
hakonmar
Passivt medlem-
Innlegg
85 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av hakonmar
-
Ser det at det blir litt smør på flesk som du seier knadne. I ein hengande standplass vil det jo ikkje ha noko å seie uansett. Takk for innspel på dette.
-
100% skal standplassen vere og viss ikkje, so lag ein ny. Eg veit alt dette. Spørsmålet var jo om det er vanleg å ha ei slynge til reversoen viss det er mogleg bruke seg sjølv som sikring + motvekt i verste fall. Viss ikkje vil jo reverso + tau reise før evt. eg blir dratt med. Eit par sekund ekstra levetid.
-
Hei! Såg på ein diskusjon tidlegare om erfaringar med reverso. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=4578&highlight=taubrems Har kjøpt meg ein frå petzl til bruk av klatring med to halvtau. Lurer litt på dette og då i forhold til å ta opp andremann eller to andremenn. Ser i diskusjonen at det blir skrive at ein må bruke sjølvlåsinga på reversoen viss ein då skal ta opp to personar. Skjønar at det er det mest hensiktsmessige i forhold til at ein har meir kontroll ved å kunne dra inn slakken på kvar person og ved sjølvlåsing av tauet ved stramt tau og eventuelt fall. Men eit par spørsmål har oppstått for min del... Har trent litt på bruken og i forhold til instruksjonar så er jo ikkje reversoen på nokon måte festa i meg, men i sikringar som eg har satt i veggen(standplass). Viss det verste skulle skje og eventuell sikringar skulle ryke når andremann faller, so vil jo reversoen bli med og evt. tau som er dratt inn vil bli med. Det vil altso bli eit tilnærma fritt fall på andremann. Har tenkt litt rundt dette med tanke på å hindre dette. Ha ein sikkerhet ved å ha ei slynge i samme karabin som reversoen henger i og då feste den slynga i meg. Då er eg siste obstruksjon for å hindre at andremann faller enno lenger viss sikringane skulle ryke og reversoen reiser. Eventuelt ha enno ein sikring i veggen festa til meg(taua) og lage "clove knute" etter kvart som tau samlar seg opp etter oppstigning av andremann(evt. to personar). Er eg heilt på bærtur, overforsiktig eller har eg ikkje forstått bruken av reversoen rundt inndraging av tau. Liker godt den sjølvlåsing tingen. Då spesielt med tanke på rappell viss eg må opp att som det blir sagt, og for å ta opp andremann eller to andremenn. Eg skjønar at eg må finne ut av det som passar meg best, men kva gjer dykk som har klatra med reverso. Set pris på innspel og erfaringar på bruken av reverso i forhold til sikring med tanke på det eg har skreve. mvh. Håkon Martin
-
Takk for svar, jarle!! Hmm, har jo noen kamkiler, so kanskje hexer er unødvending soleis. Tanken bak det med hexer; var å kunne ha nokre hexer som eit valg der litt størrelse på sikringsmidlane var ønskjeleg. Kanskje det er betre å supplere eit vanleg kilesett i staden, slik at eg har større valgmulighetar der. mvh. Håkon Martin
-
Hei! Lurte på hvilken type talje eg skal kjøpe til evt. kameratredning. Har lista opp ulike typar. Skal ikkje brukast noko særleg til heising, men i tilfelle kameratredning etc. . So Dykk som har peiling kan komme med ei anbefaling:) *Petzl Fixe Pulley *Petzl Rescue *Petzl Oscillante *Petzl Mini (prusik minding pulley) - Lurer også på å kjøpe nokre hexer, men ser at dei kjem med wire eller dyneema slynger....? I alle fall WildCountry sine. Ser BD har wire på sine hexer. Kva er fordelen/ulempen med wire eller dyneema slynger?? Her er ein link til dei: http://www.mountaintools.com/cat/rclimb/nuts/02chocks.html mvh. Håkon Martin
-
Har eit par "nye" Berghaus gaiterar str. Large(til sko str 41-42) Desse kan brukes på ski, men må modas litt. Har ikkje brukt dei meir enn ein gong for å teste, men var for små. Er som nye. Eg har skostr. 43 og dei blir litt for slitsamme å få på skiskorna, slik at eg må ha XL. Send ein pm viss interessert. http://www.sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=BGH10&var_1=BGH10-M&productbrand=&categorytxt= mvh. Håkon Martin
-
