Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Aktiv medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Men dette er ikkje nokon vårdress, men ein dress for dei kalde dagane. På slike dagar er ein mikrofiberdress betre å gå i enn ein tettare membrandress. Det vil eg påstå etter å ha brukt dette alternativet i nærare femten år.
  2. Eg trur ikkje det er dumt. Som nemnt over så har eg i åresvis brukt ein tilsvarande dress frå Helly Hansen og det med stort hell. Mikrofiber er eit veldig bra materiale i kladt vér: Vindtett så det held, lett, mjukt uansett temperatur, pustar bra og tørkar fortare enn noko anna eg har brukt. Funkar dårleg på bålturar rett nok.... Ein slik ekstrem vinterdress er ikkje noko alternativ for heilårsbruk, men derimot eit kompromisslaust alternativ til dei kalde dagane. På våren, på milde vinterturar med fare for sludd eller til snøholegraving er tex-materiale utan tvil eit betre val.
  3. Eg har føre meg ein del ting som eg meiner er bra for miljøet som til dømes at eg syklar til og frå jobb, har installert varmepumpe, brukar bilen minimalt og så vidare. Ein ting som fekk meg til å tenkja var når ein innførte opplegget med desse sekkane til plastsortering. Ein kan seia mykje om denne ordninga, og ulike fagfolk har peikt på at ordninga ikkje har mykje føre seg, men ein ting har eg observert; og det er den enorme mengda plastavfall som me produserer. Dette kjem tydeleg fram når ein sorterer etter denne ordninga og eg har etter det fokusert på å unngå produkt med for mykje emballasje. Noko av det viktigaste i ein slik debatt kan vera å understreka individets rolle i dette gjennom at det kvar og ein av oss gjer har konsekvensar.
  4. Herleg orddeling på den nettsida: "Lager tømming"
  5. Jakka på biletet er ein rein mikrofiberjakke utan membran. Eg har i åresvis brukt ein mikrofiberdress frå Helly Hansen og denne har vore heilt konge på dei kalde turane. Denne dressen pustar langt betre enn tex-materiale, er mjukare og tørkar fortare. I sludd og mildvér funkar det derimot ikkje så bra. Helly Hansen-dressen hadde veldig gode ventilasjonsløysingar og det må ein ha sjølv om det er kaldt. Har nokon sett denne jakka på butikkar i Bergen?
  6. Samd med Afe - ein treng ein stor kjel til vinterturane. Min har heller ikkje noko varmereflektor.
  7. Eg har lenge hatt lyst til å erstatta mi gamle Helly Hansen mikrofiberjakke som no er ganske så falleferdig, men det har ikkje vore mykje å velja i av mikrofiberjakker til høgfjellsbruk om vinteren. No har Bergans ein modell som ser interessant ut, nemleg Antarctic Expedition Jacket. Er det nokon som har prøvd denne eller i det heile sett denne i butikk? Jakka ser ganske så bra ut og dersom me får ein ny kald vinter slik som i fjor så hadde denne vore aktuell.
  8. Snø i Bergen óg! Veldig flott å vakna til snø på ein sundagsmorgon!
  9. Skeptisk til billege dunposar. Merk at det her er brukt andedun og ikkje gåsedun, og det står heller ikkje noko om dunspenst. Ikkje var han lett heller.
  10. Eg pleier å reisa på vintertur med ein kamerat og begge har 118-pulken. Det fungerer fint. Då har me med oss meir enn me treng. Etter at eg kjøpte vinterpose av dun så har volumet på pulken fungert heilt fint. Men eg ville nok hatt ein pulk som er litt større...144 høyres veldig greitt ut.
  11. Går turen her til lands? I så tilfelle kunne du fått lagra han hjå nokon eller kjøpt han når du kom hit. Denne pulken har XXL hatt ei god stund og til nøyaktig same pris. Det er altså ikkje eit tilbod, men fast pris og alle XXL'ane eg har vore innom har hatt denne på lager. Seinast i går såg eg ein god stabel på XXL i Bergen.
  12. Det burde gå fint. Eg gjorde det same på nokre ski eg hadde for ein del år sida.
  13. Mithril-buksa er fantastisk bra, men det skuldast ikkje at det står "Klättermusen" på lårlomma. Årsaka til det er at buksa er laga i - etter mitt syn - eit av dei beste material for friluftsliv, nemleg Schoeller soft shell. Det er stort sett denne buksa eg brukar på tur utanom heite sommardagar og kalde snaufjellsturar på vinteren. Klättermusen og mange andre har gått vekk i frå dette stoffet no. Eg har sendt eit svar til Klättermusen etter at eg fekk svar frå dei. Dersom det ikkje har noko føre seg så vil eg syna til diskusjonen her slik Fimax tilrår.
