Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. Har også tenkt litt på å skaffe meg Mammut Extreme 45 l. Andre som har gode erfaringer med denne eller andre sekker i samme klasse?
  2. Når du leier ein førar, eller blir med på organisert føring, overtar føraren eit forholdvist stort ansvar. Sjølv om han/ho kunne klatra ei rute under meget krevjande forhold (som det nok også kan bli på storen sommarstid), så er det noko anna med ei gruppe. Føraren må heile tida vurdere om det er forsvarleg å fortsette for *gruppa* og det er sjølvsagt mange faktorar som spelar inn. Det må vera soleklårt at guiden har rett til å snu. Det er vel slik at når ein blir med på føring, så godtar ein betingelser som føringsselskapet/føraren har satt. Viss du ikkje er einig i desse, så får du heller ta turen opp på eigenhand (noko som skulle vera overkommeleg for mange av tinderanglarane på dette forumet etter å ha tatt eit par klatrekurs). Det er vel ikkje vanleg å gje penger igjen på "bomturar" på Storen, eller? Dette føler eg blir eit meir kommersielt/organitorisk spørsmål og har vel ingenting med føraren å gjera direkte, vanlegvis. Føringsbedriftene kunne jo ha lagt på prisen, for å så kunne gje pengar tilbake ved bomturar, men eg tvilar på at det blir aktuelt. Det inntrykket eg fekk av førarane i Norgesguidene (som bl.a. driv med dagleg føring til Storen) etter å ha vore på Storen denne veka, er at dei strekk seg veldig langt for å koma opp på toppen, sjølv i veldig surt vèr. Men eg er ganske sikker på at dei også vil snu om forholda skulle tilsei dette. Dei førarane eg traff var veldig hjelpsomme, gav eit godt inntrykk og virka dyktige. Heilt sikkert fullt kvalifiserte for å føre folk på Storen
  3. Er ikkje så veldig erfaren, men kan gje deg nokon tips Balansen i kajakken er ei tilvenningssak. Har du ein stødig plastkajakk går dette ganske fort. Eg syntes det var relativt enkelt å padle første gangen eg var ute. Bare pass på at det er brukbart vær, passe sjøtemperatur og lite bølger. Å ha med ein erfaren padlar hjelp mykje. Dei fleste årene er vridd slik at blada står i ein vinkel i forhold til kvarandre. Mest vanleg er vel at ein held heilt fast med venstre hand, mens høgre hand"glir". Du forstår det når du prøver det, det er ganske lett Det er viktig å gjera seg kjent med korleis ein skal takle f.eks. ein velt. Eskimorulla er mindre viktig i denne samanhengen. Før du legg utpå må du vera sikker på at du kan koma deg utav kajakken. Ta gjerne å test dette på grunt vatn (gå rundt og kom deg utav kajakken). Spruttrekket kan i mange tilfeller sitta ganske hard på og det er viktig at "løkka" frampå er lett å få tak i. Skal du ut på ein lengre tur må du også kunne ulike redningsteknikker. Det beste er å ta eit sikkerhetskurs hos ein padleklubb der slike ting blir gjennomgått. Evt kan du får ein erfaren padlar til å vise deg Du må vera veldig erfaren for å padle lengre strekninger åleine - padle difor alltid saman med nokon andre. I starten bør du halda deg nær land. Det bør ikkje blåsa for mykje (lett bris). Ikkje legg utpå viss det er bølger med skumtopptendenser. Ver også obs på at det er utfordrande å padle med bølgene inn frå sidene (akkurat sliksom i ein kano) Eg ville ha padla minst 1-2 gonger før eg la ut på ein helgetur (i lag med nokon meir erfarne), men det er litt etter kor utfordrane ein slik tur er. I rolige farvatn er det veldig enkelt (og fint) å padle, mens det er litt meir utfordrande i bølger. Padling er kjempegøy! Håper du får masse glede av havpadling framover
  4. I've looked at the timetables at www.jvb.no and it seems like the bus connection directly from Oslo to Gjendesheim first starts to run on the 19th of june. Before this date, only Oslo-Beitostølen is operated (Beitostølen is approx. 35km south of Gjendesheim) Here is the link to the timetable of "Valdresekspressen": http://www.jvb.no/ruter/vxp/vxp-beitost.htm (Note the remark "m", "j" and "r") Valdressekspressen does also have a connection to Tyin/Årdal, which might be interesting for you: http://www.jvb.no/ruter/vxp/vxp-sogn.htm From Tyin you could walk to Fondsbu/Eidsbugarden (road) and then further into Jotunheimen. From Årdal you could walk up to Skogadalsbøen (it's situated in the western part) and then go towards Olavsbu/eastern part of Jotunheimen. There might be a problem regarding the snowconditions, so please seek some more info before you try this suggestion. This webcam should give you an idea of the snow conditions in Jotunheimen at present: http://www.jvb.no/jvbcam.shtml (It is situated at Eidsbugarden) I'm not to familiar with other transportation in the area. Perhaps Morten has got some more information?
