Gå til innhold
  • Bli medlem

Tessatroll

Moderator
  • Innlegg

    3 671
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    69

Innlegg skrevet av Tessatroll

  1. Dagens digresjon, sidan tråden eigentleg har utspelt si rolle akkurat for Sulafjellet.

    Frå ordbokji 😅

    nikkersadel substantiv

    BETYDNING OG BRUK

    overført, spøkefullt (økonomisk bedrestilte) (by)mennesker som driver med tradisjonell turgåing og som regel bruker tradisjonelt turutstyr (bl.a. nikkers). 

    Lurer på om denne er litt utdatert og i dag kan endrast til:

    Økonomisk bedrestilte mennesker som ser ut som dei går på tur, mellom anna gjennom å ta på overprisa nikkers 😆

    (Må dog legge til at nikkers eigentleg er eit praktisk plagg, og det er rein forfengelegheit som gjer at eg ikkje brukar det 😳). 

    • Liker 1
  2. tshansen skrev (18 timer siden):

    For det er mye klovner der ute som er verdensmestere på natur og miljø i kommentarfeltene på nettet, men har 2 tesla på tunet, stort hus, hytte på Geilo og flyr 2 - 3 ganger i året på ferie til et eller annet sydhavs paradis (ja satt veldig på spissen) 

    Eg kjenner langt fleire som er rågod på natur og miljø som du kallar det, og som lever deretter, enn som ikkje gjer det. Og eg kjenner få/ingen som lev slik som du skildrar. Kanskje er eg heldig med miljøet mitt. 

    • Liker 4
    • Hehe 1
  3. tshansen skrev (På 23.6.2025 den 11.46):

    Der mener jeg at en Gondol med det begrensa inngrepet det har gir større verdi i å få flere folk ut i naturen, komme seg opp på fjelltopper og fjell som er mindre sårbar enn nasjonalparker og allerede hardt belasta områder. 

    Begrensa inngrep? Har du lest det samordna motsegnsbrevet frå statlege og regionale mynde? Har du sett deg inn i anlegget? Det er ingenting som er begrensa med det i mine auger. 

    • Liker 2
  4. Det går 17. mai skitog frå Juvasshytta til Galdhøpiggen. 

    Eg veit at Spiterstulen stengde tidleg i år grunna snømangel i dalføret. Var opp til Juvass for eit par dagar sidan, heile piggmasivet er snødekt. Sjølv om snøgrensa går høgt, så blir det meir trugetur enn fottur. Skal kanskje ein tur opp i helga. Kan då prøve å anslå betre kvar snøgrensa går langs den ruta du ynskjer gå.

  5. Superfjell skrev (2 timer siden):

    Hei. 
    Er på utkikk etter en jakke som holder i all slags vær og har sett på Arc’teryx Alpha SV. Prøvde å søke litt rundt, og utrolig nok er det mest spørsmål og svar i forhold til mannemodellen på YouTube osv. Skulle ønske det var flere videoer osv om turbekledning osv til dame også. 
     

    Uansett, derfor lurer jeg på hvilken erfaring kvinner har med denne modellen fra Arc’teryx? 😊 Er den stor eller liten i størrelsen? Går dere for deres vanlige størrelse? Burde man gå opp en størrelse? Er ca. 163 og veier rundt 50-55 kg. Bruker for det meste small, men liker å ha litt plass til mellomlag. 

    Mi erfaring er at Arcteryx har normale storleikar. Alpha SV har plass til litt lag.  

  6. Guggen skrev (22 timer siden):

    Hei

    Interessant tråd, kan melde om blå tær :-)

    Fikk meg lave Ultra raptor (ikke goretex) i str 46 i fjor, de er ifølge oversikter 29,7 cm. Mine føtter er 29,1 og 28,7 cm. Tur i jotunheimen med tung sekk og noen store topper opp og ned ga meg blå mellomtå på begge føtter, selv om de var gode å gå i der og da. Tok en hel sommer og høst før nye negler vokste ut, og så ikke pent ut - men ingen stor smerte. Aldri opplevd det før, men har stort sett gått med lette sekker og terrengløpesko (saucony peregrine, hoka speedgoat).

    Hvor mye burde jeg gått opp i str her? Str 46,5 som er 30,0cm eller 47 som er 30,3cm? Eller vil det "gå seg til" i år om jeg bruker de igjen på årets tur?

    Eller er det høye med ankelstøtte som er tingen; kan se for meg at tærne ikke får like mye juling når fot og ankel sitter mer "støpt"? Det er kanskje det som må til når sekken blir >15 kg

     

    Mi erfaring er at til slik bruk skal du ha meir plass enn du trur. Lange dagar gir hovne føter og tung sekk gjer at føtene "sig" utover. 

    I tillegg er det lurt å snøre skoa ved å bruke kameløyrer slik at ein held fotne på plass, men det veit du sikkert frå før. 

