Gå til innhold
  • Bli medlem

Gulo Gulo

Aktiv medlem
  • Innlegg

    99
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gulo Gulo

  1. eg har eigentleg bestemt meg for crux lite, allreide, men fann brunton sin kopi på felleskjøpet i dag...(av alle ting)...såg grei ut den, men har nesten ikkje høyrt noko om merket før...og kopi er ...kopi.. Nokon der ute som har erfaringar? Og... De som har crux...er det den med eller utan vippbart hovud de har? Vippbart vert meir kompakt under pakking, den ser eg.. Men eg tenkjer at det også er større moglegheit for skadar på bevegelege detaljar...?! meiningar og synspunkt her?
  2. Gulo Gulo

    Vinterlue

    snedig tråd.... sleng meg på folka som talar for balaclava her! bra plagg! men ei "vanleg" heimestrikka hue, med god kant nede, som ein kan brette opp for betre isolasjon over øyrene, og deretter ei god hette utanpå...?!! funkar fett:) spe på med ein ullhals.. eller kjøp ei balaclava:P eg sjølv bruker for det meste ei slik hue, med hette over om det er mykje vind eller snøfokk..e.l. pelshua mi i kaninpels er leirhue under kalde forhold.. ei tynn balaclava vert ofte brukt i posen...
  3. takkar for svar:) trur det vert ein Light versjon på med av typen crux ja:) kjelestøttene er no mogleg å "utvide", så det skulle ikkje vere noko problem tenkjer eg!
  4. Gulo Gulo

