Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Det kan godt hende du har lest det, men eg tviler sterkt på at det talet er riktig. Probemet per i dag, er fyrst og fremst følelsen av avmakt for dei som mistar levebrødet sitt på grunn av storsamfunnet sine illusjonar om at ulv er utryddingstrua. Dersom rovdyrpolitikken fortsett slik han har vore no, er det bare eit tidsspørsmål før det vert drept menneske av ulv her i Noreg. Det er grunn til å frykte at dette mennesket er eit barn, kanskje på veg til skulen. Om det er eit sjukt dyr eller ulvens naturlege atferd, er eigentleg heilt uinteressant for den familien som får oppleve dette. Eg håpar virkeleg at myndigheitene kjem til fornuft og endrar kursen før dette skjer.
  2. Dyrt er sjølvsagt ikkje alltid det beste. Å rekne høg pris som eit pluss, er i seg sjølv galskap. Når eg har kjøpt telt, har eg valgt utfrå heilt andre eigenskapar enn pris. Og når noko skal brukast gjennom fleire tiår, synest eg pris er mindre viktig, i alle fall innanfor visse rammer. For oss som har teltet i sekken heile dagen, kjem ein ikkje utanom at vekt har betydning. Innvendig volum og korleis dette kan utnyttast er viktig. Ettersom ein også skal finne plass å setje teltet på, er det ikkje nødvendigvis slik at eit stort telt er det beste. For oss som teltar på snaufjellet er det av betydning korleis teltet taklar vind, osv. Når alt dette er vurdert, er det ikkje så mange teltmodellar som er aktuelle. Og det er mange, faktis dei fleste, både dyre og billige telt som ikkje stemmer med eins eigne krav. At mine telt er dyrare enn Helsport Nordmarka, er altså ikkje resultat av snobberi¹ eller illusjonar². Det er fordi Helsport Nordmarka ikkje passer til mitt behov, og den viktigaste feilen ved Nordmarka for min del, har eg nevnt i den andre tråden. Dersom eg hadde vore så heldig å finne eit billig telt som hadde passa til mine krav, hadde eg sjølvsagt vore fornøgd med det. ¹Dersom det hadde vore snobberi, burde eg telte i meir traffikerte område slik at folk hadde sett teltet mitt. ²Jo eg har kjøpt illusjonar også, men det har aldri vore prisen som har bygd opp under illusjonen. Den fyrste illusjonen var heilårsteltet. Heilårstelt er ein illusjon, ikkje fordi produsenten ikkje kan konstruere eit telt som tåler alle årstider, men fordi mine behov er så ulike for dei ulike årstidene at dette ikkje kan byggast inn i eit og same telt. Men dette teltet gjorde jobben sin i fleire år til eg tok meg råd til eit lettare sumartelt og seinare eit romslegare vintertelt (dyrt men utan billigare alternativ). Den andre illusjonen var lettvektsteltet, det revna i vinden heime på plenen ved fyrste prøveoppsetting. Det er grenser for kor tynn teltduken kan bli utan at det gjer teltet ubrukeleg, til tross for lovprisande brukeromtaler på nettet og produsenten sine store ord.     Eg er nok ikkje interessert ettersom eg også reknar lysdioda langt betre. Og det kunna eg å fortald deg dersom du hadde spurt og vurdert svara du hadde fått utover å leite etter bevis for kva du allereie hadde bestemt deg for.
  3. Så lenge det ikkje er innsydde stenger og liknande som hindrar ein frå å stappe teltet godt saman, er pakkvolum nært relatert til vekt. Så lenge ein vel eit lett telt, vert pakkvolumet lite.
  4. Når ein skal overbevise seg sjølv, og også prøver å overbevise andre om at eit billig telt er like godt eller betre enn eit dyrare telt, fordi ein sjølv allereie har bestemt seg for at det billige teltet er det riktige, er dette også ein del av å kjøpe ein illusjon. Eg ser ingen forskjell her. Når det gjeld å samanlikne Nordmarka med Ringstind, er det å samanlikne to veldig ulike telt. Dersom det eine er det riktige for ein, er det andre feil, og då er det ikkje verken prisen eller materialvalget som bør vera avgjerande. Med 4 dagar i massiv regnvær, vil du bli våt, eller i alle fall fuktig, i begge telta. Ikkje fordi teltduken ikkje er vanntett, men fordi det er umogleg å halde eit lite telt kondensfritt så lenge i vedvarande vått vær. Dersom du ikkje trur på fenomenet kondens, vil du heilt sikkert påstå at det er duken som slepp gjennom vatnet. Men dette vil skje uavhengig av kva telt du har. I den grad vatnet slepp gjennom teltduken, er det i forbindelse med saum, glidelåsar og andre svake punkt. Her er det heller ikkje prisen avgjerande. Men ulike telt er svært ulikt plaga av dette. Nøkkelen til å unngå plager ved drypp frå saumar, er å plassere desse slik at brukaren ikkje vert plaga av det. Det er altså teltkontruktøren som gjer valget. Dyre merker kan vera veldig forseggjort og ha dei riktige detaljane for å unngå generande drypp, medan billige merker, eller merkelause, kan vera veldig lite forseggjort i så måte. Men å tru at eit dyrt Helsport-telt skal vera betre enn eit billig Helsport-telt på grunn av prisen, er nok å tru på julenissen. Men ein type konstruksjon kan vera betre enn ein annan, uavhengig av pris. Men skal du fortsette å samanlikne Nordmarka med kvar einaste teltmodell derute for å overbevise deg sjølv om at ingen av dei andre er betre, vil dette ta så lang tid at du aldri for kjøpt Nordmarka-teltet ditt. Langt mindre reist på tur.
