Gå til innhold
  • Bli medlem

Ragnar

Passivt medlem
  • Innlegg

    1 384
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Ragnar

  1. Fann ei side som kalkulerer soloppgang/solnedgang. Prøvde meg på eit søk for Bodø, som jo ikkje er så langt frå Saltfjellet. Bodo Airport (BOO) Bodo, Norway N67° 16' 12" E014° 22' 12" For Fri, Feb 25 2005 MET (GMT+1) Local time (above TZ):15:41 Midday at: 12:16 Length of day: 09:18 Civil Twilight Start: 06:42 Sunrise: 07:37 Sunset: 16:56 Civil Twilight End: 17:52 Link: http://www.mindspring.com/~cavu/sunset.html
  2. Har skilt ut to diskusjoner frå dette temaet: Ny tråd: "Merking av stier" Ny tråd: "Om turistforeningane i Norge og Sverige" Siste dagers diskusjon er flytta dit. Diskuter gjerne vidare originaltemaet i denne tråden. Ragnar adm (Til Brage: Flytta innlegget ditt til "Om turistforeningane i Norge og Sverige")
  3. Ang spelemidler til hytter i fjellet: Kultur og Kirkedepartementet skriv: "Friluftsliv er viktig både for mosjon og rekreasjon. Nordmenn er glad i friluftsliv og turer i fjellet. Turisthyttene er populære og viktige friluftsanlegg. Jeg er derfor veldig glad for vi kan styrke friluftsanlegg gjennom tilskudd til turisthytter, sier kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland." Totalt blei det fordelt 5,9mill. for 2004. http://www.dep.no/kkd/norsk/aktuelt/pressem/043031-070227/index-dok000-b-n-a.html Etter det eg forstår så kan alle søke om slike midler, både private og organisasjonar. Kriteriene for tildeling er nok også tilgjengelege viss nokon gidder å leite. Eg synes det er greit å bruke spelemidler på tiltak for å aktivisere folk. Turistforeningshytter aktiviserer folk rundt om i landet, så slike tildelingar synes eg er greit. Det er mange unge og born som bruker turisthytter, så eg er ueining i at det bare dreier seg om å gje "lavere priser på hytter for vanlige voksne mennesker". Det er heller ikkje slik at det bare er vellståande fjellfolk her i landet, friluftsliv er ein svært viktig aktivitet for ein stor del av befolkninga, fattig som rik. Turisthyttene i Norge har i stor utstrekkning blitt finansiert som eit spleiselag mellom turisforeningane/turlaga, fylket, staten, private gåver, private fond og bedrifter. Dette bidrar til at også vanlege folk har råd til å nytte turisthytter, det får folk ut på tur (og eg tenker ikkje spesielt på Jotunheimen, det er mange andre fjellområde i Norge). Og at dette var lite kjent undrar eg meg over. Er det ingen som les årbøker til dei ulike turistforeningane/turlaga, evt les årboka til DNT? Morten/Brage: Stølsmaradalen er ei ubetjent turisthytte. Overnatting for medlemmar på ubetjente/sjølvbetjente OOT/OA hytter koster i utgangspunktet 150,- i følge prislista, evt 125.- viss du er under 26 år. Prisane varier mykje i dei ulike turistforeningane/turlaga. Om du ligg i "kongeseng" eller under kjøkkenbenken betyr vel ingenting for prisen på ei sjølbetjent eller ubetjent turisthytte? Dette koster tross alt litt å ha den hytta der, sjølv om standarden kanskje ikkje er så høg. Synes ikkje dette er ein urimeleg pris i forhold til prisnivået generelt i Norge. Er det ikkje slike litt enkle hytter vi ønsker då? Ragnar (Vi får dele opp denne tråden snart...) Edit: Retta feil i pris for ungdom
  4. Kanskje litt seint å svare no, sidan det er oktober allereie Temaet har vore opp før, sjå desse trådane: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=65 https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1296