    Klatresko

    seier meg einig i dei som tipsar mot relativt trang sko, utan at det vert for vondt.. =) og...er delvis ueinig i dei som seier ein ikkje skal gå etter merke... med dette meiner eg at der er enkelte sko, til dømes lasportiva miura..gode sko, til nybegynnarar og til meir viddarekomne...velg skoa trangare enn du likar.. og etter 3 veker er dei akkurat slik dei skal vere, og utan at du treng å ta dei av kvart 4. minutt..... andre merker igjen utvidar seg knapt, og er nesten like trange etter 6mnd som då dei var nye... Er sjølv instruktør, og ser dagleg nye klatrarar som kjem inn med for store sko, og gir opp fordi dei ikkje står godt nok på chips osv.eller ikkje får nok kraft over på tærne....men for all del, ser også mykje av dei som vel altfor små sko.. prøv dei på..stå på ei list i butikken..bruk tåa. og for ditt eige beste, sjekk at helen sitt godt..! Luftlomme vil du sjølv som nybegynnar irritere deg over:P
  5. Hei! Nokon som har erfaringar med desse gassbrennarane? korleis er dei på lav effekt? Veit om at enkelte har hatt problem med optimus crux (med vippbart hovud) på lav effekt, der den berre har slokna.. Gjeld dette også "Lite"(light) versjonen? den utan vippbart hovud..? kovea?erfaringar? og eventuelt eagle sharp sin ultralette sak, som eg ikkje hugsar namnet på? Kom gjerne med tips til andre, og nei..dei treng ikkje vere superlette...men gjerne "lette nok, tole ein støyt(derfor eg tenkte at crux med vippbart hovud ikkje var heilt aktuell..) og vere relativt kompakte..+ ha gode støtter.. mvh..fjellfrosken:)
  6. Hiv meg på Swordfish her... Dette kan ikkje seiast klart nok..skaff deg kunnskap først..! Om du tenker at " så vanskeleg kan det ikkje vere", og fortsett med å halde i tauet ovanfor sikringsbremsen, kan du fort få deg ei overasking når poden vert tyngre og får et fall.... Med kunnskap, kjem kjennskap:) Lukke til:)
  7. http://isbjørn.no/ Klikk på Jan Mayen:)
  8. Min hadde heil glidelås...heilt til glidelåsen gjekk, så eg sydde heile stasen igjen, slik at eg i dei siste åra måtte krype ned i posen... Ang. EN standard er eg usikker. Står ingenting utanom at extreme tempen er minus 30...komfort på -20 Den andre posen eg nemde, Isbjørn Jan Mayen, kan du velge sjølv korleis du vil ha den, med eller utan glidelås, heilt utan, delvis utan..du kan sy den inn, både i breidde og i lengd utan at det kostar noko særleg. Veit det va gratis for nokre år sidan, så kan ikkje koste allverda no?
  9. kan legge til at min tyinpose er noko gammal, så dagens modellar er nok vorte betre på ein rekke områder..! Men må også nemne at tyinposen var ein fantastisk god vintervenn i mange år, før den vart byta ut:) Ikkje eit dumt kjøp det..!
  10. Ajungilak tyin er ein god pose:) har hatt den sjølv... min.temp`en var ca 30- , men det er rimeleg individuelt kva som er ein varm pose og ikkje.. Eg er ingen frostpinne sjølv, men sov ikkje knakande godt ved 28kalde.... Men så har det også sjølvsagt ein del å seia kva liggeunderlag du har osv..Men tilbake til saka: Isbjørn Jan Mayen er ein rimeleg(ca 2000kr) og meget god og varm vinterpose..dryge 3kg...men heller bere tungt å vite at ein får ei god natt eller bere lett og grue seg til å legge seg i posen:P Har sove kaldare netter med den enn tyin-posen, og då også mykje betre:) Svært nøgd! WM er heller ikkje å forakte...absolutt ikkje, men så var det prisen då..Dei ligg i allefall ikkje i "Tyin-klassa". Lukke til:)
  11. http://rab.uk.com/products/mens-clothing/shell/mountain-dru.html
  12. Sjekka ut:) Nei,,eg har ikkje alpine utgåva.. så dette er nok den nye:) Gledeleg! hehe.. Men det spørst om eg ikkje må prøve noko nytt denne gongen.. Arc`teryx jakka såg grei ut.. Vid og god plass...men så var det klaffen..og for ikkje å snakke om strammedippeduttane:) Kan hende mine stumpe klatrefingrar har vorte for krokete med åra så dei ikkje klarer å gjennomføre slike oppgåver? Ikkje veit eg.. Synest dippeduttane er for små.. Tilak, Lowe alpine, patagonia, er merke eg har vore litt bort i før, men sjølv her har eg problem med å finne noko artig... Nokon som har hatt norrøna dovre, og kan fortelle litt om pluss og minus med jakka? - Takker!
  13. "....men er også litt overrasket over at det ikke er mulig å finne en jakke lik (eller bedre) enn "gamle" Trollveggen." Jo...Der er mange jakker som har glidelås og klaff utanpå,og sikkert er betre enn gamle Trollveggen på sett og vis... men svært mange av dei er med kroppsnært snitt, og har detaljar eg ikkje sett særleg pris på, som eg nemte først: altfor små innstrammingsdippedutta og/eller mangel på borrelåsfeste for pelskant på hetta... Set pris på tilbakemeldingar, og takkar for ulike tips:) Har kika litt på svalbardjakka, men sidan den er mynta meir eller mindre til vintersbruk, så dug anorakken min godt til det:) Evt trollveggen etter litt meir lapping... Angåande recon jakka..: hadde ikkje den knappar i front? utanpå glidelåsen? Korleis fungerte dette med vind og snø på fjellet? Kjenner eg er skeptisk til mykje her, men kan vere fordi eg er meir enn nøgd med jakkene eg har hatt tidlegare, der alle har hatt klaff med borrelåslukking og store nok detaljar til å stramme og opne med digre vottar..
