
Interbond
Aktiv medlem-
Innlegg
216 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Interbond
-
Som så mange andre vurderer eg ryggsekk i om lag denne størrelsen, altså litt under dei aller største modellane. Eg finn ikkje denne omtalt her på forumet så eg lurer på om det er nokon som har denne eller har prøvd den.? Ser at den har fått bra kritikk i testar,men at dei meinte skulderreimene kunne vore bedre. Etter det eg trur så er reimene breie ,men kanskje litt tynne.
-
Sidan det er ein del spørsmål om soveposar så lurer eg på folks eigne erfaringar med bruk av ulike soveposar i forhold til EN ratingen..Har du ein pose med for eksempel LIM på -5 opplever du at dette stemmer for deg eller blir det for kaldt? Sjølvsagt vil dette variere frå person til person og kva ein har på seg, Difor lurer eg på ulike folks eigne erfaringar. Viss standarden er ein person i 20 åra i god form og ein viss mengde kle og underlag så vil eg trur at mange som ikkje er i denne gruppa kanskje vil oppleve LIM grensa som for kald om ein då ikkje er ein dreven soveposebrukar under ulike forhold.
-
Felling gjort av SNO med helikopter og hiuttak skal egentlig vere unntaksmetoden for å få felt rovdyr,men er no blitt det motsatte.Før i tida trengte ein ikkje grunneigars tillatelse for å jakte på dei store rovdyra.Denne retten har staten tatt vekk frå folket og lagt til grunneigarane. Faktisk er det berre få år sidan eg som lisensjeger kunne jakte jerv uten å spørre grunneigar om lov, eg trur dette vart endra for ca 10 år sidan. No er dette eit kraftig hinder for effektiv normal jakt på rovdyr.. Når sauebøndene då kjem med krav om at SNO må felle rovvilt med alle tenkelige middel uten at dei sjølv går inn for å gjere det lettare å jakte rovvilt uten grunneigars tillatelse så mister dei mykje av min sympati. Hadde jegerane fått bevege seg meir fritt så kunne me fått ei meir effektiv jakt og det,uten at det offentlige måte bruke masse av skattebetalarane sine penger på dette. I tillegg ville ein bli kvitt stressande helikopterjakt og hiuttak og fått meir human felling.. Dessverre er dette noko få folk veit om og det blir nesten aldri nemnt i diskusjonar.
-
Kanskje denne kan vera noko for deg http://www.campsaver.com/sb-35-800-fill-dridown-sleeping-bag under 200 dollar og 700gram temperaturgrense LIM 0 grader og den er vasstett i hode og fotende.Eller samme posen SB 20 med litt meir dun ned til -7 og vekt 920gram og kostar 40 dollar meir? Kelty er lite kjent i Norge ,men er kjent for å vera ok kvalitet til forholdsvis rimelige prisar. Dessverre er det no blitt restriksjonar på å sende mange merkenamn ut av USA,men Kelty har ikkje denne restriksjonen til Norge. Handlar du for minst 400 dollar er det fraktfritt, berre moms og fortollingsgebyr kjem i tillegg. No skal ein ikkje legge for mykje vekt på 1 anmeldelse ,men her er i allefall ein omtale http://treelinebackpacker.com/2014/04/23/kelty-sb-35-sleeping-bag-review/ Når eg tenker på det så kunne eg faktisk tenkt meg sjølv ein slik lett Kelty SB 35
-
At ein observasjon i seg sjølv ikkje fører til felling kan vel stemme,men du kan vere sikker på at melder ein om bjørn utafor kjerneområdet så kjem raskt kravet om felling uansett om den har tatt buskap eller ei.Det er faktisk ikkje så uvanlig å høyre krav om forebyggande felling før det er gjort skade.
-
Fjellbokken du kom med eit ufint retorisk grep når du seier at Svandal har bestemt på vegne av Norge når han seier at sauen ikkje høyrer heime i høgfjellet,. Kva du og Svandal meiner om sau i høgfjellet er ein ting, men å komme med ein slik usann påstand som du gjer her synes eg ikkje høyrer heime i ein saklig debatt. Me kan gjerne vere ueinig med Svandal,men han/ho sa berre SI meining og det må da vere lov i ein debatt. Svandal uttalte seg ikkje på vegne av Norge , slutt med slike uriktige påstander. Om vi har verdens strengaste kjøtkontroll veit eg ikkje,men eg vil berre minne om at i 2006 døydde det eit spedbarn av E.coli i norsk spekemat. Også salmonella er funnen i norskprodusert mat så heilt ufarlig er heller ikkje mat produsert i Norge. .
