Kva som helst produkt kan bli testvinner. Einaste forutsetning er at det ikkje er betre produkt med i testen. Med tanke på kor mange heilt overflatiske testar som vert presentert i diverse media, er det absolutt ikkje noko ekstra med produkt som kallar seg testvinner.
Fejll og vidde presterte for nokre år sidan å kåre det desidert tyngste teltet i ein telttest til testvinnar, og det nest tyngste til "mest for pengene". Det einaste eg greide å vera enig etter å faktis ha lese testen, i tillegg til eigne erfaringa med ulike telttyper, var at "mest for pengene"-teltet var teltet med lågast kg-pris i testen. Begge desse telta har sjølvsagt vorte marknadsført som testvinnarar etterpå.
Eg har sjølv eit par ubrukte Vikafjell ståande i gangen. Det einaste inntrykket eg foreløpig har fått, er at skia er utruleg tunge i forhold til andre ski eg har. Eg håpar at det er eit teikn på styrke, men dette vil eg forhåpentlegvis ikkje få svar på før om 2 år.