  14. Nokon der ute som har snøring på kvifor "skikkelege" fjelljakker nesten berre vert seld med "naken" glidelås i front? For meg er ei god fjelljakke ei jakke med god, fast og romslig hette, store nok innstrammingsdetaljar til å kunne ordne ting og tang med vottar på, ikkje kroppsnær, og klaff foran glidelåsen i front...(+ ein del ting til...) Eg har hatt norrøna trollveggen i mange år, men som er så holete no, at den knapt dug som helsetrøye...Kjøpte difor ei Rab Latok jakke i fjor haust, men var i utg.punktet smått skeptisk til glidelåsen i front.. Eg stilte spm til selgaren som er ein oppegåande fjellmann sjølv, og som svarar at jakkene idag er av svært høg kvalitet osv osv...og at glidelåsane skal halde "alt".... --Vel...eg vart rimeleg kald på min elles så fine fjelltur i vinter, etter at Herr Glidelås bestemte seg for å opne seg..løysninga vart gaffateip. Fungerte det, men rimeleg kjedeleg! Sendte jakka inn til Gore-tex service, og spurte samtidig om det var råd å feste på ein klaff.. Noko det ikkje var, då lommene var i vegen for å sy på ein slik beskyttelse....! Norrøna Dovre har klaff...(mot vær og vind-som det står i annonsa...) men fjelljakker, for høgalpine soner/klatring, har mist denne livsviktige detaljen.. ! Nokon som har gode tips til ny jakke? (For all del..Dovre er like mykje dugandes til høg alpine soner som i skogen, ikkje slik meint... men kvar er det blitt av dei gode gamle? Kvar er dei gamle slitarane? Må nemne at eg fekk at jakka frå gore-tex service med ny glidelås.. men i sommar rauk eine lomma--> glidelåsen sjølvsagt.
  15. Bøygen nemner Bergans Alpinist... Eg slenger meg på her! Har denne sekken i 130 liter, men finn den også i 110 liter:) utruleg god å bære, behageleg og gjennomført (svært) god kvalitet. Min sekk knirka litt i starten, men sendte den inn til Bergans, som sydde til eit eller anna lurt..så etter det knirka den ikkje lenger. Super sekk. Litt tung, men kvalitet tvers gjennom og ikkje minst god mot ryggen. Men det er mi meining..Sekken passar iallefall godt til meg. Eg er 184 på strømpelesten ..
  16. Einig her! Sjølv om Hilleberg med fleire freistar, så har HS, både kvalitet og rykte men til mykje mindre peng...
  17. Eg sjølv valde Helsport fjellheimen x-treme (3manns). Mine krav var bl.a. at teltet skulle vere solid, ha greit fortelt til matlaging, bagasje osv.. telte har også vore testvinnar. For meg fungerar dette telte svært bra, og vil absolutt anbefale det. Forteltet er stort nok, til ein del bagasje, extra liggeplass ++ Eg grev hole i ytterteltet om vinteren slik det vert ståhøgde når du lagar mat..kjekt. Vart litt mykje om akkurat eit telt det her, men er iallefall svært nøgd:) Nallo GT er også eit telt eg tenkte på, men så var det prisen då...:S Helsport for meg er: Solid, rimeleg og knall service!!
  18. Etter slik eg har forstått det, er det "ikkje lov" å fyre bål i (eller i nærleiken av) skogen.. Men som fleire her seier, er det lurast å bruke sunn fornuft! -Er vinden tilstades og det er knusktørt rundt deg, må du gjerne tenkje deg ein gong om, før du tenner stikka. Elles fyrer eg på høgfjellet og ved sjøen/vatn eit stykke frå skog...året rundt. Og prøver å tenkje noko lunde fornufti;) Mange (bl.a. høgskular med friluftsfag) har tolka lova om bål, som eg vil seie ikkje er heilt tydeleg, til å gjelde i og i nærleiken av skog. Ganske greitt eigentleg, men regnar det hundar og kattar eller liknande, ser eg ingen grunn til å la vere
  19. Brusletto Bamsen er ein kniv eg sjølv likar svært godt. Ligg godt i mi hand, og er god å jobbe med. Elles kan eg anbefale martiinii.. Finsk handverk! meget bra! Har sjølv ein martiinii samekniv..same stål som strømeng sine, om eg ikkje tek heilt feil, betre å halde (etter mi meining) og kostar omlag det same:) Men..det har kome mykje gode forslag her, ser eg. Mora er billig og bra! Lukke til med knivkjøpet;)
  20. Der går ein bilveg på svensk side, hugsar ikkje kva denne heitte, men i det vegen går over ei elv, er der ein p-plass. Herfrå kan ein gå innover ein traktorveg mot ein "slakteplass" for rein. Etter nokre km kjem ein fram t elva som går ned frå ranseren... greit svar?
  21. Takker.. Det hjalp litt på Har ikkje vore ved ranseren før.. men har brukt ein del tid på flyfoto, for å sjekke forholda.. hadde også plana om å ringe rundt å finne ut av ting slik sett...Vi er nokre vennepar som hadde tenkt på dette til sommaren, og som i fjor hadde vi også i år, plana om å dragse med dei minste..som i år vil bli 1.5år 4 og 5... men kjipt om det skulle vise seg at elva ikkje er padlebar:p så takkar for alle svar og all hjelp eg får:)
  22. Vi har vore ein gjeng som har vore i Børgefjell dei siste 3 åra.. Forrige år, gjekk vi inn frå Sverige og inn til Saksinvatnet. i år ville vi prøve oss frå same side, men gå inn til elva som renn ned frå Ranseren, og mulig bruke ally, oppover. Stigninga er ikkje avskrekkande, men der kan alltids skjule seg nokre større stryk, men mitt spm er: Har nokon gjort dette før? eller veit kor djup/stor denne elva er? Kan dette vere mogleg? Takkar for svar på førehand:) -Fjellfrosken-
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.