Gå til innhold
  • Bli medlem

ørjan

Aktiv medlem
  • Innlegg

    200
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av ørjan

  1. Er normalt brøytt til Turtagrø. Veit ikkje om parkeringsplassen der er brøytt, men det er greitt å parkere langsmed vegen. I påska er det eit svare kaos, men du har vel tenkt deg dit tidlegare
  2. Ser det er ein del meiningar om dette prosjektet. Kan fortelje at lokalt i indre Sogn er det og har vore tysnad med unntak av enkelte næringslivinteresser, td Torbjørn Lie, som alltid ropar hurra for slike gigantomaniopplegg. Tidlegare har Luster kommune gått veldig inn for alt rundt Kaldakari, nasjonalpark eller ikkje, medan Fylkesmannen ikkje turte sei noko som helst etter at prosjektet vart flytta ut av verna område. Sogndal Turlag er dei einaste som har ytra seg (veldig) negativt om opplegget. Luster Turlag har ikkje sagt noko som helst nokon gong. Naturvernforbundet og DNT er sjølsagt i mot, men det er jo nasjonale org. Av politikarar utanfrå har Carl Ivar og Opseth (litt av eit par) jobba ein god del i kulissane. Helikopterturane opp til restauranten skal vere eit fyrtårn i ei større satsing på Strondi. Kva anna som skal inngå i denne satsinga har eg aldri høyrt noko om, bortsett frå eit såkalla naturbruksprosjekt som fylkesmannen er involvert i. Når det gjeld økonomien i det er det eit galematiasopplegg. Det kan ikkje gå i hop, uansett korleis ein snur og vender på det. Kundegrunnlaget skal i utgangspunktet vere dei 110-120 cruiseskipa som er i Flåm årleg. Det vert satsa på anløp i Sogndal/Gaupne med buss vidare til Strondi. Kan bli artig med mykje trafikk på fylkesvegen langs Veitastrondsvatnet Jostedalen hadde helikopterturisme i 2002, dette vart kjeppjaga etter ei veke. JBL var mildt sagt forbanna og sidan har ingen tort å tenke tanken der. Fjærland vil vere eit langt meir naturleg utg.pkt. for ein flygetur til Kaldakari enn Strondi, men også her er dei negative. Fjærland er meir naturleg fordi ein då slepp bussturen, helikopteret kan vere stasjonert ved ein eventuell cruisekai. Veret skal ifølgje Kaldakari AS ikkje vere noko problem, dette skal dei ha meteorologiske fakta på. Fakta ingen andre har sett. Det er definitivt ikkje sol på Veitastrondi heile sommaren, for ikkje å snakke om på Kaldakari (eller rett bortanfor som det no har blitt). Alle som har vore på brear veit korleis skodda kan ligge sjølv i elles flott ver. Prosjektet på Fresvikbreen trur eg er uaktuelt no pga vern av området, jf Nærøyfjorden landskapsvernområde og UNESCO-søknad.
  3. Snøfonna i renna har dei siste åra smelta bort tidleg i august. Dette gjer det noko enklare å ta seg opp. Det kan vere litt tricky viss ein er uvant med å bruke hendene til å ta seg fram. Ura opp renna er veldig laus, så ta hensyn. Det kan vere veldig mange i området ein godversdag. Vil på det sterkaste anbefale å ikkje bruke dei taua som eventuelt skulle henge der, sjølv om det er veldig fristande. Det er ingen som har ansvar for desse, kven som har anbragt dei er det ingen som veit. DNT er veldig klare på at dei ikkje har noko ansvar, verken for taua eller stien opp. For dei som er vande med klyving vil eg anbefale å gå opp på sørsida, slik Arnt har skildra det på heimesida si. Mykje artigare og tryggare enn normalvegen. Tryggare i den forstand at det er fast fjell og ikkje ur. Men sjølsagt langt luftigare Fann faktisk ei utskrift av turskildringa hans på Torehytten for eit par år sidan.
  4. Denne saka har definitivt to sider. Det er absolutt ingen hemmelegheit at drifta av Gjendebu har vore mykje omtala i Storgata og det er sjølsagt grunnar til dette. DNT Oslo har store forventningar til hytta, den skal vere ei av mjølkekyrne, som skal dekke adm. i Oslo, vedlikehaldet i Stølsmaradalen osv. Då dette ikkje har slått til som forventa, har Storgatagjengen kome til at tvangsseparasjon var den beste løysinga. Dei som har overteke som styrarar er Lars Åge Hilde og kona Anne Serine, som har vore styrarar i tjue år på Bøen.
  5. Grunnen til at ein god del som går frå Lindesnes til Nordkapp eller motsett veg er innom Sverige, er at det gjer turen ein god del enklare. Spesielt Nordland kan vere litt tricky, vinter som sommar. I valget mellom landeveg eller Sverige, kan det vere fort gjort å ta feil...
  6. Kartverket har Visveg viss det var den du tenkte på
  7. Ein god del om folk som har gått denne turen: Oversyn på heimesida til Odd E Vinje Sist sommar gjekk ein bergensar på 57 dagar Av liknande opplegg neste år veit eg berre om denne: Barbeint 2005
  8. Breane på Vestlandet har jamt over gått fram dei siste 10-15 åra, så eit par tilbakesteg er vel å vente innimellom. Har stor tru på at eg ein eller annan gong får oppleve at Nigardsbreen kalvar i brevatnet . Så får heller båten finne ei anna lei... OT: Hurrungane eller Horungane? Tja, uttalen er vel nærare Horungane enn Hurrungane, så kvifor ikkje?
  9. Farleg å seie at noko er umogleg, men denne er vel close. Du treng iallfall maks forhold med omsyn til snø og ver. Normalt vil Storronden og Digerronden-Høgronden ha lite snø, dermed ei salig blanding av fot- og skitur. Smedeggen skulle vere overkommeleg. Men viss nokon vil ha ei utfordring av det seriøse slaget, ligg det definitivt ei her og ventar
  10. mao når Sognefjellsvegen opnar
  11. Hø`ene (og Hestbrepiggane) når du vel enklast frå Netosætri, avkøyring mellom Galdesand og Elveseter. Er normalt brøyta tidsnok til vårskiturar. Bødalen er utgangspunktet for den kortaste turen på Lodalskåpa og Brenibba, men Brattebakken er tung. Du greier nok begge toppane på ein dag frå setra, men take care for evnt. bresprekker . Inntil noko av dette vert aktuelt får du hygge deg på Gullfjellet og Ulriken. Hels dei frå meg Ørjan
  12. Helgetur på andre sida av Langfjella. Bilete og referat på http://fjelluft.com/ Ørjan
  13. Breheimen er eit fint turmål i vintersesongen. Brukbart med 2000-metrar og fint skiterreng. Holåtindar, Hestbrepiggar, Lomseggi, Hestdalshøgdi, Tverrådalskyrkja, Moldurhøi er alle oppnåelege, i tillegg til Gråhø mellom Skjåk og Lesja.
  14. God jul til alle I Sogndal er det nokre minusgrader og ingen snø . Må klare oss med snøen me ser på Storehogen. Jula vert nok feira i Luster, med litt hell vert det kanskje tid til ein roleg skitur i Helgedalen
  15. Det heiter seg vel at hyttene (sjølvbetjent/ubetjent) er stengt, men vil tru du kjem inn med nøkkel. Det du ikkje er garantert er at der er ved, proviant etc. Dette er slik eg ser det DNT OO sin måte å skremme bort folk som DNT OO meiner ikkje har noko i vinterfjellet å gjere. Ring tilsynet eller DNT OO på førehand viss du har planar om å overnatte i ei "stengt" hytte, det kan jo hende den er barrikadert
  16. ørjan

