Gå til innhold
  • Bli medlem

Bingeline

Aktiv medlem
  • Innlegg

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Bingeline

  1. Huh, eg har prøvd to netter. Den eine natta sov eg ok, det var første gongen, den andre natta flykta eg inn i teltet til husbonden, fann ikkje noko god stilling, og det var altfor varmt! Kor mange netter tilvevnning må ein rekne med? Eg synest framleis eg er litt banan, og er liksom litt "nervøs" for å ikkje få sove. Eg taklar dårleg å ikkje få sove...
  2. Ja, dette er ein slik som ein må skru av ein skrue heilt på toppen, der sjølve brennaren skal på, og det var då eg tok av den blindskruen at det kom parafin opp. Hm. Må vel rett og slett berre prøve han ein dag det ikkje er altfor mykje vind.
  3. Det eg mest av alt var litt uroa over var at det kom parafin piplande opp av han. Er det eit dårleg teikn?
  4. Eg har jo nett kjøpt meg ein Hennessy Explorer! ❤️ Mellom anna fordi du sa pene ting om den! Testa den natt til i går, og det var fint, det. Eg testa hyttebooking mest for å teste. Nysgjerrig, vøtt.
  5. Ok, eg prøvde i Østmarka, der kom det på 1 200, for ei natt på Huldreheim. Det er sikkert ulike prisar for dei ulike områda, då.
  6. Tenk at folk samlar på primusar, då. Eg har ein sak frå Høvik, eg, faren min fekk han i konfirmasjonsgåve, og sidan han var fødd i 1936, vil eg tru han fekk primusen sin i 1951. Då eg opna han førre veke kom det masse parafin piplande ut frå toppen, det var tydelegvis trykk i han. Er det noko eg bør vere uroa over? Eg har i grunnen berre brukt gass- og bensinbrennarar, eg, så er litt blank på slike greier ein må forvarme med raudsprit. Det er jo litt artig om han framleis funkar.
  7. Definitivt. Har ALDRI kokt vann i Noreg. På nettsidene til den lokale hytta står det at ein bør koke vatnet. Vasskjelda er den gamle reservedrikkevatnkjelda til kommunen?! Eg drikka rennande vatn og vatn frå innsjøer/tjørn som ser ut til å ha grei gjennomstrømming. Har aldri vore sjuk.
  8. Eg brukar alltid berre ull: to sett trøyer, og så skifter eg når eg er ferdig med dagen. Superundertøy stinkar berre eg ser stygt på det. Under pauser kler eg på meg med ein gong, då kan ein godt ta den tørre inst og så ta den blaute utanpå, det funkar, men då må ein jo av med alt i mellomtida. Mi erfaring er at det ofte er BHen som er blautast og kaldast, og at den må AV dersom eg skal halde varmen. Eg brukar BH frå Northern playground med glidelås, dei er ganske greie å skifte med kleda på også, og ofte synest eg det går greit å ikkje skifte den sveitte t-trøya viss eg berre har fått tørr BH. Elles kan ein sjølvsagt berre droppe heile BHen, om ein ikkje har veldig stor byste. Eg har ikkje det, og i det siste har eg rett og slett gått utan, det blir SÅ mykje mindre sveitt. Men, haha, eg oppdaga at eg brått får sveitteflekkar UNDER puppen, for den sveitten har tidlegare gått i BHen og har stoppa opp der. The things ein lærar seg, altså.
  9. Det stemmer at ein må betale for heile hytta på dei ubetente, i alle fall. Det er jo ikkje så himla aktuelt, tenkjer eg. Eg prøvde med også fram på eit par av dei lokale hyttene, og prisoverslaget sa 600,- for den med fire senger, og 1 200,- for den med åtte senger... Då trur eg det blir telt på meg, altså.
  10. Seigmenn (kusina mi er diabetikar, ho hadde alltid seigmenn i lomma, så eg trur det skal gi ganske snøgg energi), jule- eller påskemarsipan (vanleg marsipan funkar også, men desse sesongvariantane er ofte på tilbod etter at høgtida er over, og dei held seg lenge) og spekepølse som du har kappa nesten opp (skjær nesten gjennom, men la det vere att nok til at pølsa held seg i pølsefasong).
  11. Takk! Eg har ikkje fått ho enda, men håper å kunne hente ho denne veka!
  12. Ah, takk for svar, båe to. Då har eg tinga meg ein slik, eg. 😀Blir spennande!
  13. Sidan vi no snakkar om Hennessyen, eg har også sett på denne, men har to spørsmål: 1) Er den klam? Eg trur eg las ein stad at den både var vatn- og vindtett, og då blei eg litt redd for at den var klam. 2) Kor mykje veg sjølve hengekøya og myggnettingen kvar for seg? Nokon som veit?
  14. Ring Helsport, dei sender deg sikkert ein ny, eg har god erfaring med sørvisen til Helsport. Viss ikkje kan du arve eit kompresjonstrekk av meg!
