Revseggi

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    32
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om Revseggi

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Sted
    Vestlandet
  • Interests
    Tur, film, musikk, litteratur og skjokolade.

Nylige profilbesøk

347 profilvisninger
  1. DAB-radio i fjellet

    Oppå eit av dei store turistmåla i landet, Hardangervidda, har ein "alltid" kunne høyre radio. Fiskarar, telt-vandrarar, hytte-til-hytte-turistar, jegarar og lokale bu- og hytteeigarar har hatt tilgang til nyheiter, - og ikkje minst vêrmelding. Ikkje alltid krystallklart i stereo, men godt nok til praktisk bruk. Til sommaren stengjer dei FM-nettet her vestpå. NRK har ei chat-teneste som svarar på spørsmål om omlegginga frå FM til DAB. Eg spurde om korleis DAB-dekninga kom til å bli på Hardangervidda, og om dei vil rå meg til å kjøpe DAB-radio til dette formålet. Eg fekk svar utpå kvelden frå nokon som skreiv at dei skulle få ein teknikar til å svara meg. Teknikaren svarte dagen etter med å vise til kartet for områdedekning på same sida. Dersom eg har tolka dette kartet riktig, skal det det bli stille. Det er fint at det er stille i fjellet. Det er difor eg dreg dit. Men av og til, som når ein t.d. ligg vêrfast åleine i teltet, har eg hatt glede av å høyre litt på radio. Andre som har tankar om dette?
  2. Hund på buss - erfaringar?

    No fann eg regleverket som Samferdsle har pønska ut. Ser ut til at dama til @Tom42 på NOR-WAY talar med to tunger: "§ 11 Levende dyr Transportøren har ikke plikt til å ta med levende dyr. Vognbetjeningen avgjør i hvilken utstrekning dyr kan tas med i rutebilen. Hunder skal holdes i bånd under transporten og plasseres slik at de ikke sjenerer andre reisende. Dyr som er aggressive eller sjenerer de reisende på annen måte, kan settes av under transporten."
  3. Hund på buss - erfaringar?

    Vèl talt, @Tom42 ! Ugh! Heilt einig i at dette bør løftast opp på eit høgare nivå, om ikkje anna for å få ein skikkeleg gjennomgang av praksisen slik den er i dag. Elles, så vurdere eg no highjacking!
  4. Hund på buss - erfaringar?

    Etter det eg har lese så blir det brukt ulike praksisar. Nokre selskap tillet liten hund på fanget, nokre tillet hund i bur oppbevart med bagasjen. Andre selskap tillet hund dersom ingen av dei andre passasjerane svarar ja på om dei har allergi eller ikkje. Einig med deg, Elgen, at dette må vere eit problem der folk er avhengig av kollektivtransport. Har tenkt at slike forbod kanskje vert handheva litt ulikt frå sjåfør til sjåfør, men eg veit ikkje. Høyrer om folk som har følgt bussrute med byte, der den første sjåføren tok dei med, før den andre nekta slik at dei vart ståande in the middle of nowhere. Sånt er jo hålaust.
  5. Hund på buss - erfaringar?

    Hei. Planlegg nokre Hardangervidda-turar til sommaren der det ville vore praktisk for meg og hunden å bruke buss. Les litt rundt på nettet at fleire busselskap ikkje tek imot hund p.g.a. allergiplager hjå andre passasjerar. Dette gjeld visstnok også NOR-WAY Bussekspress som ville vore aktuelt for oss. Nokon her inne som har erfaringar med hund på buss? Mvh Erlend
  6. hundene deres i bilder

    Her er Mikkel, ein særdeles sjarmerande fyr på 8 år.
  7. Norrøna Svalbard 2016 - endeleg ei skikkeleg jakke?

    Hei! Etter som eg har forstått så er "nye" Svalbard laga med eit lite nikk til Norrønas eigne produkt frå 1970-åra. Ideen er jo god, for vintage-stilen appellerer sikkert til mange, ikkje minst til oss som ikkje lir av anoreksi eller har planar om å dingla rundt i tau oppi nutane, og heller ikkje kler neongult. Sjølv har eg kjøpt den nye Svalbarbuksa, som eg likar godt. Minus er lår-lommene, som eg tippar er utforma på same måte som på jakka. Dei har den same falde-klaffen med berre nokre bitar borrelås til lukking. Her burde Norrøna spandert på oss moderne vasstette glidelåsar, slik som dei har gjort på stikklommene lenger oppe på buksa. Med regnet her vestpå kan lårlommene ikkje brukast til å oppbevare saker som ikkje tåler vatten. (Eg fekk redda mobilen i siste liten.) Det same problemet vil eg tru gjeld jakka. På jakka er eg også skeptisk til plasseringa av lommene. Med min lange rygg vil hoftebelte på sekken legge seg rett oppå dei nederste lommene. Kanskje hoftebelt treff midt mellom lommene på andre?
  8. Kjøpte mine Salomon Quest for ca 2 1/2 år sida. Kjempegode fjellstøvlar, men no i haust begynte dei begge å trekke inn vatn. (Truleg er lekkasjen mellom sko og såle.) Bortsett frå lekkasjen er støvlane fine og heile. Har kome fram til at eg har brukt støvlane rundt 200 timar under middels belastning. Eg er stor og tung (110 kg) og då vert sjølvsagt belastninga på støvlane større enn med små eller lette folk. Men likevel: Kor lenge meiner fjellfolket her inne at ein slik goretex-sko bør halde tett? Støvlane kjem visst utanfor Salomons 2 års garanti. Det er trasig å måtte kjøpe nye fjellsko all den tid støvlane ellers er i bra stand - trasig for lommeboka og trasig for miljøet. Dessutan blir eg i tvil om eg skal kjøp eit nytt par eller gå tilbake til good old lærstøvlar. Nokre gode råd/innspel/ erfaringar? Fjellhelsing Erlend
  9. Revseggi

  10. Hva er best av spisetøy på tur?

    Her har eg dekka på til ein person. Dette "serviset" kjøpte eg på XXL i vår. (Skei-gaffelen er kappa slik at den går ned i skål-tallerken under pakking.) Koppen av aluminium slenger eg rett på primusen når eg vi ha meg noko varm å drikke undervegs. Koppen er den einaste eg har med. Bakdelen med aluminiumskopp er at den ikkje heldt like godt på varmen, og har heller ikkje same kosefaktoren som ein tre-kopp. Signe maten!