Gå til innhold
  • Bli medlem

Curling-generasjonen

Aktiv medlem
  • Innlegg

    47
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Curling-generasjonen

  1. Med mindre du allereie har eit navn på instagram eller blogg så er det vanskeleg og mykje jobb å skaffe sponsorar etter det eg har skjønt. Så med mindre du har stor interesse av å ta bilder og skrive om turopplevingar så ville eg ha droppa maset etter å få sponsorar. Men du kan nok få ein del gode rabattar på utstyr om du fortel om prosjektet og tilbyr deg å promotere produktet/butikken. Og køyr på!
  2. Jebel Toubkal er korrekt! Etter det eg har skjønt er forholda vel så bra i november - januar. Mindre vind, men litt meir fare for nedbør. Så mulig at det trengs litt fleire værdagar. Det kan vere at eg hugsar feil, så ta ei klype salt med dette svaret 😊
  3. Ja, lesida er mest skredutsatt, så vi måtte halde oss eit stykke unna fjellet vi la oss i le av pga. skredfare. Det hadde nok vore meir le for vinden nærmare fjellet, men det var jo uaktuelt. Teltet vi brukte var Hilleberg keron GT. Altså tunneltelt. Det er veldig bra når vinden kjem på langs, men ikkje på tvers. Teorien min er at teltet ville ha klart seg greit med kast i sterk storm styrke så lenge dei gjekk på langs av teltet og vi hadde hatt lemur. Vi hadde forøvrig lemur på 3 av 4 sider av teltet, då vi merka at vinden ikkje klarte å bestemme seg for retning. Då vi seinare på turen fekk eit nytt stormvarsel i Skarvheimen la vi oss difor midt i dalen og bygde oss ein solid lemur mot vinden. Den verste stormen uteblei dessverre, så vi fekk ikkje testa teorien i praksis.
  4. I utgangspunktet tenkjer eg at for turar vinterstid i høgfjellet i Norge bør ein vere forberedt på det meste som er av vær om ein er på tur med telt over nokre dagar. I 2015 var eg på tur med ein kamerat Jotunheimen då vi fekk dekning til å sjekke værvarsel på toppen av Mjølkedalstind. Dagen etter skulle det bli storm frå vest. No var vi jo heldige og fekk varsel om været, så vi gjekk bak eit fjell og bardunerte og bygde lemur til den store gullmedaljen. Natt nr. 2 lærte vi at å slå opp telt i le av eit fjell kanskje ikkje er så lurt, då det fører til ustabil kastevind frå fleire vinklar. Resultatet vart ei knekt teltstang. Forøvrig sov eg særs godt den natta, kanskje litt for godt, då eg ikkje fekk med meg at stanga knakk og kameraten min gjekk ut for å fikse situasjonen. Sidan vi gjekk langs stikka løype og sikten var grei så gjekk vi vidare etter å ha vore værfast eit døgn, sjølv om været strengt tatt var dårlegare enn dagen før. Ved eit par anledningar velta pulkane pga. vinden, men eg føler ikkje at det vi gjorde var spesielt farleg. Sikten var forøvrig grei, det var kun i dei verste vindkasta at vi ikkje kunne sjå neste stikke, men då klarte vi knapt å gå heller, så då var det berre å vente til vinden hadde passert.
  5. @Tor-Erik-L-77 Ja det er veldig mykje som ligg utanfor kontroll på ein sånn tur, spesielt når eg berre sette av eit døgn for toppstøtet. Eg kunne heilt klart kjenne på den menneskelege faktoren som følger med eit sånt toppforsøk. Risikoviljen går nesten automatisk opp, og det er litt skremmande. Av den grunn var eg veldig glad for å ha med ein guide, og eg nevnte òg for guiden at hans viktigaste jobb trass alt var å få meg trygt ned frå fjellet, ikkje opp. Eg prøvde så godt eg kunne i forvegen å innstille meg på at dette skulle vere eit forsøk på å nå toppen, men jammen blir ein bra gira når ein er der. Eg hadde nok blitt ganske skuffa om vi måtte ha snudd. Eg tør nesten ikkje å tenkje på kva som foregår oppe i hovuda på folk på veg mot Mount Everest. Der er jo investeringa i tid og pengar enorm, samstundes som risikoen er stor.
