-
Innlegg
1 384 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Ragnar
-
Det kan ta opp til 20-30 minutt viss gps'en har vore utan batteri ei tid. Dette fordi såkalla almanakkdata må bli lasta ned.
-
Feller er i alle fall godt å ha, om det nå er vanlege eller kortfeller. F.eks. frå Bleskestadmoen og over til Krossvatn er det eit par dryge stigningar det er greit å ha feller i. Også greit å ha i bakkane opp til turistskaret (Haukeliseter-Holmevass). Stavanger turistforening har litt informasjon om kvisteløypene i påsken: http://www.stavanger-turistforening.no/article.php?fo_id=248&ar_id=10879 "Sikre kvisteruter Langs kvistetraseen er vannene kontrollmålt, og løypen er lagt i betryggende avstand fra vanlige rassteder. Traseen ble første gang kvistet i 1967. Men husk: Selv om det er kvistet, må en bruke kart og kompass i vinterfjellet. Sovepose, liggeunderlag og spade er også obligatorisk turutstyr." Fekk nesten lyst å ta turen igjen sjøv. Det er ein skikkeleg bra tur! Kanskje vi ses...
-
Det er vel normalt å bruke 5-7 dagar på denne turen. Etappen mellom Bleskestadmoen og Krossvatn er ganske lang og går opp i 1200 meters høgde, men skal normalt gå greit på ein lang dag (den lengste etappen mellom hyttene). Hovatn-Storesteinen-Kringlevatn-Storevatn er ein veldig lang etappe. Det er mogleg å gå utanom Storesteinen via steinbuskaret for å korte ned litt på ruta, men der er det ikkje kvista. Har gått Vassdalstjern - Storesteinen på ein dag over Blåsjø, og det er ikkje så alt for langt mellom Krossvatn og Vassdalstjern, så Krossvatn-Storesteinen går nok greit på ein fin dag. Skulle det bli dårlig tid, så kan ein går Storesteinen-Ådneram på ein veldig lang dag (så lenge isen er god på Svartevassmagasinet) Det er ein tur som går høgt til fjells, så ta gjerne med litt utstyr med tanke på dårleg vêr. Terrenget er til tider småkuppert. Rundt Bleskestadmoen er det skog. Langs Blåsjø er det ganske flatt, bare små høgdedrag.
-
På forumet har det vore omtalt slike "Via Ferrata" opplegg i Hemsedal og Gautefall: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=3593 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6309
-
Erfaringar og kommentarar frå Norge på langs ruta 2006
Ragnar svarte på Ragnar sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Mulig eg ikkje er den rette til å svare på dette, sidan forhalda ifjor var noko spesielle. Eg gjekk landevegen mellom Skaidi og Honningsvåg, då det i byrjinga av mai var veldig stor snøsmelting og isen vart utrygg. Under 3-400 meter var det lite snø igjen, 200 meter over havet var det heilt bart. Dette er nok litt uvanleg, då eg har høyrt om mange som har gått på ski på Magerøya langt ut i mai. Eg ville sett ann snømengdene, er det fortsatt for mykje snø i fjellet er nok rulleski eit godt alternativ eit stykke. Det er forøvrig ikkje noko problem å ta seg gjennom tunellane viss du vil det, men sikkert irriterande om trafikken er stor. Eg gjekk gjennom begge (Nordkapptunellen og Honningsvågtunellen) -
Stemmer bra med måneformørkinga laurdag 03.mars: http://www.astronomi.no/maane030307.html Formørkelsen er i sin helhet synlig fra hele landet. Totaliteten begynner kl. 23.44.13, når sitt maksimum (er mørkest) kl. 00.20.56 og slutter kl. 00.57.37. med en varighet på 73 minutter er dette derfor en ganske langvarig formørkelse. Det er forøvrig også den første totale måneformørkelse som har vært synlig fra Norge ved midnatt på mange år. Formørkelsens aller siste fase slutter kl. 03.23.44.
-
Det er tekniske askpekt som hinder at slike 3-siffer nødnummer kan bli nytta, eller det har vore det til nå i alle fall slik eg har forstått det. Den enkelte satelitt-operatør må eventuelt legge til slik støtte (dvs Globalstar, Iridium Thuraya, Inmarsat m.fl).
-
Kanskje litt utanfor tema, men fungerer det å ringe +47 112 med satelitt-telefon? (Globalstar, Iridium etc). Reknar igrunnen med at dette ikkje er tilfelle, men har ikkje testa det heller. Trur nok evt at +47 02800 kan hende virker (uprioritert tlf nr til politiet), eller meir sikkert: +47 51517000 (alarmtelefonen til HRS Sør-Norge)
-
Slik eg oppfattar ordet "jordmørkt" dreier det seg om at konturane på bakken er vanskeleg å sjå. Trur jordmørkt og flatt lys ofte blir brukt om samme forhold.
-
Det kan vel henda at føraren kom seg ut før den var heilt på botn? Synes det er mest sansynleg, sjølv ein tråkkemaskin har vel ein viss flyteevne/oppdrift. Svalbardposten skriv følgande: "Sjåføren måtte vente til maskinen var under vann, før han kunne åpne døren og komme seg ut", så det kan jo hende Nøtteavisen er litt unøyaktig i sin artikkel.
-
http://www.svalbardposten.no/nyhet.cfm?nyhetid=665
-
På tog som kjøres med lokomotiv i front, så er det vanlegvis ein godsavdeling i bakre eller fremste vogn. På Bergensbanen trur eg det varieres mellom slike togsett med lokomotiv + vogner og motorvognsett der det ikkje er eit dedikert lokomotiv i front (Tidl. kjent som "Signatur"). Desse "signaturtoga" har mindre bagasjekapasitet, men pulk burde vel gå greit også her.
-
Stemmer at det var feil bilde. Har retta det opp på http://nn.wikipedia.org/wiki/glittertind slik at det no er eit bilde av toppen. Feilen skyldes nok at det feilaktiget bildet hadde "Glittertinden" i filnamnet sitt
-
http://www.opdalingen.no/lokale_nyheter/article2629196.ece
-
Rottefella Riva I/II/III Hva er forskjell, fordeler og ulemper?
Ragnar svarte på Rutilus sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Brukte ei stund den gamle Chilibindingen i lag med lærsko. I tillegg til slitasje på skoa, hadde eg også problem med at wire'en røyk like ved dette ledd-festet. Skifta så over til Riva3 og har vore fornøgd etter dette. 412 bindingen er kanskje den beste "gå" bindingen. Kjenner fleire som har brukt denne utan problemer i mange år. -
Rondvassbu skal vera utstyrt med dyner, puter og ulltepper slik dei DNT hytter, så det skal vera nok med lakenpose. Vil absolutt anbefala ein lakenpose av silke sjølv om desse er noko dyrare i forhold til bomull/syntetisk. Det er to ulike former for lakenpose, rektangulær og mumie. Den rektangulære egnar seg best brukt i lag med dyne, medan mumie er tilpassa bruk inni sovepose. Turistforeningen har sjølv silkelakenposar i sitt vareutval til ein brukbar pris på sine utsal (Oslo, Bergen, Stavanger etc): http://www.dnt-turutstyr.no/article.php?ar_id=8236&fo_id=4052 Fleire nettbutikkar har også tilsvarande: http://www.xxl.no/xxl_templates/Produkt____39035.aspx Rondvassbu er forøvrig betent frå 2.mars til 9.april ifølge nettsidene til hytta (http://www.turistforeningen.no/rondvassbu/) Utanom dette er sjølvbetjeningshytta open.
