Gå til innhold
  • Bli medlem

Anbefalte innlegg

Skrevet

Jeg leker med tanken på å gå tilbake til skolebenken neste år, og kunne da tenkt meg å dra til Sogndal eller Volda å ta bachelor i friluftsliv. 

Er det noen her som har erfaringer med studiet og jobbmuligheter?

  • 2 måneder senere...
Annonse
Skrevet

Hei!
Eg har bachelor i friluftsliv frå Sogndal, samt ppu frå Sogndal. Eg var heldig og fekk jobb som friluftslivslærar på folkehøgskule etter endt utdanning. Andre eg har gått i klasse med jobbar som lærarar, innanfor reiseliv, fri flyt, friluftslivsbarnehage, og ting som ikkje har med friluftsliv i det heile tatt. Generelt krevst det nok litt ekstra flaks og/eller innsats for å få seg jobb innafor friluftsliv, men det er ein veldig kjekk (og altoppslukande) jobb. Eg må av og til minne meg sjølv på at eg får betalt for dette når eg sit til fjells rundt bålet, men også når eg går og regnar ned, og helst kunne tenkt meg å vere inne. Lønna er jo ikkje den aller beste, men til gjengjeld har eg ein jobb der eg ofte gledar meg like mykje til ting som skal skje på jobb som ting som skal skje etter jobb.

Ein viktig ting å hugse på om du studerer friluftsliv er at du ikkje i stor grad lærer eigenferdighet på studiet. Det må du gjere sjølv på fritida gjennom eigne erfaringar og øving. Men det er jo kjekt. Eg var innstilt på å i større grad lære eigenferdigheit då eg starta på studiet, men om du kan det grunnleggande frå før lærer du meir om bevisstgjering og undervisning enn eigenferdigheitar. Og bacheloren i Sogndal startar heile første året med årsstudium i idrett. I Volda er det rett på friluftsliv, med stor grad av frihet for kva ein ønskjer å studere det siste året på bachelorgraden.

  • Takk 1

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.