Gå til innhold
  • Bli medlem

Latte

Aktiv medlem
  • Innlegg

    28
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Latte

  1. Ja, problemet var nok antakeleg at foten min er for brei for skoen, og at undersida av foten vart klemt saman og slik at der vart eit trykkpunkt. Eg prøvde skoa ein gong til dagen etter at eg hadde kjøpt den, og ubehaget/trykket under foten var enda verre. Det vart retur, og eg enda opp med ein salomonsko i staden.
  2. Eg er ein frysepinn, så eg brukar min om sommaren også. Luftar berre ved å åpne glidelåsen om det blir for varmt. Men forstår at du synest den kan bli for tung.
  3. Eg har blitt veldig glad i denne! https://www.fjellsport.no/marmot-wm-s-ouray-electric-purple-royal-grape.html?channable=e79947.ODYzMzUy&gclid=EAIaIQobChMIrriXpeer6QIVCJSyCh1uqwwGEAQYAiABEgKZmPD_BwE
  4. Var i ferd med å spore litt av i ein annan tråd, så eg lagar ein eigen for dette spørsmålet: Har vore og kjøpt La Sportiva Bushido II i dag. I butikken kjende eg på eit punkt under foten som var litt rart, men skoen sat så godt elles at eg landa på å kjøpe dei likevel. No har eg trakka rundt med skoa på innandørs ei stund, og punktet eg kjende på er der framleis. I forhold til det eg er van med, er skoen oppbygd litt ekstra i området rett bak storetåa, noko som kjennest litt snodig ut. Og då lurer eg på: er det andre som har kjent på dette i denne skoen? Er det evt. noko som vil jamne seg ut i bruk?
  5. Takk! Var i butikken og plukka opp eit par i dag, og er litt i stuss om eg har gjort eit bomkjøp - av heilt andre grunnar enn goretex. Lagar ein eigen tråd på det for ikkje å spore av fullstendig.
  6. Kan eg spør om du berre bruke den i tørrvér? Eller lar du skoen berre bli våt? Er veldig usikker på om eg skal gå for sko med eller utan gtx når eg no skal kjøpe meg lave sko... Synest elles at Bushidoen verkar interessant!
  7. Er det nokon som har erfaring med begge desse og kan seie noko om forskjell i slitestyrke og kva som elles skil desse jakkene frå kvarandre? Eg har hatt Trollveggenjakka sjølv, men lurer på korleis Lyngen er samanlikna med den.
  8. Lukkinga går fint med bittelitt øving. Eg har også opplevd at glidelåsen kan åpne seg av seg sjølv, men kun når eg har slurva med å dra den heilt opp.
  9. Mi erfaring er pgså at Norhern Playground Zip Bra er funksjonell og held seg godt i bruk/vask. https://www.northernplayground.no/nb/shop/undertoy/zipbra/
  10. Diggar mitt nye, raude Unna! Likar å tenke på at det er lett å finne tilbake til, og så ser det ganske snasent ut! 😊
  11. Lurer på om eg skal drøye kjøpet mitt til eg får 25%, då det er eit nokså dyrt kjøp eg skal gjere. Nokon som veit kor ofte det dukkar opp slike 25%-kodar?
  12. Finst i to lengder; 168 og 183. https://braasport.no/produkter/utstyr/turutstyr/soveposer-og-liggeunderlag/soveposer/wms-ouray-dunsovepose-dame/15288/electric-purple-royal-grape
  13. Der er ein strammestrikk i livet for justering. Skummelt å anbefale størrelsar til andre, men eg trur at large blir stort til deg. Men Hekta på tur har vel fri retur på bytte, om eg ikkje tar feil, så det er vel berre å prøve og så bytte om det ikkje passar.
  14. Tovegs på mitt òg. Eg har skjørtet trådstartar linkar til.
  15. Synest forresten det er litt stort i størrelsen. Eg brukar oftast small (evt. medium) i bukser, men Houdinien kjøpte eg i XS, og det passar perfekt utanpå stilongs + turbukse.
  16. Eg er storfornøgd med mitt Houdini sleepwalker! Brukar det stort sett kvar gong eg tar pause på haust-/vintertur. Funkar fint å gå med også, ettersom ein kan åpne glidelåsen begge vegar. Tynt, lett og akkurat passe varmt!
  17. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å kjøpe Warmpeace Viking, men landa på denne: https://www.fjellsport.no/kampanjer/black-friday/marmot-wm-s-ouray-electric-purple-royal-grape.html Eg fekk min til 2799 hos outnorth og synest det var ein god pris, men prisen hos fjellsport i dag må vel seiast å verkeleg vere eit kupp!! Har berre prøvd posen ei natt (i minusgrader - veit ikkje kor mange - og i telt). Utruleg komfortabel! Småfraus bittelitt frampå morgonsida, men eg er ein frostpist.
  18. Flotte greier! Då trur eg at eg går for den.
  19. Eg spekulerer på å slå til på Warmpeace Viking, og lurer på om nokon med kjennskap til denne kan seie noko om lengda på den. Eg er 165 cm høg. På hektapåtur.no står det at Short-versjonen passar for personar inntil 170 cm. Stemmer dette? Er posen lang nok til at ein kan krype godt ned i den, og at den ikkje kjennest for knapp? Takkar for innspel!
  20. Supert! Ser ut til å ha vore ein fin stad å vakne, forresten.
  21. Så bra! Har inga erfaring med dunpose frå før, men dette var beroligande. 🙂
  22. Er det nokon som har erfaring og kan seie noko om korleis Warmpeace-posane fungerer under open himmel, med tanke på dogg? Toler dei litt fukt før dei klappar saman?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.