Gå til innhold
  • Bli medlem

johan99

Aktiv medlem
  • Innlegg

    8
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

4 Neutral

Om johan99

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Har nokon her gått breen i år? Lurer på snømengder / sprekker / behov for tau. I det kalde 2010 var det lite snø og ein del sprekker ned mot Flatbreen, men tenker kanskje at det området fekk ein del snø i år. (I år fekk nordvestlandet lite snø, men det virkar å vere mykje i Sogn og sørover)
  2. Har spesielt god erfaring med telemark-pyrenees, men har også handla med Sport Konrad, Moosejaw og enkelte andre. Aldri problem. snowinn var rimeleg, men mange varer er ikkje på lager. Prøvde å unngå dei varene, ellers kan det nok bli romsleg leveringstid.
  3. Kan anbefale La Sportiva Trango Evo til topptur. Har snart brukt opp par nummer 2. Dei er lette, har god sidestøtte og friksjon. Antar det gjeld Guide også. Passform virker allsidig, kjenner mange som bruker slike til topptur og klyving. Minus er kanskje slitestyrke. Sålen har relativt mjuk gummi, den blir nesten utslitt før overdel. Ganske vasstette. Vurderte også Trango Alp, dei er litt kraftigare og sålen skal vere bedre i grus, gjørme o.a. Prøvde Trango Evo Extreme, den var veldig stiv, meir ein brestøvel. Får dei for 17-1800,-, i alle fall i utland.
  4. Heisann, har handla på "Snowinn" combinert med "Hikienn" osv. Grei side, oppfatta dei som rimelege. Var imidlertid mange artiklar som ikkje var på lager. - Og vanlig postgang, så litt leveringstid. Meiner frakt og moms er det som gjeld ja. Toll er vel mest for bil, sprit o.a.. - Trur posten tok betalt for moms ved henting. Ellers kjem den i post frå fraktselskap.
  5. I januar 2000 trakka eg spor opp "Børgerenna" ved Sætretind, med skia på sekken. Det var ein del nysnø, men lite vind. Vi tok snøprofil og valgte å følge sida av renna opp. Ved toppen hadde det likevel blåst, og det var nok hardare snø under. Men tynnare snø med skorpe fikk oss heller til å slappe av, og eg svinga inn mot midten for å nå skaret. Det sokk i snøen og eg var plutseleg i eit flak som glei mot eit steinete område. Steinane bremsa farta, men eg traff nokre ganske hardt. Stoppa liggande over den siste steinen, ikkje langt frå sistmann i følget. Skredet gikk ned heile renna, 3-400 høgdemeter. Antar at eg var med 60-70 meter. Hadde diverse blåmerker men mest merkbart var ein smell i låret. Kaldt i snøen når kledd for motbakke. Fekk hjelp med jakke og varm drikke og kom meg på beina etter ein pause. Vi vurderte å gå over skaret og ned på andre sida, men foten var trasig og skredet hadde allerede gått. Fikk hjelp med ski og sekk så lenge vi gjekk til fots og køyrde sjølv ut. Det vart eit par månadar med stort lår og lite aktivitet. Var gjerne heldig som berre skrubba hovudet, skihjelm ville nok auka marginen. Episoda kan vel tene som eksempel på skredvurdering i renner. Kanskje er små situasjonar der ingenting skjer like risikabel. Verste minne er over eit stup ved Ålfotbreen. Kraup vekk frå kanten på knallhard skare mot sterk vind ;/
  6. Hei Nikke, dette var eit interessant innlegg. Diktet på kortet er "Nasjonaldiktet" til Jan Mayen. Det er skreve av Nordahl Grieg, på JM, under krigen. Faren din må ha møtt han der. Som du sikkert veit var JM den einaste delen av Norge som ikkje var okkupert. Kartet minner om eit kart østerrikarane lagde i 1889(?) Det vart ikkje laga moderne kart før etter krigen. - På dei finnes "Nordahl Grieg Lia". "krigsdiktaren" Grieg reiste seinare til England, vart med eit bombefly til Tyskland, - og vart skoten ned. (Kjenner ein som har Jan Mayen historie som hobby, han ville vere interessert i historia til faren din. Eg - Ta kontakt hvis det er aktuelt, eller hvis du vil ha meir info
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.