-
Eg nemnte i eit tidlegare innlegg at grunneigarar i Luster sa nei til scooterløyper over sin eigedom, her står det meir om dette http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article7289768.ece
- 1 234 svar
-
- 1
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
La nå politiet få etterforske desse sakene og la påtalemyndighet og eventuellt domstol gjere jobben sin før ein drar nokon konklusjonar.Gløym ikkje at ein er uskyldig inntil det motsatte er bevist .Kjem saken(e) opp for ein domstol så skal dommaren og domsmennene og eventuelt ein seinare jury dømme utifrå dei framlagte bevis i retten i forhold til norsk lov og ikkje etter rykter, avisoppslag, nettdebattar eller sitt politiske syn på ulvespørsmålet i Norge.
- 172 svar
-
- 3
-
-
Ein anna ting å tenke på er viss den ulovlig køyringa tiltar og politiet set inn meir krefter for å stoppe dette, dei har forresten meir enn nok å stoppe dette i dag, kva kjem til å skje da? Jau da får ein kritikken "Har ikkje politiet noko viktigare å bruke ressursane på?" Den replikken har eg høyrt før og den kjem garantert til å bli høyrt endå oftare om politiet aukar kontrollane. Derfor har eg etterlyst kva skal ein gjere om det blir meir ulovleg scootertrafikk, eller skal vi berre gi blaffen fordi det er "feil" bruk av offentlege ressursar å stoppe dette?
- 1 234 svar
-
- 1
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
I papirutgåva av Sogn Avis stod det i dag om ein del grunneigarar som nekter bruk av sitt terreng til snøscooterløype i Luster kommune. Har ikkje artikkelen her så eg kan ikkje sei meir for øyeblikket,utanom at det ikkje virka heilt som kommunen hadde venta slik motstand.
- 1 234 svar
-
- 3
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Sidan kommunane veit dette best sjølv og skal avgjere dette sjølv, kan ein da forvente at kommunane sjølve betalar og held oppsyn for å forhindre og stoppe ulovlig scooterkøyring? Eller skal det å tillate meir scooterkøyring og dei eventuelle problema som måtte oppstå vere ein rett kommuane skal ha til påføre storsamfunnet auka kostnader? Er det logisk at viss auka scooterkøyring fører med seg auka inntekter i ein kommune så skal ikkje kommunen og ta utgiftene sidan det er kommunane sjølv som styrer regelverket? Eg berre spør,
- 1 234 svar
-
- 2
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Polardego kva er ditt forslag til å stoppe "tylekøyring" med snøscooter?
- 1 234 svar
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Er det muligheit for at slik ein kan ha trekt så langt sør som heilt ned til Målselv eventuellt ha komme austfrå via Finland og Sverige http://www.nrk.no/nordnytt/villhundstamme-pasvikdalen-1.11543366
-
Nordhauk er det ikkje lov å mislike eit program uten at folk kjem dragande med hentydningar om at ein likar slike dritprogram som du foreslår her? Jenter er bra, jakt er bra,men kombinasjonen jenter og jakt i eit TV program gir ingen garanti for at alle likar det. Folk må da for svarte ha lov til å misilke eit TV program uten å bli sett på som idiot av den grunn. Smaken er som baken den er delt: Lik det eller ei,men sånn er det.
- 144 svar
-
- 2
-
-
Finnmarks _odel sjelden har eg sett så syltynn agumentasjon som du kjem med her. Søk på ordet miljøkriminalitet, men du insisterer kanskje på å lage di eiga forståing av forskjellige ord og uttrykk? Alt som er negativt for miljøet er ikkje nødvendigvis kriminellt, altså i strid med lovverket. Då er det per definisjon ikkje miljøkriminalitet. Er det så vanskeleg å forstå?
