Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 032
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. hepp, hepp, same ståa her. Vonde kne og måtte gå over frå telemark til rando i vinter. Desverre, ettersom tele er usannsynlig morosamt. Overgangen til rando var uproblematisk, har aldri stått alpint før, men det var ganske lett egentlig, bare å lena seg frå side til side, og etterlitt så hoppar ein litt hit og dit og kjem meg ned på eit vis. Nedkjøring på rando er mykje mindre belastande på kne enn på telemark, men dog ein belastning som sagt tidligere. eg har imidlertid ikkje hatt problem etter å ha konvertert. På opptur er belastning den same synes eg. Trening er jo det viktigaste her, god grunntrening førebyggjer det meste.
  2. Heilt enig med Kjell over. Dersom du vil være litt sprø så kan du slenge på ei atomsild i raudt og svart.
  3. Innom XXL i dag, hadde nokre meget gode vekestilbod, m.a. Guideline pustende vadere til 499,-, har gode erfaringar med Guideline frå før så eg kjøpte eit par. Hadde i tillegg abu fluestang 5/6 med snøre og snelle til 499,-- Vifta litt med stanga i butikken og det var ganske bra, kjøpte 1 eks.
  4. Min norrøna softshelljakke er eit fantastisk plagg og eg brukar denne mykje, men den lekk som ein sil eller som ein bomullsanorakk om du vil. Held like lenge tett som min norrøna bomullsanorakk før det sig igjennom.
  5. Ok, kva type, vismut?
  6. Tidligere har BMW blitt nekta å fly ein bil opp på Trolltunga over Tyssedal i eit PR stunt, norsk film har blitt nekta å fly kamera opp på Buerbreen (trur det var denne), arrangørene i sandvolleyball VM Stavanger har ikkje fått lov til å fly 60 heliturer opp til Prekestolen med sand (!) etc etc. For kvart av desse tilfella har det vore eit rop om at det er norsgesreklame verdt xxxxxxxx NOK og derfor burde det vore gitt tillatelse, summen peng er altså grunngjeving for å få fly hit og dit. Stort sett over alt i heile verden kan du fly inn med heli og plassera shampoflasker og bilar, evt laga kule shoots med skikøyring dersom du betaler nok. Trur det er adskillig betre norgesreklame at det faktisk finnes områder der ein ikkje har slike ting, at områda faktisk er verna områder også mot denne typen ferdsle. Og som det er sagt, det finnes bra mange fine lokalitetar utanom verneområder, bla trollstigen og Nebbet i Nærøydalen. Heia Norge!!
  7. Hei, kva type haglskot bør ein nytta til sjøfugljakt, nokon som har nokre erfaringar her?
  8. Såg bjørnen på 400 m og 1 km, og kasta stein på dei, litt av ein kastearm... Kan det vera at dei blanda litt sjølvplukka sopp i turmaten sin
  9. Til laks: møresild. Evt kondomspinner, som er vanskeleg å få tak i i norge men som funker som fy. Til aure i småtjødner: pantermartin spinnere og droppenspinnere, bruker mykje kobber og raud. Spesial skjesluk og lill auren, kobber. Bomber og flue, meget bra kombo, bruker den overalt, også i sjø.
  10. Eit meget godt poeng som ein bør ha i mente når folk anbefalar sine favorittsluker/fluer
  11. Kunne ikkje vera meir uenig Har fiska mykje på vidda, og vi har vore fleire stk med ulikt utstyr, kobber er den fargen som klart fanger mest fisk uansett på døgnet faktisk. Fiskar mest på vestvidda. Er ellers heilt enig i at sølv og blått/raud er meget bra for fjellvatn andre stader, det funkerar bra i Rondane og på Dovre.
  12. Skal du fiske i sjø eller vatn eller elv? Stor elv/liten elv? Sluk, mark eller flue? Sluk funker på alt, på laks så er store spinnere eller skjesluker å foretrekke men avhenger av størrelse på¨fisk og elv. Ok allround sluker er droppenspinnere (10-20 gr) eller møresild (10-40 gr), evt wobblere. Dupp og flue er også meget bra og sterkt undervurdert. For aure, sjå tråd om nybegynner fiske i same tidsrom som denne er posta.
  13. Hei, start på Kongsvoll. gå inn stropplsjødalen, overnatt i enden, topptur til Snøhetta neste dag og ned til Åmotsdalen, overnatting her, heim tur via Harekollen-namnlauskollen-Storkinn-Kaldvelldalen-Salen-Kongsvoll. Siste delen av turen går utenfor sti, høgt og fint med lite og ingen folk, kan vera utfordrande orientering med skodde. Kjem sikkert til å treffe på moskus så hugs sikkerhhetsavstand på minst 200 m.
  14. Nja, eg likar lette sluker,dvs 6-7 gr. Ville satsa på nokre 6 gr, og nokre 10-12 gr. Er egentlig utruleg kor liten fisk som kan bita på ei 10 gr møresild... Dersom du ikkje har kasteteknikken inne vil nok 10 gr sluker vera kjekkare å kasta med.