  6. Kjekt at du likte den! For å få ein viss oversikt over kva eg skulle ha med av klede syns eg det var greit å line dei opp så eg ser kva eg har. Då eg først hadde lina kleda så fint, så pakka eg dei like greit systematisk i sekken etter kva eg trengte først og sist. Dette gjer eg som regel ikkje til vanleg, men det var veldig deilig å sleppe å vrenge sekken på fjellet i kuling for å finne vindvottane.
  7. Etter å ha bestemt meg for å reise til Ecuador, vart det også tidleg klart at eg ville prøve meg på eit høgt fjell, når eg først var i området. Tenkte først at det hadde vore spennande nok med 5000moh, men fann ut at 6000 også var tilgjengeleg. Då Chimborazo i tilegg viste seg å vere verdas høgaste fjell ( https://no.m.wikipedia.org/wiki/), vart turplanen gradvis meir fjellorientert. Etter å ha tråla nettet etter diverse turrapportar frå spesielt Chimborazo og Cotopaxi, kombinert med lesing om akklimatisering, virka det som Chimborazo var oppnåeleg med 10 dagar akklimatisering. Sidan slowmotion-fjellvandring åleine ikkje frista spesielt hadde eg ei litt anna tilnærming til akklimatisering enn normalen. DAG 0: Landa, fann hostellet på 2800 moh. i Quito. Kjente at høgda var annleis enn heime når eg gjekk i trapper. DAG 1: Sightseeing, "klatra" alle dei 3 tårna i katedralen i byen og reiste til ekvator. (totalt ca 1,5t buss, 60 cent!) Relativt luftig trapp, passe akklimatiseringsaktivitet, dag 1.. Kryssing av ekvator DAG 2: Sidan eg neste dag skulle køyre bil til 4500moh, så følte eg at eg måtte sette ein personleg rekord til fots først. Den gamle rekorden var på 4167 (quiz: kva fjell er det?). Eg tok Gondolbana frå 3000-4000 moh over byen og starta på rusleturen mot Cumbre Pichincha (ca 4700moh). Med berre to netter på 2800 var eg ikkje uventa dårleg akklimatisert, men låg fart og fint vær fekk meg til toppen. Tegna på mild høgdesjuke kom etter kvart då eg nærma meg toppen og vart verre på veg ned att. Med gondolbana som fjernar 1000 meter på 10 min, følte eg ikkje det var spesielt farleg med litt høgdesjuke. Haudepina slapp taket etter ein time på senga på hostellet. Panoramabilde frå toppen av Rucu Pichincha. Kan ane fleire kvite toppar, som dermed er over 5000 moh. Kunne sjå Cayambe, Antisana, Cotopaxi og Chimborazo frå venstre mot høgre. To tyskarar eg slo følge med ned frå toppen. Quito og Cotopaxi 5897 moh i bakgrunnen DAG 3-5 Gjennom eit lokalt selskap, flowbikerental, hadde eg booka 3 dagar med downhillsykling, der eg gjerne ville vere litt i høgda, sidan dette var ein del av akklimatiseringa. Her fekk eg som bestilt, guide, sjåfør, topp downhillsyklar, og sykling på høgder mellom 4500-2800 i tre dagar (130$/dag). Eg merka dag for dag at eg lettare og lettare hang med guiden på flatene etter kvart som eg vart akklimatisert. Siste dagen var vi i tillegg innom Quilotoa, som er eit stort vulkankrater med ein innsjø i midten, som "alle" turistane på hostellet anbefalte. Her sprang vi ned og opp dei 2-300 høgdemetrane mellom 3500-3800moh. på 38 minutt. Det var vesentleg fortare enn dei uakklimatiserte turistane rundt oss var i stand til! Cruising på flotte stiar, totalt drøyt 8000 vertikale meter ned på 3 dagar! Her med Quito i bakgrunnen Omtrent på 3700 moh. på veg ned dei 1500 høgdemetrane frå 4000-2500 moh. Frå opent fjellklima til tropisk klima på 40 min! DAG 6: Skulle eigentleg reise tidleg på morgonen frå Quito, men sidan eg vart invitert med på joggetur