Gå til innhold

Skal bare...

Aktiv medlem
  • Innholdsteller

    44
  • Ble med

Om Skal bare...

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg hadde ikkje tenkt tvetydig, men ikkje noko gale i det, for den fyrste tolkinga er godt innanfor kva eg meiner. Men ordvalet var heilt bevisst. Det er alt for mange som trur nasjonalparkgrenser er magiske grenser der naturen innanfor av ulike grunnar, er meir verdt enn utanfor, og at dei derfor undervurderer enorme naturområde. Og det viser seg at trådstartar tenker akkurat slik, ikkje fordi han reknar seg sjølv som trangsynt, men av uvitanheit. Eg håpar at det er innanfor tolegrensa til moderator, ellers beklagar eg sterk og ber om at både dette innlegget og det fyrste innlegget mitt vert sletta i si heilheit. Ingen fiskekort følger nasjonalparkgrensene, men eigedomgrenser, kommunegrenser og statsallmeningsgrenser. Austvidda er dominert av store, private vatn, med heller dårlege fiskekortordningar. Vestvidda er dominert av store statsallmenningar med gode fiskekort. Du finn dei på inatur.no Med bil frå Stavanger, hadde i alle fall eg valgt Valldalen. Men for den som er meir glad enn meg, i å køyre bil, og mindre glad i motbakkar, er fortsatt Tinnhølen midt innpå vidda, godt innanfor Eidfjord statsallmenning.
  2. Kva som er raskast, er jo heilt avhengig av kvar du kjem i frå. Med unntak av båtrutene, startar turen uansett der ein forlet bilen, så den delen er lik alle stader. Dersom du er så trangsynt, at det er nærleiken til nasjonalparkgrensa du spør etter, er Tinnhølen og Ossjøen lik. Der grenser nasjonalparken inntil parkeringsplassane.
  3. Når eg tenker attende, er det vel nettopp nettene langs veg, eg tenker på som utenetter. Når eg skal vera på vestlandet tidleg om morgonen, reiser eg gjerne kvelden i forvegen , og ligg ute ein plass på fjellet. Er veret fint, kan dette godt vera under åpen himmel. Så har eg ein time ekstra tid om morgonen til å kose meg med ein betre frokost med mat frå kjølebag og speilegg på primusen. Det som gjer dette til utenetter, er at det faktis bare er natta eg er ute. Når eg er på friluftstur, er natta bare noko som bind dagane saman. Eg er ute om dagen, og søv bort nettene. Om eg ligg i telt eller hytte er bare ein praktisk detalj avhengig av tilgjengelegheit. På tur, er det dagane eg tel, ikkje nettene. Det er mogleg eg ikkje har forstått spørsmålet...
  4. Det største problemet med plast, er ikkje produksjonen, men plast på avvege. Det er stor forskjell på ullpartiklar (eller bomull for den saks skuld) og plastpartiklar i avløpsvatnet.
  5. Eg er på ingen måte ute etter å hindre folk i å koma seg ut. Slitasje er uproblematisk inntill eit visst punkt. Når vatnet byrjar å renne i stigen, vert det bare att stein. Og dei som går etter stigen, byrjar å gå på sida av stigen som bare blir breiare og breiare. Det er ikkje av det gode, og ein slik stig gror ikkje raskt att sjølv om ingen brukar han meir. Når det vert laga nasjonalpark for å sikre leveområde til rein, men sjølve nasjonalparkstatusen gjer at det vert så mykje meir trafikk, at rein trekker vekk, er det ikkje av det gode. Dette er ting eg har vore vitne til sjølv, og derfor er eg veldig restriktiv med å kringkaste for mykje reklame for sårbare naturområde eg er glad i.
  6. Sjølve grønnfargestoffet kan vera kilde til trøbbel, og derfor noko eg prøver å unngå. Men det problemet er jo over no når det er slutt på fyringsparafin. Når det står at det må lagrast over -20°C, er det derimot grunn til å vera på vakt. For der kan det vera lengre karbonkjeder som feller som voks som tetter filter og skapar trøbbel i kulda.
  7. Det er basert på kva eg sjølv har sett, så beslutninga mi er velbegrunna. Eg trur ikkje mi påvirkning aleine, raserer fjellet, men nå ballen fyrst har byrja å rulle, er det det for seint å gjera noko. For snart 10 år sidan, var eg med å bevilge peng til ein, heilt nødvendig, restaurering av ein stig for å stoppe erosjon. Det som ikkje vart tatt hensyn til den gongen, var oppmerksomheita denne steinlegginga førte til. Trafikken har over tidobla seg i åra etter, med alle dei ulempene det har ført med seg, både landskapsmessig og for dyrelivet. Dette er riktignok ein stig som aldri var nevnt på heimesida mi, så eg skal ta del delen av skulda for utviklinga.