    • Liker 1
  7. ost skrev (5 minutter siden):

    @sneakyowl hvor kjøper du Altra? Og vet du om de er like i størrelse uavhengig av modell? 

    Ikkje meg du spør men eg svarar på mine erfaringar. Eg har lone peak og olympus i same storleik. Mogleg olympus er ørlite granne lenger, men forskjellen er ikkje større enn at eg altså kan ha same storleik. 

    • Liker 2
  8. Superfjell skrev (10 timer siden):

    Takk for svar. Det har du nok rett i. Hvis du har 40 i de og er 5 mm mindre i foten enn meg, vurderer jeg nesten å gå for 40,5. Har lest og hørt at man burde ha 1-1,5 cm å gå på, men det bare virket så stort. Er du fornøyd med de forresten? 😊

    Ja eg likar dei godt, til sitt bruk. Lette og gode og gir adekvat beskyttelse i rufsete terreng. 

    Eg ville eigentleg hatt 39. 5, men har mellom anna ein spesialsole som tek ein del plass nedi, og ei tå som må ha godt med rom. Eg trur at 40 bør høve deg, med mindre du skal bere veldig tung sekk med dei. 

    • Liker 1
  9. Kva som er stivt nok og held er så veldig individuelt. For meg ville vanlege litt stive fjellstøvler holdt lenge til detta, og eg hadde nok brukt det eg hadde frå før. Om dei er litt mjuke, så har Kayland etter mi erfaring ofte litt meir stivheit i sine lærstøvlar, samt breiare lest. Ein modell er Kayland Globo. Eg er nøgd med den. Elles ser Aku Superalp fine ut. 

    • Liker 1
  10. Luesveis skrev (På 8.4.2025 den 22.56):

    Mange her anbefaler La Sportiva ultra raptor.   Det er gode sko, men sålene blir for myke for meg - etter noen timer med gåing på røtter og stein blir jeg øm under føttene.

    ...og eg kunne bruke dei over fleire dagar med sekk. Ikkje heilt enkelt dette, når folk sine føter er så ulike 😅

    Eg digga raptor, og sleit ut fleire par, før eg diverre fekk problem med nokre tær, og måtte over på sko med barfotfasong. No går det mykje i Topo og Altra når eg skal ha lette sko. Kan også bruke La Sportiva Tx5 som nevnt over her, om eg kjøper dei eit nummer for store. Fleire av desse, samt raptor får du i skinn, som vil vere meir motstandsdyktig mot slitasje. 5-10 år er dog noko optimistisk for slike sko, etter mitt syn. Då trur eg du må over på stivare og meir solide anmarsjsko, ala til dømes desse eller La Sportiva boulder.

  11. Omnilite skrev (57 minutter siden):

    Skred handler like mye om psykologi som om kunnskap om terreng og snø. I en gruppe på tur, er det ikke sikkert alle deltakerne har samme forhold til risiko. De som går på de heftigste turene, går som regel sammen med noen de kjenner godt turmessig, for at det ikke skal oppstå situasjoner hvor man ikke er enig om risikoen, og dermed ender opp med å gjøre dårlige valg. 

    Samd. Vi har etterkvart tileigna oss mykje kunnskap. Ja det er fleire folk i fjellet. Men det er også fleire folk som tileignar seg informasjon og kunnskap. 

    Eg tenkjer at risikoaksept og forventningsavklaring  er eit underkommunisert tema når ein snakkar tryggleik på tur. Tek ein kurs eller utdanning som naturveileder, guide, tindeveileder osv. så stiftar ein ofte kjennskap til begrepet ferdaråd. Å halde ferdaråd er etter mitt syn eit av dei mindre brukte, men kanskje viktigaste tiltaka ein kan gjere for tryggleik for ei gruppe på tur. 

    Elles så er det også mitt syn at så lenge det er mennesker og vurderingar involvert, så må ein kanskje berre akseptere at det innimellom skjer ulykker. Me er ikkje maskinar,og det er heller ikkje nødvendigvis ynskjeleg med utprega regelbasert tenking, som fjernar eller svekkar evne/rom for å samanstille informasjon og gjere vurderingar ut frå heile biletet. 

  12. Heriks skrev (3 timer siden):

    Er vel et sånt tilfelle hvor teorien er mye enklere enn praksisen, og det er ikke sikkert du har tida på din side i og med at hunden allerede er 9 år. Men jeg tenker at her kan du bruke samme fremgangsmåte som når man trener bikkja til å ikke spinne stua rundt og sprette i sofaen når det ringer på døra. Det er mange små steg som til sammen ender i den adferden man ønsker seg. Først må man ha kontakt, så kontakt-trening (typ: "se på meg" bra - godbit), deretter introdusere et teppe, sitte/liggeunderlag etc. som er hunden sitt (må nødvendigvis være noe som er enkelt å ta med på tur). Så skal man lære hunden å finne teppet, legge seg, og bli på underlaget sitt uavhengig av hva som skjer (finn plassen din - bli) kanskje av og til noen hyggelige ting som skjer hvis man blir på teppet sitt f.eks griseøre og så kan man introdusere fiskestang - ta på fiskestanga, hunden skal fortsatt ligge på teppet sitt, veive med fiskestanga, fortsatt på teppet, kaste ut --> bli på teppet (først i stua, så på plenen, så ved vannet etc.). Det er MASSE jobb, særlig når man skal avlære en adferd, og mange ganger et skritt frem og to tilbake ... men det lar seg gjøre. 