  5. Ragnar

    Gore-tex jakke

    Hei! Arcteryx Alpha jakken virker det som mange er fornøgd med, meg sjølv inkludert. Lett jakke (600g) med utruleg bra passform. Det er ein klatrejakke, men egner seg like godt som vinterjakke/sommerjakke. Den har ikkje stiv hettekant, men ein slags skyggekant som fungerer like godt (har prøvd den i liten storm - ingen problemer). Den har snøring i livet. Prisen er litt stiv, ca 5000,- i Norge. Ned i 2500,- i utlandet. Link til Arcteryx Alpha Det er sjølvsagt mange andre gode jakker på markedet. Klattermusen (http://www.klattermusen.se) vurderte eg også før eg til slutt tok Arcteryx'en. E-Vent stoffet som brukes der skal visst ha veldig gode pusteegenskaper Kjenner ikkje så veldig godt til dei nye Norrøna-modellane, men Norrøna har jo hatt mange bra jakker tidlegare.
  6. Tviler litt på at det finnes eit alternativ som tar mindre tid enn normalvegen opp til Kjerag Du kan forsåvidt ta anleggveien innover mot Langavatn/Askalråtjødna og etter bommen gå på anleggveien eit stykke. (Tviler vel på at bommen er open, ifølge kartet står den rett før Akslaråtjødna. Sjekk med Lyse Produksjon i forvegen) Så kan du KANSKJE gå opp mellom Aksleråheia og pkt 1113, passere mellom vatn 1076 og 1054 og gå opp til høgemarkering 1141 på kartet (1140 stod det før trur eg). Det står ein varde på toppen. Har imiddlertid ikkje prøvd å gå opp akuratt denne vegen, såg det bare utfrå kartet (gjekk opp frå Langavatn th). Terrenget i dette området vil eg kalla for uoversikteleg pga mange små koller. Det er lett å bli litt forvirra. Frå pkt 1141 går den merka ruta ned til vatn 1018, vidare ned i dalen til eit bekkeinntak og deretter rett nordvest mot Kjeragplatået. Skulle tru at dette forslaget er både lengre i distanse og i tid Alternativ så går det jo også fint å gå inn til Langavatn turisthytte først og deretter gå den merka ruta til Kjerag. Dette blir imiddlertid endå lengre, men du kan jo evt. overnatte. Kanskje nokon andre veit om ei alternativ rute?
