Gå til innhold

fulvund

Passivt medlem
  • Innholdsteller

    19
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. fulvund

    Samiske navn på kart (utskilt)

    Eg har nok veldig ulik oppleving enn deg av kva det vil seie å gå i fjell trur eg. For meg er fjellet ei stor oppleving, sjå landskap, fin utsikt, små ting som blomar og vegetasjon, landskap som har si historie, gleder meg stort over å møte sauer til fjells og anna menneskeskapt kulturoppleving, som fangstgroper, eller eit fjellvåkpar som misliker sterkt at eg drister meg opp mot fjellet som dei trudde dei hadde for seg sjølv. Uansett kor mykje fjellvåkparet skrik, veit eg at eg ikkje er det første menneske der. Slik er det også med nanmn på fjell. Eg gleder meg storleg over fjell eg ikkje veit kvifor dei heiter det dei gjer, men namna seier likevel ofte mykje om korleis fjella har blitt brukt, og får eg ei forklaring på det, blir opplevinga større. Det gjer opplevinga av fjella større. Om det er politisk korrekt oppleving eller ikkje, det bryr meg mindre. At ikkje alle fjell på same måten, må eg vel berre ta til etterretning. Men eg hadde aldri akseptert om folk utanfrå Voss hadde fortalt meg kva fjell på Voss skulle heite. I følge Espen burde Jotunheimen helst vore kalla " De skumle bjerge som går både opp og ned, veldig mye opp da, med mange stener og skrenter og andre skumle ting". Eventuelt med "heimen" sleng på bak kanskje? Uansett er det viktigste at Espen forstår kva fjella går ut på.
  2. fulvund

    Samiske navn på kart (utskilt)

    Med andre ord, den sterkastes rett skal gjelde på norske kart? Lokale tilhøve skal ein ikkje ta omsyn til? Fordi det kan føre til rusk og forvirring blant enkelte toppsamlarar som ikkje heilt veit kva topp dei har vore på, og statistikken når ein samanlikner kven som har vore flinkast kan medføre unyansar og kiving. Eg kjøper det forsåvidt, det er nok eit stort problem.
  3. fulvund

    Samiske navn på kart (utskilt)

    Nei, for samisk er ikkje ein del av kulturen innan den norske staten?
  4. fulvund

    Samiske navn på kart (utskilt)

    Eg må vedgå at eg synest denne diskusjonen er noko spesiell. Det siste tiåret har gjort etnisk rensing litt "ut" kan ein seie, og det gjeld vel også kulturell etnisk rensing. Det same gjeld påstandar om at den samiske befolkninga ikkje har ei historisk tilknyting til kysten av Nord-Norge (jamført med nordmenn), men fortrengt til grenseområda til Sverige og Finland. Diskusjonen kan elles jamførast med andre diskusjonar her, om namn på toppar i Jotunheimen. Ein får inntrykk av at det berre er talemålet (og forståingsevna) til ein elite i Oslo som skal leggast vekt på. Ut frå den tankegangen bør me ta steget fullt ut og innføre engelske namn på alt i Norge, ettersom engelsk er det språket som blir forstått av flest. Hardangerjøkulen må få det offisielle namnet "The Hardanger Glacier", Snøhetta må bli "The Snow Cap". I mitt eige lokalområde må Gråsida bli "The Grey Side", Lønahorgi kanskje "The Pay-Check Mountain"(??). I Bergen blir problemet om Gul(l)fjellet skal heite "The Golden Mountain" eller "The Yellow Mountain". Men slike tvetydigheiter er vel like greit, så finst det framleis noko å krangle om?
  5. fulvund

    Stølsheimen

    Tusen takk for grundig og opplysande tilbakemelding! Eg gjekk frå Stølsdammen til Åsedalen i fjor 19.juni, då var det sommarføre heile vegen. Ikkje slik i år... Men ein tur til Åsedalen når det lit litt meir frampå er likevel obligatorisk, det er eit kjempeflott område! Aller finast når ein tek turen frå Vikafjellsida ettersom det er temmeleg myrete oppover Berdalen.
  6. fulvund

    Handle friluftsutstyr i Bergen..