  14. Litt artig, for eg opplevde det totalt motsette med neoprenstøvlar. Eg kjøpte for nokre år sidan eit par ganske så enkle Muck Boots primært for bruk i issørpe i Bergen, men desse støvlane har vorte brukte til mykje meir. Muck Boots er kanskje noko av det beste kjøpet eg har gjort Eg har ikkje brukt støvlane til turar med tung bør, men til heile haustdagar i fjellet har dei vore brukt utan problem. Støvlane heng som f... på blaut stein og overgår alle fjellskoa mine når det gjeld sålegrep.
  15. Tek oppatt denne tråden som eg starta for ei god stund sida. Klättermusen, som no har konkludert, meiner at materialfeilen på jakka mi ikkje er fullgod grunn for reklamasjon, men seier at eg kan få ei ny til redusert pris mot at eg sender inn den eg har no. Eg forstår at dei ikkje kan senda ut nye produkt til alle nordmenn som syt over det eine og det andre og at dei truleg får mange slike spørsmål. Problemet mitt er at tre av tre Klättermusenplagg som eg har brukt har hatt tydelege feil. Ingen andre merkje eg har vore borti har hatt så dårleg kvalitet, og då samanliknar eg sjølvsagt utelukkande med kvalitetsleverandørar. Kva redusert pris vil seia har eg ikkje fått opplyst, men eg måtte ut med eit mellomlegg når eg reklamerte på mi fyrste jakke (som datt i frå kvarandre innvendig) og no dette. Då kan eg summera opp utan kalkulator og slå fast at det vart ei dyr jakke..... Kva seier forumets medlemer til denne løysinga frå produsenten?
  16. Einride har eg óg høyrt mykje bra om, og eg tykkjer Bilskirner ser veldig interessant ut. No vil eg fyrst høyra kva Klättermusen har å seia om Brede-jakka mi før eg finn på å kjøpa fleire produkt frå den kanten.
  17. Vinterposen må ikkje vera for kort så eg ville gått for den lengste.
  18. Mange som har kjøpt Klättermusenprodukt vil nok skryta av dei, og ettersom prisen er høg vil nok negative sider sitja langt inne hjå ein del (min spekulasjon - arrester meg gjerne). Sjølv har eg hatt tre produkt frå denne svenske leverandøren og kan på ingen måte seia at eg er imponert. Mi fyrste jakke, Bifrost, fall i frå kvanrandre innvendig, lek som berre det, men hadde gode detaljar som t.d god hette, store lommer og slike ting. Seinare kjøpte eg ei soft-shellbukse av typen Mithril som synte seg å ha uttruleg dårleg saumkvalitet - kor mange gonger eg har reparert denne veit eg ikkje. Bifrostjakka reklamerte eg på og fekk ei ny jakke, Brede, mot eit mellomlegg. Greitt nok. Problemet er at eg er i ferd med å reklamera på denne óg (buksa giddar eg ikkje å senda inn då eg kan få sydd ting sjølv) ettersom ytterstoffet held ikkje mål (har lagt inn bilete av problemet i ein annan tråd). Men for all del - Rimfaxe og Bilskirner er sikkert gode jakker! Bomull kan då ikkje slå feil? Klättermusen har veldig, veldig gode hetter og gode lommer med god plass. Vidare likar eg veldig godt fasongen i skulderpartiet - veldig bra til skigåing. Derimot tykkjer eg dei smale erma er litt upraktiske til vinterbruk. Dei gjer det noko vanskeleg å lufta effektivt kring handledda. Til sist må ein nemna prisen. Klättermusen er faktisk ikkje såååååå bra.
  19. Eg meiner eg har nemnt det tidlegare på forumet, men eg gløymde att min Led Lenser i lomma på ei jakke som skulle rett i vaskemaskina etter tur. Lykta vart då vaska på førti grader og fekk i tillegg ein runde full sentrifugering. Når eg tok opp jakka frå vaskemaskina såg eg at det var lys i lomma! Episoden må ha vore frå januar 2009, men lykta er framleis den eg brukar på tur.
  20. Og så har du Paragon Sports på Broadway. Der sto det ikkje på utvalet, men kan ikkje seia noko om prisnivå opp i mot andre.
  21. Interessant at du tek opp dette då eg sjølv har lurt litt på plagg i dette materialet, særskilt ei jakke frå Montane. Pertex-materialet har eg svært gode røynsler med både når det gjeld soveposar og klede. Vonar andre har prøvd konseptet!
  22. Har lese at Argon bukkar under ved om lag 25 kilo, noko som er svakt smanlikna med il dømes Bergans Alpinist eller Arc'teryx Bora. Dersom det stemmer ville eg kjøpt ein 110 liter som toler så lite. Osprey har mange fine løysingar, men eg valde Argon vekk når eg kjøpte ny sekk i fjor vår.
  23. Brukar denne sjølv på soloturar og som kaffikjele på dagsturar. Funkar fint. Får plass til gassboks og Primus Micron oppi.
  24. Likte godt den gamle Dovrebuksa og den svært nyttige stramminga nede. Ankepunktet var luftinga, men er det slik at den nye - trass lufteopningar - ikkje er stort betre? Kjem desse luftelukene under hoftebeltet eller jakka?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.