  5. Litt meir seriøst: Vatn tappa på flaske får vel haldbarheitsdato fordi lite volum kombinert med ytre påverknad, som t.d. høgare temperatur, kan føre til at mikro-organismar veks meir enn det som er vanleg/naturleg. Dette kan gjera det uegna som drikkevatn for oss menneske. Det er strenge reglar for kjeldevatn og naturleg mineralvatn. Sjå lenka nedanfor. Lenkje til artikkel om flaskevatn Vatn i store kvanta, f.eks. i ein innsjø, vil halda seg mykje betre enn flaskevatn, både på grunn av volumet og fordi det er ei kontinuerleg utskiftning av vatnet (sikkert mange andre faktorar også). Temperaturendringar vil for eksempel ta lengre tid. Når det gjeld dei ulike kjeldene til flaskevatn, som t.d. Imsdal, Farris og Olden, så er det ulike ting som gjer at desse er godt egna. Vatnet frå Farriskilden blir etter deg eg husker filtrert gjennom jordsmonnet til ein bøkeskog, Imsdalen er ei underjordisk fjellvasskjelde i Rondane og Olden er ei kjelde med utspring under Myklebustbreen. Meir om dei ulike vasskjeldene: Farris Imsdal Olden Olden er vel mest interessant å sjå nærare på: "Isen som vannet stammer fra har ligget beskyttet i mer enn 5000 år. Vannet er fullkomment rent, krystallklart og uberørt av moderne forurensning. Etter hvert som isen smelter fra undersiden av breen, renner vannet gjennom fjellgrunnen hvor det blir tilført mineraler." I utgangspunktet er ikkje breen direkte "rein", mykje naturleg forureining på overflata (frå nedbør, dyr, vekster mm). Når snøen sakte men sikkert blir omgjort til blåis på grunn av trykket (?), så meiner eg å ha høyrt at slike stoffer/organismer "pressa ut" og isen blir krystallklar og "rein". Det er iallefall slik eg har forstått det, sikkert litt feil framstilt. Blåfjellkjelda som Olden nyttar kjem frå unnsida av det som idag er Myklebustbreen (like ved Jostedalsbreen), frå blåisen, og er dermed veldig rein. Mineraler blir tilført på veg ut gjennom berggrunnen. Prøvar av vatnet visar visst at det stammer frå nedbør på breen for omlag 5000 år sidan, så det er ikkje bare eit reklametriks at det er upåverka av moderne forureining. Faktisk litt tøft synes eg! http://www.oldedalen.com/industri.htm Det er imiddlertid verdt å merka seg at flaskevatn har ulikt innhald av salt og mineraler og har dermed ulike bruksformer dei passar best til. Vidare bør ein nok heller ikkje utan vidare bare drikke store mengder flaskevatn utan å vera obs på desse verdiane, iallefall ikkje etter det som står her: "Naturlig mineralvann har dessuten et innhold av mineraler og salter som ofte er større enn de maksimumsgrenser som gjelder for alminnelig drikkevann, og det kan derfor være nødvendig at forbrukeren regulerer sitt inntak i forhold til de opplysninger om sammensetning etc som er angitt på flasken" (http://www.matoppskrift.no/sider/artikkel152.asp) Forøvrig så ser det ut til at det første innlegget delvis stammer frå dagbladets humor911: http://www.humor911.com/tankespinn/ Edit: La til linken oldedalen.com samt det rett ovanfor linken. Endra Jostedalsbreen til Myklebustbreen. La til humor911 linken
  6. WWF har ei ganske bra side der ein kan følge to isbjørnar i området rundt Svalbard. Isbjørnane har ein gps med radiosendar, som med jevne mellomrom overfører posisjonen via satelitt. Kvar månad oppsumeres posisjonane og kva bjørnane mest truleg har foretatt seg den siste tida. Det er også mykje anna informasjon om isbjørnar på sida. "Two polar bears. One million nine hundred thousand square kilometers of frozen arctic wilderness. Where are they?" http://www.panda.org/polarbears/