Har sjølv brukt Wiley X SG-1 ved utlevering i forsvaret. Gode til sitt bruk, men kan bli litt vonde å ha på etter ei stund. Vil ikkje skryte vilt av lufting og er ein heilt grei brille med utskiftbare glass. Eg skar vekk noko av gummien for å få betre lufting faktisk. Ville heller gå for briller av typen som klatrarar ofte brukar viss det er til fjellbruk. Legger ved nokre linkar: http://www.vision3k.com/sport-sunglasses.asp http://www.opticus.com/ http://www.vision3k.com/brands/cebe-sunglasses/cecchinel-small.asp mvh. Håkon Martin
-
Hei! Er det nokon som veit kvar ein kan få kjøpt snøanker i stoff her til lands? Type: mvh. Håkon Martin
-
Fekk i dag mitt Exped Downmat Pump 9DLX. Vart først litt skeptisk til den integrerte pumpa, men so blei eg imponert. Fekk intrykk av at det ikkje blei heilt blåst opp, men det blei det til gangs. Går litt tid å blåse opp, men det kjem ann på kor rask ein er sjølvsagt Å ligge på det var ein draum. No gledar eg meg til eg skal på tur. Kosta 1079 kroner under utvalgte varer på oslo sportslager. Såg ein youtube video av det gamle utan integrert pumpe og det såg ut som om det var mykje meir jobb å pumpe med trekket. Trur uansett at med integrert pumpe så er ein betre beskytta mot skit inn i ventilen. Dette er då berre antagelsar, sidan eg ikkje har prøvd det gamle. Løp og kjøp er mi meining og prisen er jo ikkje feil heller http://www.oslosportslager.no/produkt/exped-downmat-9-dlx-pump-liggeunderlag-dun-20508.aspx mvh. Håkon Martin
-
Sovepose: ME Moonwalker V http://www.oslosportslager.no/produkt/mountain-equipment-moonwalker-v-sovepose-7336.aspx Sovepose: ME Moonwalker IV http://www.oslosportslager.no/produkt/mountain-equipment-moonwalker-iv-sovepose-200-cm-5836.aspx Telt: Exped Orion Extreme http://www.oslosportslager.no/produkt/exped-orion-extreme-2-manns-telt-5421.aspx mvh. Håkon Martin
-
Bra telt som er eit eit stort telt for to på vinteren. Har sjølv vore med på ein del turar med det og er godt nøgd. http://www.oslosportslager.no/produkt/exped-orion-extreme-2-manns-telt-5421.aspx Søk etter exped på tråd her i fjellforum, så finn du meir. mvh. Håkon Martin
-
Hei! Hehe, synd med ME, men det går jo å ta gavekort på xxl til ein annan gong... og så kjøpe ME posen:) Det fulle namnet på kompresjonstrekket: Sea to Summit Dry Sack Compression Søk på Sea to Summit på Sportsnett.no. Koster 409kroner. Det som er bra med det er at det er membran. Put soveposen nedi, rull trekket nokolunde sammen, og så er det berre å stramme til med kompresjonsstroppene. Lufta blir pressa ut gjennom membranen - fantastisk. Var skeptisk, men funkar som pokker. I tillegg er det fint å stappe klede nedi til morgonen, slik at dei ikkje blir våte. Då har du ei hodepute og!! Skulle ha meg eit kompresjonstrekk og gjekk for dette. Angrar ikkje. Du må hugse å kjøpe Xlarge(30liter). Kan bruke det til sommarposen òg sjølv om den er mindre. Sportsnett har butikk i oslo og asker viss du vil sleppe frakten. mvh. Håkon Martin
-
Solgte for ei stund sidan ein Ajungilak Denali Arctic her på forumet. Dette var med den begrunnelsen at den var/er for tung for meg(samt altfor lan - 210cm og er 175cm). Har du pulk, så er det ikkje noko problem mtp. str., vekt. Posen for seg sjølv er kjempebra. Har du ikkje pulk - revurder! Har du mulighet å bytte, så ville eg heller gått for ein Mountain Equipment Moonwalker V, som er 2,6kg. 3,8kg som Denalien, er mykje å ha i sekken- Hugs at viss den er litt fuktig, så kan du plusse på litt ekstra. I tillegg er volumet enormt. Så om du vil få ned volumet vil eg anbefale SeatoSummit sitt kompresjonstrekk i eVent. Konge for store poser - kjøp 30liter størrelsen. Har kun prøvd ME Moonwalker V i butikken, men den er lett til å vere syntet og veldig god passform. Eg er 1,75m og posen er i regular 1,85m. Dette er den neste posen min(hardt å vere student). Til å ha i sekk over lengre turar vil eg seie at den er akkurat passe vekt mtp. vekt. Samt at temp.grensa er sånn ca. som denalien. - Temperaturgrense: EN 13537: -14/-22°C [ekstrem] Mountain Equipments anbefaling: 0 til -28 °C http://www.oslosportslager.no/produkt/mountain-equipment-moonwalker-v-sovepose-7336.aspx mvh, Håkon Martin PS: Har du ikkje tilgang på pulk og du skal ha den i sekk. Kjøp ME sin eller kjøp kompresjonstrekket til SeaToSummit i eVent-membran.
