Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Eg greier då å ta av langfellene utan å ta av skiene, i alle fall fjellskiene. I eit tilfelle, har eg tatt av langfellene av telemarkskiene utan å ta av meg verken ski, stavar eller vindvotter. Den gongen bles det så kraftig, at eg rett og slett ikkje tok sjansen på at noko skulle blåse bort. Å legge på fellene utan å ta av skiene, har eg derimot aldri prøvd.
  2. afe

    Gore Tex telt

    Dersom du sjekkar på www.hilleberg.se finn du ut at svaret på det fyrste spørsmålet er nei. På det siste spørsmålet, er det vel også enklast å sjekke ut dei respektive sidene fyrst. http://www.sportsnett.no/ og http://www.oslosportslager.no/ Men skal du ha 3-mannstelt i goretex til under 3kg, så vert det nok trongt
  3. "Vannavvisande stoff" er ikkje dunkelt. Hadde produsenten bestemt seg for å laga sekken vanntett, så hadde det stått vanntett. Det er desverre altfor få vanntette sekkar på markedet. Eg har ein, og det er ikkje akkurat den beste sekken på ryggen heller.
  4. Det er snø nok, så skiføret er sikkert på den tida. Når det gjeld kartpakka, så er det heilt greie kart. Eg har begge karta hengande på veggen på kontoret. Same kart som hovedkartserien, men med skiløyper og sumarstigar påtegna. Dersom du skal ta utgangspunkt i riksveg 7, greier du deg med kartet Geilo.
  5. Ikkje meir klaustrofobisk enn 2 vaksne i eit 3-mannstelt. Det er forresten akkurat like kjipt å ligge verfast i eit større telt dersom ein likevel er aleine. Dersom du sikter til at ein ikkje kan sitje oppreist, så bommar du. Eg har i alle fall ikkje noko problem med å sitje oppreist i mitt Ringstind1, og eg er 1,9 høg når eg står. Eg vart sjølv overraska over kor stor plass det faktis var i teltet fyrste gong eg brukte det.
  6. Der eg kjem i frå, brukte det i det minste å stå Gausta på prøvebildet
  7. Før utgangen av august treng du ikkje lykt med mindre du har tenkt å gå heile natta. Uansett treng du ikkje både lommelykt, hodelykt og 2 teltlykter, sjølv om det står september på kalenderen. Dersom det er for å teste ulike lykter så kan du fyrst som sist legge at lommelykta som uansett er upraktisk i forhold til hodelykta. Test av teltlykt er ikkje gjennomførbart før godt ut i september. Det er greit med drikkeflaske i sekken, eg brukar å det sjølv, men den skal stort sett vera tom, så der kan du spare noko vekt. Kva eg og andre synest om 23-27kg i sekken er ikkje så veldig interessant, ettersom det er du som skal ha sekken på ryggen Det er ikkje allverdens tungt dersom du er vant med å gå med sekk, men ettersom du spør, reknar eg med at du ikkje er det. Du kan spare mykje vekt ved å ikkje ta med deg to av alt for å teste ut. Gå heller to turar og ta med deg det andre alternativet på den andre turen. Ellers var det mykje på lista eg ikkje forstår kva du skal bruke til, men greit nok, det er din tur
  8. Eg har som regel kniven i sidelomme på sekk. Når eg ein sjeldan gong forlet sekken midlertidig og samtidig har bruk for kniven, har eg han i lårlomma på buksa. Fordelen med dette er at eg ikkje treng belte, men kan bruke selar på buksa:) Som svar på tråden, kan det nevnast at alltid-i-sekken-kniven min er ein Mora-kniv med karbonstål og gummiert skaft.
  9. Skudd frå hofta kan vera treffande nok på ei så lita hytte. Alt anna ville gå høgt over:) Austdølbu er heilt riktig. Og ettersom eg hadde gløymt å fjerne exif frå bildefila, låg koordinatane og altså fasiten tilgjengeleg heile tida
  10. Sprit: CH5COH + 3O2 -> 2CO2 + 3H2O Butan: C4H10 + 9O2 -> 4CO2 + 5H2O Det vert nok fuktigheit med både gass og sprit. Så kan ein sjølv rekne ut kor mykje vatn som vert danna pr kWt Det er uansett ventilasjonen som er avgjerande for kor mykje kondens ein får i teltet, og då vil ein stort sett oppleve at det vert meir kondens i teltet dersom ein oppheld seg der utan å fyre.
  11. Det var hytta som hadde navn etter dalen, og ikkje omvendt Nordvestre hjørne av Hardangervidda. Utanfor det som strengt tatt er vidde. I overkant av 1100 meter over havet og i underkant av 11km frå fjorden.
  12. Hytta har navn etter dalen ho ligg i. Og hytta er merka på kartet med navn.
  13. I så fall må du stille klukka på kamera, for i exif står det 16:16 (og 21. april.)
  14. Hilleberg akto: 1,5kg Jerven thermo hunter: 1500g (den lettaste jervenduken som har form til å ligge i) Altså ingen stor forskjell
  15. Har du hatt soveposen og fjellduken på vekta før og etter turen, slik at du har kontroll over kor mykje fuktigheit som er i foret? Eg ser ikkje bort i frå at du ville fått deg ein stor overraskelse etter 2-3 netter, når foret er metta og fuktigheita tilsynelatande brått vert eit problem.
  16. afe

