Jump to content

Vinterpose


Guest Anonymous
 Share

Recommended Posts

Guest Anonymous

Skal kjøpe sovepose for det kalde halvår og står mellom disse tre:

Ajungilak Tyin winter

Ajungilak Tyin arctic

Ajungilak compack winter shelter

Jeg vil ha en som kan brukes hele vintersesongen +høst & vår.

Blir "winter" for kald, "arctic" for varm og hvor i all verden skal "winter shelter" plasseres oppi det hele?????

Anbefalinger og erfaringer mottas med takk.

Link to comment
Share on other sites

Har brukt Ajungilak Tyin Arctic dei siste 3 åra og er fornøgd. Den er varm og god! Har prøvd den ned i ca 28 minusgrader og det gjekk greit. Den har temperaturgrense på -34/-35 grader, og eg har hørt av andre at den blir litt kald ved den temperaturen. Ved slike temperaturer må ein imiddlertid ta ein del forholdsregler (godt liggeunderlag, bruke lue, ha varme klede på seg eller tilgjengeleg ++)

I andre enden av skalaen, opp til nokre få plussgrader, er posen meget god. Når det blir nokre plussgrader til, og kanskje litt fuktig, så synes eg posen blir varm og klam. Ikkje særleg god lufting pga den korte glidelåsen. Å ligge inne på "varm" hytte med den posen er ikkje noko særleg. Då hadde heil glidelås vore å foretrekka. Når det er kaldt er imiddlertid den korte glidelåsen med på å gi mindre varmetap, men det blir meir "stress" å legga seg oppi posen.

Glidelåsen har ein tendens til å bevega seg litt opp (det er ikkje borrelåsreim), men det er ikkje eit stort problem. Kjenner folk som har sydd på slik borrelåsreim for å unngå problemet. Stoffet er også litt glatt, det er ikkje "anti skli"-stoff (iallefall ikkje på den eg har).

Tyin Winter har vel ei temperaturgrense på 25 kuldegrader, så den er vel i mange tilfeller god nok. Den blir nok litt kaldare enn Tyin Arctic, men har ikkje prøvd den. Fordelen her er absolutt den heile glidelåsen når det ikkje er så kaldt.

Kompakt winter shelter har eit vannavvisende ytterstoff (som puster) og temperaturgrense på -20/-23. Eit yttertrekk (f.eks. Grevling) kan vel gjera samme nytte på andre soveposar. Eg har brukt slikt yttertrekk ein del, med godt resultat. Det danner seg imiddlertid nesten alltid kondens mellom yttertrekket og soveposen.

Oversikt over Ajungilak sine soveposar:

http://www.mammut.ch/ajungilak/images/produkte.pdf

Dunposar er forøvrig suverent varmast i forhold til vekta, men her kan fuktighet bli eit stort problem under ein del forhold.

No er det mange andre gode soveposar på markedet. Eg hadde nok vurdert nøye andre merker også viss eg skulle kjøpt ny pose idag. Det er mogleg andre produsenter har soveposar som egnar seg bedre for høst, vinter og vår enn det Ajungilak har. Sjekk for eksempel med Helsport, Isbjørn og Nanok.

Sjå også andre tråder under "Soveposer og liggeunderlag".

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Restore formatting

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy