Gå til innhold
  • Bli medlem

ørjan

Aktiv medlem
  • Innlegg

    200
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av ørjan

  1. Tok litt tid før eg oppdaga denne tråden, men: Me gjekk ut av fjellet same dag som ulukka og såg helikopteraktivitet over Western Breach frå bussen. Fekk beskjed frå guiden vår ved diplomutdelinga om kvelden om kva som hadde skjedd. Tal omkomne var usikkert då, men meiner sju vart nemnt. Så det kan godt stemme at ein eller fleire bærarar omkom. Er også samd i at det er kjekt med meir enn fire-fem dagar på Kilimanjaro for både å klare å kome til topps, og ikkje minst ha eit fornuftig utbyte av den fantastiske opplevinga det er å gå på dette fjellet.
  2. Joda, vinteren 99/00 var formidabel, medan 00/01 var motsatt. Store variasjonar har me opplevd før og vil oppleve igjen. Problemet er at det som skjer no mest, mest truleg er menneskeskapt. Og då er det ikkje kjekt lengre. Berre skremande. Josten vil nok bestå også i 2100, men i ei langt mindre utgåve enn i dag. Klarar ikkje å forestille meg at 600 meter tjukk is skal bli borte sjølv på 100 år. Men at dei fleste mindre breane forsvinn er høgst truleg.
  3. Ouch: http://www.bergen-turlag.no/article.php?ar_id=9297&fo_id=198 Det byrjar å gå litt for fort i svingane dette her
  4. Fleire flotte alternativ: Td ta toget til Finse og gå: Finse - Raggsteindalen - Geiteryggen - Kongshelleren - Iungsdalen - Bjordalsbu - Breistølen/Bjøberg. Eventuelt gå direkte frå Iungsdalen til Bjøberg som er ein nydeleg tur via Skålen og Skålakjeften. Buss derifrå til Gol. Avslutning ned Aurlandsdalen - to alternativ: Buss til Myrland: Myrland - Iungsdalen - Kongshelleren - Geiterygghytta - Steinbergdalen - Østerbø - Vassbygdi. Tog til Haugastøl: Haugastøl - Raggsteindalen - Finse - Geiteryggen - Kongshelleren - Steinbergdalen - Østerbø - Vassbygdi. Kan kortast ned ved å byrje på Finse eller skippe turen oppom Kongshelleren. Heim igjen med buss via Lærdal eller Flåmsbana-Bergensbanen. Kanskje avhengig av taxi Vassbygdi-Aurland (1 mil), kun skulebuss på strekkja. Og det er jo alltids mogleg å supplere med ein topptur, td Raubergskarvet ved Bjordalsbu eller Folarskarnuten. Merk at dei betjente hyttene har byrja å stengje for sesongen og sommarbruene difor er/vert tekne inn. Trur Raggsteindalshytta stengjer til helga og at det då kan verte vanskeleg å kome seg over Strandavatnet med båt dersom de vil gå direkte mellom Raggsteindalen og Iungsdalen.
  5. Nesje seier i same andedraget at breane ikkje har vore mindre sidan middelalderen, som vel skulle tilseie 1000 år tilbake. Ikkje utan grunn at dei har byrja å tenkje alternativt i Oldedalen: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.1028776
  6. Enklaste vegen til topps er sommarstid frå bomvegen som går laaangt framover Fresvikjordalen frå fremst i Nærøydalen. Vinterstid vert det ei mil lengre kvar veg. Parkèr ved Leitet rett nordaust for Øvstedalen. Du byrjar då på ca 950 moh og har ei knapp mil til toppen. Følg stien mot Tundalen (Fresvik) og ta av mot breen ved høveleg stad. Me tok av rett før Langafonnvatnet, noko som var heilt greitt. Nedatt gjekk me meir mot vest, men heller ikkje her var det noko vanskeleg. Fin tur, men breen var langt mindre enn kartet viste. Og det var for fire år sidan. Me var oppover tidleg i oktober og hadde ikkje bruk for sikringsmiddel sidan all snøen var borte (veldig tynt lag med nysnø), men gjekk med stegjern då det kjendest litt tryggare. Når det gjeld vintertur har Arnt Flatmo teke turen, om enn i ei noko strabasiøs utgåve: http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/fresvikbreen.html Kan vere mogleg at den gjerast som ein vårskitur frå fremste garden i Fresvikjordalen, men uansett ein del lengre enn fotturen.
