Gå til innhold
  • Bli medlem

josteink

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1 032
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    7

Alt skrevet av josteink

  1. Ja, slik kan ein bortforklare når vi utryddar enkelte artar, "jaja den var ikkje levedyktig".
  2. Her var det jo berre rot, forenklinger og begrepsforvirring. Og kor ialle dagar har du at antropogen påverknad er 2 w? 1. Solinstråling er relativt lett å kvantifisera, i tillegg til å ekstrapolera bakover i tid. Av registrert oppvarming siden 1700 kan 10 % forklarast av auka solinnstråling, resten må kome av andre kjelder. I tillegg har solinnstrålinga avtatt siste 20 år og dermed skulle vi ha ei nedkjøling, stikk i strid med det som er observert. Så å sei at solkonstanten er 1370 w/m2 er ei grov overforenkling fordi denne har store variasjonar både i tid og rom. 2. "Urban oppvarming" - kritikk som dukka opp i 1995, urbanisme kan forklare oppvarming siste 100 år. Er tilbakevist i mange mange artiklar og ved siste IPCC rapport var dette ikkje tema frå vitenskapeleg hald, frå useriøse klimaskeptikarar var det masse kritikk, ikkje uventa. Men har du tenkt på kvifor andre måleseriar på østlandet viser same trend, og korleis kan du forklare auka havtemp med urbanisme? Som du seier over Nei, er man opptatt av vitenskapen bak så ser en problemene og derfor er det med undring at ein faktisk ikke legg meir vekt på fakta. Istadenfor så set ein Al Gore i same båsen som National Academy of science og Royal society og NOAA, då er det vanskeleg å føre ein debatt når alle fakta i saken vert bortforklart med at det berre er politikk... Og no kjem det eit motinnlegg som bugnar av påstandar, og slik kan vi fortsetje. Eg foreslår at du faktisk set deg ned og finn ein einaste vitenskapeleg artikkel som underbygger det du her seier, og så kan vi ta det frå der.
  3. For å sumera litt, det er heilt greit å tvile, sunn skepsis er berrre bra. Det egentlig debatten bør dreie seg om er kva grunnlag skal vi bygge våre beslutningar på, dvs skal vi i denne skaa legge vitenskapeleg faktabasert kunnskap til grunn slik vi gjorde det ved innføring av røykeloven, stansing av KFK gassutslepp? Begge desse eksempela er hefta med usikkerhet, gjer egentlig passiv røyking auke i helseplager, har vi egentlig oversikt over KFk-gassar sin innverknad på ozon. Svaret her er at nei, vi veit ikkje 100 % sikkert at nokon av desse eksempela, det er knytt ganske mykje usikkerhet til passiv røyking for eksempel, men det er ei overveiande sannsynleghet og difor så vil ein vera føre var. Men ikkje i klimaspørsmålet, til tross for at det er brei enighet at global oppvarming er menneskapt, hovudsakleg frå brenning av fossilt brensel. Og når det i dag ikkje eksisterar noko vitenskapeleg grunnlag for å sei at global oppvarming ikkje er menneskapt så meiner eg at då bør vi faktisk tru på at IPCC, royal society of science, national academy of science og NOAA veit kva dei driv med til det ligg føre forskning som seier noko anna. Og det er derfor eg vil bli operert(dersom det skulle vera naudsynt) av ein kirurg med erfaring framfor ein lofotfskar som er god til å filtera fisk, fordi eg har ein tiltru til forskning.
  4. Ergo så kan vi ikkje stole på nko forskning fordi det e poltisk bestemt, røyking-lungekreft, KFK-ozon lag, sur nedbør etc etc. Så då er spørsmålet mitt kva skal vi bygge vår kunnskap på? Foruminnlegg? Det er ein vanleg strategi blant "klimaskeptikarar" at dei viser til at all klimaforskning er berre politikk. Grunnen til dette er at det i dag ikkje ligg føre noko vitenskapeleg grunnlag for å sei at det ikkje pågår ei menneskeskapt global oppvarming. Dette blir forklart av essem over med at denne forskninga er "politisk" fordi det ikkje er grunnlag til å tilbakevise det på anna grunnlag.
