-
Innlegg
3 704 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
74
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Alt skrevet av Tessatroll
-
Er jeg dum som velger å gå en tur på 8 dager med minimal erfaring
Tessatroll svarte på henrikhoe sitt emne i Fjellvandring
Gjekk denne saman med eit skokk kids for det som tek til å bli ein del år sidan. Fin tur. Den fiksar du fint -
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Vindkraft har vore regulert annleis enn anna arealforvaltning der plan- og bygningslova er det overbyggande lovverket. Men detta trur eg er i endring, utan at eg er heilt oppdatert på kvar i prosessen ein står. -
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Her kviler det så mange føresetnader eg ikkje er samd i at faktisk eksisterar, at eg må svare når eg er på ein PC 😅😂 -
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Fylkeskommunen stiller seg ikkje positive, det er godt. Statsforvaltaren har også sagt nei. No går vel saka inn til dept. Og det gjer meg noko uroleg..- 62 svar
-
- 2
-
-
Kjøper eigentleg vanlege "ikkje-avanserte" halsband frå Troll, ManMat eller Dragråttan. Skal du ha med bikkja mykje på vintertur er det fint med stor, vottevenleg ring. Ofte heiter modellar med slik ring noko med "polar" eller "vinter". Så har vi liggande til henting nokre fine som var kjøpte på Svalbard (såg dei når vi var der, angra på at vi ikkje kjøpte, fekk venninde til å handle og sende). Desse er også av god kvalitet, men unødvendig dyre og mest fordi vi synes dei var så himla fine 😂😂😂 #fintskaldetværepåtrekkhunden
- 28 svar
-
- 2
-
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Eg og du vert nok ikkje samde, og det er greit Loen er eit skrekkdøme som gir meg mareritt om natta. Eg skjønar heller ikkje behovet for å stadig skape dårlege blåkopiar. Elles hjelp det lite med gode lokalmiljø utan inntakt natur (og det er vanskeleg å få godt lokalmiljø med så store tiltak tredd nedover øra).- 62 svar
-
- 1
-
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Det gjenstår å sjå korleis regionale mynder og evt etterkvart sentrale stiller seg til dette. Me kryssar fingrane. -
Fremtidens fjellturer? "Reiselivsprodukt"
Tessatroll svarte på Kjell Iver sitt emne i Samfunnsdebatt
Kjem an på kva delar av tilrettelegging ein snakkar om då. TS nevner fleire variantar. Har store problem med å skjøne korleis gondolar og sherpatråpper skal betre folkehelsa. Visuell forsøpling, støy og vonde knær derimot. .. Edit; gløym min kommentar. Eg trudde eg var i ein annan tråd. Sorry! Forum og telefon er ikkje alltid heilt godt.- 18 svar
-
- 1
-
-
Nok ein gondol? - på Sulafjellet denne gong
Tessatroll svarte på Tessatroll sitt emne i Samfunnsdebatt
Er heilt samd i det med handelsboikott, noko eg også skreiv i mitt opprinnelege innlegg. Men, så er det detta prinsippet og det å ta eit aktivt standpunkt. Og det faktum at å handle Devold vil kome med ein emmen smak i munnen for min del. Og det at eg er lei av at ei gruppe så til de grader skal dominere reiselivet i ein region (ikkje minst at dei flyg helikopter over hovudet på ein når ein er i fjellet.. 62° nord) At det verkeleg store slaget står ein annan stad enn ved handlekassa er dog heilt klart! Og heldigvis vert kampen teke. Det er berre å krysse fingre for at regionale mynder sett ein stopp, og at dei igjen ikkje vert overkjørte frå sentralt hald, om det skulle gå så langt.- 62 svar
-
- 2
-
-
Foto nedanfor er frå 2016, og ein særdeles fin nærtur på Sulafjellet saman med gode venner. Ein nærtur som kjennes ut som ein "fjerntur", med ei flat "vidde" på toppen, og utsikt mot både ope hav, fjord, spisse tindar og mjukare kystfjell. Eit fjell som er mykje brukt til rekreasjon, av folk i alle aldrar og "kategoriar". I går stemte Sula kommunestyre ja til å bygge ut gondol på Sulafjellet. Om dette ikkje blir stogga høgare opp i systemet, så skal det sprengast fjell og byggast installasjonar. Initativet kjem i kjent stil frå Flakk gruppen, som vitterligen har nok peng frå før. Viktige omsyn til natur og folkehelse skal ein altså sette over styr for at nokre ytterst få mennesker skal tene seg nokre fleire blanke kroner. I tillegg er det ikkje eingong remotely originalt i høve reiseliv. Altså, kor mange sherpatråpper, via ferrata "anlegg", zip lines og gondolar treng ein eigentleg? Vil ein ha naturoppleving i naturen, eller sirkus? Det blir i alle fall ikkje meir Devoldull på meg om det skal farast slik åt med mine etterkomarar sin arv.
- 62 svar
-
- 7
-
-
-
Nortent LY - Nytenking innen tunneltelt?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
Keron utan GT har vel også samme kvalitetane, men er vel ein del tyngre. -
Nortent LY - Nytenking innen tunneltelt?
Tessatroll svarte på Marius Engelsen sitt emne i Telt og lavvo
Ser ut som eit fint telt, men Hilleberg Kaitum har vel mange av dei samme kvalitetane trur eg? Edit; ser at Ly skil seg frå Kaitum med å ha like lange stenger. -
Ja eg har ikkje problemer med det poenget. Men eg ser heller ikkje den store krisa i at enkelte telt treng ei natt med trutning. Og eg ville, til mitt bruk, definitivt gått for eit kvalitetstelt som treng trutning framfor eit billig tapa. Fordi eg kjenner mine behov/min bruk. Og det mine behov som avgjer kva eg handlar. Og slik er det vel for alle, håper eg.
