Gå til innhold
  • Bli medlem

Ingar

Medlem
  • Innholdsteller

    18
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Ingar

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. (Eg strauk innlegget. Det passa ikkje inn etter at det vart flytt hit.)
  2. eTrex Vista og eTrex Legend har - i tillegg til å vise kart - ein liten joystick! Det er mykje lettare å skrive inn namn på vegpunkt og å manøvrere i menyane med joysticken. Vi har ein eTrex av enklaste modell på jobben. Eg har nett samanlikna med ein eTrex Vista i dag. Joysticken (moropinnen) gjer at det vert stor forskjell på tidsbruken! Du har sikkert ikkje lyst til å bruke tida i fjellet til å stå og trykke på GPS'en. Vista har i tillegg høgdemålar og elektronisk kompass, som kan vere ein fordel når du står stille og skal orientere deg mot eit rutepunkt eller vegpunkt. Summit har og h
  3. Kjempeartige bilete! Eg studerer særleg dei over Indre Sogn. Det manglar forresten ein "s" i Revsnestangen på biletet "Storehaugfjellet". På biletet "Lustrafjorden" hadde det kanskje vore artig å ta med at neset nede til høgre for Middagsfjellet er Urnes, der Noregs eldste stavkyrkje står. Langs same strand, rett over teksten "Lustrafjorden", ligg den vesle bygda Kroken der Munthehuset ligg. Utruleg nok var denne bortgøymde kroken eit senter for nasjonalromantikken. Sjekk www.munthehuset.no for sommarlege bilete. Minna strøymer på: Store Haugmelen var min fyrste topptur. På veglause
  4. Gratulerer, Fjellfinn! Med ditt utgangspunkt som fjellvant kan dette sikkert vere starten på mange fine opplevingar. Eg har berre to erfaringar med å overnatte i fjellet åleine: Oktober 1982 som student låg eg i soveposen under open himmel midt på stien mellom Fløyfjellet og Ulriken. Seinare var det vel mangelen på tiltak som hindra meg før juli 2004: Det var ettermiddag før eg kom meg avgarde med bæltung sekk som inneheldt: Telt, underlag, sovepose, fiskeutstyr, ekstra ull, fotoutstyr, sjokolade(!), hovudlykt, blandesaft, eit par nistepakker og meir til. (Les: mobilte
  5. Sukk! Det gjer eg sjølvsagt og, men poenget er at det er fint å dele opplevinga der og då, og det betaler eg gjerne litt for. Dermed ser eg heller ikkje noko gale i å reklamere slik Telenor gjer. At dei reklamerer for sin gode dekning er naturleg. At dei indirekte framstiller friluftsliv som noko positivt bør vi ikkje kritisere. Eg trur folk har funne ut heilt av seg sjølv at dei vil ta med mobiltelefonen på tur. Om nokre år vil dette temaet vere like utdiskutert som spørsmålet om glasfiberski kontra treski eller gore tex kontra naturfiber- trur eg.
  6. Beklager, Tom, eg er usamd i startinnlegget ditt. Eg har ikkje sett reklamen, men er nok sjølv midt i målgruppa for denne. For nokre av oss er mobilen ein fin reidskap på tur, og mobil utan dekning er jo nokså unyttig. Døme nr 1: Eg har tenkt meg på ein skitur åleine. Eg seier frå heime kvar eg skal gå, så bryt eg i alle fall ein fjellvettregel mindre. Men når eg kjem i området der eg skal gå vert eg overraska av roten snø. Eg vel difor å endre planane. Men som den ansvarlege familiefar og fjellvandrar eg er, vil eg melde frå om dette. Utan å kunne melde frå på mobilen ville eg hatt t
  7. Sommar? I dag har det snøa masse her i Hemsedal og sikkert på Lærdalssida og! Jippi! Slik såg forresten Bleia ut frå aust 23. april: [Hidden Content] Og slik ligg Bleia i forhold til Høgeloft: [Hidden Content]
  8. 10. mai vart fjellsuget for stort att! Då eg forlet kontoret og sykla heimover var det berre ein tanke som stod i hovudet mitt, å finne utstyret og kome meg ut på skitur. Været var lettskya og den friske brisen skremde meg ikkje. Bilen vart parkert kvart over fem ved Rv 52, ved "Støtta", på fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane. Målet var Breidnosi og kanskje Vesle Jukleggi. Eg likar ikkje å dra på for tungt utstyr. Difor valde eg å gå på langrennski og med tynne skøytestavar. Snøen var fast under det vesle laget med fuktig snø. Mange frostnetter den siste tida har bevart snøen f
  9. Fyttirakkarn! Eg for min del hadde vore vettaskremt ned den hellinga med så luftig utsikt på sidene. Eg kjenner det i magen berre eg ser på bildet. Det har vel kanskje med telemarkferdigheiter å gjere!? Likevel må eg innrømme at det freistar med ein tur i området.
  10. Dette var ein fin link som eg kjenner meg att i. Eg har mange gonger den same trangen til å takke. Takke for naturen som er så vakker, for helsa og for at eg er bur i eit land der eg har fritid og fridom til å nyte naturen. Det er slikt som skaper lyst til å synge! Det er ikkje til å undre på at ein byrjar å tenke på Gud i slike stunder. Det må vere rart, ods, å ha trong til å takke men ikkje vite kven ein skal takke. Sjølv trur eg på Gud og takkar han. Samstundes tenker eg at det må vere ein hensikt med at eg er så heldig. Kanskje mi oppgåve kan vere å hjelpe andre ut i naturen? Turski
  11. Perioden du nevner er ofte vanskelig å gå i lave fjellområder pga våt, råtten snø og mye vann i bekker og myrer der det er bart. Da er det bedre å holde seg lenger nede mot sjøen og for eksempel oppsøke fruktblomstringen ved Sognefjorden eller Hardangerfjorden eller gjøre NOE HELT ANNET: Jeg vet ikke om dere har litt erfaring med å gå på ski og har vurdert dette? Den perioden du nevner kan være helt fantastisk i høyfjellet over 1000 meter, hvis været er bra. (Skulle ønske jeg hadde fri fra jobben!) Men om det regner er det heller litt trist. Hvis dere vil droppe teltet og heller går på
  12. Då var det nok dykk vi såg. De starta oppstigninga rett etter at reinsflokken hadde passert. Det er eigentleg ingen forskjell på tamrein og villrein, reint fysisk. Forskjellen er at tamreinen er eigd av nokon, vert merka og vert til ein viss grad gjeta så den held seg i riktig område.
  13. Eg syns det passa å fylle på litt på denne rapporten. Eg var nemleg i området samtidig. Saman med fire andre gjekk vi ein relativt flat skitur frå Eldrevatn til Sulevatn og gjekk dermed rundt Store Jukleggi-massivet som Høgeloft er ein del av. Nokre av oss hadde fryktelig lyst opp på Høgeloft, men fornuften tilsa at vi måtte kome oss heim att i tide. Dermed vart det ein fram-og-tilbake-tur. Apropos "overkill": Det som hadde passa best denne dagen var faktisk skøyteski. Det vart mykje skøyting på oss. Snøen var perfekt til dette. Sjå berre fyrste bilete under, kor lite vi sank ned i snøen!
  14. Same her. Eg budde i Kaupanger i tenåra, med utsikt til Bleia frå stova, men var aldri på toppen. Den var jo på feil side av fjorden! Men no må det nok skje snart. Du starta truleg frå Vindedalen, Coni. For meg ville det passe betre å køyre opp frå Erdal på gamlevegen mot Aurland og parkere på kote 900. Ein litt lengre skitur, men 5-600 høgdemeter mindre. Under her er kart frå Norgesglasset med alternative ruter prikka inn. (Visste du forresten at Bleia ofte var i bakgrunnen i siste utgåve av "Farmen" på TV2?)
  15. Eg kontakta ein ven som er aktiv flugefiskar og han svara slik: Elva har forholdsvis liten vannføring etter vårflaumen, og terrenger faller jevnt nedover. Det kan sikkert være noe størrelse på enkelte fisker i den nedre delen, men ovenfor Grunke er det småørrett som dominerer. Dette er også tilfelle i sideelva opp til Hydalen.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.