- 1 234 svar
-
- 1
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Det er nok riktig at dei vanlegaste sauerasane er avla pga av kjøt og at dei som er best egna til å klare seg ute berre i liten grad blir avla på pga at dei gir mindre kjøt. Det er ikkje uvanleg at sau som kjem på ryggen av ein eller anna grunn kan bli liggande der til den døyr, ja så vanhjelpen er den moderne norske sauen. Dette har eg faktisk sjølv sett fleire gonger, og har vore med å fått sau på beina igjen. Har dei lege lenge nok slik så er dei kanskje så medtatt at dei ikkje klarer seg sjølv om dei blir snudd. Som oftast skjer dette i utmark. Alvedl er og ein kjent sjukdom som dei trur kjem av romeplanten.Er ein uheldig nok så kan ein dessverre miste mange dyr. Heldigvis er det ikkje så ofte at det skjer,men for dei som blir råka er det tragisk. Andre dødsårsaker kan vera at dei går seg fast i gjerdingar, inkludert nedfalne gjerdingar som burde vore rydda vekk. At sau set seg fast i gjerding på innmarksbeite er slett ikkje uvanleg og krev at bonden fører nøye tilsyn. For kvar sau/lam som døyr på denne måten er det mange fleire som set seg fast og blir redda. Eg redda sjølv eit lam som sat fast i ein gjerding på utmarksbeite heilt ned mot ei elv som var i ferd med å stige oiver sine breddar.Hadde eg ikkje kome så hadde lammet garantert drukna, Det var forresten hunden min som oppdaga det.Dessverre var det ikkje takk å få då eg meldte ifrå til eigaren. Ja ein del sau dett og på elva,spesiellt på forsommaren då elvene er flomstore. For mange bønder er dette eit årleg problem. Det er heller ikkje så enkelt at dei som ikkje har dei store rovdyra i nærleiken har 0 eller veldig lite tap kvart år. Er ein uheldig så kan ein faktisk miste ein del pga dei årsakene eg har nemnt ovanfor. Difor er det om å gjere å føre tilsyn også i rovdyrfattige områder. I tillegg tar reven ein del lam. Ein må heller ikkje gløyme dei sauene som eigaren ikkje klarer å hente ned i tide før snøen kjem. Eg kjenner fleire tilfeller der bønder har fått påpakning av mattilsynet fordi dei har gjort for lite for å få ned sauene.I heldige tilfeller klarer sauene å overvintre, i andre der eigaren ikkje får dei ned så frys eller svelt sauene i hjel. Dessverre så skjer det omatt og omatt med einkelte saueeigarar som kanskje har dårleg med innmarksbeite og ventar i det lengste med å få ned sauene. Det burde ikkje vera nødvendig at einkelte ikkje klarer å få ned siste sauene før langt uti desember nesten kvart år. Dette er berre ein del av dei andre dødsårsakene for sau utanom dei store rovdyra.
- 172 svar
-
- 1
-
-
Du får kjøpt alpakkasokkar som visstnok skal vera mykje varmare enn vanlege ullsokkar.Fjellsport har slike til salgs.Dei er som ein raggsokk,men ikkje av den aller tjukkaste typen.