på morgonen vart avreise litt utsatt. Deretter tok eg buss til Machaci (1,50 $) og taxi (20$) til Tambopaxi lodge (3750moh). Her kunne vi ha hatt perfekt utsikt til cotopaxi, om ikkje skyene var i vegen. Tok ein times spasertur i området før middag. Dette var det meste eg fekk sjå av Cotopaxi på nært hald. Svært fjell, bildet er tatt på ca. 3800 moh, med villhestar i framgrunnen. Cotopaxi Refuge på 4864 moh. Delar av det kvite oppe til høgre og venstre for hytta er isbre. Ved godt vær kunne ein truleg ha sett toppen frå dette punktet. DAG 7: Planen for dagen var å bestige midt-toppen på Rúmiñahui (ca4600moh), men på grunn av dårleg vær gjekk eg heller langs vegen dei 13 km opp til Cotopaxi refuge på ca. 4850 moh. Ny høgderekord der altså. Farten var framleis god i forhold til turistane rundt. Fekk haik ned att, dermed sparte eg knea for 1000 høgdemeter nedoverbakke. Møtte på ein nysgjerrig Andes-rev på 4600 moh, rett før eg fekk haik ned vegen! DAG 8: Planen var eigentleg å bli på Tambopaxi lodge ei natt til, men sidan eg fekk veggdyr natta før, kombinert med dyre prisar, diaré og skodde, fann eg ut at eg ville ha eit komfortabelt døgn i Riobamba (2700 moh) i staden. Spleisa på taxien med roomien frå sovesalen og hoppa på ein buss mot riobamba. Litt annleis type buss-stopp her enn i Norge! For å komme meg på bussen måtte eg krysse ein 4-felts motorveg og deretter stille meg opp "kor som helst" (om eg forstod spansken riktig) og stoppe bussen. Det funka fjell. Generelt kostar buss mellom 1-2 dollar i timen i Ecuador. Med den prisen hadde eg nok køyrt vesentleg mindre bil i Noreg. Eit noko uvanleg skilt å møte i fjellheimen for min del! Plasseringa på Chimborazo Lodge er mildt sagt gunstig for fjellentusiastar! DAG 9: Med litt mindre kløe og litt mindre diaré, var eg klar for meir akklimatisering. Tok ein lokal buss frå Riobamba til hotellet Lodge del Estrella, som ligg strategisk til i nasjonalparken til Chimborazo på 3950moh. Gjekk til fots på ein utydeleg sti frå hotellet og peikte meg ut ein ryggformasjon på veg mot Chimborazo som såg artig ut å gå på. Etter kvart som eg passerte ca 4700moh. vart det stadig luftigare oppover, så i frykt for å gå meg vill bygde eg eit par småvardar på nokre utsette punkt i tilfelle eg måtte ned samme veg i skodde. Skikkeleg eventyrfølelse! Etter kvart smalna ryggen av og endte i eit stup. Då eg såg ei slynge rundt ein stein byrja eg å tru at eg måtte snu, men med litt klyving på høgre sida av ryggen kom eg meg ned i eit skar på ca 5000 moh. Veldig stilig geologi her, der både isbre og vulkanen prega utforminga av landskapet. På bilder på hotellet kunne ein sjå korleis breane har trekt set kraftig tilbake dei siste 100 åra. Etter eit halvhjerta klyveforsøk vidare frå skaret konkluderte eg med at dette var idioti, så eg tok lunsj, pusta inn mest mogeleg av den tynne lufta, og rusla ned att. Store delar av nedstigninga var på deilig laus grus, så knea igjen fekk spart seg. Sidan i fjor haust hadde eg berre gått ein einaste fjelltur til fots med over 500 meter høgdeforskjell, så knea var mildt sagt ikkje trent for nedoverbakkar. Landeveissykling med Jotunheimen rundt som det store målet 7. Juli gjorde at formen elles var upåklakeleg. Turen gjekk opp ryggen til venstre. Før eg snudde skjønte eg at eg ville ha kunne gått høgare om eg hadde følgt dalen opp, men, men. Får du auge på slynga? Klarte å snike meg ned frå ryggen på venstre side