  5. Du skriv over at Jostedalsbreen har vore vekke og arktis var isfritt og tundraen var kraftig redusert. Dette er jo bare påstander uten grunnlag. Under holocene maximum var verken Jostedalsbreen elller folgefonna heilt vekke, absolutt all forskning, som i hovudsak dreier seg om sedimentundersøkingar, syner at desse breane var tilstades gjennom heile siste 10 000 år. Hardangerjøkulen fosvinn imidlertid heilt frå eitkvart sedimentlag rundt 8000 BP, i lag med ein del andre kontinentale/innlandsbrear, medan dei meir maritime breane ser ut til å ikkje vera vekke. Årsaken til dette kan vera at ein auke i nedbør kompenserte for temperaturauke. At arktis var isfritt er det heller ingenting som tyder på. Fram til i dag har eg enda ikkje sett ein vitenskapeleg artikkel som hevder dette så dersom du har ein referanse som faktisk seier at arktis var isfritt så ver snill å legg ved ein referanse. Det er i tillegg svært metodiske problem med å ekstrapolere data til å gjelde isutbreiing på overflata av hav, noko som gjer at det fort vert mykje "kan".... Reduksjon av tundra, det som egentlig er diskusjonen her er om metan i permafrost vil gå ut i atmosfæren. Reduksjon av tundra fører ikkje nødvendigvis til ein reduksjon av permafrost, store delar av taigaen ligg på permafrost i dag. I tillegg er det lite som tyder på at det var ein stor redusjon av permafrost fordi temperaturstigninga under holocen maksimum var knytt til kyst og ikkje til sentrale område av eurasia. Som eg har sagt tidlegare så kan dette vera fodi auka solinnstråling hevar temp på sommaren men og gjer at det vert kaldare på vinteren, derfor kan dette vera ein kompanserande faktor. Fordi vi i dag har eit innhald i atmosfæren av metan og CO2 som er høgare enn vi nokon gong har hatt siste 1 mill år....
  6. Litt usikker på kvifor vi skal byggje iglo, er det artikkelen du har link til her så er det heilt motsette som står i den.....
  7. 1. støtter forslaget om at du tek ein helgetur fyrst før du er ute 7 dager, små steg små steg! 2. Du frys fyrst på ekstremitetar, dvs føter og hender. For min del fyrst på føter, eg har difor med meg fotposer frå forsvaret med sokker/lubbe inni. Desse er eit must for meg, og svært gode å ha til isfiske. Kun skisko evrt altfor aklde til leirbruk for min del. 3. bamseliggeunderlag er godt, kjøper du i tillegg eit billegunderlag av celleplast på biltema så har du dog og rimeleg dobbeltunderlag. NB det er stor forskjell for om folk frys eller ikkje, så test litt ut dette med å liggje på snø. For å sikre betre isolasjon kan du mellom anna leggja granbar som underlag under. 4. teltet funker bra til vinterbruk. 5. vinterturar er kjempeflott og ikkje noko pes i heile tatt, kan du triksa så er det ikkje noko problem å halde seg god og varm heile tida
  8. Gratulerar, har vandra mykje rundt på fjellet men aldri sett jerv, berre spor. Trondheim har etterkvart ein unik byfauna; mår, elg, jerv, havørn, vandrefalk, oter. Imponerande