  7. Torehytten - Litlos er fem timar gangtid + toppturen på Hårteigen. Toppturen kan ved normale forhold reknast til ein time. Dersom det regnar (noko som skjer innimellom) tek det fort litt ekstra tid t/r Hårteigen. Toppen gir eit fantastisk utsyn i alle himmelretningar, så det er ingen grunn til å gå forbi. Dersom de er litt ekstra spreke kan Hårteigen gåast som dagstur frå Litlos. Gangtida vert då åtte timar + toppturen, men med lett dagstursekk. Ser at det er Hårteigen som er det ultimate målet for turen. Den kortaste vegen inn til Hårteigen er frå Hjølmo (Eidfjord), berre så det er nemnt. Med to overnattingar går det fint med: Hjølmo-Hadlaskard, toppdag, og Hadlaskard - Hjølmo.
  8. Du finn litt på heimesida til NOT: http://www.narvikfjell.no/pages/Toppturer.html God tur. Det er eit fantastisk område du skal besøke
  9. NVE har kome med eit interessant skriv (fann det på Krækkja): Vannet vårt 2005 (5 MB) Sidene 14-17 omhandlar breane i 2005 - vekst og fall. Her ser me mellom anna at massebalansen auka på fire og minka på seks av ti målte brear i Sør-Norge. Nigardsbreen har størst vekst, men med ei reaksjonstid på 25 år tek det si tid før me ser kalving i brevatnet der framme. Summa summarum ser det ikkje bra ut for breane, sjølv om NVE korrekt påpeikar at tilbakegangen har mindre tempo no enn for 60-70 år sidan. Edit: Vil ikkje anbefale nokon å stå i breporten (side 19), ref. Nigardsbreen for 20 år sidan.
  10. Breane her vest fortset å gå tilbake, men det er på langt nær så ille som i fjor. Ikkje overraskande med tanke på at 2004 hadde ein snøfattig vinter og varm sommar. Tilbakegang: Kjenndalsbreen: 6,5 meter Briksdalsbreen: 12 meter (tilbake 130 meter i 2004!) Bødalsbreen: 14,5 meter Brenndalsbreen: 23 meter Snømengdene i fjellet i år burde gjere seg gjeldande om eit par år på Briksdalsbreen, så då er det vel håp for breføringa der (føringa kan vere i fare frå neste år grunna tilbaketrekkinga).
  11. Antar det var følgjet ditt som eg høyrde om hadde gått smedeggen. Var det de som kom ned til Rondvassbu rett før kl ni søndagsmorgonen? Nokre bilete: Digerronden og Midtrondane Midtrondane og Høgronden Storronden og Vinjeronden Storsmeden, Veslesmeden og Sagtinden Storsmeden og Veslesmeden
  12. Var på Rondeslottet frå Rondvassbu i helga. Heilt greie forhold, litt råtten snø, men den er stort sett borte om nokre dagar. Digerronden, Midtrondane og Høgronden såg greie ut, traversen såg nesten snøfri ut. På vestsida er det noko meir snø, men alle toppane fekk besøk av klyvarar i helga. Blant anna var det eit følgje som gjekk smedeggen frå Veslesmeden til Storsmeden og vidare til Sagtinden (visstnok utan noko form for sikring). Noko betre forhold mot Veslesmeden enn Storsmeden frå Rondvassbu. Skal prøve å leggje ut nokre bilete i løpet av kvelden.