-
http://www.oslosportslager.no/produkt/asnes-kortfell-35-mm-14819.aspx http://www.oslosportslager.no/produkt/asnes-kortfell-60-mm-8765.aspx
-
Sport1 eller G-sport i stryn selger dei, vis du skulle bu i nærheten:) Elles så såg eg seinast i dag at XXL selge dei til 300kroner. mvh. Håkon Martin
-
Hei! Har Åsnes Combat og brukar dei til fjellturar/toppturar. Har Riva3 binding på den og brukar skinnsko. Noko direkte køyreski er det ikkje, men går fint å køyre telemark med sjølv med mine kunnskaper;) Skia er suverene til min bruk. Tåler ein støyt med epoxy'en utanpå. Det liker eg. Tøff bruk tåler den. Har hatt skia i snart 4år og angrar ikkje det minste på kjøpet av dei. Er fortsatt like fine og heile. Kortfelle systemet er genialt. I tillegg har eg kjøpt langfellane til åsnes slik at eg kan bruke dei viss eg skal rett opp. Kortfellane er geniale til bruk når ein har lyst til å gå bortover, må sigle ned ein bakke, eller gå oppover(vel og merke ikkje 20grader med pakning) No kjem eg jo frå nabokommunen der Åsnes kjem frå, so eg kjenner jo ein viss lokalpatrioisme for kjøp av dei, men erfaringa gjer at eg verkeleg kan stå inne for Åsnes sine Combat ski. Lykke til med kva du ein kjøper. Har faktisk berre hatt åsnes som fjellski, så eg veit ikkje om noko anna som er betre:) mvh. Håkon Martin
-
https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=14131 Er info på denne linken. Svarte der om erfaringa mi med TUBBS mountaineering trugene. Nye typen som er like vass som den militære. mvh. Håkon Martin
-
Har sjølv Åsnes Combat med kortfeller, som er Åsnes Rago med litt køyreegenskaper. Kortfeller er genialt, då eg slepp å smøre. Har med eit par langfeller i tillegg med tanke på toppturar. Har med klister i tilfelle rottefelle, men Åsnes sitt kortfelle system er genialt!! Subjektivt, men etter toppturar, vidde, vestlandsfjell vil eg seie at eg godt nøgd!!! mvh. Håkon Martin
-
Her er to forskjellige truger. 2400kroner http://www.steggen.no/nettbutikk/truger/atlas_truger/atlas-12-serien 2600kroner http://www.steggen.no/nettbutikk/truger/tubbstruger/tubbs-mountaineer-serien Har sjølv tubbs mountaineer truga(den svarte) og er storfornøgd. Har ikkje hatt noko problemer med den enno, men som med alt utsyr så er det viktig med eit lite repsett. For truger er dette fiksa med ein pakke strips i sekken. Siden du skal topptur, så har du kanskje lite vekt i sekken. Så 25" eller 30" er kanskje mest aktuelt i forhold til bæreevne. mvh. Håkon Martin PS: I dag snør det i Trondheim!!!!
-
Helsport Raudfjorden eller Ajungilak Denali som sovepose om vinteretn?
hakonmar svarte på hanke94 sitt emne i Telt og lavvo
Er til salgs for 3200kr på oslo sportslager no. Hadde eg hatt råd, så hadde eg kjøpt den no. Vanligvis 4000kroner. http://www.oslosportslager.no/produkt/mountain-equipment-moonwalker-v-sovepose-7336.aspx Eg er 1,75 og regular(1,85m) posen er nydeleg for meg. Den vege 2360gram og det er kjempebra vekt/temp ratio for den posen!!! Har hatt Ajungilak Denali Arctic og til mitt bruk med sekk på ryggen, så blei den for tung med sine 3800gram. Er salg på posar generelt der no. mvh. Håkon Martin -
Prøv klatreførar for jotunheimen. Får kjøpt den på sportsnett. Skal stå der, samt andre ruter opp til storen. mvh. Håkon Martin
-
Exped orion extreme har god plass for to stykker på vinteren. Har brukt det på vinteren og synes det er eit fantastisk telt Plassmessig veldig bra med fortelt til begge.
-
Proev aa soek paa Trango. Har overdelen, men har veldig lyst paa buksa. Det fine med buksa er at glidelaasen gaar heile vegen opp - slepper aa ta av deg skoa:) Vel og merke viss du i kkje allereie maa ta av deg dei for aa ta av evt. ytterbukse. mvh. Haakon Martin
-
Hei! Nettopp kjøpt nemo tenshi frå campsaver. Betalte $539, men eg hadde ikkje snakka med dei før:) Sendte mail til nemo, og får som du veldig seint svar. Sjølve mailen var positiv, svarte på spørsmåla og han/ho beklaga veldig at dei hadde svara i seinaste laget. Uansett, så håpar eg at teltet som sådan treng lite service Gledar meg til å prøve teltet. Ellers er det eit nemo tenshi til salgs her med tenshi RIF til 3800kroner. Absolutt å vurdere... mvh. Håkon Martin
-
Skjønte kva du meinte knadne Har forresten fått den samme anbefalinga frå andre som LarsOH skriver. Trur eg går for Roca migu då når det gjelder halvtau. Er vel eit av dei lettaste taua og vekt er viktig. Skal sjå litt på Roca free.