  9. Eg må få komme med ein kommentar på dette. Varmeperioden for 8000-5000 år sida var knytt regionalt til områda nord for ekvator, men ikkje overalt, uklart av hvilken grunn. Ved å ha polarsirkelen ved Sandnessjøen ville nordområda få meir solinnstråling men desto mindre på vinterstid. Vi fekk denne typen klima vi likar, kalde vintrar og varme somrar Kalde vintrar gjorde at permafrosten på tundraen og isen i arktis ikke gjekk merkbart tilbake, fordi årsmiddeltemp ikkje vart spesielt høgare. Eit anna aspekt som bør trekkast fram her er at CO2 innhaldet og metan innhaldet var på denne tida langt under det vi har pr i dag. Med ein tett korrelasjon mellom innhald av drivhusgass i atmosfæren og temperatur er det svært sannsynleg at global temp vil stige langt over dei temp vi har hatt siste 10 000 år. At dette er skremselspropaganda får stå for debatanten sin rekning men det bør vera grunn til bekymring. Det er og derfor ein nyttar begrepet "kan", fordi ein har aldri hatt så høge nivå av drivhusgass metan og CO2, og dermed veit ein heller ikkje kva som kan skje. At enkelte naturvernorganisasjonar og media tek vekk "kan" og formulerar ulike scenarier som absolutte, er neppe heldig, meiner eg. Eg for min del meiner at når det er så stor enighet om at det pågår ein menneskapt oppvarming (sjå tidlegare innlegg) så tek eg det til etteretning, fordi dette er så komplekst og fagleg vanskeleg at menigmann ikkje har naudsynt spisskompetanse til å vurdere dette, som med mange spørsmål i samfunnet.
  10. ENig denne er god og konkret, set fokus på det som er viktig!
  11. Tja, mitt innlegg er bastant og det er sett på spissen er rett men neppe at det er direkte usant. Så kva fagleg grunnlag er der. IPCC sine rapporter antar eg er velkjent stoff. Siste rapport er samanfatninga av over 1000 ulike publiserte artikler frå alle verdensdelar og eit stort spenn av fagfelt. Konklusjonen er : "Global atmospheric concentrations of CO2, methane (CH4) and nitrous oxide (N2O) have increased markedly as a result of human activities since 1750 and now far exceed pre-industrial values. Most of the observed increase in global average temperatures since the mid-20th century is very likely due to the observed increase in anthropogenic GHG concentrations". Men fordi at ein del anser IPCC som lite troverdige foretok britiske Royal society ein sjølvstendig gjennomgang av eksisterande kunnskap, som vart samanfatta her, (meget oversiktleg og god): http://royalsociety.org/policy/publications/2010/climate-change-summary-science/ Det amerikanske National Academy of Science, som er usa sitt royal society, gjorde det same i 2010: http://americasclimatechoices.org/ccstudycte.shtml og United States Global change research program, dvs statlege direktorat som til dømes NASA og NOAA (dvs US meterologiske institutt) laga ein tilsvarande rapport i 2009, med ei nasjonal vinkling. http://globalchange.gov/publications/reports/scientific-assessments/us-impacts Alle desse tre tunge og svært kompetente fagmiljøa kom med same konklusjonen, nemleg at - det er ein auke i globalt temp siste 50-100 år - den er hovudsakleg menneskeskapt - hovudsakleg forårsaka av brenning av fossilt brensel Eg kan vanskeleg sjå at dette faglege grunnlaget berre kan setjast til side. Det eksisterar heller ikkje noko tilsvarande samanfatning av kunnskap som kontradikterer dette. Så kvifor ikkje anta at det faktisk er noko i det, slik som ein gjorde med KFK - ozon spørsmålet på 80-talet?
  12. Heilt utilgivelig og må vel vera på brudd på forumetiketten
  13. Javel, men då er vi tilbake på min fyrste spørsmål, skal vi byggje våre vurderingar på fagleg grunnlag. Kva byggjer du din vurdering på? Røyrleggar eller kirurg?