- 48 svar
-
- 1
-
-
Forsvarast? Eg har sjeldan behov for å forsvare mine val ved kjøp av utstyr til fritidsaktivitet. Men ok. Kjem an på kva du meinar med forsvare. Kva gjeld miljøsida finn eg det vanskeleg. I forhold til det som her er snakka om (teltfunksjonalitet) kjem det an på tiltenkt bruk. Ein kan få det meste til å funke. Kor lenge ein får det til og funke, og kor mykje vêr å juling det toler, heng often men ikkje alltid saman med pris. Ein stangknekk kan få større konsekvensar med dårleg duk til dømes.
- 48 svar
-
- 1
-
-
Då har vi veldig ulike oppfatningar om kva som er kritisk på tur. At det er vanskeleg/usjarmerande om alt vert gjennomvått ja, og potensielt kritisk under dei rette tilhøva. At teltet treng ei natt til trutning får eg ikkje til å bli kritisk. Det er ikkje slik at det bøttar vatn inn i teltet. Om ei teltstang ryk eller glidelåset ryk går også stort sett bra, men kan potensielt bli veldig kritisk om det vert eit himla vêr og evt. mykje hard snøfokk på vinteren. Men altså, stort sett så går det meste steike bra, både trutning, stangknekk og glidelås som ryk.
-
Eg har dyre telt eg på ingen måte behandlar med silkehanskar. Har hatt dei i mange år, og er framleis i bruk. Å adde til haugen av skrot med hensikt ser eg inga meining med, bil eller ei. Men, pris på telt er eit personleg val, kva ein har høve til og synes rimar. Ingen problem med å ha respekt for det. Elles tenker eg at dersom ein flyg i flint over fuktig sovepose og/eller telt, så får ein fly i flint ofte på tur? Kan ikkje seie anna en at for meg er problemet eit ikkje-problem.
-
Kva var det som ikkje passa? Eg kjøpte nyleg Topo Traverse, den høver meg godt, har god sole og ingen membran.
-
Dette er ikkje ein tråd om jegeren. Fint om me held oss roughly til tema for tråd. Elles oppmodar eg om at me også i trådar som synleggjer så til de grader ulike syn som ein tråd om alkohol, greier halde respekt for at me er ulike. Moderator
- 71 svar
-
- 1
-
-
Har hatt litt liknande opplevingar, og må innrømme at det gjer at eg vegrar meg for å fare på tur saman med enkelte, til tross for at dei er hyggelege. Fyll på tur, anten det er jakt, fiske eller "berre tur" er så uinteressant som det går an å få det.
- 71 svar
-
- 1
-
-
Tips til brenner med bred flamme for «huspanner»
Tessatroll svarte på oDDi sitt emne i Primus og kokesystem
Noko så skrekkeleg au kva med gass som gjekk med 🙉 Anar ikkje akkurat kor mykje som gjekk med per pannekake. Er så mange år sidan eg hugsar ikkje kor mykje gass som gjekk med i det heile. Akkurat det siste skal eg no ha i notatane mine ein stad, men dei ligg i ei flyttekasse med uviss lokalitet (loft, kjellar, garasje eller uthus 🤷🏼♀️🤣).- 15 svar
-
- 1
-
-
Tek sjeldan med slikt på tur (drikk generelt lite alkohol uansett kvar eg er), men på vintertur kan eg avogtil synes det er godt med ein solbærtoddy med ein skvett blankt i. På topptur om våren er ei toppils ikkje å forakte.
- 71 svar
-
- 1
-
-
Tips til brenner med bred flamme for «huspanner»
Tessatroll svarte på oDDi sitt emne i Primus og kokesystem
Har nytta både Gravity og Windpro til dette. Sette begge to "på test" på ein trevekers tur med eit fleirtal kids som ville ha pannekaker til frukost kvar dag 😅 Mi oppleving var at Gravity var marginalt betre til pannekakesteiking men nytta vesentleg meir gass enn Windpro. Har etter dette nytta Windpro, og også kjøpt den i gave til mora mi som trengde ny brennar.- 15 svar
-
- 1
-
-
Sjølvsagt, eg var litt kjapp på avtrekkeren der. Eg opplever så sjeldan å vere utan vatn at eg tenkte meir på kjapp oppvask utan å ha med noko ekstra berekna "berre" for oppvask. Feilkobling 😅 Men kor ofte opplever du å vere fullstendig utan tilgang til vatn? Sjølv eit halvmøkkete myrhøl har som regel ein skvett vatn å by på? Å sprute zalo på utan å kunne skylle skikkeleg ville eg ikkje gjort. Då ville eg heller tolt fettlaget. Det er nokre år sidan eg las det no, men meiner å hugse at zalo inneheld nokså mykje ekkel guff som ein slettes ikkje vil ha i seg...
-
Kok vatn i den skitne kjelen slik at skitt kokar laust, så dreg du over med dopapir.
- 45 svar
-
- 1
-
-
Førstehjelpsskrinet mitt varierer alt etter kva tur eg skal på, alt frå opp mot 1,5 kg med alt mogleg til berre ein rull med tape. Gode trådar på temaet; https://www.fjellforum.no/topic/38795-hva-har-du-i-førstehjelpsettet-ditt/?page=3#comment-411916 https://www.fjellforum.no/topic/45785-førstehjelp/
- 8 svar
-
- førstehjelp
- camping
-
(og 3 andre)
Merket med: