Fredag ettermiddag til Skogadalsbøen frå Turtagrø, grei tur, og godt med ein pils og fjellaure til middag før ein legg seg tidleg.
Starta frå Skogadalsbøen kl 0400 laurdag morgon,
etter laange 8 timar i motbakke med alt for tung sekk fann vi toppen av Gjertvasstind, etter noko eksponert klatring på is siste biten opp til toppen.
Grudde meg litt til å sjå korleis det var nedover mot Gjertvasskaret, men dette gjekk veldig greitt. Nedover sva litt til venstre i sida til vi fann eit rappel-anker nesten ut på kanten mot skaret. 3 rappellar seinare stod vi i skaret. Dette kunne nok vore ordna med ferre rappellar, men bregleppa er stor midt på veggen, så det er greitt å komme seg ned i skaret.
Vidare mix på is og klippe til vi kunne putte stegjerna i sekken og klatre opp på Styggedalstind. Herfrå var det grei klyving til vi kom på vesttoppen og rappellerte ned i grusrenna.
Sliten i kroppen etter ein lang dag var grusrenna lite koseleg med mykje laus stor- og småstein. Vidare bortover eggen var det kos, og til slutt klatringa opp på Centraltind var flott, sjølv om skodda no var komt på besøk.
Vi var slitne og det var byrja å bli seint, så vi beslutta å overnatte i den flotte bivuakken på toppen av centraltind.
2 stykk i ein jerven thermo hunter var trangt, men varmt nok til at vi sov store deler av natta. Vakna kl 06 av at makker hakka tenner så då var det på tide å stå opp og komme seg vidare. No var skodda tjukk og det hadde regna så det var småglatt då vi skulle fortsette ned på ryggen og vidare til Vesle Skagastølstind.
Trist at vi ikkje såg noko på Skagastølsryggen, då denne ryggen er hakket meir eksponert og luftig enn Styggedalsryggen, men det var spennande nok med vått føre.
12 timar seinare var vi klare for middag på Turtagrø høgfjellshotell; Dette kunne nok vore korta ned ein times tid om ikkje knea hadde vore så vonde, og det ikkje hadde vore så psyko glatt i steinura ned frå Nordre Skagastølstind.
I alt ein fin, lang og tung tur. Vil nok om ei stund hugse det som berre kos med eksponert klyving og den flottaste utsikta i Noreg, men nett no er det knea som skrik etter ibux.
sjå bilete på
Galleri:Styggedalstraversen