    Er ein først på handling i Bergen kan det vere greit å ta turen innom Sportsdepotet ved Engen også.
  7. Eg overnatta aleine i ein fjellduk i Stølsheimen i juni fjor. Det var kjempeflott! Utpå kvelden fekk eg besøk av ein rev som tusla 20-30 meter unna meg. Han såg ikkje meg i det heile, kamuflasjen var god slik, men eg fekk studert reven så lenge han gjekk der og snusa. Seinare på natta heldt rypene meg litt vaken med alle kaklinga si... I firetida om morgonen vakna eg tilfeldigvis og fekk med meg ein kjempeflott soloppgang i retning av Vik i Sogn. Når berre denne elendige snøen (er elendig på denne tida av året...) er faren, skal eg ta meg nokre overnattingsturar i fjellduken att! Gleder meg!
  8. fulvund

    Vemmelig Telenor-reklame

    Ha, ha, ha... Som vanleg når Tom møter seg sjølv i døra og ikkje har argument, så slenger han rundt seg med edder og galle i staden for. Eigentleg er eg litt deprimert ettersom Eurosport plutseleg ikkje fungerer, og det midt under in høgdramatisk etappe i Giro, men det hjelper å le litt! Takk Tom!
  9. fulvund

    Vemmelig Telenor-reklame

    Det var då svært til formyndarhaldning det var på Tom. Den som ikkje gjer slik han vil (ikkje snakke i mobil) er i forfall og må hindrast i å gjere det...i alle fall må Telenor hindrast i å påverke folk, for folk er ikkje i stand til å vurdere dette sjølv. Når blei du slik ein ekstremsosialist?
  10. fulvund

    Stølsheimen

    Stuttjukkens interesse for Stølsheimen er notert i fleire innlegg. Du skriv at det frå gamalt av heitte Stølsheimen. Alt er relativt, også alder. Området vart først kalla Steinslandsheimen av Gjert Bonde som var sterkt bidrog til å gjere bergensarane merksame på området rundt 1930. Først ei stund etter krigen kom nemninga "Stølsheimen" i bruk. Fokuset på Stølsheimen (eller Steinslandsheimen) var var det altså Bonde som stod for, først og fremst gjennom ein artikkel han skreiv i Bergens Turistforenings (dagens Bergen Turlag) årbok for 1929. Stuttjukken og andre kan kanskje ha interesse av å lese den. Eg har ikkje orka å ocr-lese den, men den ligg her (i litt vaklande filformat...): http://dokkeveien.uib.no/frode/31.gif http://dokkeveien.uib.no/frode/32_33.jpg http://dokkeveien.uib.no/frode/34_35.gif http://dokkeveien.uib.no/frode/36_37.gif
  11. fulvund

    Soloppgang på toppene

    Og har ein i tillegg ein gps, så gir den (dei fleste modellar?) svaret når det er soloppgang (og nedgang) på dei ulike koordinata ein måtte ønske.
  12. fulvund

    Jerven fjellduk til overnatting?

    Eg skaffa meg Jerven Thermo Ekstrem, og brukte den for første gong sist helg. Overnatta på Asbjørgsdalseggi som ligg i området mellom Torvedalen og Selhamar turisthytter i Stølsheimen-traktene. Det var ein positiv erfaring. Hadde ikkje med soverpose, men låg med eit ullsett. Trass i at det byrja å blåse ganske mykje på toppen, så var det heilt greit å sove i den. Faktisk så forsov eg meg og vakna nokre timar seinare enn eg hadde tenkt meg... At kamuflasjen også var god fekk eg røyne då ein rev tusla forbi 30 meter unna utan å legge merke til at eg var der i det heile.
  13. fulvund

    Jerven fjellduk til overnatting?

    1875,- på dei same vilkåra.
  14. fulvund

    Jerven fjellduk til overnatting?

    Prisen er 1562 kroner for Thermo Ekstrem, men den må leverast til ei militær adresse.
  15. fulvund

    Jerven fjellduk til overnatting?

    Takker for alle innspel her! Komforten er nok ikkje som i telt, men meininga er heller ikkje å bruke den over fleire dagar, men ha høve til meir spontan og enkel overnatting om eg skulle få lyst til det. Som Heimevernsoldat er det også ein svært god pris på duken. Heller nok mot eit kjøp.
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.