Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 060
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Takk for svar. Ser nok ut til at vi bør finne ei alternativ rute....
  2. Strengt tatt så er det vel ikkje berre EI Langtjønn i området her??? Og problemet er jo nettopp at vist det virkeleg var eit fly som har gått ned der så har det gått gjennom isen. Men vist det hadde styrta i ein av småputtane så skulle det stukket opp vrakrester siden ingen av dei er spesielt dype. Dei mest aktuelle utenom Sekstjønnin er Gneiddtjønn, ,Svarttjønn, Olastjønn, Vatjønn og Sleotjønn. Fleire av desse er også relativt grunne. Ellers så kan eg føye til at andre navn som er brukt om dei individuelle Sekstjønnin (for uinnvidde så kan eg opplyse at det heiter Sekstjønnin pga at det ligg seks tjønner ilag) er Fremre, Åttetallstjønna og Indre, i tillegg til da nevnte Langtjønna. Dette er navn eg har høyrt frå barnsben av men eg veit ikkje kor utbredt og kjente dei er. Vet heller ikkje om dei to siste har noko navn, men det har dei sikkert siden det var viktigt å navnsette alt for å få forklart kor fisken står og få stadfesta eiendomsrett.
  3. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Det er allerede ein liten brist i denne teorien da dere i tidlegare innlegg skriver at Knutshøstammen er utvandra frå Snøhettastammen. Skal prøve å finne att kor eg las at stammen sør i Rondane var den mest "ekte" villreinstammen. Tror kanskje det var i avhandlinga til Edvard K. Barth, leter desperat etter den nå.....
  4. Hei! Er det nokon som kan svare på korleis det er å ta seg fram frå Midtmaradalen over ved Skagadølsbui og ned til Fremste Skardstølsvatnet? Det ser greit ut på kartet men det skal være med folk med høgdeskrekk og lite fjellvanthet på turen, så eg vil gjerne få det bekrefta/avkrefta av folk som er kjent i området.
  5. I følge arkivkjelder så skal det vistnok være savna eit britisk fly i området og det er begrensa kor mange av tjønnin i området som er store nok til at eit fly ville forsøkt å nødlande på den (kan ikkje utelukke ein ukontrollert styrt i ei mindre tjønn heller). Lengre sør og øst hadde store mengder av lokalbefolkninga trekt innover fjellet for å ungå kamphandlingane nede i bygda. Så vist flyet hadde gått ned der så ville det sansynlegvis blitt oppdaga? Høyrte forøvrigt snakk om at dei skulle forsøke å leite meir i Langtjønna (ei av Sekstjønnin) i sommer, rart dei ikkje forsøker dei andre tjønnin av litt størrelse rundt Gneidden.
  6. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Det er vel ikkje den "siste og eneste" villreinstammen vi har i Norge den som går i Knutshø, såsant du ikkje regner med reinsstammane i Snøhetta, Sølenkletten og Rondane som Knutshøstammen? Meiner også å ha lest eit sted at jo lengre sør du kjem i Rondane til meire genetisk "ekte" er villreinen. http://www.villrein.no/
  7. Bruk tynne Ullvangsokker og ein sko som passer så er gnagsårframtida begrensa. I tillegg så lønner det seg å snøre opp skoene å få lufta ut/tørka opp når du har pause.
  8. Det aller beste hadde vært å spart Besseggturen til etter sesongslutt. Gå den seint i September eller Oktober. Da er det lite folk og fantastiske forhold. Det er mange andre steder å gå i høgsesongen som passer bedre enn Besseggen.
  9. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Tror du mista poenget. Eigaren av området er Den Norske Stat. Ikkje ein privat grunneigar som har rett på eit vist antall kort eller er prioritert. Den einaste retten dei har i området er beiterett gjennom hevd.
  10. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Området som eg omtalte er statsalmenning.
  11. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Da er det vel snart min tur att siden det begynner å bli nokre år siden eg hadde kort sist. Det er uaktuelt for meg også å betale blodpriser for jakta da det er dyrt nok i utgangspunktet, så private grunneigarar utgår med skyhøge kneløft! Men utrulegnok så har eg sett at i "mitt" lokale fjellstyreområdet så har dei praktisert tre års utestengelse etter at du har fått kort. Likevel er det folk der som har kort nesten kvart år. Det hadde jo vært interessant å vist korleis dei klarer det.... Den treårsregelen har dei kutta ut nå, kanskje fordi det var vanskeleg å forklare kvifor enkelte hadde kort fleire år på rad. Eller eventuelt fordi andre lokale småhøvdinger ikkje fekk kort kvart år.
  12. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Kva for områder er det som er trekt og kor kan eg finne listene på nettet? (Bortkasta tid da eg har vært inne på inatur.no og sjekka der, men...) Påstanden din om at du er like dødeleg som meg må eg vel berre tro på da det er liten mulighet til å få det kontrollert.
  13. Gal Krokfot

    Reinsdyrjakt

    Korleis i h*****e har dere klart å skaffa dere reinsjakt allerede nå?????????? Vi vanlege dødlege må stå i kø til langt ut i Juni kvart år før vi får beskjed om at vi ikkje får noko.... Og eg også er innenbygds i eit av områda med den genetisk mest ekte villrein.