     

    Pluss en til dette innleget. 

    Å skulle ha bikkja til å vere roleg når du fiskar er eigentleg ei åtferd som er samansett av fleire ferdigheiter. 

    Å bryte det ned slik som @heriks seier er nok ein god strategi, dog arbeidskrevjande som pokker. 

    • Liker 1
  13. Sig Man skrev (3 timer siden):

    Nå er jeg en stor gutt som snørekjører med to grønlandshunder, så da tenker jeg at det er normalt at belastningen er større.

    Samd. Det er ingen tvil om at kreftene som er sett i sving med bikkjer og nordisk slede eller snørekjøring på variert fjellføre er noko heilt anna enn det som vert sett i sving av ein vanleg skiløpar. Det er likevel krefter eg meinar ein kan forvente at både ski og binding skal tole. 

    Sjølv eg som er ein del mindre enn @Sig Man ser at belastninga på skia eg brukar med robuste trekkhundar er vesentleg større enn på skia eg brukar utan. Dei vert også raskare slitt og uttråkka for spenn. 

     

     

    • Liker 1
  14. Bokhylla skrev (På 1.4.2025 den 10.40):

    Og er et stivt drag «verdt» prisen, eller funker det stort sett med taudrag?

    Dette er så individuelt korleis ein opplever. Eg har slitt ut nokre Parisbrett, med taudrag. Eg har ferdast i alt av terreng og forhold med det. Eg har hatt moglegheit for å ha på fastdrag for dei turane det skulle vere ynskjeleg. Noko det sjeldan/aldri har vore. 

    Eg kjøpte også etterkvart ein glasfiberpulk (Acapulka Scandic Tour 150). Kva tid eg synes det funkar med taudrag og ikkje, ser eg er veldig ulikt for desse to, noko som hovudsakleg skuldast meiane/kor retningstru dei er. Acapulkaen med taudrag har lettare for å velte under nokre tilhøve, fordi den har veldig retningsgjevande meiar. 

    Så, mitt val av drag heng saman med ikkje berre terreng, men terreng, føre og type pulk vurdert saman. 

    Men, i høve Parisbrett, er mi erfaring at det stort sett funkar gull med taudrag og er meir fleksibelt enn å ferdast med stive drag.

    • Liker 1
  15. Hiv meg på denne tråden, då eg er  uroa over kva eg skal gjere når mitt tredje og siste par Bolé travers går tapt.

    Eg har desperat leita etter erstatning i fleire år, men finn ikkje noko som funkar.

    Oakley sine synes eg ikkje vert mørke nok for bre/vårski. Cebe høver meg dårleg, det samme med dei mest aktuelle modellane til Julbo. 

    Bolé har nokre nye modellar som ser fine ut, men håplaust å ikkje få prøvd. 

    Førebels er Smith Embark den heitaste kandidaten den dagen mine kjære travers ryk. (At ein i det heile teke slutta å produsere denne fantastiske klassikaren er forbi mi fatteevne). 

    Tips til mindre kjende men gode kandidatar mottas med takk (fotokromatiske til kat. 4 eller rein kat. 4 er båe aktuelt). 

     

  16. ingen87 skrev (16 timer siden):

    Bah.. Når jeg skulle sette inn pulken etter turen, oppdaget jeg at det hadde blitt noen stygge merker i baugen. Jeg ser at det har kommet  etter gnissing fra draget.

    På min barnepulk brukte jeg å ta draget over pulken når jeg "parkerte". Dette gjorde "ekvipasjen" kortere og mer håndterlig i leir. Jeg gjorde det samme i natt, og ser at draget har laget stygge merket / gnagd seg gjennom ytterste lag på pulken. 

    Surt!

    20250323_212815.thumb.jpg.4a54e97163e7a3cce7821e57ba0db9b2.jpg

    20250323_212826.thumb.jpg.c691f4db0f9a8d61602ce2ece3dbd3e5.jpg

    Detta meinar eg faktisk at ikkje er godt nok. Yste laget på skroget bør definitivt tole sopass. For meg hadde detta vore ein no-go i forhold til å stole på doningen til dømes på ein langtur. 

    Vonar du får godt svar frå FP. Må ha vore ei svakheit i skroget der. 

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.