Gå til innhold
  • Bli medlem

Qme

Aktiv medlem
  • Innlegg

    89
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Qme

  1. Qme

    Ullgenser

    Takk for svar alle sammen Lutra fann den, å, ja det var nok Ulvang reklama
  2. Qme

    Ullgenser

    Trenger hjelp til å finne ein god ullgenser. Veit wistex har ein frå gaupa, men den var ikkje heilt lik den eg tenkte på. Den eg er ute etter ser ein ein liten bit av på e reklame på TV som handlar om eit et rosa vaskemiddel? og genseren ligg fint sammenbretta. Er grå, relativt grov ull og har glidelås i halsen(høghals). Er ikkje heilt sikker på om det er Wenaas-genseren eg snakkar om, men er det nokon som veit kva eg snakkar om og kvar eg kan finne tak i han?
  3. Trenger tips om kvar eg kan finne litt info om denne Helly Hansen Softshelljakka. Står no ikkje kva ho heiter å er ikkje å finne på heime sida til HH heller. Har sett den før og ser at den er no sett ned frå 2999,- til 1499 på sportmann.no! http://www.sportmann.no/psnweb/product.aspx?productid=285795&deptid=9995 Er den verdt å sette pengane på, uten å ha prøvd den?
  4. Flott film Sondre, så levande og så ekte! Noregs mest ekstreme idrettsutøvar nokon gong, skjønar ikkje kvifor han aldri har fått pris eller vorte nemnd på Idrettsgalla som går kvart år. Han burde fått æresmedalje. Kvil i fred Jon Tvedt.
  5. http://www.westcoastpeaks.com/Norway/more.html http://www.fjellinordvest.net/ Hundrevis av turar på desse sidene, berre sette seg ned å "grave" i stoffet
  6. Takker for svar. Det kan verke som om denne oppstigninga er vanskelegare enn enkelte hadde rekna med før dei la i veg? Det er i såfall ingen tvil om at det er både bratt og sprekker i område som ein må ha dugande utstyr til, gjerne meir enn nokre bjørkastaurar? iaa: Har vore på Nordre sommarstida då opp via Insterenna, men med same oppstigninga til sjøle toppen som frå Fladalen. Om det vanskelegaste punktet på turen( Fladalen-Nordre) er opp frå Fladalen er eg ikkje sikker på, men det er vel ikkje så mykje krevjande terreng her anna enn ei bratt side som må traverserast? Sjølve oppstigninga til toppen finn ein i denne artikkelen her: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=790
  7. Nei det er ikkje svartkvitt-effekt på bilete. Heller "feil" me innstillingane når bilde blei tatt, den blei liksom litt "dau" og bleik
  8. Har eit par bilete av månen. Den halve månen: #Teke med Canon EOS 400D #F-stopp: f/10 #Eksponering: f/10 sek #ISO hastigheit: ISO-100 #Brennvidde: 300 mm. Den heile månen: #Teke med Canon EOS 400D #F-stopp: f/5,6 #Eksponering: 1/400 sek #ISO hastigheit: ISO-400 #Brennvidde: 300mm
  9. Qme

    Sunnmørsalpene.