-
Skigåer savnet i Sirdal (funnet i god behold)
Ragnar svarte på Ragnar sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Funnet i god behold - Mannen har tatt seg inn på hytta på grunn av været, og er i god form, sier operasjonsleder i Rogaland politidistrikt, Håvard Derås, til Aftenbladet.no. Han ble funnet på Storevatn turistforeningshytte. Hit skulle han gå på dagstur tidligere i uka, men kom aldri ned igjen. http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article417135.ece -
Skigåer savnet i Sirdal (funnet i god behold)
Ragnar svarte på Ragnar sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Vi har nå kjørt inn ti scootere med ei leitegruppe fra Åderam, sier redningsleder Ola Våge ved Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS) klokka åtte lørdag morgen. To av scooterpatruljene er fra politiet, én fra Roverne og sju fra Røde Kors. En av disse gruppene kjører nå til Storevatn, mens den andre kjører til Grautheller, som er en annen hytte til Turistforeningen (se kart). Det blåser nå friskt i Sirdal, noe som gjør leteaksjonen problematisk. http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article417058.ece -
Kom over ein artig historie om ein sykkeltur over Hardangervidda i 1989 Med sykkel som bagasjetralle: Hardangervidda - fra nord til sør Dyranut - Trondsbu - Sandhaug - Lågaros - Mogen http://folk.uio.no/ulfb/hvidda4.html Reknar ikkje med at det er så vanleg å sykle over vidda, og i etterordet står følgande: "Jeg vil ikke anbefale å drasse på sykler over vidda på denne måten som her er beskrevet. Det er for det første mye slit, men det er også et inngrep i naturen - i og med at man fører fremmedelementer av teknisk art inn i et ellers nokså uberørt område. Vi trillet riktignok syklene, slik at det ble minimalt med spor etter oss. "
-
En mann i 30-årene ble meldt savnet klokken 19.30 fredag. Politiet opplyser at roverspeidernes beredskapsgruppe har undersøkt flere hytter i området, uten å finne den savnede. Letingen ble avsluttet fredag kveld, og vil bli gjenopptatt lørdag morgen. http://web3.aftenbladet.no/lokalt/article417058.ece
-
Det ser ut til at ei lenkje på sida manglar katalognavnet "bilder". Uansett lettare med direkte lenkjer: http://www.villmenn.no/bilder/2007_02/bilder.html http://www.villmenn.no/turreferater/2007/turreferatfebruar.html
-
Viss det er aktuelt, så kan du jo også kjøre fjellvegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal, det er også betrakteleg kortare om du bare skal frå "sør-jotunheimen" til "nord-jotunheimen" (eller vice-versa). Også her er det bompenger (50kr?, husk kontanter), men du slepp eventuelt unna ferga.
-
Det er veg heilt fram til Spiterstulen (Grusveg). Parkering/betaling for bomvegen kostar vel rundt 50kr (viss eg ikkje hugsar feil?). Betaling skjer inne på hytta, parkeringsbilett legges igjen i bilen. Når det gjeld telt/leirslaging like ved Spiterstulen, så må du enten ligge på Spiterstulen sitt teltområde, eller gå omlag 1km innover dalen (teltforbudsområde).
-
Ingen problem med å sende turutstyr til postkontor/post i butikk rundt om i landet (eller om aktulelt, også til Sverige). Har gjort det fleire gonger, har alltid gått knirkefritt (tommel opp for Posten Norge!) Du adreserer pakken slik: Ditt fulle navn, "poste restante", Postkontorets navn, Postkontorets adresse, Postnummer/stad. Skriv gjerne på når du har planer om å hente pakken og at den ikkje skal returneres før du har henta den. Merk den svært tydeleg! Dette med å avtale på førehand trur eg er ein svært sovande praksis, bare ein gong har eg høyrt postkontoret omtala dette ved innlevering (og då sa dei det var unødvendig), men det skader jo ikkje å ta ein telefon. Vanlegvis kan pakkar ligge i opptil 14 dagar, etter dette blir dei returnert (21 dagar for brev). Adressen til postkontoret/Post i butikk finn du på posten.no. Alternativt er det jo mogleg å adressere til eit høgfjellshotell eller likande om det finnes slike i området, men då må dette avtalast på førehand. Når det gjeld lading av mobil, så har eg ymse erfaringar med solcellepanel. Mogleg dei nyare utgåvene er bedre enn dei eg har prøvd. På min Norge på langs tur forrige vinter nytta eg imidlertid ein ladedings som bruker AA batterier til å lade opp mobilen. Dette fungerte brukbart, men det trengs 3-4 AA batteri til ein opplading. Selges her på utinaturen.no til 199,. (http://212.33.144.35/index.asp?languageid=1). Bilde av ladaren og liten omtale omtrent midt på denne sida:http://breogfjellsport.no/npl/utrustning/pages.php?pageID=79
-
Som Svalbardinteressert så kom eg over sida til Jan Helge Aalbu. Han har lagt ut mange fine bilder frå turar på Svalbard i det siste. Sjå bildene i bloggen på http://bildedill.net/ Sjekk også ut stemningsbildene frå områda rundt Longyearbyen lenger nede på sida. Synes dette var eit særs fint bilde (med nordlys!): http://bildedill.net/wp-content/uploads/2007/02/adventdalen.jpg