Pinaklar som ser ut som laus morenemasse, med ein slags sandstein som held ting på plass. Alt var relativt fast, men eg ville nok ikkje ha stolt på at kilar og spesielt kammar ville ha halde seg i ro her. Derimot ville det nok ha vore mange relativt faste blokker å feste slynger rundt. Det var massevis av Vicuñas i fjellet rundt Chimborazo. Eit antilope-hjorte-lama-dyr som er freda, og dermed relativt lite skremt av menneske. Ganske tørt klima i området. Fekk æra av å bu på Edward whymper-rommet. Mannen som førstebesteig Chimborazo, og syntest at fjella i Ecuador var kjedeleg samanlikna med dei skikkelege fjella i Alpane. Grei utsikt frå frukostbordet. DAG 10: Personellet på hotellet virka litt overraska over kor gjerrig eg var med tanke på at eg budde på eit hotell til nesten 100$/natt og booka guide til 500 dollar, men nettopp derfor måtte eg spare der det sparast kan. Derfor haika eg meg opp til Carrel refuge på 4850moh. Derifrå gjekk eg til Whymper refuge på 5050, og vidare opp til "The Chamonix needles" på 5250. Der var vinden så kraftig at det desverre var umogeleg å gå på den snødekte ryggen vidare, då eg ikkje hadde med stegjern eller isøks. I staden fann eg ein stein som fekk rolla som isøks, og eg hakka meg forsiktig vidare på sida av ryggen til ca. 5300moh. Eg vart nok litt i overkant ivrig på å komme oppover, men innsåg tidsnok at no var det på tide å snu før konsekvensane ved ei utglidning på snøen ville bli fatal. Etter svært forsiktige bevegelsar og iherdig hakking ned att i snøen sette eg meg til i le på 5250 moh og las eit par kapittel i boka til Knut Nærum: døde menn går på ski. Kan anbefale boka, og lurer samtidig på om dette er ny høgderekord for Knut Nærums forfatterskap? Ny høgderekord for lesing av Knut Nærums forfatterskap? 5250 moh, nokon betre? I bakgrunnen ser vi El Castillo, og sida som vi gjekk i opp til 5500 moh. kvelden etter. Ein liten dam rett over Whymper refuge. Dette er det høgaste punktet dei fleste turistane går til. Oppe til venstre ser vi El Castillo, deretter ryggen vidare til Pico Veintimilla, fortoppen. Etter ein kopp coca-te og nye kapittel i Whymper refuge, gjekk eg ned att og stilte meg opp med tommelen. Til min store fortvilelse stod eg rett nedanfor to andre haikande grupper. Etter 20 minutt med intens haikeinnsats var dei andre gruppene plukka opp og det vart plass til meg ned til hovudvegen, der ny haiking til hotellet gjenstod. Totalt haiketid utanfor køyretøy var nok berre 30 minutt, og det må seiast å vere rimeleg bra på 4 ulike køyretøy. Hadde eg beherska spansk litt betre enn "pocito" er eg sikker på at vi hadde fått ein hyggeleg samtale i bilen. Hyggeleg forsøk på samtale vart det i alle fall. Siste frist for avbestilling av tur var denne dagen. Yr meldte regn sist eg hadde internett (morgonen dag 8), men portvaktene frå hovudvegen til Carrel Refuge sa sol, sol! Sidan eg viste dei yr-appen på telefonen og forma eit spørsmålsteikn med ansiktet medan eg sa sabado, domingo på overbevisande spansk, satsa eg på at svaret deira var basert på dei beste equadorianske værkalkyler tilgjengeleg. Yr sine varsel hadde så langt berre hatt rett 4 av 10 dagar uansett. DAG 11 Etter å ha sove 10 timar, ete frukost, lina klede på golvet, og pakka kleda i sekken att, var eg klar for tur. Guiden kom med taxi, noko som var litt råflott, syns eg. Så forstod eg at guiden Paúl jobba som taxisjåfør når han ikkje jobba på fjellet. Han var 45 år, med akkurat riktig mengde grå hår, så han har rikeleg med erfaring, men ikkje er blitt for gammal og sliten for fjellføring. Turen opp tok lenger tid med taxien hans enn haiking, då han kjente halvparten av folket på fjellet, og måtte veksle eit par ord på vegen. Med 12 timar til avreise frå Carrel refuge, vart eg ikkje nevneverdig stressa. På grunn av fare for steinras frå El Castillo (slott-liknande steinformasjon 5500 moh), startar guida turar klokka 22-23 frå Carrel refuge, med soloppgang som siste tidspunkt for å snu. For å få eit inntrykk av kor fort vi kom til å gå, spurte Paúl litt spørsmål om erfaring og farta mi på akklimatiseringsturane mine. Eg viste bilder frå tradklatring i Lofoten, pudderkøyring i bratt terreng og skryt frå Jotunheimen rundt for at han skulle skjønne at eg truleg var raskare enn dei fleste klientane hans. Difor utsette han avreisa frå klokka 22-22:30. Etter mine berekningar var dette kanskje litt tidleg, men så skulle vi 1000 meter høgare enn min forrige høgderekord, frå dagen før, så eg stolte meir på Paúl sine berekningar enn mine. Etter ei god natts "søvn" frå klokka 18:40-21:30 var det opp og ete frukost. I løpet av "natta" hadde haudeverk komme snikande og eg var ytterst skeptisk til om dette kom til å gå. Posen med real turmat gjekk ned, i lag med immodiumen, så eg kunne gå trygt utan å drite meg ut bokstaveleg talt. Alt på dette biletet vart brukt under toppstøtet, med unntak av hua på bildet. Og soveposen. Og ovnen. Utsikten ut soveromsvindauget, medan eg heldt på å line opp kleda. Desse er ikkje ville, men rimeleg eksotisk uansett! Til tross for at dei andre gruppene skulle starte 22:00 og vi 22:30, så var vi andre gruppe ut av ca. 10 grupper. Etter om lag 10 minutt var vi fremst. Eg var djupt imponert over tempoet til Paúl. Aldri før hadde eg bevegd meg så sakte på fjellet før. Gruppa vi passerte imponerte endå meir, ved å gå endå saktare. Utruleg. Eg vart forsiktig optimist på vegne av høgdesjuka, då bevegelse ikkje kosta meg noko i det heile. Då vi kom ned att fekk eg høyre frå dei andre gruppene at vi hadde halde eit veldig raskt tempo. På 5000moh. var det tilløp til sandstorm, så vi dekka oss til med snøbriller og buff. Desse vart på dei neste 8 timane. Etter litt meir rusling kom vi til snøen, der det var på med stegjern, og inn i tauet til Paúl. Tauet var av type kort, slik at guiden kan halde meg att om eg skulle finne det interessant å teste gliden på skaren eller grusen. Eg valte å spare det til ein annan gong. Her var det ca 35-45 grader bratt, og relativt sterk vind. Klokka 01:00 var vi på 5500moh, forbi El Castillo, og Paúl erklærte at vi var veldig tidleg ute. Eg var einig, og tenkte på kor herleg lys den norske sommaren er. Etter å ha starta med hovudverk og sett meg som mål å i alle fall komme til 5500 moh, tenkte eg at det var trygt å røpe for Paúl at eg hadde litt vondt i hovudet. Eg bestemte meg samstundes for at eg skal spy eller få hinsides med smerter før eg snur. Eg hadde tross alt brukt store delar av feriebudsjettet på dette døgnet, så det skulle nytast. Vi var einige om at det var iskaldt å stå i ro, og eg ville strengt tatt ned så fort som mogeleg, helst via toppen, så vi heldt fram å gå. Planen vi la kvelden før var å gå 30 min og deretter stoppe 1-3 min for drikke og snack og halde det gåande slik heile vegen til toppen. Det var difor ganske tungt mentalt når halvtimen varte og rakk. Etter kvart