    Hva avgjør fiskebett?

    dess ferskare hall, dess betre er det
  17. gjekk på ski frå Finse til Haukeliseter i månadsskiftet mai/juni for eit par år sidan, så eg ville nok vente til slutten av juni med ein fottur. Det er rett nok mindre snø på austsida, men samstundes skal ein kome seg over dei elvene/bekkane som er. Og kloppar/bruer vert ikkje lagt ut før hyttene opnar, normalt rundt 1. juli. På strekkja Geilo-Rjukan (via Hein/Mårbu) er det ein del heilårsbruer, men om dei er nok i juni tvilar eg på
  18. Svar skal du få, men deltakarane får vel ikkje med seg naturen med tunga ut av kjeften osv? Ta utg. pkt i områdekartet til DNT: http://www.turistforeningen.no/dataland/media/maps/plankart_hardangervidda.jpg 120 km vil seie Haukeliseter/Mogen/Rjukan til Finse. Med 80 kan det holde med stopp på rv 7 Hardangervidda, td Dyranut. Td: Haukeliseter-Hellevassbu-Litlos-Sandhaug-Krækkja-Finse Mogen-Sandhaug-Dyranut-Kjeldebu-Finse Rjukan-Kalhovd-Mårbu-Rauhellern-Krækkja-Finse og ein meir variert variant til slutt (kan vere vanskeleg å finne fram i stort tempo skulle eg tru): Skjeggedal-Tyssevassbu-Torehytten-Viveli-Liseth-Rembesdalseter-Finse Den siste varianten ser nesten ut som sommarplanen min
  19. http://www.fjelluft.com/videutsyn.html
  20. Trur dette er nær rekord til fots: http://www.bergen-turlag.no/codeland/article_pres_main.asp?ID=1656
  21. Reknar med det er fottur du spør etter Hårek. Sjølv føretrekk eg vestvidda med Hårteigen og Kinso, men det kan jo skuldast at eg er vestlending. Landskapet er jo langt meir kupert på vestsida av vidda. Har tenkt på ein telttur sør for Kvenna i nokre år, og ein padletur på Kvenna, her er det iallfall veldig lite folk. Hovudtraseane på vestvidda er veldig folkesette, dvs Haukeliseter-Hellevassbu-Litlos-Besso/Sandhaug-Dyranut med avstikkarar til Hårteigen/Kinsarvik/Viveli. Området rundt Ringedalsvatnet er vilt og anbefalt, men lite familievennlig. Mange familiar held seg på austvidda då det er kort avstand mellom hyttene og barnevennlig terreng.
  22. Sidan det uansett må bli ei relativt lang reise, kan turen like godt gå til den største fastlandsbreen i denne verdsdelen: Jostedalsbreen. Nigardsbreen er den flottaste brearmen til blåisvandring på sørsida, Briksdalsbreen det same på nordsida. Viss dette skulle bli for langt, så er tidlegare nemnde Blåisen eit veldig godt og artig alternativ.
  23. Heimesida til denne hyperaktive professoren finn du her: http://www.ii.uib.no/~petter/mountains.html Statistikksida hans er her: http://www.ii.uib.no/~petter/mountains/mountain-lists.html
  24. For dei som ikkje er så glade i motbakkar er ein langt lettare, men lengre variant å følgje gamlevegen ut frå Sletterust. Utsynet er nok det same
  25. terrenget over Yttri i Fortunsdalen. Får sjå om eg tek turen innom der ein eller annan gong. Det ser ikkje heilt håplaust ut på kartet, men 200 er nok ikkje det mest sannsynlege
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.