    Rett som dei skriv over her, Patchellhytta er eit godt utgangspunkt med mange flotte tindar i nærleiken(http://www.turistforeningen.no/alesund/cabin.php?ca_id=228&fo_id=5846 ), og kanskje den mest kjende hytta på vinterstida er nok Standalhytta (http://www.aask.no/ ) ved Standaleidet med Kolåstinden, Sætretindane og Sølvkallen som flotte mål. Litt lenger ute i fjorden ligg også Svintinden og Molladalstindane som meget spektakulære turmål. Ingen av desse er teknisk vanskelege å bestige, (unnteke den eine av Sætretindane som krev klatring) men er likevel turar som både er tunge og krevjande på sine måtar. God tur:)
  10. No når vinteren endeleg har ankomt Sunnmøre så det er på tide å byrje å planleggje nye turar og ekspedisjonar for vinteren. Etter å sopa med meg ein hau med toppar i sommar, tenkte eg å prøve meg på dei toppane som er meir krevjande på sommaren enn på vinteren. Fekk tips frå ei ikkje så ukjend dame, som har store merritter innanfor klatring og skieventyr, om at skulle ein gå Søre Sætretind er denne krevjande toppen best på vinterstid. Om sommaren er det smeltesprekker og våte torver som hindrar å nå toppen( http://fjellinordvest.net/content/view/30/743/ ) og eg veit at denne toppen også er krevjande på vinterstid då "4-meters hammaren" må bestigast med isklatringsutstyr(den må også bestigast om sommaren). Eg er også dagleg innpå Hjørundfjordportalen og fleire har sedd seg nødt til å avbryte topp-forsøket til denne toppen http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1663. Likevel syns ikkje eg bileta verkar avskrekkande for at det skal vere mogleg å nå toppen under gode forhold. Vel, kva er så gode forhold? Korleis står sola her? Beste føre? Kan eg greie meg med vanleg skiutstyr, dvs. isøks/stegjern og stavar(sett frå meg skina sjølvsagt) på eit godt føre og eit anna vegval? Håpar på svar, og om det er lov å sei det så tidleg, ha ein fin vinter og ei god jul til alle:)
  11. Ja desse to rute er nok to av dei lengste samanhengande nedkøyringane og med jamnast helling, utan avbrekk frå skog, fjellfotar og andre ting som hindrar ei slik nedkøyring, ein finn på Sunnmøre. Eg såg turane var referert til Hjørundfjordportalen og dette er ei god side med mykje nyttig turinfo. Vegen til Sledalen og Sauresetra opnar, som det var sagt over her, først ut på våren, men det hender den er køyrd med traktor opp til kanten av dalen der det er eit kraftverk. Å gå heilt frå hovudvegen er igrunnen ikkje noko stor utfordring i seg sjølv, berre å legge på ein halvtime ekstra gangtid. Heile turen tek ikkje meir enn 3-4 timar opp(Topp 1345), litt lenger om ein skal på Nordtoppen og Sydtoppen i tillegg. Ruta er valgfri om kva side av sprekka som er best, til høgre, sett nedanifrå, er det brattast, og eg tykkjer det gjekk heilt fint å gå på venstre sida, der raset var. Klart, under dårlege forhold er det nok tryggast å gå på høgre sida.
  12. 1,20 meter med snø på Bjørke, Sunnmøre. Køyrt pudder i heile dag;) Fjellsetra og Strandafjelle he opna, Reset(volda) har ope barnetrekk og opnar for kveldkøyring truleg i veka, sameleis med Bondalseidet(Ørsta). Minus grader og nydelige forhold!
  13. Qme

    Snegrænse

    Tysdag var snøen komen heilt ned i Volda og Ørsta på Sunnmøre. Det resulterte i ein ettermiddagsskitur opp gjennom den upreppa skitraseen på Reset skisenter og vidare til toppstasjonen på Grøthornet ca 700 moh. Der var(er det enno) det omlag 40-50 cm rein puddersnø på barbakke, men sidan skitraseen har jamt og flatt underlag gjekk dette bra og eg unngjekk det som var av oppstikkande steinar. Også i lokalavisa stod det skreve om ein kar som hadde rennt ned frå Vallahornet 833 moh, fortoppen til Saudehornet 1303 moh denne dagen. Flotte forhold og mykje snø i høgda! Dei siste dagane har det også vore mange kuldegrader og på heimesida til Strandafjellet skisenter står det at dei produserar snø for fullt. ------------------------------------------ http://www.fjellfoto.blogspot.com/
  14. Her er nokre bilete til frå lokalmiljøet:)
  15. Qme