måtte eg tisse, og fekk lov å gå litt til før vi stoppa for å tisse. Denne halvtimen hadde no vart i drøyt 2 timar, fann eg ut, og vi var no på 5950 moh. Det forklarte kvifor halvtimen føltes så lang. Høgdesjuka var framleis ikkje nevneverdig verre enn ved frukosten, så no fekk eg trua på å nå toppen, og delmålet om 6000moh. var tilnærma spikra. Paúl var litt forundra over å ikkje sjå nokon hovudlykter bak oss, og konkluderte med at alle dei andre laga hadde snudd. Dette var ein viktig boost for egoet og imaget mitt som tøff nordmann. Etter kvart som vi steig gjekk farta ytterlegare ned. Farta var omtrent perfekt heile tida. Eg lot meg stadig fascinere over kor roleg og jamnt Paúl gjekk. Dette har eg prøvd mykje sjølv, og eg syns det er kjempevanskeleg. Det gjekk aldri så fort at eg måtte puste og pese hardare enn på ein roleg joggetur. Etter litt meir pausar og påkledning (6lag på overkroppen) byrja breen å flate ut i det jamne og forsiktige tempoet berre brear kan flate ut. Eg hadde allereie før start gjort det klart for Paúl at målet mitt var Cumbre whymper (peak whymper), som er hovudtoppen eit stykke bak Pico Veintimilla, der dei fleste brukar å snu. Eg gjorde det umiddelbart klart at eg ville vidare då vi nådde fortoppen, så det vart ingen stopp for å nyte utsikten. Det var strengt tatt heilt mørkt og begrensa mogelegheiter for fotografering med mobilkamera i dette lyset uansett. Vi hadde snakka om at sterk vind kunne hindre oss i å nå hovudtoppen, så eg ville vise at motivasjonen var på topp, i tilfelle Paúl var i tvil. Eg hadde lest diverse om vanskegrada på siste biten, og visste at det kunne variere mellom ein halv meter laus kartong og kompakt skare. I dag var det hardpakka snø og lett framkommeleg. Etter ein drøy halvtime med rusling i endå (!) rolegare tempo, runda toppen til slutt av. Dei siste timane hadde eg tenkt ein del på at høgdesjuke kjem forsinka, og tenkte med gru på at eg når som helst kunne bli skikkeleg dårleg. Dermed tok eg meg knapt tid til bilde og filming på toppen, før eg ville snu og komme meg ned. Paúl vikra ein smule forbausa over dette hastverket mitt med å komme meg ned. No var klokka 05:00, altså var det 2 timar til soloppgang og ca 1 time til det lysna. Vi byrja å rusle tilbake til fortoppen og nedover samstundes som det første lyset byrja å komme på himmelen. Etter kvart som den 800meter høge snøbakken openbarte seg vart eg meir og meir takknemleg for at eg ikkje hadde sett heile bakken på veg opp. Høgste breakulen kan ta seg ein bolle i forhold. Det var også ganske bratt, så det var liten tvil om at utglidning kunne vere fatalt. Eg rekna med at eg ville stoppe greit om eg skulle falle, men lurte samstundes på om Paúl ville han klart å stoppe meg dersom eg byrja å gli utan å bremse sjølv. Paúl gravde ei plattform eg kunne stå på, og forankra meg i isøksa si kvar stopp. Plattforma var litt overkill etter mi meining, men så hadde eg jo betalt 500 dollar for dette. Skuggen av Chimborazo på veg ned att. Ved fullstendig skyfritt vær kunne vi kanskje ha sett havet? Her får vi ein følelse av kor bratt det er på veg ned frå Chimborazo. Bakken på bildet er forøvrig brattare enn der vi gjekk. Utsikten var heilt fantastisk, der vi såg utover skyene som dekte resten av landskapet langt der nede. Etter kvart kom soloppgang, og vi kunne sjå skuggen frå Chimborazo i horisonten. Vi måtte forbi eit klyveparti på is/grus/stein på ca 5600moh der både eg og Paúl syns det var greit om eg var sikra i stramt tau. Eg venta framleis på den store høgdesjuka, men smerten heldt seg stabilt på middels styrke, heilt fram til vi tok av stegjerna, og offisielt var på trygg steingrunn utanfor rasfare. Samstundes som at behovet for fokus sank auka hovudpina. Litt snubling og rutsjing på grusen minna meg på at eg ikkje må miste fokus heilt endå. Flaut å skade seg på turiststien, liksom. 