Gå til innhold
  • Bli medlem

Kjell Ola

Aktiv medlem
  • Innlegg

    11
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Kjell Ola

  1. Vi er to som lurar på å gå Styggedalsryggen i helga eller i fyrsten av veka. Vi har planar om å gå frå Gjertvasstind/Styggedalstind (vi må ikkje på Gjertvasstind da det er resten av ryggen som er målet) og vestover. Kva er det enklaste og raskaste? Å gå opp på Gjertvasstind for så å rappelere ned i skaret eller å gå opp Gjertvassbreen og rett opp i skaret? Håpar nokon har høve til å svare på dette.
  2. Dei to første sløyfene går i alle fall fint for dei har eg gått båe med hund. Ta med sokkar til hundane om dei blir såre på potane. Eg er litt meir usikker på den siste sløyfa, i alle fall på Trolltind (eller Sagtind som den vel heitte "før i tida"??). Det er mange år sidan eg var på Trolltind, men meiner det går fint frå nord. Skal du derimot gå opp eller ned rett sørover, trur eg det blir trøblete, sjølv for spretne fuglehundar (eg har samojed og den er nok langtfrå så spretten). Håpar andre kan koma med utfyllande kommentarar på dette. Ha i alle fall ein god tur når den tida kjem.
  3. Er det nokon som kjenner til om vegen frå Hjerkinn og innover til/mot Snøheim er open for bilferdsel? Har tenkt meg ein tur innover i helga, men bikkja er pt. litt for dårleg form til å løpe saman med syklistar innover (dessutan kan det fort bli veldig varmt for ein samojed som framleis har vinterpelsen inntakt). Takknemleg for attendemelding på dette.
  4. Kan berre hengje meg på der. Eg har ikkje vore i Visdalen ennå i år, men det er rapportert om fine forhold. Motbakkeløpet "Galdhøpiggen opp" er på laurdag så det vil nok gje litt meir aktivitet i området, men neppe så mykje at det har noko som helst slagt betydning for opplevinga. Og vi er jo glade for alle som er i fjellet; bra for folkehelsa. God tur!!
  5. Eg var innover der i går og vegen var nokså grei å kjøre. Men det er ikkje vegen for lågprofildekk og/eller låg sportsbilliknande kjørety. Bommen var stengt så vi måtte parkere før den og der var det ikkje mykje plass. Så på finversdagar er det nok ein føremon å vera LITT tidleg ute-kanskje.
  6. Har sjølv hatt med hund på Glittertind fleire gonger og det er ein ypperleg tur med hund. Det viktigaste er nok å ha den i band på toppen slik at den ikkje spring utfor skavlen. Elles er det vanlegvis fint å gå ned at slik at du kjem ned midt på Steinbuvatnet, men det er avhengig av det er sjog (snø) nedover der. Ryggjehø er eller ikkje noko problem med hund. Dessutan kan det bli fin trening for hunden om døkk syklar innover til Glitterheim.
  7. Takk skal du ha. Det gjekk bra og heldigvis vart det ikkje noko regn. Hunden vart litt sør på potene (og litt hissig på sau), men elles ein fin tur med hund.
  8. Vi lurar på å gå denne runda i morgon 12.07. Men vi har ein hund og er litt usikre på korleis det er med hund over ryggen. Bikkja, ein samojed, har vore på mange fjell- og toppturar, ma. Kyrkja (må ha hjelp ein stad der), Visbretind (går greitt), Saksa (går greitt), alle Tverrbotntindar, Storgrovhøe frå Leirdalen og mange fleire. Er det nokon som har noko meining om korleis bikkja da kan klare desse tre toppane i Rondane?
  9. Kjell Ola

    Koldedalen

    Sambuaren og eg har tidleg ferie i år og har planar om ein tur på Falketind/Stølsnostind. Men vi har ikkje lyst til å gå heile Koldedalen. Er det nokon som kjenner til statusen på vegen innover; når det er mogleg å ta bil (evt. sykkel utan altfor mykje snøfonner) innover? På førehand takk om nokon kan hjelpe oss med dette.
  10. Han var jo ofte på tur saman med Slingsby og andre, vel ofte som ein god nummer to (slik som eg). Men eg meiner han hadde ei fyrstebestigning i Jotunheimen åleine, men hugsar ikkje kva for topp det var. Kan nokon hjelpe meg?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.