  15. Minner meg om ein helgetur eg skulle på med ein kompis. Skulle ligge på hytte, så hadde berre lakenpose, og lite anna enn klede og mat. Eg hadde ny sekk på 75 liter, så eg pakka med meg ganske mykje for å fylle opp, skulle jo teste kor bra han fiksa 25 kilo, liksom. Mellom anna hadde eg med ein sixpack med øl. Klokka 6.45 fekk eg denne meldinga. Kompis: Kva pakkar du i? Eg trur eg tek 60-literen, er jo berre ein helgetur og vi har jo ikkje noko teknisk. Eg: Eg har ny sekk, så eg fyller opp, den nye er på 75 liter. Men eg kan ta litt fellesutstyr? Eg tek dunjakka og ikkje vesten, treng ikkje spare plass no. Klokka 7.05: Kompis: Eg får ikkje plass, eg må over i Para Rangeren. Eg: ? Kompis: Men då kan eg jo berre hive alt oppi, utan å pakke så nøye, det er litt greitt det og. Klokka 7.15: Kompis: Det viser seg at Para Rangeren, med hevbart lokk er heilt perfekt! Eg: ?! Klokka 7.25: Kompis: Det viser seg at Norrøna Para Ranger på 110l, med hevbart lokk og sidelommer er heilt perfekt for ein helgetur der ein ikkje skal ha med seg meir enn litt mat, lakenpose og litt klede. Eg: !?! I sekken viste det seg å vere to trerettars middagar, ein treliter med raudvin, ei halvflaske konjakk og tre torettars lunsjar. Eg har aldri drukke så mykje nokon gong på ein tur: treliteren med raudvin, sixpacken med øl og konjakkflaska var tom på søndagen, i tillegg til at det sto att ein slik BIB med kvitvin på den eine hytta, og den tok vi sjølvsagt også ansvar for, det var att om lag to glas til kvar av den også. Det høyrer også med til historia at den Para Rangeren var ganske slunken på slutten av turen.
  16. Ja, der er ikkje eg, altså, eg har berre med meg litt ekstra mat, og er ikkje nokon gourmet. Eg satsar hardt på apetitt som beste kokk: er eg svolten går det ned. Det var vel eigentleg desse breturane eg var mest imponert over at folk fekk med seg alt mogleg i 45-literen. No var eg instruktør, så eg hadde ein taubrems og eit par slynger ekstra, men det var altså heilt sjukt kva folk drog ut av desse småsekkane sine. Eg hadde også ein 45-liter, men måtte jo rasjonere, då. Men det kom altså fram konjakkflasker, ølboksar, bøker, ulltepper og gudveitkva ut frå desse småsekkane, og eg hadde to par sokkar med meg, liksom. 🤣
  17. Absolutt ikkje, vi er nok samde i kva som må med. Men det er jo nett det som er så sabla merkeleg: eg er god til å pakke, og eg veit kva som må med og ikkje minst kva eg ikkje treng. Det eg ikkje fattar er korleis nokon openbert klarar å få dette ned i ein mikrosekk, når eg ikkje klarar det. Pluss Rubiks kube, slakkline og raudvin. Eg berre fattar det ikkje!
  18. Pikniksekk! Genialt! Klart den har verdi, er jo så greitt å få med seg alt til piknik i ein slik!
  19. Det aller meste funkar heilt greitt, er mi erfaring. Eg brukar whatever eg får tak i først når eg stikk handa ned i skosmøringsskuffen. Eg gidd ikkje å bruke hårfønar, så eg held meg til ting som er ganske mjukt frå før, men som sagt, kva eg no får tak i. Vi har ganske mykje slikt, og det meste er vintage.
  20. Ja, og kva ender eg med då: jau: det eg ofte har med, og som eg ofte ikkje brukar er: førstehjelpsutstyr, regntøy, multiverktøy, vindsekk og kompass. Men eg trur det vil vere ofseleg trasig den dagen eg har skada meg på ein ukjent stad i regnver. Eg har faktisk blitt henta ut med helikopter ein gong, og då var eg veldig glad for dei ekstra kleda, vindsekken, at vi framleis hadde ein klunk varmvatn og reserveprovianten... Men desse folka med 30-litaren, dei har jo med seg alt dette dei og, og det er dét eg ikkje fattar.
  21. Ja, det er jo eit greitt triks, men eg synest ikkje eg kan la vere å ta med førstehjelpssaker, vindsekk, regntøy og lue sjølv om eg ofte ender med å ikkje bruke det. Trur forresten ikkje du kan notere noko ned, du noterer deg noko berre. Men ein kan skrive opp og ned, og til og med opp-ned. Veldig rart.
  22. Ja, men det er ikkje alltid ein kan lempe utstyr på andre. Eg har vore breinstruktør, og måtte jo då ha med meg allverdas greier, og måtte til med 80-litaren. Folk dro på tur med 45liter og hadde framleis med seg det utrulegaste. Eg trudde dette skulle betre seg med meir erfaring, men neidå, 25 år seinare har eg framleis problem om eg ikkje kan dumpe på husbonden...
  23. Eg har full forståing for konseptet: eg synest folk stiller opp på tur med mikrosekkar, og likevel dreg dei det merkelegaste opp frå den same sekken: dunjakker, dunsokkar, kaffetrakter, kortstokk, fiskeutstyr, ekstra skopar osb. Eg pakkar i 80-litaren og må legge att alt anna enn det mest nødvendige. Eg klaga til husbonden (som eg ofte dumpar masse stæsj på) og han meinte det same: nokre må ha magiske fingrar, altså. Førre veke klarte eg meg med ein 65-litar, men det var fordi eg fekk husbonden til å bære hengekøyene og kokeutstyret, vi hadde null teknisk utstyr med oss og åt berre Real. Ja, for folk klarar jo å dra ut trerettarsmiddag også frå 30-litaren...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.