5 minutt før vi kom ned til Carrel refuge (4850) stod sola opp bak Chimborazo, så vi fekk brukt solkremen vi smurte oss med 10 timar tidlegare. Her vart det desayuno og coca-te, samt prating med dei andre gruppene som var i ferd med å stå opp. I tillegg til høgda var det mange av gruppene som snudde som følge av kraftig vind. Nokre av deltakarane syns det var vanskeleg å halde balansen i vinden. Underteikna med Pico Veintimilla i bakrunnen. Hovudgrunnen til den låge suksessraten på Chimborazo er nok først og fremst tilgjengelegheita til fjellet. Det var mykje forskjellege folk som skulle prøve seg, og fleire av deltakarane hadde aldri gått på bre før. Etter mi meining er det både urealistisk og farleg å prøve seg på ein sånn tur utan noko stegjernserfaring i utgangspunktet. Timelønna til guidane blir desto høgare. Best timebetalt fekk nok guiden med den amerikanske turisten som snudde etter 2 timar, 50 høgdemeter over whymper refuge (5050). Etter frukost vart Paúl taxisjåfør og køyrte meg ned til Riobamba på 2700moh, før vi skilte lag. I bilen spurte eg han litt om vurderingar og orientering på turen. Han syns spørsmålet om bruk av kart var litt morsomt, han kunne jo vegen, så kart var ikkje nødvendig! Guideutdanninga i Ecuador virkar generelt god, litt som Nortind, berre 1 år kortare. No er internasjonal tindevegleiarutdanning i ferd med å bli oppretta også i Ecuador. Til slutt kan eg konkludere med at å prøve seg på ein 6000-metring gav ein heilt rå naturopplevelse, men endå større utfordring og meistringskjensle. På grunn av kulde, fokus og hovudverk tykkjer eg at turar i Norge gjev ei betre naturoppleving enn høge fjell, medan denne turen kunne minne meir om ein lang konkurranse, ikkje ulikt Jotunheimen rundt. Eg likar begge deler, og kontrastar, så 32 timar etter at eg stod på toppen 6267 moh sat eg i ein kano med andre turistar 800 meter over havet i Amazonas. Ecuador kan absolutt anbefalast som eit variert reisemål!
  8. Hei! Eg tenkjer meg til Ecuador i starten av Juli i 3 veker. I løpet av turen tenkte eg å prøve meg på ein 5000-meterstopp eller to. Planen er å ta det roleg i Quito (2800moh) nokre dagar, deretter bli med på noko organisert downhillsyklingsopplegg nokre dagar før eg prøver meg opp i høgda. Er det nokon her med erfaring frå toppar på 5000+ i området som har ein topp å anbefale, og evt. kor flink eg bør vere på akklimatisering? Det er fleire operatørar som køyrer på med 2-dagarsturar frå Quito og opp på 5000 moh (http://www.cotopaxiclimbing.com/). Etter det eg har lest, syns eg dette virkar som oppskrifta på høgdesjuke, eller vil nokre dagar på 2800 med turar opp mot 4000moh på dagtid vere nok til å kunne gå for ein topp på over 5000 moh? Totalt tenkjer eg å ikkje bruke meir enn om lag 10 dagar av turen på å gå i fjellet, frå dagen eg landar i Quito. Bør eg prøve å finne eit område på 3500moh for overnatting dei siste nettene før turen (finst dette?), eller vil det funke med å ha budd på knapt 3000moh i ei veke før toppstøtet?