  13. Er ofte innom bt sitt kamera på Finse. Sjekkar i tillegg desse sidene innimellom: www.bofinse.com og www.finse.com. Burde vere mogleg med ein tur på Rallarvegen i det minste, td Finse-Hallingskeid (Myrdal?).
  14. Det eksisterar ein "løypeplan" for Jotunheimen. Dette meiner eg å hugse er ein avtale mellom DNT og nasjonalparkmyndigheita/DN. Resultatet er at dei merka rutene skal vere slik som vi opplever dei i dag, korkje fleire eller færre. Det er prøvd å spre trafikken, mellom anna ved å "utvide" Jotunheimen sørover (Yksendalsbu m.fl.). Nokre område er freda frå raudmålinga, dette er vestsida av Utladalen frå Stølsmaradalen til Gjertvassdalen (inkl. ruta opp til Bandet frå Midtmaradalen) og Leirungsdalen. Merkinga er forsøkt fjerna og vaieren opp til Bandet er tatt bort. Resultatet av dette er at Utladalen vest har blitt eit område stort sett utan folk. Veldig, veldig få som oppsøker dette praktfulle området med Vormeli, Kyrkjestigen og Snørestødet (fantastisk utsikt til Utladalen). Sist eg var der hadde det for alvor byrja å gro att på stien frå Stølsmaradalen mot Snørestødet. Back to nature Så er det berre å håpe at DNT klarar å holde seg i skinnet...
  15. Gratulerar så veldig mykje Kim. Turane dine og bergtatt.net er ein stor inspirasjon for alle oss som vil opp i fjellheimen. Ørjan
  16. Skagastølsbreen var veldig grei for ti dagar sidan. Bør vere oppmerksom på bregleppa som dukkar opp utover sommaren oppe ved Bandet. Breen har i likhet med andre brear vore påverka av dei varme somrane vi har hatt, så det kan bli vanskelegare forhold.
  17. (bilete på www.fjelluft.com) Bretur for andre helga på rad, denne gongen med Luster turlag. Om Sogndal turlag byrja tidleg den føregåande helga (oppmøte 0730), er det vel ikkje mogleg å skildre kva eg tenkte då mobilen hylte 0400 laurdagsmorgonen... Bussturen til Stryn og Erdalen vart fin den, men eg kunne tenkt meg litt meir søvn. Var ikkje akkurat misunneleg på tetgruppa i Jotunheimen rundt (sykkelritt) då me møtte dei nedanfor Bøvertun. Tempoet var roleg oppover traktorvegen frå Greidung, ein traktorveg som kjapt gjekk over til sti. Ved Storesætra opna terrenget seg noko, før me forsvann inn att i litt skog det siste stykkjet fram til Vetledalseter. Her vart det ein lang pause, noko som var godt etter den tidlege starten. Ein kilometer etter Vetledalseter skifta underlaget frå grønt til grått, altså vart det hardare og tørrare i godveret. Ulvestigen var grei å finne og ta seg opp og me stod brått med breen og brevatnet framom oss. Turleiar forsvann avgarde for å sjekke om nordsida av vatnet (grusskråning) var farande, medan me andre kunne ta nok ein kvil i det flotte fjellveret. Termometeret på NVE-hytta viste høgst brukbare 14 grader. Nordsida viste seg farbar og drøye førti sjeler laga eit fint trakk langs vatnet. Innbindinga i tauet/-a tok som vanleg mykje tid, i tillegg føretrakk dei fleste å ta på piggar oppover pjolterisen, noko som ikkje var så dumt. Det gjekk greitt å ta seg opp brefallet som var noko meir oppsprukke enn venta. Det tok likevel over to og ein halv time og ein del drikkepausar før me var komne opp brearmen og stod på Høgda med utsyn til Lodalskåpa og Brenibba. Utsynet vart beundra i alle himmelretningar vel og lenge før me måtte bryte opp og kome oss heimover. Heimover var no nedover Lodalsbrekka, der trehundre høgdemeter gjekk unna i ein fei og me var brått nede på Lodalsbreen. Synest litt synd på kyrne som vart sendt nedover Lodalsbrekka med samanbundne føter i tidlegare tider, men nesten enno meir synd at ingen tok bilete av det... Lodalsbreen var lite spanande, men dagens einaste gjennomtråkk (ikkje meg ) kom faktisk her. På snøfonna mellom isen og fast land... Brefronten var veldig interessant å studere med midtmorena som dominerte i høgda. Vidare gjekk det bokstaveleg tala over stein og elv, kan ikkje minnast å ha steingått og hoppa så mange bekkar og elvar på same dagen nokonsinne tidlegare. Vi var på førehand "bekymra" for Fåbergstølsgrandane. Elva er stor og endrar løp relativt ofte, i tillegg er det mykje kratt og småskog på vestsida som er den vanlege vegen. Det vart ikkje så håplaust som venta, men sideelver, kratt, bakevjer og ei regnbyge gjorde at dei fleste var godt gjennomvåte då vi kom ned til Fåbergstølen etter tolv og ein halv time over Josten.