  7. Eg synes turistforeningane/turlaga stort sett gjer ein utmerka og god jobb når dei merker stier. Det er ytterst få gonger eg har irritert meg over ufin merking. Når stien først står oppført som merka, bør den vera greit merka. Men merkinga bør vera etter merkeinstruksen og ikkje vera overdriven, med mindre det er "nødvendig" utfrå lokale forhold. På uoversiktelege stadar synes eg det bør merkast tettare enn på ein "brei", rett sti Imiddlertid synes eg turistforeninga er litt for lite "aggresiv" i forhold til å få folk til å ta med kart og kompass på tur (samt bruke dette). Slik det er no, så stoler mange på merkinga og har verken kart eller kompass med seg. "Fjell og vidde" burde kanskje hatt ei fast side om kart og kompassbruk? Når det gjeld vardane på Fannaråkken, så kan det på ein finvèrsdag synast litt merkeleg ut. Men no er det ofte tåke og VELDIG dårleg sikt der oppe, så merkinga er etter mi meining akkurat slik den bør vera, utfrå dei loka forholda. Bildet under er tatt der vardane står på rekke og rad austover frå hytta. Det må vera lov å påpeika eventuelle stadar der det er litt ufint merka. For nokon er dette ei viktig sak, mens nok andre er meir likegyldige til problemstillinga. Eventuell kritikk bør sjølvsagt vera konstruktiv. Om det er for mange merka stier i nokre områder (t.d Jotunheimen), det er ein annan sak. Det burde kanskje vera litt meir debatt/opplysning rundt kva for løyper som skal merkast. Kan aldri huske å ha lese artiklar om dette i DNT's "Fjell og Vidde" og dette burde turistforeningane ta tak i. Rutenettet veks vel for kvart år? (Ikkje at det er noko galt ...) Edit: Bildetekst
  8. Trur det er denne bildeserien på adrenaline.no du er på jakt etter: http://www.adrenaline.no/vandre/2001/topptur/galleri/
  9. Les for tida i W.C. Slingsbys bok "Til fjells i Norge" (Originaltittel: "The Northern Playground"). I boka omtalar Slingsby Storen konsekvent som "Skagastølstind". Veslepiggen og Midrepiggen blir brukt om Vesle- og Midtre Skagastølstind, men i ein bildetekst står det "Vesle Skagastøltind". "Hurrungane" skrives i boka som "Horungene" Boka er oversatt, så det kan vera at oversettaren har endra nokre namn. Kanskje nokon har lese den engelske utgåva?
  10. Eg synes rensabensin totalt sett funger best, også for MSR brennarane. Mindre styr ved forvarming og bedre effekt enn ved bruk av parafin. Soter også betrakteleg mindre. Bruker Statoil sin "Alkylatbensin" (4-takts miljøbensin) som leveres på grøn 4 literskanne. Prisen er ganske stiv, 105kr sist eg handla. Kanskje nokon veit om rimelegare alternativ for miljøbensin? Har ikkje hatt problem med avgassar ved bruk av miljøbensin, men kan tenke meg at dette kan vera problematisk ved bruk av blyfri 95 okt. Har høyrt at ein ikkje bør brenne med blyfri 95 okt. inne i teltet nettopp pga avgassar. Ulempa med bensin kontra parafin, er brannfaren (og literpris...). Har vore med på eit par "nesten uhell" som fort kunne endt opp med eit stort hòl i teltduken. Brukte MSR XGK ein del tidlegare og denne fungerte også bra med parafin, men litt sot blei det utav det (spesielt viss parafinen blei brukt til forvarming). Primus "Himalaya Multifuel", som eg hadde tidlegare, fungerte best med rensa/miljøbensing, men parafin gjekk greit det også viss det ikkje var for kaldt. Imiddlertid hadde eg mange problem med denne brennaren. (Den nye Omnifuelen skal vera mykje betra på alle moglege måtar og det ser ut til å stemme. Kjenner fleire som er godt fornøgd med denne modellen) MSR Wispherlite har eg ikkje nytta sjølv, men var med på ein tur der fleire slike brennarar svikta ved bruk av parafin. Det verkar som om den er meget omtåleg for "dårleg" parafin. Parafinen bør difor vera av bra kvalitet. Med rensa bensin derimot så har eg fått inntrykk av at den er bra, også i kalde strøk. Men som sagt, eg har ikkje testa dette sjølv. Brukar no MSR Dragonfly og er godt nøgd med den. Har bare brukt rensabensin på den til no.