    Snegrænse

    Hehe, litt av ei tabbe det der I Ørsta,Sunnmørsalpane er snøgrensa under 600 moh. I høgreliggande strøk har det snøva jamt å trutt i tre daga,r så ved 1000 moh skulle det vel neste vere skiføre? Køyre til Kvistadsætra på 515 moh å gå på Skårasalen då, veldig fristande til helga om skiforholda er bra. Meldt 12 minusgrader tirsdag! Så dette ser lovande ut!
  16. Det gjorde ikkje eg eller:P Må ha tenkt på feil plass, rett skal vere Nykkjevatnet.Det er mogleg det er i Sunnylven, eller på grensa? Litt forbi Ljøsetra, postvegen, viss du veit kvar eg meinar?
  17. Første biletet er frå Lemonsjø-området, andre er frå Nykkjevatnet, Stranda.
  18. Qme

    Snegrænse

    Det var meldt om 1 meter snøv ved Trollstigen på lokalradioen i dag, stemmer dette?
  19. Qme

    Snegrænse

    På web-kameraet til Ørsta skisenter vitnar no om at nysnøen har kome ned til 700 moh. Kameraet ligg på 692 moh. http://www.orstaskisenter.no/nettkamera/ Web-kamera andre stadar: http://www.lstrand.no/webkamera.html Snøgrensa har no kome ned til ca 700 moh!
  20. Klart det er underholdande! Men det at det var skredfare 5, då kan no folk tenke som at dette er "normalt" for vinteren og at dette kanskje berre er middels fare( I ein skala frå 1-10 kanskje?), noko som kanskje kan forvirre nybyrjarar som har tenkt seg på tur?
  21. Er ikkje sikker. Mogleg dette er dei to første (og kanskje dei einaste??) som har køyrt der. Normalruta(Jakta bestigast sjelden på vinteren), eller sommar-ruta går på "puklane" til høgre på de nedste bildet og følg ryggen opp. Har vore der to gangar på sommarstid, ura er heilt sikkert nydleg å renne heilt frå varden til det blir brattare og brattare før ho stuper utføre nokre renne-liknande formasjonar. Her er det utruleg bratt! Tvilar på dette er noko å anbefale, kun for ekstremkøyrarar!
  22. Denne nedkøyringa vart gjort i april 2002 av Christer og Arthur Geir frå Volda:)
  23. Sykkelrittet i Geiranger var sagt å vere 4 km. Korleis er det då mogleg å sykle dette på 7 og et halvt minutt som Wenche brukte! Dette er over 30 km/t i rundt 10% stigning! Har sjølv sykla der så veit kor langt og kor bratt det er der. Det med skredfaren var også overdrevet, sikkert ikkje meir en 3.
  24. Qme

    Snegrænse

    750-800 moh, Ørsta, Sunnmørsalpane!
  25. Takk for svar! Godt å vite andre sine erfaringar. Det eg eigentleg var ute ette, var ei ski som ikkje er for brei som t.d Volkl Mantra, men heller ikkje for spiss bak slik som Dynastar Pro Legend. Er ute ette ei slik ski som Scott Aztec, men litt usikker på biningsystemet. Går mykje på fjelle med fellar og renner ned att desse flotte sidene og rennene vi har her på Sunnmøre så tenkte at eg måtte ha ei ski som går under desse kriteria. I tilleg renn eg eindel i trekk. Så er de slik på Sunnmøre at her er ikkje så mange pudder-dagar så skia treng ikkje å vere ei spesifikk ski for pudder. Nokon tips til ski med desse kriteria? Scott Atec er no ei All mountain ski då? Tingen er at eg har ski, men som er litt korte og i tillegg er skoen for liten til denne sesongen. So eg fann uta at de blir best om eg kjøper ein pakke, also nye ski og sko inkl. binding, noko som viste seg å vere vanskeleg for mine kriteriar(farge, utsjånad o.l). Så hadde lyst på Scott skia, men er heller usikker på om eg skulle sette på randoneè-binding slik at eg kan bruke eit par sko på både nye og gamle skia. Vi får sjå!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.