Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Sist veke vart tilbringa i Jotunheimen, med fire dagar på vandring.

På veg mot Eidsbugarden vart siste regnbyga passert i Årdal, men om kvelden var

det perfekt for ein kveldstur til Skinnegge. Dei neste tre dagane var det mest sol,

med litt skodde på toppane om morningen. Søndag starta litt grå, men det skein opp

på ettermiddagen. Så då gjorde det ingen ting om regnet kom dagen etter, då skulle vi

berre tilbake til Eidsbugarden med Bitihorn. Og sjølv om det låg litt nysnø på Besshø

fredag og på Glittertind på lørdag, var det behageleg temperatur å gå i. Så meir

perfekt går det ikkje an å få det.

Og det er store kontrastar, frå dei slake toppane på sørsida av Bygdin, til irrgrøne Gjende

med utsikt til stortoppane i alle retningar. Med lange periodar utan å sjå andre, til litt meir

folksomt på Veslefjell.

post-517-133474478586_thumb.jpg

post-517-133474478593_thumb.jpg

post-517-1334744786_thumb.jpg

post-517-133474478607_thumb.jpg

post-517-133474478613_thumb.jpg

post-517-13347447862_thumb.jpg

post-517-133474478627_thumb.jpg

Annonse
Skrevet

Ja det blei ein skikkeleg fin tur.

Etterpå vart det nokre dagar på Beitostølen, med besøk på Bitihorn, med barn og barnebarn.

Tenkte eg skulle fått med Rasletind siste kvelden, men måtte prioritere familielivet.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.