  7. Det har vel ingenting med lengden på sjølve stegjernet å gjera...skoen stikker vel lengre fram på dei fleste step-in stegjern, derav forskjellen (fronten er breiare). Slik front kan vel også settast på reimbaserte stegjern, men det er nok ikkje så vanleg. Step-in stegjern leveres også med vanleg front, noko som ikkje er så uvanleg (kanskje veldig vanleg?) Mine Varg polar skisko str 45 går akkurat inn på mine grivel stegjern (uten step-in), men kun når det er "ledda". Tviler på at eg får plaststøvler i samme nummer til å passe. Uansett så sitt dei ikkje så veldig bra, fordi fronten er for smal til å la skiskotuppen stikke ut. Så for alle med plaststøvler (telemark etc), så er nok step-in stegjern med "brei front" det einaste som duger (viss eg ikkje tar heilt feil)
  8. Diskusjonen rundt teltforbudsona ved Spiterstulen er blitt skilt ut i ein eigen tråd: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1029 Ragnar Moderator
  9. Ein GSM mobiltelefon som står på, kan heilt sikkert lokaliserast, men i fjellet er nok nøyaktigheten liten. Dette på samme måte som kommersielle lokalisjonstenester på GSM (Avstanden til basen blir målt og evt retning på sektor kan bli brukt i tillegg. Ved stor tetthet av basestasjoner blir då lokaliseringa rimeleg god). I USA er operatørane pålagt å overføre lokasjonsdata med ein viss nøyaktighet til nødsentralen (er også forskjellige system, bl.a. med gpsbrikker i telefonane). I Norge tviler eg på at slike posisjonsdata blir sendt automatisk, men det kjem vel. Det er nok også mogleg å peile ein mobiltelefon direkte når den er påslått, men det krev eindel utstyr, så eg trur ikkje det blir brukt i redningssamanheng Satelitt-telefonar kan nok sporast enklare, f.eks. frå satelitt. Her blir nøaktigheten ganske god. Blir samme prinsipp som nødpeilesender (PLB) og bruker vel bare "doppler" effekten. Nokon PLB'er har innebygd gps mottaker som også overfører den gps bestemte posisjonen til geostasjonære satelittar (når den blir utløyst) I teorien kan vel nesten alle mottagere bli peila, men det er nok praktisk umogleg med ein GPS mottager. Nokon få GSM mobiltelefoner har jo også innebygde gps brikker og kan sende posisjonen automatisk, eksempelvis Benefon ESC
  10. Er det nokon som driv med utleige av "skikkeleg" turutstyr Norge? Tenker då på f.eks. vintertelt, pulker, primuser o.l. Er klar over at endel skuler/organisasjoner leiger ut mykje forskjellig, men lurer på om det er nokon andre som også driv på med dette? Kan det tenkast at nokon av dei større sportsforettningane driv på med utleige? Nokon som har erfaringer eller tips?
  11. Virker merkeleg... Er du heilt sikker på at Varg Morgedal ikkje lenger passer i Riva3?? Riva3 tar vel samme tjukkelser som Super telemark? (opptil 20mm ifølge rottefella.com). Isåfall blir det få bindinger skoen passer i
  12. Helikoptermessig så har dei nok ein avtale med Airlift tippar eg. Torbjørn Lie (link her), tidlegare adm. dir i Airlift har jo hatt eit eige prosjekt med å frakte turistar opp på Fresvikbreen (Ved Aurlandsfjorden), men dette prosjektet har så langt ikkje blitt noko av (Torbjørn Lie har bl.a. beskylda Vestlandsforskning for å vera inhabile i sine rapportar om turisme og helikopterbruk). Det er nok difor grunn til å tru at dei blir med på Kalda-Kari prosjektet. Prismessig kan dei nok forhandle fram ein grei pris, det er jo snakk