  11. Statens kartverk har nokre sider om "høgder" og skriv bl.a.: "Et nasjonalt høydesystem består av et vertikalt eller geodetisk datum og et landsomfattende nett av utvalgte fastmerker som er høydebestemt i dette datumet." På illustrasjonen som Kim har linka til, vises "Normalnull 1954 (NN1954)" "Det planlegges et nytt offisielt høydesystem i Norge. Det skal baseres på en felles nordisk utjevning av landenes nivellementsnett , og planlegges ferdig i 2005-2006" http://www.statkart.no/IPS/?module=Articles;action=ArticleFolder.publicOpenFolder;ID=1129 http://www.statkart.no/IPS/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1863
  12. Nordfjord Folkehøgskule har ei "Kroksperregame" som er meget fin. Den har plass til 15 personar og blei flittig nytta det året eg gjekk der. Nokre bilder finn du her: http://breogfjellsport.no/dir/pictures/album_window.php?albumID=20 Er det noko slikt du tenker på?
  13. Bildene under gjer nok ikkje så mange hint, men måtte bare visa kor fint det er i det området Det trengs tydelegvis fleire folk frå vestlandet på forumet. gi, du har rett ang Gloppen/Jølster. Den er i Gloppen kommune, forøvring ein kommune med ganske mange toppar. Topptur opp hit om vintaren er ikkje veldig vanleg trur eg, det er vel mest ein sommartopp som ein del av ein rundtur med fleire andre toppar. Men så veldig vanskeleg å gå opp om vintaren er det ikkje. Fleire hint blir gitt viss det visar seg å vera for vanskeleg
  14. Denne er nok veldig vrien viss du ikkje har vore i akkuratt dette området. Toppen er ikkje veldig kjent trur eg? Bildet under viser toppen frå ein annan vinkel og med ein meget kjent topp eit godt stykke bak. At den er 1400-1500 moh burde vel også hjelpa og det er Sogn og Fjordane som er fylket.
  15. Det er ein tråd som omhandlar nesten det same: Flere bestigninger av en topp i løpet av en dag (utskilt) Men det er jo lov å diskutere dette i denne tråden også... Eg meinar no at ein må ned til utgangspunktet for turen til toppen. Det einaste er kanskje viss ulike ruter blir tatt oppover til toppen, der anmarsjen er lik. Men eg er også einig i at ein i prinsippet kan få veldig mange bestigningar av ein topp på ein dag, men altså kun i prinsippet
  16. Flott topp! Trur eg veit svaret, men skal la andre gjette før meg...
  17. Inspirert av Peder K. så inviterer eg til gjettekonkurranse. Mogleg denne er litt vrien: Kva slags topp er avbilda nedanfor?
  18. Vil bare presisera det som er sitert frå meg nokre postingar ovanfor: Eg meiner ikkje at det er noko gale med Åsneskia mine! Tvert imot, har fortsatt dei same Åsnes Nansenskia og er MEGET godt fornøgd. Har hatt dei 3 sessongar nå og nytta dei ganske mykje. 2 turar på Svalbard har dei ikkje hatt nokon problem med, ei heller mange dager i skitrekk, skiturar mm. Totalt sett har dei fått mykje "juling" og tålt det meget godt. Når eg ein gong skal bytte dei ut, blir det garantert Åsnes. Ingen over, ingen under meiner no eg. Det er forskjellige måtar å montere bindingar på, bl.a. i forhold til valg av lim, og det var feil bruk av lim i forhold til bruken som skapte problem for meg, kunne ha vore kva slags ski som helst. Meget røff bruk av ski krever ekstra god montering (med tanke på limtype, skruer mm. ). Det gjeld generelt for alle ski.
