Gå til innhold

bertil

Passivt medlem
  • Innholdsteller

    33
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. LarsM: Takk Fjellfinn: Fjellet ligg i Nesset kommune, men er lettast å komme seg opp på frå Øksendalen i Sunndal kommune.
  2. Orkar ikkje skrive ein alt for lang turrapport, men eg veit at de set pris på flotte bilete Kaldt og deilig
  3. bertil

    Styggedalsryggen 19-20.august 2006

    Tom: Ja, det var enkelt. Eller, så enkelt som ein kan forvente i bratt lende, litt småklyving, men ellers ikkje noko utsatt. Nils: Vi gjekk ca 20 meter på klippe (nederst) og så ut på isen ca 25-30 meter og opp i ei lita renne der vi byrja å klyve opp på ryggen. Opp første delen av isen er det bratt og steinhardt, ville ikkje få utglidning der....hadde god nytte av to isøkser, men ein klarar seg jo med ei også.. Raudt betyr stegjern og isøkser, gult betyr kliving. Kom litt feil ut og laut sikre opp eit lite parti med slope tak og lommer, litt langt fallpotensiale (ned til maradalsbreen) etter min smak. På veg opp til Gjertvasstind brukte vi også to økser og stegjern for å omgå eit litt ekkelt klippeparti mot toppen. Dette gjorde til at vi måtte over på Styggedalssida, noko som var litt småekkelt då isen ikkje var spesielt god å sikre i, så vi gjekk i fri. Enden på visa er vel at med så lite snø som det er no, kan ein nok klare seg utan stegjern og isøkser på denne traversen, noko som betyr ganske mange kilo spart. Men då må ein jo finne ein brukbar veg gjennom klippesystemet opp mot toppen av Gjertvasstind, noko som vi var for slitne/hadde for lite tid til.
  4. bertil

    Styggedalsryggen 19-20.august 2006

    Ruta er grovt teikna inn her. Gult er gangbart, evt løpande, raudt er rappel. Enkelt å gå nedover sva/småklyving til ein kjem til øverste rappel-feste. Då kjem ein som du ser rett ned i skaret og treng ikkje bekymre seg for den enorme bregleppa som blir større dag for dag.. bertil
  5. Fredag ettermiddag til Skogadalsbøen frå Turtagrø, grei tur, og godt med ein pils og fjellaure til middag før ein legg seg tidleg. Starta frå Skogadalsbøen kl 0400 laurdag morgon, etter laange 8 timar i motbakke med alt for tung sekk fann vi toppen av Gjertvasstind, etter noko eksponert klatring på is siste biten opp til toppen. Grudde meg litt til å sjå korleis det var nedover mot Gjertvasskaret, men dette gjekk veldig greitt. Nedover sva litt til venstre i sida til vi fann eit rappel-anker nesten ut på kanten mot skaret. 3 rappellar seinare stod vi i skaret. Dette kunne nok vore ordna med ferre rappellar, men bregleppa er stor midt på veggen, så det er greitt å komme seg ned i skaret. Vidare mix på is og klippe til vi kunne putte stegjerna i sekken og klatre opp på Styggedalstind. Herfrå var det grei klyving til vi kom på vesttoppen og rappellerte ned i grusrenna. Sliten i kroppen etter ein lang dag var grusrenna lite koseleg med mykje laus stor- og småstein. Vidare bortover eggen var det kos, og til slutt klatringa opp på Centraltind var flott, sjølv om skodda no var komt på besøk. Vi var slitne og det var byrja å bli seint, så vi beslutta å overnatte i den flotte bivuakken på toppen av centraltind. 2 stykk i ein jerven thermo hunter var trangt, men varmt nok til at vi sov store deler av natta. Vakna kl 06 av at makker hakka tenner så då var det på tide å stå opp og komme seg vidare. No var skodda tjukk og det hadde regna så det var småglatt då vi skulle fortsette ned på ryggen og vidare til Vesle Skagastølstind. Trist at vi ikkje såg noko på Skagastølsryggen, då denne ryggen er hakket meir eksponert og luftig enn Styggedalsryggen, men det var spennande nok med vått føre. 12 timar seinare var vi klare for middag på Turtagrø høgfjellshotell; Dette kunne nok vore korta ned ein times tid om ikkje knea hadde vore så vonde, og det ikkje hadde vore så psyko glatt i steinura ned frå Nordre Skagastølstind. I alt ein fin, lang og tung tur. Vil nok om ei stund hugse det som berre kos med eksponert klyving og den flottaste utsikta i Noreg, men nett no er det knea som skrik etter ibux. sjå bilete på Galleri:Styggedalstraversen
  6. Nokon som har vore der i det siste? Er det snø framleis? Korleis er Jervvasskaret? Kva er den beste retninga? Frå Nordre skagastølstind? eller frå Jervvasstind? bertil
  7. bertil

    Artig sykkeldebatt på VGD

    Hehe, ein på jobben har ein 1 meter lang bambuspinne med refleks og spiker ytterst bak på sykkelen, denne gir han god plass i vegbana Og kjem sinnataggane for nær, ja då vert det ei fin stripe i den ellers så fine Audien, Saaben elller kva det måtte være.
  8. bertil

    Dunking i navet

    det kan vere at krankarmane er litt lause, spesielt om du har firkantaksel. Skru til og prøv igjen. Viss ikkje kan det vere kranklageret, forholdsvis greitt å bytte. Dersom du skrur av krankarmane og det er ujamn friksjon når du vrir rundt akslingen er sjansen stor for at lageret er gåent. Skru ut lageret og ta det med til sportsbutikken, evt bestill nytt på nettet.(viktig å ta mål, for det finst MANGE forskjellige variantar.) lukke til bertil
  9. bertil

    Taulagskommunikasjon

    Små PMR-radioar er jo ganske hendig då. Viss ikkje kan du nytte "rykk i tau"-protokollen: 3 kraftige rykk i tauet: Standplass (må kvitterast med likt antal rykk) 4 ----"---- : Sikring klar 1-2 kraftige rykk : eg klatrar (kvitterast med stramt tau bertil
  10. Gjest: Når du lagar websider må du passe på at skråstreken "slash" er / og ikkje \ i filnamnet (det funkar sikkert fint i MsExplorer men ikkje i andre browsarar) mvh bertil
  11. Gjekk frå Hoemsbu med tung oppaking laurdag kl 1230. Planen var å nå Juratind i løpet av kvelden og telte ved vatnet nedanfor Hoemsbreen (700 meter under toppen). Hoemsbu er eit vakkert nedlagt gardsbruk ved Eikesdalsvatnet. Bør vitjast om ein er i området! Stigninga gjekk fint opp langs elva på god sti, ein plass måtte vi leggje ut klopp for å komme oss over den frådande elva, men la den på plass igjen på tur ned. Opp moreneryggen mot vart det brutalt bratt, og når vi kom over kanten på ca 800 moh kunne vi ta på oss skia. Himmelen vart meir og meir blå, noko som vi sjølvsagt sette stor pris på. Då vi kom opp til kanten der egga byrjar var det nesten snøfritt. Vi måtte traversere eit par snørenner og siste 5 metrane baud på enkel klatring. Alt ein treng er ein kile nr 5 og ei kortslynge. Det går også fint å klatre siste biten utan sikring om ein er trygg på seg sjølv. Grad 3+ kanskje i ca 1 meter(lite opptak). Men det er jo forholdsvis langt ned... På toppen kl 2030 med forholdsvis blå himmel, sol og vindstille. Sat der i over ein time og naut utsikta mot Vengjetind, Trolltindane, Skjorta, Vikesoksa.... ja alle dei fantastiske toppane i området. På søndagen vakna vi for seint til å gå topptur ettersom vi hadde bestilt skyss kl 17. Vi valde difor å bli solbrende i staden.. Litt vondt no, men det går seg vel til.. Fantastisk tur! Bilete kjem seinare.
  12. bertil

    Snøforhold i Romsdalsalpane?

    Eg har litt lyst på Gjuratind til helga, men er usikker på korleis snøforholda er. Er det nokon som veit noko om dette? Er det roten snø til topps eller er det greitt å gå? Mvh bertil
  13. bertil

    Snønipa/1827 - beste adkomst?

    Frå Stardalen( Høyset) Så seint som no er nok breen litt skummel å gå, men som gi skriv kan ein gå rett opp på ryggen frå der ein elles ville gått inn på bretunga. Då slepp ein å gå på dei skumle plassane på breen. Såvidt eg kunne sjå.. (gjekk der i påska) Ellers vil eg påstå at Snønipa er heilt konge i april, gjerne med nysnø. 1500 høgdemeter med flott køyring! Ein fin topptur i dette området, akkurat passe bratt for cruising i den farten ein sjølv følar seg komfortabel.. bertil
  14. Skal kjøpe meg telt og lurer på ovannemde telt. Nokon som har positive/negative erfaringar med dette teltet?
  15. bertil

    klatring i Jotunheimen

    Ein ganske interessant debatt i grunnen. Kvifor kan ein ikkje bolte rapellfester på til dømes Storen? Det ville gjere rapellen sikrare og meir diskret enn hundrevis av rosa og gule slynger rundt blokkene som brukast i dag? I Molladalen er det bolta rapellfester på mange av dei populære rutene, svartelokserte boltar, kjettingar og ringar er veldig elegant og slitesterkt, og ein har i allefall ein farefaktor eliminert! Kvifor er det så stor motstand mot dette i fjellet? Køyr debatt!
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.