om 2000rundturar i året (4000flyrørsler), eller ca 90 rundturar kvar veke. (Artikkel i Firda: http://www.firda.no/nyhende/article886573.ece) Utfrå helikoptertala, synes det som om sessongen er tiltenkt frå starten av mai til slutten av september (min vurdering) Ang økonomien i prosjektet: Dei har sikkert tenkt på det, men eg personleg tvilar på at det kan kaste så veldig av seg i forhold til andre aktiviteter. Står bla. på nrk.no idag at dei skal bygge resturanten på toppen for ein stor del ved hjelp av dugnad: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/3556477.html Som nevnt tidlegare, det er pengesterke cruisebåtturistar som er målet, og dermed kan ein sikkert setta ein astronomisk høg pris, f.eks. 1500kr pr person for ein halv dag på toppen. Ved 12 rundturar med 5 passasjerar kvar, vil det gje inntekt på ca 90.000kr/dagen. Viss me då reknar 5flytimar effektivt sett og timepris på 8000kr, så blir det fortsatt 50.000kr igjen. Antall rundturar går vel opp etter etterspurnaden, så dei klarer nok å fullbooke dei fleste turane i høgsessongen. Litt pengar blir det nok difor igjen, men det er vel arbeidsplasser dei er mest interesserte i. Resturanten og helikopterlandingsplassen er flytta utanfor nasjonalparkgrensa, og etter det eg kan sjå, så virker det som om sjølve toppen Kalda-Kari, ikkje lenger er aktuell lenger. Bygget skal ligge ca 1,5km austover, like utanfor nasjonalparkgrensa: http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/3226871.html. Etter det eg kan sjå på kartet, tydar dette på at det er området rundt trigge pkt 1403moh som er aktuell, altså litt nordaust for Kaldakari, og ca 200meter lågare. Nokon som veit eksakt? Synes ikkje dette gjer saka noko betre, men bygget blir iallefall litt mindre synleg kan det sjå ut til. I dette prosjektet er det jo ikkje blitt gitt støyrestriksjonar (som det iallefall burde blitt gitt med tanke på valg av helikoptertyper), og det burde også ha vore satt restriksjon på kva slags rute helikoptera kunne nytte. Er nesten heilt sikker på at det blir massiv overflygning av Jostedalsbreen (i lovleg høgde) etter kvart. Personleg så synes eg at motorisert ferdsel ikkje bør forekomma (utanom begrensa "nytte"-transport for grunneigar/hytter o.l.) i naturen, spesielt ikkje i nasjonalparkar. Skulle gjerne ha sett eit regelverk der grensa for lågtflygning over nasjonalparkar blei heva til iallefall 600meter, samtidig med at det blei innført støyrestriksjonar. Randsonane til nasjonalparkane skulle også ha vore strengare regulert. Samtidig forstår eg lokalbefolkninga og eg vil ikkje vera urimeleg, men dette går for langt. Er også einig i at det er etisk vanskeleg å akseptere og ikkje minst vil dette føra til at det dukker opp mange andre liknande prosjekt (Geiranger kan vel ikkje vera dårlegare...ingen vil vel miste attraktive cruiseturistar) For Veitastrond er vel forskjellen i forhold til Jostedalen, at dei manglar ein lett tilgjengeleg brearm (slik som Nigardsbreen). Likevel burde det vera mogleg å få til noko som kasta bra av seg, utan å måtte ty til omstridte helikopterflygningar