    spader

    Eg har den stuttaste ortovox ( http://www.ortovox.com/sicherheitsprodukte/schaufeln/economic.html ) i lexan (plastikk), og bladet er ikkje ein svak detalj. Bladet er minst like sterkt som eit aluminiumsblad, men det er noko tjukkare, så det er ikkje så lett å få spaden gjennom veldig hard snø. For meg var vekt viktig, og eg ville nok valgt ein spade med lenger skaft dersom eg skulle bruke det til mykje making. Det er stor forskjell på lengde på skaft og storleik på bladet på dei ulike modellane, så det kan vera lurt å ha klart for seg kva spaden skal brukast til. Rottefella sin spade har veldig lite blad og er derfor dårleg eigna til å flytte laus snø. Måten skaftet skal festast på er så håplaust at ein ikkje bør ta sjansen på å få satt han saman på tur. Spaden må monterast før avreise og transporterast samanslått.
  17. Eg kan sjølvsagt bare svare for meg sjølv. Og eg lar stort sett alltid innerteltet henge fast, ja. Eg har derimot lagt att innerteltet heime ein gong for å spare vekt.
  18. Det kan godt hende at Pilbua liknar, men denne hytta heiter noko heilt anna Nordvestre hjørne på Hardangervidda.
  19. Euref89 har sitt referansepunkt på den europeiske kontinentalplata, i motsetning til wgs84 som har sitt referansepunkt på den amerikanske kontinentalplata. I 1989 var desse like. Så forskjellen mellom euref89 og wgs84 er rett og slett avhengig av korleis desse to platene sig frå kvarandre. Med nøyaktigheita til ein håndholdt gps er wgs84 og euref89 i praksis lik i mange år framover.
  20. Eg har buksa, og er noko skuffa over veldig dårleg slite- og rivestyrke. Ho er ikkje mykje brukt, men svært mykje lappa.
  21. Du har kanskje fått svar på spørsmålet ditt. Men det Svalbardteltet eg har sett, var det kopp i begge endar, men dette var nokre år sidan. Forhåpentlegvis har Helsport gått vekk frå denne løysinga på alle telt.
  22. afe

    hodelykt

    Då fungerer lykta godt til ditt bruk. Ettersom lykta brukar såvidt lite straum, fungerer ho godt sjølv om batteriet vert kaldt. Dersom du ikkje stolar på dette, kan du sjå på lyktene til Silva. Silva har ei lykt som er litt dyrare men som du kan ha (større) batteri i lomma. Eg er ikkje sikker på om Silvalykta er like godt eigna til leselykt. Men du kan gjera som eg gjorde før eg fekk LedLenser-lykta mi. På reima til den gamle gode(?) Petz-arctic festa eg ei lita og billig ledlykt, slik at det bare var å snu heile hodelykta litt til sides, så hadde eg ledlykta rett fram. LedLenser-lykta er forresten heilt overlegen Petz-halogenlykta, så denne er ikkje i bruk lenger. Sumarstid treng du uansett ikkje lykt
  23. Nytt forslag. I nærleiken av Visdalen er det både Bukkeholet, Bukkeholsøe og fleire Bukkeholstindar.
  24. Bukkebotnen og Bukkabotn er navn eg fann i nærleiken av Jotunheimen. Fortsatt heilt sikkert rein.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.