  15. Gode sluker til Hardangervidda: kobberfarge Lillauren, kobberfarga Spesial, Droppen kobber og raud, blank og raudprikka Spesial, og til å ta stor fisk og kasta langt så sleng på 2-3 Møresild i 10 gr kobberfarga. Kobber er det eg har fått fisk på på vidda, og det eg og fiskar mest med no.... kan vera ein samanheng.. Beveg deg når du fiskar, mange står i ro i 1 t og kastar på same plassen, har personleg fått best resultat når eg tek eit par kast , går litt , nye kast etc etc. Lukke til, legg gjerne inn ein fangstrapport når du kjem tilbake
  16. Hei, dette er nok forumet som du kan spørje om slikt ja. Er ikkje så vanskeleg å finna ein stad der ein er nesten åleine, sjølv rundt Oslo. Mht utstyr o.l. sjekk: http://www.turistforeningen.no/index.php?fo_id=3058 Dersom du ikkje har vore så mykje på tur så ta med myggmiddel og myggnett, og ha myggnetting i teltet, dette gjer ting litt kjekkare. Ta med kart over området uansett, evt memorer i frå nettside : http://kart.statkart.no/adaptive2/default.aspx?gui=1〈=2 Er det snakk om fjell/skog eller sjø du vil til? Mat: kjem an på kor lenge du skal vera ute, det meste av mat og kjølevarer holder i 1 døger sjølv om det er 20 grader, untatt is såklart. Kjøttdeig steiker du på førehand, så held den seg eit par dagar til. Dersom dåke ikkje er så gira på å gå langt, dvs over 1/2 t så kan ein ta med kjølebag, ikkje noko problem. Søk på "turmat" her på forumet så vil det kome mange mange tips.
  17. Ups, det var ikkje noko dumt spørsmål men bare meg som ikkje hadde fått med meg at det var 0,20 snøre på. Nei, då hadde eg ikkje skifta snøre, berre bruk det som er der. Min erfaring er at dersom ein kjøper sett så er ofte snøret tjukkare enn det som er bra for stang og kasting, bare derfor eg hang på det
  18. Hei, dersom du fiskar eit par gonger i året så er det settet til Mustad heilt OK. Såg det settet til 250 på Obs i går og synes det verka greit. Treng ikkje ha superutstyr for å dra inn nokre fisk. Ja, du får ei stang som er lettare og som du kanskje kastar lengre med for 800,- men sjå litt på bruken. Såg obs hadde nokre andre ferskvannssett til ca. 350,- , desse så også bra ut. Har hatt ei rimelig reservestang (teleskop) som eg har brukt i nordnoreg og drege stor lyr og torsk på, ingen problem og har aldri hatt problem med snelle, kosta 400,-. Viktig: kjøp 100 m med 0,20 mm snøre, dra av snøret som er på snella og hiv det, dra på det nye snøret. Då får du eit snøre som ikkje er porøst (slit lett), og du slepp mykje vas og krøll. Tynnare snøre gjer og at du kastar lengre. Til ferskvannsfiske på vidda held 0,20 mm. Teleskopstang: liten og tek liten plass, ofte litt slaskete og mindre god å kasta med enn ei delt stang. Gjer ein avveiing kor mykje dette med plass betyr, vil i utgangspunktet anbefala ei delt stang men teleskop har sine fordelar mht frakt.
  19. Dersom dåke skal inn med tog så må dåke ta buss frå Haugastøl og ned til Eidfjord. Eit anna alternativ kan vera Haukeliekspessen til Odda, og buss derifrå til f.eks. kinsarvik. Herifrå kan ein gå over mot Finse og tog heim. Eit anna alternativ kan vera tog til finse, gå rundt jøkelen og tog tilbake. Evt haike/taxi opp hjølmodalen og gå til duranut eller haugastøl.
  20. Plar stå ved bakevarer, ikkej alle butikker som har.
  21. Meir sukker i maten, meir brus , meir godteri. Er ikkje så gamal men når vi vaks opp så drakk vi lite brus, sykla til trening og hadde ikkje internett. Grovbrød til frukost, poteter og masse brun saus til middag. Synes dagens unge har jekla mykje pengar, og kjøper masse godteri enn for 15 år siden... Empiri basert på mi eiga slekt dette her. Fedme, egentlig eit luksusproblem som viser kor utruleg godt vi har det.
  22. NEttopp, og her er vel litt av tilretteleggingsproblemet. Skal gå lange turer på fjellet men skal ha luksusen som ein har i byen, dvs varm dusj, entrecote og ein konjakk til kaffen. Ingen problem med at dette ligg ved Rv7 over vidda, men ikkje 3 t innpå vidda! Argumentet som har blitt brukt er at folk som går på tur vil ha det... Og mht til velikeholdsutgifter så foregår dette på dugnad på dei fleste av DNThyttene (ikkje private hytter med dntavtale) så det kan umulig vera mykje utgifter her. Kanskje lokallaga skulle overta drift og ansvar for kvar sine hytter.... Til trådstarter, ja det finnes billegare alternativ men då må du laga maten din sjølv, lei ei hytte evt bu på geilo hotell eller liknande.
  23. ...kastes som vanleg søppel, dvs rest, eller som bokser og glass?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.