  13. Frå artikkel på boarding.no: For øvrig gjelder det i nasjonalparken et generelt forbud mot landing med luftfartøyer og flyging lavere enn 300 meter over bakken (den generelle minstehøyden er 150 meter). Betyr dette at "helikopter- sightseeing" turer over Jostedalsbreen nasjonalpark er "ok" så lenge høgda er over 300meter? Er isåfall redd for at Kalda-Kari prosjektet PÅ SIKT då vil føra med seg mange helikopterflygningar også på sjølve breen. Jordbruk er vel den største næringskilda i Veitastrond tippar eg, så prosjeket har vel utspring i frå at jordbruket er blitt mindre lønnsamt dei siste 10-åra, kombinert med fråflytting. Det er nok slik at Veitastrond er lite kjent blandt folk. Store "turistmagnetar" ligg jo ikkje så altfor langt ifrå (tenker på Fjærland/bremuseet, Nigardsbreen, Briksdalsbreen), og transportmessig ligg dei vel litt dårleg til. Å få generert større inntekter frå fotturistar, ser nok lokalbefolkninga på som svært vanskeleg, men eg skulle ønske at det heller blei ei brei satsning på dette. Har ikkje sjølv vore akkurat i Veitastrond, men det ser nå ut til å vera ein ekstremt fin plass. Men det må nok tilførast stor kapital for å få markedsført Veitastrong ovanfor rette målgrupper både her og i utlandet. Bubilturistar o.l. legge somregel igjen lite penger, så den gruppa er nok lite aktuell. Norge er jo også eit "høgkostland", så det blir fort litt (for) dyrt for mange. Det er nok difor cruiseturistar blir sett på som attraktive (Geiranger er nok forbildet for Sogndal/Lusterregionen) trur eg
  14. Idag skriv bl.a. nrk.no og boarding.no at luftfartstilsynet har gitt konsesjon til Kalda-Kari helikopterlandingsplass, på toppen Kalda-Kari ved Jostedalsbreen. Saka dreier seg stort sett om følgande: Ei lokal gruppe i bygda Veitastrond i Sogn og Fjordande, ønsker å fly turistar opp til fjelltoppen Kalda-Kari og etablere ein liten resturant med enkel servering der oppe. Kalda-Kari-toppen har fin utsikt utover ein del av Jostedalsbreen og det er denne breopplevinga ein ønsker å tilby turister. Det er i første omgang (pengesterke) cruiseturistar ein har tenkt dette opplegget for, noko som vil gje Sogndal ein ikkje ubetydeleg cruisebåttrafikk. EDIT: Først var det Kalda-Kari toppen, no er det flytta lenger nordaust. Sjå det nye bildet Det har tidlegare blitt gitt avslag på slike søknader, pga at prosjektet foregjekk innanfor nasjonalparkgrensa. No er imiddlertid dette blitt flytta like utanfor nasjonalparkgrensa, slik at det er Luftfarstilsynet som gjer godkjenning. LINKER: Artikkel på Nrk.no, samt nrk si samleside om saka Artikkel på Boarding.no Flyfoto av Kalda-Kari og Jostedalsbreen(tatt av meg frå fly) EDIT: Bildet viser Kalda-Kari med Fjærland i bakgrunnen. Den raude pila viser ei omtrenteleg plassering av helikopterlandingsplass/bygg, like utanfor nasjonalparkgrensa. LINK til stort bilde. Sjølve Kalda-Kari toppen er ikkje lenger aktuell. Beklager forvirringa frå mi side... For Veitastrond er nok dette prosjektet eit kjærkomen inntektskilde som kan skapa opptimisme og sikra bygda for framtida. Forstår også til dels leiar i Veitastrond Bygdalag som skriv i Nationen at "Det er nok berre i Solheim si innbilte fantasiverd at lokalsamfunn kan leve av fotturistar (les nikkersadel) med ryggsekken full av knekkebrød og saftkonsentrat innkjøpt i Oslo". Lesarbrevet syner også at her er det ei stor interessekonflikt og sterke følelsar i sving. Dette er ikkje ei lett sak, det hadde vore veldig positivt for heile regionen med eit slikt prosjekt, men samtidig så er det dette med naturen og nasjonalparken. Sjølv om landingsplassen og bygget ligg utanfor nasjonalparkgrensa med nokre