Gå til innhold
  • Bli medlem

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 060
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Har erfaring med båe systema og syns Fischer sitt system er å foretrekke med god margin. Har aldri opplevd at Fischer sine feller faller av og dei har langt betre gli.
  2. Til info: https://www.facebook.com/groups/584479315046588/ (skroll litt nedover til siste innlegg...)
  3. For eit par veker sidan kom eg tilfeldigvis over ei bok av ein forfatter eg ikkje hadde høyrt om før. Da boka delvis kom inn under min interesse sfære og i tillegg var signert forfatteren skifta eit ubetydleg beløp hender og boka enda i bokhylla mi. Der har den stått å godgjort seg før eg no har fått litt kvalitetstid med den. Boka, Over den store bre av Carl Emil Petersen er overraskande bra og vel verdt både beløp og tid. Forfattaren skriv lett, humoristisk og lite sjølvhøgtidleg om førebuing og gjennomføring av den fyrste solo Grønland på tvers kryssinga. Og i motsetnad til forrige bokanbefalinga mi er denne boka relativt grei skuring å få tak i.
  4. Kan ikkje sjå at nokon har reklamert for John Fylling's Tafjordfjella fra fjord til verdens tak. Fin og lærerik bok om Tafjordfjella. Dog kanskje noko usympatisk å reklamere for ei bok som knapt nok er å oppdrive lengre...?
  5. Hamsund dilemmaet. Går det an å skille ein forfatter frå forfatterskapet? Eller meir enkelt spurt, kan ein ond/dum person prestere noko bra?
  6. Bra bok, men noko tvilsom ideologi i den.
  7. Eg er sjeldan nokon god fasit på kva som er "innafor" og ikkje. Grenser synast best når den gemene hopen står att på andre sida...
  8. Er det "innafor" å leggje ut eit lite ljosbilete/musikk show?
  9. Ok, sorry. Da blanda eg deg med nokon anna..
  10. Ok, eg har ikkje gjort det... enda. Eg berre moraliserer over kva andre bør gjera. Men over til noko heilt anna, er du den eg trur? Spurt på ein anna måte, spiste vi middag på Beitostølen sundagen?
  11. Da Morten Helgesen allereie er i gang med å redigere ny utgåve er nok det sparket bortkasta energi, men ved å forhandsbestille frå forlaget: www.glittertindforlag.no gje du Helgesen ei god gulrot som visar at det ikkje er bortkasta energi for han å gje ut ei ny utgåve.
  12. Har eg forstått det rett har Glittertind forlag allereie fått nok forhandsbestillinger til at det kjem ei ny utgåva (men dei tek sikkert gjerne fleire forhandsbestillingar). Om du ikkje har tid til å vente på det: https://www.finn.no/bap/webstore/ad.html?finnkode=106634078 Morten og Julia Helgesen - Jotunheimen. Galdhøpiggen og Glittertinden (2008) Bok med vareomslag. 352 sider. Rikt illustrert. (650 kr) http://glittertindforlag.no/
  13. Du siktar vel til den 2008 episoda da nokre avisredaksjonar fekk noko meir informasjon enn dei skulle ha. Heile åtte cd'ar var det "store" antalet ditt og det er ti år sidan. Hendinga skapte store overskrifter den gongen og var truleg resultat av ein menneskeleg feil. Det har vært uheldige episodar seinare også, men at den type lekkasjer skjer heile tida er ikkje ei beskrivning eg syns passar heilt. Det er eit stort system og folk er folk. Feil vil skje iblant. I det store og heile syns eg du overdramatiserer alt for mykje det du måtte ha av sak og dermed vert du i mine auger ein mindre påliteleg meiningsbærer.
  14. Kontakt det lokale politikammeret på staden tidlegare våpeneigar har/hadde bu. Dei har ofte oversikt, men hagla kan også være uregistrert. Isåfall er du plikta å registrer eller avhende den.
  15. Mange som har dårleg erfaring med kvaliteten på Ingstad, underteiknede inkludert. Har opplevd brudd tre gonger, erfaringsmessig held Ingstadskia omlag halvannen sesong. Kvar gong vart det sverga dyrt å heilagt at dei hadde rydda opp i kvalitetsproblema, men... Siste gongen stola eg ikkje på dei lengre og gjekk over til Fischer.
  16. Avhengig av korleis det er lagt att er vel ikkje litt granbar det største problemet i naturen?
  17. Gal Krokfot

    DNT

    Mange av dei mindre sjølvbetjente hyttane har aldri vært og vil aldri bli nokon overskotsbedrift. Difor er dei store flaggskipshyttane (Rondvassbu, Gjendebu, Finse og liknande) med å finansierar dei mindre. Prisen på overnatting syns eg er ok. Det eg savner er eit billigare middagsalternativ a'la lasagn, gryterett og liknande. Alt med mat skal være så fancy i dag. Enkle, solide middagsretter er ikkje så gjevt. Mange ting å kritisere DNT for (i siste utgåve av Fjell og Vidde går DNT høgt på bana mot vasskraft. DNT's behandling av rein er ikkje like mykje diskutert), men eg syns trådstarter bommer litt her.
  18. Gal Krokfot

    Jakt uten kort

    Forsåvidt heilt greitt for min del. For nokre av oss som er litt glad i rype og rypejakt er tjuvjakt ein faktor som gjer forvaltninga vanskelegare. Og dårleg forvaltning er ikkje det rypa treng no når bestanden kanskje ser ut til å være på veg oppatt etter fleire tunge år.
  19. Gal Krokfot

    Jakt uten kort

    Tjuvjakt er tjuvjakt uansett om du har betalt jegeravgift eller ikkje. Straffa er (som andre her allereie har kommentert) bøter, inndragning av våpen og tap av jaktrett. Hard og velfortjent straff.
  20. Det verste som kan skje om du forsøkar å klage er at du får nei. Vær audmjuk, høfleg og korrekt i klaga og ta det som ein mann om du får nei. Mange butikkar strekkar seg langt for kundane, lengre enn lova pålegg dei.
  21. At enkelte kan være så dumme kan være, men tvilar på at det er noko merkbart antal som gidd å fordele søppla si over i 100 til 200 grams porsjoner for så å ta det med ut i skogen for å kaste det. Og når folk er ute i skogen er det vel også det dei fleste gjer. Problemet er utfartsporter (som for eksempel Hammeren og Skar, sidan Maridalen allereie er nevnt lengre oppe i tråden) der fleire hundre passerar på dei rette dagane. Skulle alle vippa dritten ut i grøfta på dei stadane ville det nok ikkje vært så triveleg å gå tur der etter nokre dagar...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.