  5.     Riftstopp er laga på den måten at det er tjukkare trådar med jevne mellomrom i veven. Dersom det vert rift i duken, og dette handlar ikkje om tid, men om uhell, stoppar rifta ved den tjukkare tråden. Då sitt du att med eit telt med eit lite hol som du enkelt kan lappe med litt tape og fortsette turen som planlagt. Duk utan riftstopp kan raskt bli rive heilt i to dersom du fyrst er uheldig. Dette handlar altså ikkje om kva produsenten kan reparere for deg, men om du kan fullføre turen utan større problem. Som allereie nevnt, er silikonbelagt duk både dyrare og sterkare enn polyuretanbelagt duk som du finn i dei billigare telta. Dersom det er riktig som det er påstått over, at stengene i Nordmarka er Helsport sine eigne, er det grunn nok til å velge noko anna. For Helsport sine eigne teltstenger er søppel som knekk bare du ser for hardt på dei. Dei kan til og med knekke utan at du ser på dei. Du kan sjølvsagt kjøpe betre stenger ein annan plass, men då går vinninga opp i spinninga.
  6.     Det er for lite til å bekrefte at ein sekk passar. Men det kan vera nok til å velge bort ein sekk som absolutt ikkje passar. Det er nokre ting eg ikkje ville vurdere å kjøpe uprøvd, blant anna langtursekk og sko/støvler.
  7.     Sjølv set eg stor pris på om alle stengene er like, slik at fargemerking er unødvendig. Pluggposen bør ha ei farge som avvik kraftig frå vanleg bakkefarge. Eg har nemleg lagt att pluggposen på ein leirplass ein gong. Etter det, har eg brukt raud pluggpose. Helsport, og mange andre, er flinke til å levere telt med teltpose som er bare akkurat stor nok. Sjølv foretrekk eg ein romsleg teltpose. Det gjer pakkinga langt enklare, i alle fall i litt dårleg vær, med hanskar eller votter på hendene. Teltet vert uansett trykt godt ned i sekken, så pakkevolumet vert ikkje større om posen er romsleg. Dei to siste punkta er riktignok enkle å fikse sjølv, uavhengig av kva teltprodusenten har levert med teltet.
  8. Slik eg ville definere klasse i denne samanhengen, finnst det ikkje langt dyrare telt i same klasse. Har teltet detaljar som gjer det langt dyrare, er det også i ein annan klasse. Dei fleste telta med omlag same form og storleik, men som er langt dyrare, har dyrare og lettare teltduk. Det gjer teltet lettare, noko som kan bety mykje for den som skal bera det i sekken heile dagen. Og dei dyrare teltdukane har gjerne betre rivestyrke, noko som _kan_ vera forskjell på om teltet tåler eller ikkje tåler det verste vindværet det vert utsatt for. Det er det elastiske silikonbelegget som gjer dei dyrare teltdukane meir rivesterke enn billigare teltdukar som er belagt med ikkje-elastisk polyuretan. Sjølv er eg villig til å betale for lettare telt, i alle fall når dette også er meir rivesterkt. All telting eg gjer, er langt over skoggrensa. Men attende til detaljane. Det eg ikkje likar med Helsport-telta, er dei innvendige stangkanalane. Helsport har gjort det til eit stort poeng at stangkanalane deires er på undersida av ytterteltduken: http://www.helsport.no/om-produktene/telt/teknisk-info/stenger Mi erfaring (eg har både Heslport-telt med innvendig stangkanal og telt av anna merke med utvendig kanal) er at utvendige stangkanalar ikkje har det store lekkasjeproblemet som Helsport vil ha det til, og at itreing av stengene er langt lettare med utvendige stangkanalar, tiltross for at Helsport påstår noko anna. Tiltross for at stangkanalane til Helsport ikkje gjer teltet billigare, ytre stangkanalar er enklare å sy, er _eg_ villig til betale meir for ytre stangkanalar fordi _eg_ meiner det gjev telt som passar _mine_ teltynskjer betre. Akkurat kor mykje meir eg er villig å betale for ein slik detalj, er ikkje godt å seie, for eg er ikkje overvettes begeistra for bruk-og-kast-mentaliteten, så når eg kjøper telt, kjøper eg telt som skal vare i fleire tiår, forhåpentlegvis resten av mitt aktive friluftsliv. Og då ser eg på heile totalen, og kjøper det teltet eg meiner passar mitt behov best. Om dette kostar 2000, 5000 eller 8000 betyr ikkje så mykje når brukstida er så lang. Eg har riktignok gått på ein smell ein gong, med eit lettvektstelt av amerikansk type med så tynn duk at duken revna ved aller fyrste prøveoppsett i vinden heime på plenen. Etter dette har eg har eg vorte mykje meir kritisk til vektsparing i form av tynne materiale.