meter (ca 10meter), så reiser dette eindel prinsippielle problemstillingar. Så er det dette med å bygge "hytte" på toppen av eit ellers uberørt fjell kontra det å bevara det urørt. Eg er redd at eit slikt prosjekt på sikt vil føra til endå mindre "urørte" områder, men samtidig så sett ikkje helikoptertrafikken varige spor. Er skeptisk med tanke på å kunne bevara Jostedalsbreen mest mogleg urørt, men eg forstår jo bygda. Oppsumert ser eg følgane problemstillingar -Støyforureining frå helikopterbruk -Bygge hytte på urørt topp like ved nasjonalparkgrense -Vil dette føra til at ALLE andre også får lov til liknande prosjekt, også i nasjonalparkar på sikt? -Kva er evt. alternativet for Veitastrond, med tanke på økonomisk vekst? Innviterer med dette alle til å delta i ein SAKLEG og "ON TOPIC" diskusjon. Hadde vore kjekt om folk frå lokalområde rundt Veitastrond også blir med (OBS! Kjem til å slette, evt flytte over i ny tråd, innlegg som går heilt "på viddene") Edit: Meir tydelege linker Edit2: Bildetekst Edit3: Modifisert bilde, bildetekst
  15. Er godt fornøgd med Nansen-skia mine. Det er ein ypperlig kombiski: går stort sett nedi spor, er grei til telemarkskjøring og er suveren på fjellet. Skia har tålt store mengder "juling". EDIT: Følgane avsnitt har eg modifisert noko, etter at mange missforsto: Har bare hatt eit lite problem og det var at bindinga gjekk laus. Sansynlegvis blei dei montert feil (i forhold til bruken) og med ein uegna limtype. Etter at eg fekk det gjort skikkeleg ein annan stad, har det overhode ikkje vore noko problem. Det som stod tidlegare var kanskje litt missvisande. Anbefaler forøvrig ikkje Rottefella Chili på skien, pga stor slitasje på wire ved "turbruk" . Riva3 og 412 (og super telemark) fungerer bra. Har nå Riva3 med små plater (12,5mm?) - platene gjer skien bedre til telemarksbruk, men er fortsatt like god ellers
  16. Har den vanlege utgåva av Ridgerest. Det er suverent å ligga på, men det er eit par ulemper: -Viss det regner og du ligg ute, så samlar vatnet seg i "foldane" og soveposen blir garantert våt (i motsettning til eit ordinær liggeunderlag der vatnet renn vekk). Det same kan vera eit problem på snøunderlag, ved at snøen samlar seg og smeltar i "foldane". -Levetida er også begrensa. Mitt holdt i ca 2 år før det blei ganske lite elastisk og dermed isolerte dårlegare Vil også anbefala Termarest Original, det har passe vekt (men tyngre enn ridgerset), isolerer godt og er veldig behageleg å sova på! Problemet med slike "sjølvoppblåsbare" liggeunderlag er at dei ikkje tåler slitasje frå bakken like godt. Husk å ha med rep.sett.
  17. Trur at dei som driv med resålering av klatresko også kan fikse små hull (men har absolutt ingen erfaring med dette...) Eit søk i google og steepstone forumet, ga meg denne adressen til eit Oslofirma som driv med resålering av klatresko: http://www.frimannthorkildsen.no/klatresko.html Sjekk også ut www.soescalade.com. Mange som anbefaler det firmaet, og dei har visst også rask levering, ca 2 veker (alt dette er "3.handsinfo") Relevante postinger på steepstone.com: http://www.steepstone.com/diskusjon/getResult.asp?search=res%E5l
  18. Ragnar

    Turmat!!

    Sportsnett forhandler noko som ser ut til å vera ganske likt: http://sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=DRY3&var_1=DRY3-meny%203&categorynu=ZC&categorytxt=Friluftsmat