- 10 svar
-
- 2
-
-
Ullgenser e.l. til å ha mellom undertøy og vindjakke
Interbond svarte på Blackbrrd sitt emne i Bekledning
Eg ser at du Tiur3 er tilhengar av syntetisk. Til det kan eg sei at eg har varierande erfaring med syntet. Eg har mange gonger brukt syntetisk undertøy ved turgåing/trening og endar opp med kliss vått syntetundertøy og ein kald meg. Dette er kvalitets syntetundertøy av merket Craft. Brukar eg derimot Brynje sin supertermo syntet nettingundertøy så virkar dette bedre fordi luftlommene gjer at det varmar ein del. Sjølv om eg brukar eit mellomlag mellom syntet og jakka så blir eg blaut og kald . Med ull blir eg og blaut,men der held eg varmen bedre. Mange eg har snakka med har samme erfaringen, av syntet er det nettingundertøyet som er best egna når det er kaldt. I varmt vær betyr dette mindre, men blautt blir likevel syntetundertøyet mitt. Verst av alt er om eg har syntet bokser, da er det nesten som ein skulle ha pissa i buksa, våt blir ein med ullbokser og,men som sagt den varmar likevel ein del. Ein fordel med syntet er at det tørkar fort,men også tynt ullundertøy tørkar ganske fort om enn ikkje så fort som syntet. At folk opplever dette ulikt kan sjølvsagt ha med kor mykje ein sveittar, om ein går i bratt og tungt terreng osv. Sveittar ein nok så blir ein blaut også i syntetundertøy. Gore-Tex fungerer fpr eksempel ikkje så veldig bra på meg som på andre. Ved jakt der ein både går og sit i ro, altså varierande aktivitet så anbefaler klesprodusentan ullundertøy,mens syntet passar bedre til meir intens aktivitet. Dette er altså ikkje berre mine ord. -
Ullgenser e.l. til å ha mellom undertøy og vindjakke
Interbond svarte på Blackbrrd sitt emne i Bekledning
Ok da er det nok ikkje samme produktet me snakka om. Akkurat den Devold islenderen som eg snakka om som heiter Nordsjø såg eg blei brukt i den flotte dokumentaren "Otto Sverdrups rike" på TV2 som gjekk no i romjula. https://www.devold.com/outdoor-no/aktuelt/new-land-2013/5/3548/ -
Høgre-profilen Gundersen kan ikkje tas seriøst når han kjem med utspel om at DNT driv kampanje mot folkestyre når han sjølv er med i eit parti som går inn for tvungen sammenslutning av kommunar. Når han beskuldar DNT for å kaste stein i glasshus så bør han først feie for eigen dør der det er fullt av glassplintar etter all steinkastinga han sjølv driv med . . Det er dessverre ikkje første gong den mannen opptrer på ein slik lite sympatisk måte. Kanskje tidlegare miljøvernminister Børge Brende bør ta ein prat med han?. I Sogn har ein eit ordtak for slike som Gundersen:" Han er stor i ordi,men liten på jordi."
- 1 234 svar
-
- 1
-
-
- natur
- naturødeleggelser
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Ullgenser e.l. til å ha mellom undertøy og vindjakke
Interbond svarte på Blackbrrd sitt emne i Bekledning
-
Ullgenser e.l. til å ha mellom undertøy og vindjakke
Interbond svarte på Blackbrrd sitt emne i Bekledning
Støtter forslaget om Devold ullgenser om du først skal ha deg ein skikkelig genser,men vil da foreslå Devold Amundsen. Den er lausare strikka enn Nordsjø modellen som eg har og dermed også lausare enn Nansen modellen. Den fås med V-hals som fint kan kombineras med ein laus hals ved vind og trekk om det blir for luftig.Du får den og med høg hals som har knepping,men som du ser her http://komplettfritid.no/nettbutikk/bekledning/fleece-ull1/ullgenserjakke/herre15?brand=devold&orderby=createdasc så blir prisen då nærmare det dobbelte. 587kr for Amundsen med V-hals er eit svært bra tilbud. Ellers er dei andre Devold modellane sjølvsagt bra,men dei er tettare strikka og blir kanskje for varme? Den varmaste og tjukkaste heiter forresten Svalbard. Ulvang RAV er og eit godt alternativ, den er litt tynnare enn Devold modellane ,men tettare strikka enn Amundsen modellen synes eg.- 43 svar
-
- 1
-
-
Devold kjøper ulla si til ullundertøyet(ulltops?) frå Tasmania og får plagga sine sydd i Litauen. Er usikker på kor dei kjøper ulla til dei tjukke genserane. Må og tilføye at eit produkt er meir enn berre stoffet og sammentningen, også utvikling av produkt er viktig og den foregår i Norge etter det eg forstår.. Janus produserer fortsatt undertøy og sokker på Espeland ved Bergen, i tillegg produserer dei ein del flammehemmande undertøy i utlandet.
-
Dette svaret mitt havna av ein eller anna uforklarlig grunn i tråden frå 2012 om Norrøna Nikkers: http://www.oslosport...isex-26960.aspx ellers finn du to billige nikkersar her http://komplettfriti...s-men-dark-navy Har ingen erfaring med Stormberg sine ,men av Åsnes sine er Topp nikkersen den som virkar best egna til vinterbruk.