  14. Dette er jo eit spørsmål om kva vi skal legga til grunn for våre beslutningar. Kven går du til dersom du store magesmerter? Kven vil du skal operera blindtarmen din, ein røyrleggar eller kirurg?? Svaret her er jo openbart for dei fleste, vi vel dei med ein fagleg bakgrunn. Det finnes i dag ingen dissens i det vitenskapelege miljøet for at menneskeleg utslepp av CO2 vil føre til ein auka global temp på min 2 grader, og at dette skuldast brenning av fossilt brensel. Det finnes i dag ingen publiserte artikler som konkluderar med noko anna. Så kvifor skal vi ikke leggja til grunn kunnskap for handling i dette tilfellet? Med tanke på fjorårets vinter så vil eg sei ein ting, 2010 var det 5 varmaste året i noreg nokon gong målt, til tross for ein kald vinter. EI menneskeskapt global oppvarming dreier seg og meir om ein vinter i sørnoreg... At noreg får store mengder vasskraft frå brear som er i sterk tilbakegang, der meir vinternedbør ikkje kompenserar for auka smeltesesong er eit lokalt problem i noreg. Men er det slik at dei på vinstra skal hive avfallet sitt i lågen, for då vert det uansett folk på hamar sitt problem???
  15. Ja, ting vert litt annasleis når det er mørkt, veit sjølv at fantasien kan vera meir aktiv då. Men dette har nok mykje med erfaring å gjera, når du vert gamal og likegyldig så går det bra . Men som det er sagt så treng du ikkje uroa deg i norsk natur, med mindre du er elg eller hjort... Kan vera eit tips å ha med eit telys som du har i forteltet, og så er det berre å vera mykje ute på tur, radio er jo og veldig kjekt å ha (og evt ein god konjakk)
  16. Hei, har brukt rondaneteltet i mange år på vinterstid. Fungerar supert for meg. To ting du kan var klar over 1) teltet er litt flatt over lågaste delen, dvs at dersom det snør mykje så vil det legga seg snø oppover "fotdelen". Normalt ikkje noko problem, eg sparkar av og til vekk litt snø gjennom teltduken 2) luftinga er ikkje den beste men eg opnar døra litt ved koking og det fungerar bra. Ut over det er jo teltet låg og med lite vindfang, står supert i vinden.
  17. Ja, men ettersom eg har forstått så har samane rett til å sanere delar av utmarka fordi dei er urfolk og lev "tradisjonelt" ...
  18. Råtne epler finnes overalt! Kan sei etter mange tiår så er det ingen tvil om at bygdetullinger legg att like mykje søppel. Har brukt ein del tid på å rydde opp gamle gruer med sølvpapir, glasbrot, metaldrit, radioer etc etc.
  19. Hei, kva er billegaste og mest pålitelege måte å senda 30 kg utstyr til canada, nokon som har erfaringar med ulike fraktselskap? mvh Jostein
  20. Ang Geitaknottane og Ydddalen naturreservat, flott område som med tanke på naturmangfald er eit av dei mest interessante på vestlandet visstnok. Har aldri vore her sjølv men har planar om ein tur til våren. MEN det er er forbode å brenna bål i verneområde, i tillegg er det få vatn med fisk her, noko som gjer at området har ein av dei største populasjonane i verda av storsalamander. Sjekk forvaltningsplanen: www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1178&amid=3055490 for kva restriksjonar som er i området.
  21. Ja, det er ikkje så mykje villmark i hordaland. Skal vera fine områder nord for voss, over mot sognefjorden - Undredal. Bergsdalenområdet-vaksdal inneheld jo eit vell av fiskevatn og tjødnar som kan vera interessant. Elles så er det ein del villmarkspreg i folgefonna nasjonalpark, td sandvikedalen, bjørndal, ænesdalen, eller for ekspempel nordre delen av folgefonna. Ettersom dåke skal ligga i ro i ei heil veka så stiller jo det krav til at det skal vera eit interessant område for at det ikkje skal verta kjedelig. Håper uansett du legg inn ein turrapport her frå turen, alltid interessant å lesa
  22. Hei, sist eg bestilte frå utlandet (2010) så var det ikkje noko toll på sportsutstyr, og eg meiner at det ikkje har endra eg. Dvs at du kun betalar moms + behandlingsgebyr,
  23. Halv pris dunjakke hagløfs http://www.sportsdeal.no/index.php?main_page=index&cPath=10631
  24. Til superted Du etterlyser litt meir bakgrunn for å sei kva som er naturleg populasjonsdynamikk i eit fiskevatn. Spørsmålet er vel egentlig; kva regulerar ein populasjon. Likevekten i ein populasjon uavhengig om det er aure eller hjortedyr erfor ein stor del bestemt av næringstilgang. Det er viktig å poengtera at ein predator i liten grad regulerar ein populasjon av byttedyr. Dette er ein stor diskusjon som det er skriven tusenvis av artiklar om innen økologi og er kalla henhaldsvis bottomup (styrt nerifrå) eller top-down (styrt ovenifrå). Problemet for ein predator er at når det er så effektiv at den regulerar ein bestand så vil den undergrave sitt eige næringsgrunnlag og dermed regulera sin eigen bestandstr. Når det i eit aurevatn i tillegg er lav tetthet byttedyr og dei for ein stor del er knytt til gruntområde/strandareal som gjer dei vanskelege å jakte på så må det vera stor tetthet pr kannibal. Dei mest grovvokste aurestammenen vi har i noreg er knytt til vassdrag med pelagiske fiskearter, så som krøkle o.l., som opptrer i store tetthetar pelagisk. Ok, dette var litt offtopic. I ein populasjon der næringsgrunnlaget er regulerande for tettheten vil ein naturleg likevekt ligge rett under bæreevnen (dvs maks størrelse av populasjonen ut frå mattilgong). Dette vil sei at kvart individ ligg på sultegrensa. Når tettheten går over bæreevnen så vil ein del av populasjonen døy og tettheten synk. Enkelt og greit. Så kvifor ligg ikkje naturleg tetthet/balanse på halvparten av bæreevnen, der kvar fisk eller hjort har masse mat og kan eta seg stor og sterk. Grunnen er at naturleg utval og seleksjon ikkje fungerar på populasjonsnivå men på individnivå, dvs at kvar enkelt fisk drit oppi kva som er bra for heile populasjonen berre den får gytt. Dersom ein fisk berre gyt 100 rogn, som ville vera lik dødsraten i eit vatn, så vil ein fisk som gyt 1000 rogn ha mykje større reproduktiv suksess. Seleksjonen vil såleis favorisera mest mogleg rogn, mest mogleg reproduksjon. Men vil ikkje stor fisk ha større fitness og større gytesuksess?? Jo men då må ein fisk hoppe over 2 år med gyting medan den vesle naboen på 50 gr gyte på i bekken, så det er kanskje ikkje så gunstig alikevel..... Men det er jo ein god del vatn der næringstilgang ikkje regulerar bestanden. Dette er vatn der andre miljøfaktorar styrer. Til dømes så er det mykje stor og fin fisk på hardangervidda. Dette er mellom anna fordi at det er svært lav vasstemp her, og det kan gå fleire år mellom kvar vellukka gyting, og sjølv då er reproduktive suksessen låg. I tillegg vil låg vasstemperatur gjer at fisken vert gytemoden seinare. Medan fisken i eit standard vestlandsvatn vert gytemoden når den kanskje er 3 år og 75 gr, vil ein aure i bjornesfjorden vera 4-5 år og 500 gr. Eg har fatta meg litt i korthet her og det er masse om og men og unntak frå regel her, berre for å ha sagt det. Poenget mitt er iallefall at den naturlege balansen varierar ut frå miljøtilhøve men vatn med berre småfisk er ikkje i ubalanse, og desse kan ligg i 100 år utan at tettheten endrar seg. I tillegg så er det viktig å sei at dersom du vil få fleire store fiskar så slepp uti den store fisken att, dersom du vil fiske på 2 hg fisk så kakk storfisken i hovudet men stor fisk har så godt som ingen regulerande effekt på ein bestand (i eit reint aurevatn).
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.