  9.     Sjølv er eg villig til å betale for tilstrekkeleg liggelengde. Det vil seie at eg skyr telt med skrå endevegg i innerteltet. For meg er dette langt viktigare enn høgde som allereie er nevnt i tråden. Og liggelengda aleine er nok til at eg sjølv aldri ville vurdere dette teltet. Men det er meg. Høgde har også ei anna side. Eit høgt telt fangar meir vind. Vinterteltet mitt er ikkje høgare i innerteltåpningen enn Nordmarka 3 er, og det har aldri plaga meg. Og i det den innerteltåpningen har eg sitte mange timar totalt.
  10.     Akkurat det bør du prøve å unngå at skjer, av heilt andre grunnar enn prisen på teltet.
  11. Greit nok at du tenker slik, og det virker også som du har bestemt deg for kva telt du skal ha. Så kva er eigentleg spørsmålet? Du bør sjølvsagt kjøpe det teltet som passer ditt behov best, og i den vurderinga er sjølvsagt pris ein av faktorane. Kva folk på eit forum på nettet meiner, bør vera heilt irrelevant. Begge alternativa tåler godt sporadisk bruk slik du skisserer, i både 2 og 20 år. Dersom teltet er øydelagt før det er gått 20 år, er det fordi det er utsatt for uhell, og det kan skje når som helst, heilt uavhengig av alderen på teltet.
  12. afe

    snöläget

    Her er eit bilde som viser brøytekantane.
  13. Juni er for tidleg for fottur på vestvidda alle år.
  14. Eg har ikkje prøvd Real verken heime eller på kontoret. Men eg veit av erfaring at det er ordentleg stusseleg mat på tur. Men min eigen mat smakar spesielt godt når andre sitt og pirkar nedi Real-posane sine
  15.     Kun dersom det er _mogleg_ å kjøpe ferdig pakka. Men eg er likevel ikkje heilt enig. Ferdig pakka vil aldri vera like fleksibelt. Når det er ferdig pakka, er ein prisgjeve pakkestorleiken pakkaren har bestemt seg for. Det vil som oftast vera litt for stor for enkelte og litt for lite for andre. Sjølv har eg slikt i ein liten plastboks med skrulokk. Då kan eg bruke akkurat passe mykje avhengig av formålet.
  16. Dersom hotella kan lage eggerøre av pulver, må vel oss andre også kunne gjera det. Bland i litt tørka graslauk og server med bacon.
  17. Forskjellen mellom Kaitum og Nallo, er at Kaitum har rette endeveggar i innerteltet. For oss som har føttene langt frå hovudet betyr dette at soveposen held seg tørr i begge endar. Nallo og alle andre telt med skråvegg i innerteltet, er dårlege kompromiss kun for å spare vekt. Når trådstarter skal ha eit heilåsrtelt utan kondensproblem, er Kaitum langt overlegen Nallo. Sjølv førtidspensjonerte eg eit Nammatj for mange år sidan nettopp på grunn av at skråveggen gav alt for liten liggelengde, særleg vintertid.
  18. afe

    snöläget

    Eg kryssa vegen over fjellet mellom Aurland og Lærdal for 2 dagar sidan. Ettersom vegen var nybrøytt, måtte eg gå omlag ein kilometer for å finne eigna passeringspunkt. Brøytekantane var ca 5m på det minste. Der fresen og ei gravemaskin dreiv akkurat då, synte ingen av dei over snøkanten.
  19. Eg har ikkje problem med å småkoke gryterett i Primus Eta-pot-kjele (altså kjele med varmeribber under) på Svea123r, og mindre effekt har eg ikkje bruk for, så den praktiske forskjellen mellom 123r og 123 kan ikkje vare av stor betydning.
  20. Og Nammatj er definitivt også eit telt som tåler harde vinternetter
  21. Det har variert fra år til år, avhengig av været. Men favoritten er ein skitur til fjells på formiddagen, etterfulgt av full 17. mai-feiring med tog og middag på lokalet. Ja takk begge deler for meg altså
  22.     Det er ikkje meir som kan ryke på ein Svea 123r enn på ein toppmontert gassbrennar. Ein gassbrennar med slange stiller langt dårlegare i så måte. Og det er ikkje meir knot å forvarme Svea 123r, enn det er å montere ein gassbrennar på boksen, og ta han av att etterpå. Begge deler er svært enkle ting i bruk.
  23. Her er ei god oversikt over kva parafin, bensin og raudsprit vert kalla på ulike språk: http://fuel.papo-art.com/
  24.   Direkte oversatt: "Det fungerer best når kokeapparatet går på gass eller bensin." Direkte oversatt: "Det fungerer med gass, bensin og parafin. Ingen andre brennstoff er kompatible."
  25. Det er riktignok litt OT ettersom tråden handlar om kva ein får kjøpt i butikken. Men utover det, kan du vel publisere oppskrifta her.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.