  9. Då var 42 meter feller bestilt! Takk for bra tips!
  10. Ja no snakkar vi! Takk for tipset! Forøvrig artig å sjå at feller blir kalt for hud av google translate :-)
  11. Ja eg oppdaga tilbodet deira, men eg har desverre ikkje klart å finne nokon som har både bra feller og bra pris!
  12. Eg jobbar på ein folkehøgsskule med ein god del ski som vi ønskjer å kjøpe feller til. Før har eg høyrt om og sett at folk har bestilt feller som metervare. Er det nokon som veit om plassar å bestille dette? Eg tenkjer ei breidde på fellane på 90-110mm. Pris er sjølvsagt ein viktig faktor her i denne samanhengen, så om nokon har nokre gode tips, så rop ut! http://skredkart.ngi.no/ Dersom nokon toppturgåarar ikkje har oppdaga denne sida endå, så versågod
  13. På topptur: Feller, hanskar, skredsøker, mat, drikke. På telttur: Bestikk, tallerken, hovudlykt Heldigvis ikkje alt samtidig
  14. Jotunheimen er i grunn ikkje så veldig bratt, turen frå Spiterstulen til Tyin er f.eks relativt flat (sett frå ein vestlending sitt synspunkt). Buss til Lom, taxi til spiterstulen, Buss frå tyinkrysset
  15. Det er fantastisk kva hundar får til. Eg har sjølv opplevd å bli funnen av lavinehundar på skredøvelse når søkestengene ikkje nådde ned til meg!
  16. Eg var der for to veker sidan no, då var det ganske identisk snømengde med det som var på samme tid (20.mai) i fjor. Vi rente i tau ned Flatbreen, mest fordi vi var ei studentgruppe som skulle øve på ferdsel på bre. Vil tru at det har smelta ein del i området sia den tid, så ville absolutt tatt med tau om eg skulle ha gått turen no. Vinteren i Sogn har ikkje vore meir snørik enn normalt, forøvrig (mulig at det har vore ganske bra i høgda forresten).
  17. Observerte truleg bjørnespor med klassa mi i Sogn på måndag. Læraren min melde i frå til oppsynsmann om spora, så no blir det spennande å sjå om ein bjørn på "avveie" vert skoten eller ikkje.
  18. Her ser vi Brenibba og Lodalskåpa! Du kjem frå Fåbergstølsbreen ser det ut som. Dette er den seigaste, drøyaste motbakken eg har gått i mitt liv!
  19. Tusen takk for tips! Har vurdert Femundsområdet ein del så langt, men Straumsfjorden virkar også veldig interessant!
  20. Eg og ein kamerat skal på kanotur ei vekes tid ein plass i Sør-Norge i starten av Juli. Vi har lyst på ei elv med ein del artige stryk, og som gjerne ligg litt unna nærmaste bilveg. Erfaringa til meg som er minst erfaren er padling av Altaelva (med litt bæring), samt litt flattvatn-padling. Vi har tilgang på bilar, så vi treng ikkje komme tilbake til bilen. Om vi veltar i elva er det berre moro så lenge konsekvensane ikkje er meir enn å bli våt. Er det nokon som har padla eller kjenner til ei kjekk elv som passar til denne beskrivelsen?
  21. Eg meiner terskelen for å tilkalle hjelp ikkje må bli for høg. Det som er viktig er å planleggje turen på ein sånn måte at hjelp ikkje trengs. Men dersom ein har bæsja på leggen og treng hjelp så bør ein ikkje vere altfor sta til å ta i mot hjelp. Då blir det berre verre på sikt. Om eg rotar meg vekk i fjellheimen, er våt, kald og tom for mat så kjem eg til å vere svært flau, men samstundes vil det vere fornuftig å ringe etter hjelp i staden for å gjere fleire dumme og meir katastrofale ting. Når det er sagt så har eg ingen planar eller ønskje om å rote meg vekk i fjellheimen og ringe etter hjelp. Difor prøver eg å skape meg den naudsynte marginen for å unngå dette på alle turar.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.