  19. Søkte litt på nettet fordi eg meinte å huske at det har vore litt diskusjon rundt vasskvalitet "på fjellet". Det har vel stort sett dreid seg om at drikkevatnforskriftene også gjeld serveringastadar i fjellheimen, og at desse stort sett har nytta ubehandla vatn. Dette kan sikkert vera interessant med tanke på denne tråden, i og med at mange turisthytter bruker omkringliggande overflatevatn som drikkevasskjelde. Kom over ei undersøking med tema "Er fjellvannet godt nok?" http://www.home.no/blazius/fjellvann/ No har eg ikkje lese gjennom alt, men i oppsumeringa står det at det blei funne "indikatorbakterier" i 15 av 32 prøvestadar. Ein artikkel på matportalen.no omtaler bl.a. denne rapporten og temaet generelt: http://matportalen.no/Saker/1088155057.29 Fann også eit spørsmål på doktoronline.no ang fjellvatn: http://www.doktoronline.no/pub/qa/31124847.html Risikoen er vel ikkje veldig stor for å bli smitta eller bli sjuk etter det eg forstår, men det er nok litt individuelt. Nokon tåler mykje, andre tåler mindre. Det har vel også noko med kor "herda" kroppen er og om ein har vore utsatt for slike bakteriar/virus før og har antistoffer mot desse. Kjenner til personar som har blitt ganske dårlege etter å ha drukke vatn i fjellet, så problemet eksisterer absolutt. Meiner det skal foreligga ein statistikk på kor mange dette gjeld pr år? Med litt sunn fornuft så trur eg sjansen er liten for å pådra seg infeksjon. Eg drikk iallefall frå dei fleste bekkar eg kjem over i fjellet
  20. Kan absolutt anbefale å ta turen innom "Utebutikken" (Ute.no). Denne ligg like ved Gamle bybro. Har handla ein del ting der. God service og bra priser. Han har ikkje stort lager, så visse ting er bestillingsvarer. Dei som jobber der har skikkeleg god peiling, så det er uansett verdt å ta turen innom. Ellers så er det vel dei to Sport1 butikkane som har litt fjellutstyr, særleg Axel Bruun Sport i Prinsensgate 30 (like ved E6'en gjennom midtbyen). Vi ikkje anbefala La sportiva TRK, blei aldri fornøgd med dei skoa. Husk at visse stegjern er såkalla "step-in" og krev av fjellskoen har "hakk" bakpå for å feste stegjernet
  21. Var på Eventyrisen i september ifjor og då var forholda veldig gode. Stort sett bare blåis i nedre del (som vel er det aktuelle området). Stegjern og isøks var nødvendig, hadde vore vanskeleg med brodder. Dei første områda innpå isen var lette, så det burde går greit. Men lenger innpå blir det vanskelegare. Anmarsjen opp går på forholdvis bra sti, men det er jo litt høgdemeter opp dit. Har du god tid og ein motivert sønn, så trur eg at det kan bli ein grei tur. Eg ville ikkje hatt forhåpningar om å gå langt inn på Eventyrisen, men ei fin breoppleving blir det nok uansett. Viss du ikkje går med førar, så må du sjølvsagt vurdere kva som er forsvarleg sjølv. Er vel vanleg å gå i taulag i Eventyrisen (3 eller fleire i kvart lag), iallefall gjorde alle det når eg var der. Link: Bilder av bl.a. Eventyrisen på breogfjellsport.no
  22. Temaet "Flere bestigninger av en topp i løpet av en dag" er skilt ut herfrå og finnes her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1652 Ragnar Moderator
  23. Denne tråden er kanskje interessant: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1172
  24. Såg ingenting til dette tauet du snakker om, gi. Kanskje det bare var noko som hadde blitt liggande igjen, eller midlertidig satt opp? Kanskje eit taulag som satte det opp på veg opp og som tok den med ned etterpå? Det kan ikkje ha vore der særleg lenge iallefall
  25. Kan vel avkrefta dette. Helikopterslynga var der iallefall den 7.august i år (på sørvestveien), ilag med svart slyngebånd. Verken såg, eller høyrde om nokon boreboltfester
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.