  19. Kva slags modell var dette? (bare interessant å vite...)
  20. Har Helsport Rondane og har brukt det litt om vinteren. Det har foråsvidt gått bra det, men har ikkje testa i sterk vind. Trur nok det klarer seg bra, så lenge det ikkje bles kraftig. Med stormmatter blir det nok ganske bra, men som postinga ovanfor visar; det er ikkje eit "ekstremtelt".Det er kanskje også litt lite til vinterbruk, det er iallefall mi meining. Blir litt bedre når ei stor kuldegrop blir groven ut, men savner det å kunne sitte skikkeleg oppreist inne i teltet Det Rondane teltet eg har brukt, har få bardunfester. Nyare modellar har langt fleire. Har ein kammerat som sjølv har sydd på stormatter på teltet sitt. Det er eigentleg bare å ta litt gamalt teltstoff og sy på. Koster ca 1000,- viss Helsport skal utføra jobben. Har også Ajungilak Tyin Artic sovepose. Den er grei den, men kan nok vera litt kald når det er -25 og nedover. Den er altfor varm å ligge inne med, sjølv med den halve glidelåsen. -27 grader på Svalbard gjekk heilt fint, men husk at telt og liggeunderlag også har stor innverknad på temperaturen. Andre eg har snakka med sa at det var veldig kaldt i -35 grader(nesten ingen søvn). Når det er svært kaldt, er det nok lurt å ha ein sovepose utan glidelås (evt dobbel glidelås), men når det er mildare så er det jo fint med glidelåsen. Ville nok heller ha gått for ein sovepose frå Isbjørn (isbjorn.no) eller helsport sine "ekstermposar" (dei er nok hakket varmare). Isbjørn har forresten fått testa soveposane sine hjå Sintef, så dei oppgitte "komfortabel søvn" -temperaturane stemmer nok...
  21. Det kan bli bestemt at motorisert ferdsel i verneområder ikkje skal vera lovleg. Sjå postinga mi ovanfor Er ikkje jurist, så du kan ha rett i at skiltet i seg sjølv ikkje betyr noko. Likevel: Er du på privat område/veg så har du ikkje nødvendigvis lov til å parkere bilen din. Du har heller ikkje nødvendigvis lov til å kjøre inn på privat veg der det klart står at det er ulovleg. Vanlegvis på privat veg, når det ikkje gjeld vernereglar eller det er andre forskrifter/lover som tilseier noko anna, og det ikkje står "privat skilt" om at det ulovleg, så er eg einig. Dette er uansett ikkje tilfelle i dette landskapsverneområdet, slik eg ser det. Kan ikkje nokon med juridisk kompetanse kommentera regler for privat veg/ kjøring i verna områder?
  22. Stiller meg sterkt tvilande til den konklusjonen! Det er vel forsåvidt slik at det er lov å kjøre på privat veg, så lenge det ikkje er skilt som opplyser om at det ikkje er lov, og ein kan nok ikkje rekne vegen som utmark. Dette hever seg imiddlertid ikkje over forskrifta om at motorisert ferdsel i det aktuelle landskapsvernområdet, er uloveleg. Link til "Forskrift om Utladalen landskapsvernområde..." Forskrifta baserer seg bl.a. på § 22 i"Lov om naturvern" "§ 22. I landskapsvernområder, naturreservater, naturminne og områder som omfattes av forbud etter § 9, kan Kongen forby enhver ferdsel hele året eller en del av året når det anses nødvendig for å bevare plante- eller dyrelivet eller geologiske forekomster. ....." ("Kongen" har vel i dette tilfellet "delegert makt til kommunen", dvs at kommunen har fått i oppdrag frå Staten/fylket å fastsetta forskrifter for området) Forstår ikkje at dette kan bli tolka på noko anna vis enn at kjøring, som ikkje er basert på dei unntaka i forskrifta har gitt, ikkje er lovleg.
  23. Kan også godt tenke meg å bli med, særleg med tanke på det prinsipielle i denne saka. Har sjølv gått Besseggen og eg ser ikkje heilt behovet for den wire'en, men det er forsåvidt ikkje så viktig for mitt vedkommande.
  24. Oppdatert snørapport frå Trondheim sentrum: Overskya, minusgrader og ca 3cm snø Kim: 10-15cm i Trondheim?
  25. Det er kanskje litt på kanten å ha eit opprop her på fjellforum, men skal "vi" ha nokon sjanse for å påvike ei så stor kjempe som Kraft food, så er det fint å ha noko å visa til. Det blir jo akkurat likt som når vi diskuterer andre former for turmat eller turutstyr Skal sende ein litt omformulert versjon av innlegget mitt til dei som er ansvarlige i Freia/kraft, så får tida vise om det kan bli noko resultat utav det. (Flytter tråden over til "Alt som ikke passer inn her")
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.