MrPetzel Posted June 17, 2005 Share Posted June 17, 2005 Jeg har tenkt meg til den vestlige delen av Jotunheimen i sommer. I første rekke skal jeg bestige topper i Hurrungane, men jeg er også en ivrig fisker! Noen som har et tips eller to til fiske i området? Alle svar mottas med takk! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Stuttjukken Posted June 17, 2005 Share Posted June 17, 2005 Eg er ikkje kjend med fiskevatn i Vest-Jotunheimen, men kan kanskje få deg på sporet likevel. Kvifor ikkje kombinera høgt og lågt på turen, det er ikkje lang veg frå klatreveggane i Hurrungane og ned til Lustrafjorden, der de kan prøva fjordfisket. Kontakt Turtagrø Hotell, Sognefjellshytta og bomvakta på fjellvegen Årdal - Turtagrø, så kan kanskje dei vita om gode fiskevatn i nærleiken. De kan óg kontakta grunneigarane inntil Hurrungane om fiskevatn. Sjølv kjenner eg ein triveleg grunneigar på Skagen i Fortun, garden som er grunnlaget for namnet Skagastølstindane. Slå opp i telefonkatalogen for Sogn og Fjordane, Luster kommune, og finn fram til Svein Arvid Skagen. Han fortel deg det han veit, og rettleider deg vidare til andre lokale folk i området som veit meir enn han. Svein Arvid og Signy Haldis Skagen er ein triveleg bondefamilie i Fortun, på ein gard der dottra og svigersonen (Wenche (tidlegare Skagen) og Øyvind Samnøy) truleg har overteke drifta. Dei har halde ved like stølen Skagastølen (Skarsstølen), som ligg ovanfor vegen mot Årdal, vel 1 km. frå Turtagrø, der eg har vore fleire gonger, og fått traska både til hytta på Bandet under Store Skagastølstind, og oppover Dyrhaugsryggen, samt Fannaråki og andre turmål. Køyrer eg over Sognefjellet eller Årdalsfjellet, stoppar eg framleis på Skarsstølen og nytar den flotte seinsommarstemninga frå selsbøen på Skarsstølen, før eg køyrer vidare. Der kan eg berre sjå oppover og nyta synet av både Fannaråki og Skagastølstindane med eit dryss av nysnø i glødande kveldssol........................ God tur med tau og fiskesnøre. Helsing Stuttjukken. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Guest Anonymous Posted June 24, 2005 Share Posted June 24, 2005 Var i Jotunheimen for mokre år sidan, med fiskestang. Og me fekk mykje fisk!! Me var i området kring Gjendetunga. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
MrPetzel Posted July 2, 2005 Author Share Posted July 2, 2005 Takker for tips og svar:) Skal prøve å sjekke ut Gjendetunga til uka! God sommer! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.