som er medlem betalar ca 1170,- på ei DNT Oslo og Omegn-driven "fjellhytte" (totalt 10 overnattingar, snittpris 117,-). Mange medlemsforeiningar tilbyr også medlemskapet på hyttene sine, slik at det ikkje trengs å betalast på førehand (veit ikkje om DNT Oslo tilbyr dette) Det er mange medlemsforeiningar i DNT som har andre (og gjerne lågare prisar) enn DNT Oslo, så å bruke desse prisane om alle hyttene blir litt feil. Sjå til dømes prislita til Troms Turlag (23 hytter): http://www.turistforeningen.no/tromsturlag/index.php?fo_id=1040 Raskt overslag over kostnader for ein helgetur med overnatting på to av hyttene rundt Tromsø: Fly t/r Oslo, busstransport, to overnattingar: 2484,- Det var faktisk rimelegare enn eg trudde Elles tvilar eg på at det er særleg mykje informasjon som blir sendt til medlemmar av "Barnas Turlag". "Fjell og Vidde"/Årbøker sendes kun til hovud/ungdomssmedlemmar. Det er også mogleg å bli medlem av tilsvarande turistforeningar i Sverige, Danmark, Finland og Island, samtidig som du får dei samme medlemsfordelane (har ikkje undersøkt prisnivået der) Som eg har nevnt tidlegare: Det er massevis av private hytter til leige, også i kort avstand frå Oslo, på fjellet, ja nær sagt overalt. Desse kan i ein del tilfelle vera rimelegare enn turisthyttene, ingen tvil om det. Trur nok dette med at alle DNT-Oslos hytter i utgangspunktet er låste (standardnøkkel), er ein mykje større terskel enn at det koster litt meir for "ikkje-medlemmar". Denne nøkkelen leveres kun ut til medlemmar...Også det at ein god del tippemiddler blir tildelt DNTs organiasjonar burde ha gjort tilnærminga for "ikkje-medlemmar" noko enklare synes eg. Forøvrig er eg einig i at prisstigninga på 5-10 kr per år no har blitt ganske drøy, så prisen bør ikkje auke særleg dei neste åra etter mi meining (utan at eg har innsikt i økonomien til dei ulike organisasjonane i DNT-systemet). Det bør absolutt ikkje bli slik at fjellhyttene kun blir for dei med over middels god råd
-
Turplanleggaren til turistforeningen kan sikkert vera nyttig: www.turistforeningen.no/turplanlegger/ Du kan kanskje også få gode tips frå nokre av "Norge på langs" turane: www.norgepaalangs.info Skal du gå frå Stavanger sentrum, eller skal du ha transport eit stykke i starten? Det er iallefall brukbare moglegheiter for å ta offentleg transport til "fjellet" om det er ønskeleg, f.eks. eit stykke inn i Lysefjorden med båt, båt/buss til Preikestolshytta, båt/buss til Suldal, buss til Hunnedal/Sirdal m.fl. Ved å ta transport eit lite stykke spares det nok ein del dagar. Viss du har tenkt å gå heile vegen, så må du først sør til Sandnes (turveg/sykkelsti), deretter eit stykke austover (f.eks. til Dirdal) på veg/evt litt i fjellet, før du kan gå nordover i Frafjordheiane (Ryfylkeheiane). Det er fleire alternativ nordover, men eg ville ha tatt nordover Ryfylkeheiane til Haukeliseter, over Hardangervidda til Finse, gjennom Skarvheimen til Tyinkrysset og derfrå inn i Jotunheimen. Heile dette strekket har t-merka stier og det er også mange turisthytter. Einaste problemet er kanskje å få til brukbar proviantering undervegs, så av den grunn kanskje ta ei noko anna rute. Kanskje eit depò på Haukeliseter og Finse (Finse har også ei lita Handlebu) og så supplere litt på turisthyttene undervegs? Frå Jotunheimen og nordover er eg ikkje så kjent, så kanskje nokon andre kunne har foreslått ei rute? Eit alternativ kan kanskje grovt sett vera å gå Jotunheimen- Otta- gjennom Rondane- vidare til Dombås/Hjerkin - Dovrefjell - Trollheimen og så på eit eller anna vis mot Trondheim Husk på at det ofte ligg ein god del snø i fjellet til langt ut på sommaren. Dette kan betyr visse utfordringar tidleg på sommaren i Ryfylkeheiane (og eventuelt Hardangervidda). Ein god del bruer blir også ikkje lagt ut før det er farbart til fots.
-
Brynje Artic er varm og svært god til sitt bruk! Den kan på mange måter oppfattast som eit dobbelt ullundertøyssett, då den har både netting og eit passe tjukt lag med ull-stoff. Dette er kjempegodt å bruke vinterstid, sæleg når temperaturen kryp litt nedover eller vêret er "surt". Vinden har ofte mykje meir å sei enn sjølve temperaturen (effektiv temperatur): Vindstille, minus tjue og ei tynn ullskjorte kan gå bra (uten ytterjakke...). Det samme vil eg ikkje sei om minus 10 og frisk bris! No er "varmeproduksjonen" ganske individuell, men likvel er nok BA mest for kalde vinterdager. Når aktivitetsnivået er stort, så synes eg det ofte er nok med ein tynnare ull-del. Har difor ofte to ullskjorter med meg: BA når det er veldig kaldt og ved lite aktivitet og ei tynnare skjorte når det er mildare og ved høgt aktivitetsnivå. Brynje Arctic "puster" bra, men kanskje noko dårlegare enn tynn ull, har forøvrig ikkje hatt problem med dette. Det er vel også noko av det varmaste (og beste) som eg har prøvd, så det anbefales absolutt. Viss det ikkje er snakk om vinterturar (på ski o.l.) og temperaturen ikkje kryp under minus 10, så trur eg nok eit litt tynnare ullundertøysett kan vera å foretrekka. Mellomplagg Som mellomplagg plar eg ofte å nytta ein vanleg polarfleece 100 (heilt normal fleece, litt tettsittande) eller ein middels tynn ullgenser i merino-ull. For kaldare turar brukar eg ein tjukkare ullgenser. Har også svært gode erfaringar med å bruke Brynje Antarctic "Super Ekstrem jakke" som mellomplagg seinhaust og vinterstid (Link til Brynje). Sistnemnde er eit kombiplagg som også delvis kan nyttes som ytterjakke, komforten er svært god. Forøvrig synes eg windstopper-fleece blir alt for tett som mellomplagg, det er heller ikkje særleg varmt (unntaket må vera Brynje sin fleecejakke, som har store "luftepaneler" på armar og rygg, då går det greit)