  14. Det er muleg å varme opp og forme plastikken. Kontakt ei av dei meire spesialiserte skiforretningane så kan dei sikkert hjelpe deg med det. Tror absolutt IKKJE forslaget om å slipe ned plastikken er noko lurt. Da fester eg større lit til forslaget om cosmeticsurgery fordummies
  15. Det skal ligge to flyvrak frå krigens dager innpå Ringbusfjellet, det eine ved Skotten sæter. På Sødorpfjell ligg det også eit Sabre jagerfly (eller deler av....) som styrta midt på sekstitallet. Enkelte hevder også at det gjekk ned eit engelsk fly i ei av Sekstjønnin på Sjoa. Andre meiner "enkelte" har litt for god fantasi....
  16. Gjekk på ski over Store Smørstabbtind i begynnelsen av Juni i fjor og da var det knallgode forhold (rundt Hurrungane derimot var det for lite snø til å gå på ski på den tida). Med så mykje snø som det er i fjellet nå så vil det nok holde seg til Pinsen i år også. Var forøvrigt på Turtagrø i helga og det er meget bra forhold der nå.
  17. Bra side, men ikkje den rette. Sida eg brukte hadde kart og rutebeskrivelse til vraka også.
  18. Tidlegare så var det ei bra side på nettet med oversikt over alle tyske og allierte flykrasjsteder i Norge, men den sida er desverre lagt ned nå. Men det eg meiner å huske var at flyvraket ved Digerronden låg på ein rygg opp frå Vidjedalsbotn men ikkje så langt opp som 50 meter frå toppen.
  19. Forsøkte å nå Stornubben frå Hindsæter Onsdag før SkjærTorsdag men sterk vind tvang oss til å gje opp rett nedunder toppen. Det var eit stykke etter skogen overfor Hindsæter og innover som ein måtte planlegge litt med påfølgande sikksakk gåing for å slippe å ta av seg skia, men ellers var det bra innover.
  20. Nei, såg ingen rein i Vulufjell. Hadde venta (og håpa) å få sett ein stor flokk der, men eg såg kun spor rundt Hornflågan og ned mot Musvorddalen. Men det låg så mykje snø i området at det kun duger til gjennomtrekksåre for reinen.
  21. Eg Søkte om fleire våpen sist eg søkte og betalte berre gebyret ein gong. Tror ikkje dette er forandra.
  22. Da er turen gjennomført og det har vært fantastiske forhold stort sett heile vegen! Starta Onsdag 28. Mars frå Hjerkinn. Hardt skareføre frå Hagesæter og innover fjellet til nedkøyringa til Grimsdalen. Stikkinga var lagt nord for Tverrådalen i år også men på deler av den løypa så var det ikkje att snø. Nedkøyringa til Grimsdalen var prega av gjennområtten snø gjennom bjørkeskogen så der må nok skiene av og bæres nedover nå. Ifølge vertsskapet på Grimsdalshytta så var det ei alternativ rute over Kattuglehøe og Gråhøe som skulle være bedre. Dag to til Dørålen: Ingen snø i bunnen av Grimsdalen så det vart skibæring eit lite stykke bort til bjørkeskogen på andre sida av Grimse. Siden oppover mot Gravhøe der stikkinga går mot Øst fortsatte eg oppover mot toppen der det såg ut til å være meire snø. Fulgte stikkinga østover fire/femhundre meter lenger oppe og kom innpå att ved nedkøyringa til Haverdalen. Også her var nedkøyringa prega av svært råtten snø og mange store barflekker. Over Haverdalsåe og opp gjennom Dørålglupen var plankekøyring. Rundt Østre Stygghøa såg det ut til å være mye bæring. Dag tre: Litt meire ruskevær, grått og vind men turen fortsatte til Bjørnhollia over Høgronden. Lange skibæringsetapper denne dagen. Først frå Atna og over Skranglehaugan til Vidjedalsbekken. Siden eit godt stykke opp langs Neverbukollen. Dette kan lett unngås ved å gå ein stor halvsirkel oppom Vidalsflye. Frå foten av Høgronden, over toppen og ned på Sørsida til litt over høgda på Garvagh hytta var det klatring i ur. Det var ikkje nokon spesielt vanskeleg etappe men du bør være vant med vinterbestigninger for å ta denne toppen. Siden valgte eg ei litt meire vestleg rute ned frå Høgronden enn sommerturløypa (kom ned vest for Søre Oksle). Med dette så slapp eg å bære skiene eit godt stykke ned frå Søre Oksle og ned i Langglupdalen. Ned resten av Langglupdalen var det ishardt skareføre og eg tok knapt eit stavtak før eg stod nede på veien til Bjørnhollia. Dei som fulgte stikkinga rundt Bergedalen og ned Langglupdalen hadde hatt bra løype stort sett heile vegen. Dag fire: Gjennom Vulufjell, over Hornflågan, ned Hornflågådalen, over Gomyrin, oppatt Steinbudalen og ned Glitterdalen til Rondablikk. Masse snø, hardt skareføre, fantastisk gli og bra feste. Dog, på slutten av dagen så hadde sola bearbeida snøen nok til at eg begynte å få gjennomslag. Summa sumarum: Ein fantastisk tur, køyr på, dere kjem ikkje til å angre. Men dere må nok belage dere på å bære skiene ein del meire enn eg måtte. Hadde det ikkje vært for at eg må sitte inne å behandle mitt indianeransikt skulle eg slått følge. Solkrem er for pyser...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.