-
Innlegg
1 069 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
Var i området der i går og det er ikkje nokon problematisk snøskavel på toppen i år.
-
Fekk forklart at gruppa på Kyrkja hadde gått ruta rundt Panna og Kyrkjetjønna da forulykkede bestemte seg for å gå på ei meire direkte rute til toppen. Rutevalget vart vurdert som lite gjennomtenkt (diplomatisk omformulering frå mi si side....) av lokale kjelder. Det var vel ikkje kjente observasjoner av forulykka på toppen så om ulykka skjedde på veg opp eller ned er uvist. Men hadde han klart å ta seg opp der bør han ha fått støkk nok til å ta normalvegen nedatt???
-
Gruppa prata knapt nok engelsk, difor den store forvirringa om antall forulykka rett etter ulykka. Utan at eg får sjekka det så tviler eg på at det er store mengder informasjon om rafting i Sjoa på russisk. Neppe mange lokalhelter å spørre som kan russisk heller. Men dei burde synfara elva.
-
Gjekk opp mellom Store Langvasstind og Vestre Langvasstind for nokre år sidan. Noko laust og skakt men gjekk greit opp. Opp til Vestre Langvasstind er det ein tre/fire meter høg hammer som må klatrast. Turen videre mot Storstygge Svånåtinden (for eit navn...) er plankekøyring. Gjekk nedatt austryggjen frå Storstygge Svånåtinden, noko skakt der og men går greit for fjellvante.
-
Begrensninger i ferdselsrett i utmark
Gal Krokfot svarte på panda sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eit poeng til er at om piggtråden ikkje er stram så vil dyra vikle seg inn i den. Det har vært ein del tilfeller der dyr har møtt ein smertefull sultedød fastvikla i ein piggtrådkvast. -
"Barske glæder" (er det mulig å få tak i denne?)
Gal Krokfot svarte på Memento mori sitt emne i Bøker - media - foredrag
Les gjennom tråden, den var aldri i salg der. Eg fekk tak i eit pent fyrsteeksemplar til ein grei pris på eit antikvariat i Oslo. Følg med på www.antikvariat.net så kanskje har du flaks. NB: Kan ta laaaaang tid..... -
Dette er jo kun spekulasjoner men etter kva eg har lest om ulykkane ser Molladalssaken ut til å være eit tragisk uhell. Feil person på feil stad til feil tid. Ved Bukkelægeret var det ingen som såg sjølve ulykka men personen vart forsinka og ein kan anta at han stressa litt for å nå att resten. Snubler du ein gong nedover Bukkelægeret kan det fort være nok. Det faktum at han var fjellvant kan ha ført til at han følte han hadde god kontroll og tok større sjanser. I tilfelle Kyrkja står det i enkelte artikler at han falt på veg opp, i andre på veg ned. Ein meire nøyaktig posisjonsangivelse av ulykkesstaden ville gjort det enklare å dra eigne konklusjoner. Men det kan tyde på at han avveik frå den vanlege ruta for å finne ein eiga veg opp eller ned. I etterpåklokskapens ljos er det tydleg at det var eit uheldigt valg som førte han ut i feil terreng. Det er ofte tilfeldigheter og flaks som gjer at ting går bra. (Noko også M.H. poengterar i denne artikkelen: http://www.fvn.no/nyheter/article779930.ece ) Sjølv fekk eg nesten ein seilas med ei steinblokk på eit par tonn tidlegare i sumar. Hadde eg stått 30 centimeter til sida ville dei sikkert brukt ordet "fjellvant" i nekrologen min og sjølv om eg ikkje nødvendigvis er enig. Flaks redda meg, erfaring hadde mindre å seie. Eg har ein mistanke om at det er mange andre "erfarne" fjellfolk som vert redda av det samme.
-
Vatnstanden går raskt nedatt om det ikkje kjem noko meire nedbør. Ta turen inn og sjekk korleis det er ved Storkroken. I verstefall får du leggje både tur og retur om brua ved Glitterheim. Det er sykkelutleige ved parkeringsplassen til Glitterheim så du treng uansett ikkje gå heile vegen inn og ut til Glitterheim (sykkelutleiga koster 150 kroner tur/retur). Eg er ikkje kjent langs Veo så korleis det er å ta seg over lenger nede (eller oppe) skal ikkje eg uttale meg om.
-
Alle bekkane oppover mot mot Valdresflya er flaumstore. Fredag var det ekstremt, det hadde gått ned litt i går men er truleg langt over normalen fortsatt. Eg antek det er same situasjonen i Veodalen.
-
Med auka trafikk i fjellet (og i ein del tilfeller lågare kunnskaps/erfaringsnivå) vil ulykkesantallet gå opp.
-
Du vil finne reint drikkevatn langs heile den ruta du skisserer.
-
Vegen er i utgangspunktet ope men forsvaret kan stenge den ved behov. Meire info: http://www.forsvarsbygg.no/newsread/news.asp?docid=10874
-
River seg i håret over økende bruk av ATV
Gal Krokfot svarte på larka sitt emne i Generelt om friluftsliv
Enkelte vil meine at politiet bør bruke ressursane sine på andre ting enn ATV jakt. -
River seg i håret over økende bruk av ATV
Gal Krokfot svarte på larka sitt emne i Generelt om friluftsliv
Og kva andre løsninger er det for å redusere misbruket med ATV? -
Om du sørger for å tørke skoene ordentleg etter bruk vil noko av luktproblematikken forsvinne.
-
Korleis er snøforholda på Innerdalstårnet no?
-
Lengde mellom synlige fjelltopper
Gal Krokfot svarte på Arcticpeak sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
-
Det er ikkje spesielt smalt nokon stader der men litt bratt. Når eg gjekk der for nokre år sidan var det lagt ut kjettinger på dei brattaste punkta. Det er sikkert greit for mindre høgdesterke men ikkje nødvendigt. Enkelte meiner Bukkelægeret er verre enn Besseggen andre motsatt. Uansett er det ein fin tur som kan anbefalast.
-
Om nokon av dalane skal vernast bør det være på grunn av spesielt verneverdige naturforhold (dyr, planter, et cetera). Kva oppfattning folk har om gåturen opp gjennom dalen er temmeleg irrelevant for verneformålet. Er det nokon dokumentasjon på at vegane inn til Leirvassbu og Spiterstulen har spesielt negative konsekvensar for miljøet/naturen i Leirdalen eller Visdalen? Og før nokon byrjar å kverulere på det, eg forstår sjølvsagt at vegane har ei viss innvirkning. Spørsmålet er om innvirkninga er så stor at vi ikkje kan akseptere videre trafikk inn der?
-
Framhevinga av Rondvassbu og Glitterheim er lite egna. Rondvassbu har vegen ope inn til Spranget, kun seks kilometer frå hytta og med ein stor parkeringsplass midt i eit viktigt villreintrekk. Glitterheim har veg langt inn i Veodalen.
-
Er det nokon her som veit noko om skiføre rundt Trollstigen no etter at vegen har opna?
-
Nokon som veit kor langt inn Lordalen ein kan køyre no og korleis skiføret er innover?
-
Lengde mellom synlige fjelltopper
Gal Krokfot svarte på Arcticpeak sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ja ja... Sånn går det når eg synser vilt og uhemma... -
Lengde mellom synlige fjelltopper
Gal Krokfot svarte på Arcticpeak sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Vell, etter å ha tatt ein ny kikk på bilete heller eg meire mot Klenegga. Har ikkje sett Klenegga frå nord men har sett Gråhøa frå nord og synes det ser litt vel alpint ut til å stemme med den.