  18. ... og enda meir snø har det blitt sidan søndag. Det har snøa tre av dei siste fire døgna i Hurrungane
  19. Gjekk ein flott tur med turlaget søndag. Våt nysnø, opptil 20-30 cm, over 15-1600 moh. Ringsskar og spesielt Lavskar ga veldig bra utsikt. Det var ein lang tur, så det vart ikkje tid til å stikke oppom nokre toppar, som td Austre Ringstinden. Bilete og referat på fjelluft.com
  20. Dette vart diskutert på forumet for eit års tid sidan: http://www.fjellforum.no/topic/5-skardstinden/
  21. Tråkla ein del kratt på nordsida av Kvenna før eg kom meg over isen på ein veldig sein vårskitur. Det var kratt frå Hansbu og til Midtre Krokavatnet. Trur det er dårleg med moglegheiter til å krysse. Spurte nokre lokalkjente sist haust og dei var ikkje så optimistiske. Har tidl. lagt merke til Breiavad på kartet, ei halv mil søraust for Hansbu. Namnet skulle iallfall tilseie at det er mogleg å komme over. Elles er det robåtar ved Hansbu. Nordsida er vel det vanlegaste å gå, td Litlos-Mogen. Sørsida har nokre større elver som må kryssast, m.a. Møra.
  22. Ein passe lang tur til 1809 moh på Aurlandsfjellet for å avrunde skisesongen. Bilete og ref. på fjelluft.com. Toppen skal i strålande ver ha flott utsyn mot Hurrungane, men dei gøymde seg i skylaget. Ei lita trøyst var det no at den gamle kjenningen Hårteigen viste seg sør i fjellheimen
  23. Breheimen: Sota-Sprongdalen-Arentzbu-Nørdstedalen-(Trulsbu-)Sota. Sota og Nørdstedalen er betjente, dei andre sjølbetjente. Bilveg til Sota og Nørdstedalen, og nesten til Sprongdalshytta (halvannan times gange )
  24. Har ikkje snøring på padling, men vil tru at Nærøyfjorden/Aurlandsfjorden burde vere ein fin stad, berre du unngår treff med cruiseskipa (er vel i snitt eit for dagen). Fjorden vert mellom anna brukt til Åreleiken (http://www.areleiken.no/) som fann stad i helga. Andre alternativ kan vere Fjærlandsfjorden og Lustrafjorden. Også sørsida frå Vik/Arnafjord og utover til Ortnevik kan vere ein fin tur, med avstikkar inn til Finnabotnen.
  25. Hadde ein fin tur fredagskvelden. Turveret var veldig bra; overskya og god temperatur. Stien er snøfri, stort sett tørr, men enkelte våte parti mellom Vetlahelvete og Sinjarheim. Iflg DNT sine heimesider har det skjedd eit eller anna med stien i Bjønnstigen, men det skal utbetrast om nokre veker. Vil uansett anbefale stien langs elva då dette er ein finare tur. Bilete frå turen på fjelluft.com
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.