  8. Ettersom utstyrdiskusjonane tar så stor plass på forumet, tiltrekker det også folk som likar å diskutere utstyr, og då vert det diskusjonar om detaljar på utstyret. Då forumet handla om toppar over 2000m i Jotunheimen, tiltrakk det seg også folk som var interessert i toppar over 2000m i Jotunheimen. Eg har ikkje forstått dette med attendemelding på turrapportar. Det hender eg les ein turrapport dersom det er frå område eg er kjent, men eg har aldri følt behov for å kommentere dei. Eg har nok erfaring frå ulike forum, til at eg ikkje kommenterer etter eige hjarte, dersom det ikkje er ettertrykkeleg bedt om slike kommentarar. Og eintydig skrytande kommentarar, har eg ingen sans for, med mindre rapporten er ekstremt god. Så dersom det er attendemelding på rapportane som er motivasjonen for å skrive, så bør det koma fram på ein annan måte. Når Kjell Iver skriv at turrapportane er det som vert lest mest her på forumet, så burde dette koma betre fram, nettopp som attendemelding til forfattaren. Veldig mange av dei som les desse rapportane, er truleg av personar som ikkje har brukar på forumet, og då er terskelen for å gje attendemelding enno større.
  9. Eg har ingen planer om å rapportere frå turane mine. I mange år, hadde eg ei heimeside med masse turrapportar med meir frå fjellområdet i hjartet mitt. Men etter kvart har eg sett kva merksemd enkelte område har fått, og kva dette har gjort med trafikken, og den påfølgande slitasjen og forsøplinga. Eg har derfor valgt å ikkje gjera meir marknadsføring av området eg er glad i. Heimesida mi er forlengst fjerna frå nettet, og det som eg ein gong hadde tenkt lage ei bok av, er skrinlagt for godt.
  10. Ein friluftsprofil som eg ikkje ser at er nevnt enno, er Stein P. Aasheim. Av nolevende profilar innan denne sjangeren, er han den einaste eg gidd bruke tid på å lesa eller høyre på. yr.no er ikkje betre. No er det farevarsel dersom det kjem 5cm snø.
  11. Då eg studerte, valgte eg fagfelt for å sikte meg inn på ein eller annan trong vestlandsfjord mellom Odda og Mosjøen, basert på nærleik til fjellet. Ting vart ikkje heilt som planlagt, så eg enda øverst i ein austlandsdal, men like nært fjellet. Med tanke på å ha snø rundt huset, er det nok betre å bu på denne sida, ettersom eg bur 600 meter høgare enn eg hadde gjort dersom eg hadde enda på vestlandet. Dersom turmoglegheiter er einaste krav, hadde eg valgt Møsstrond.
  12. Når det kjem til 'å møte folk langs vegen', er det ein tv-profil som utpeiker seg, og det er Hans Olav Brenner. Han har ein veldig behagleg framtoning, og han evner å setje intervjuobjektet i fokus. Arne Hjeltnes er også eit navn som er natulrleg å nevne. Ein heilt annan type, men med god humor.
  13. Mitt inntrykk er at føret har enormt mykje å seie for kor lett, og korleis pulken veltar. Det verste føret, etter mitt syn, er hard snø. Når eg går i skrått terreng, gjerne på skrått oppover, så armane må brukast på stavane, glir pulken sidelengs. Dersom det er ein liten ujevnheit i den harde snøen, slik at sidelengsskliinga stoppar, trillar pulken overende på eit blunk. Avhenig av hellinga, kan pulken bare velte, eller trille rundt slik at eg må hekte av dragen for å koma på rett kjøl att. Dersom han bare veltar over ende, brukar eg å få han opp att ved å dreie oppover, og kanskje heilt rundt. Eg trur ikkje eg har opplevd pulkvelt i laussnø.
  14. Min Fjellpulken med stivt drag velter også, så ingen må tru at det bare er Parispulk som velter. Velt med taudrag må jo vera totalt uproblematisk i forhold til velt med stivt drag…
  15. Kor fort eg går, er totalt irrelevant for andre å planlegge etter, så det svarer eg ikkje på. Det er også veldig avhengig av terreng og vegetasjon. Eg har erfart at eg går mellom halvannan og dobbelt så lange dagsetapper på Hardangervidda enn i heimlege fjell. Det som derimot er så fint med å ha telt i sekken, er at ein ikkje treng planlegge. Ein kan gå akkurat så langt og så lenge som ein sjølv føler for, og slå leir når ein er lei av å gå. Så fortsett ein dagen etter. Dersom du legg opp dei fyrste turane på denne måten, og så studerer kartet i ettertid, vil du raskt finne ut kor lange dagsetapper som er passe for deg.
Kommersielt samarbeid: Rabattkoder og sporingslenker

Fjellsport Fjellsport sporing

Outnorth.no Skittfiske
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.