Gå til innhold
  • Bli medlem

EliO

Aktiv medlem
  • Innlegg

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av EliO

  1. Det med stempel var neste ting på "lista" som eg ville finne ut av, ja😉 Folk går jo ruta vinterstid? Det er kanskje ei ordning for det. Vel, i fyrste gang er det no ekstremværet "Hans" som ein må prøve å kome seg heilskinna gjennom, her i Innlandet..
  2. Dersom eg nokon gong skal gå Massiv-ruta, so vil eg ha stempel frå kvar hytte, so ruta blir komplett. Det kan hende at det innebærer at ruta bør gåast innanfor sesongen for breføring over Fanaråkbreen (når det er snakk om til fots, ikkje på ski).
  3. Ja, det er nok ein grei sti. Men då blir ruta Sognefjellshytta - Skogadalsbøen - Fanaråken - Skogadalsbøen, og så vidare. Men, det er kanskje berre slik det må bli, når ein ikkje kan ta ruta over breen.
  4. SignaTUR MASSIV, frå nord til sør. Tankar om å gå den til fots frå ca midten av september? Ein kan vel forvente alt frå fint vær til vind og sludd og snø. Men konkret: etappen frå Sognefjellshytta til Fanaråken. Då er hytta stengt og breføringa over. Det er ikkje akkurat nokon sti rundt breen heller? Via Skogadalsbøen, då. Erfaringar?
  5. Takk for tips! Eg skal sjekke den ut, og halde augene opne etter salg 😉
  6. Takk for svar! Eg skal prøve den jakka når eg er forbi ein Sport Outlet neste veke 👌
  7. Takk for det tipset også 😀 Det merket har eg sett har vore nevnt i liknande trådar tidlegare, skal sjekke det ut!
  8. Takk for godt tips! Den er innafor i pris - kan godt vere det blir eit kjøp, rett og slett 😄
  9. Har de nokon gode tips til regn-/vanntett jakke til fjelltur/friluftsbruk? Som også er nokså lett, og som ikkje nødvendigvis kostar skjorta?
  10. Og Gregory Baltoro i str S vart det! Den minste størrelsen som var å velge. Den sat mykje betre på ryggen. Og vart den beste til min rygg av dei eg prøvde, som i tillegg til denne var Osprey Ariel plus 100 og Lowe Alpine Cerro Torre 100:120. Altså - den var ikkje berre best for meg av desse tre, den var knallgod 😉 Dessutan rager den ikkje so veldig høgt, som nok er ein fordel med tanke på å bruke den på skitur. Og slepp det med foroverlent hovud, som eg erfarte med Osprey.
  11. Den køya du nemner har fått berre gode omtalar, den ja! Og takk for tips om salg på den 😊 Noko å tenke på der.. Du brukar underquilt til den? Eller (og) liggeunderlag oppi køya? Forøvrig so skal eg no også gi Amok-køya ein god del fleire forsøk, har veldig lyst til å like/mestre den 😊
  12. Nettopp ja - ja eg kan jo legge til at eg ikkje har fått prøvd den so veldig mange ganger, og slit fortsatt med å finne roen/søvnen. Men det kan også vere sjølve utesovinga (aleine) eller konseptet hengekøye som eg ikkje er heilt vant med endå. Tenker på å prøve ei Haven Tent-køye, for samanlikning. Og for avklaring om eg kanskje også er ein bakke-sovar 😅🤷‍♀️
  13. To år gamalt spørsmål, du har sikkert gjort deg mange erfaringar sidan då 😊 Men mitt 'heite' tips til Amok Draumr når det er kaldt på vinteren: intet mindre enn to skumunderlag i tillegg til Vinterfjøl. Éitt underlag under og éitt over.
  14. Takk for svar! Det er noko å tenke på (spare til..) altså. Einaste er at den underdelen/"lakenet", vil ikkje fungere å feste til liggeunderlag i feks Amok Draumr-køye, som eg har. Der liggeunderlaget ligg inni ei lomme i køya. Men i ei Haven Tent-køye, vil den nok kunne funke 🤔🤔🤔 Som sagt, noko å tenke på, dette 😊 Eg er ikkje heilt fan av sovepose.
  15. Hei! Har du fått prøvd ut Zenbivy-dyna/posen? Gjort deg nokon erfaringar? Denne er eg sjølv nysgjerrig på!
  16. Takk for tips! Nå har eg i grunnen pakka den sekken ned igjen, det var et slit å prøve sekker 😅 Eg er ganske sikker på at eg prøvde alle mulige justeringer og kombinasjoner. Men det med å ta av topplokket, prøvde eg ikke! Det kan eg forsåvidt prøve 👍 Men - topplokket skal jo kunne brukes som en liten tursekk? så da mister man den muligheten, om man ikke har den på/med.
  17. Sant det, den eg bestilte og har prøvd, er M/L. Eg har faktisk ikke målt ryggen min. En annen ting er hvor eg plasserer hoftebeltet, at kanskje det sklir/jobber seg opp, siden midjen er smalere. At det også kan være en årsak til at den ikke sitter nedpå skuldrene. Nå har eg "putta flere sekker i potten", prøver en Lowe Alpine Cerro Torre 100/120, som også kjennes bra. Det er sikkert flere sekker eg kunne/burde prøvd, òg. Men innser nå at eg trolig bør tenke på om sekken skal være hovedsaklig til sommer- eller vinterbruk, ut fra tyngdefordeling. De som er mer topptunge, er kanskje ikke det beste valget for ski. Der var Gregory Baltoro god, litt lavere tyngdepunkt. Men skulderremmene var mulig litt vonde inn på nakke/hals. Ikke lett, dette..
  18. So det er ikkje berre meg som har erfart det med hovudet (it's not all in my head😅)! Takk for innspel, det er gull verdt - då blir eg litt sikrare i min skepsis til om sekken eigentleg passar til meg. Det er lett å la seg blende av at den får so mange gode anmeldelsar og stjerner på div nettbutikkar. Men passar den ikkje, so passar den ikkje, som du er inne på. Forøvrig prøvde eg til slutt min gamle Bergans Trollhetta - for referanse, etter å ha prøvd dei to. Og den er jo so god på ryggen.. Berre litt i minste laget. Og begge dei to var det veldig lett å feste éitt reinsskinn og to liggeunderlag på, det må litt ekstra reimar og styr til for å få til på gamlesekken.
  19. Samme her! Med Kipara Ropelv 225. Og eg som trudde at det berre var meg som ikkje fekk til å lukke borrelåsen godt nok. Eg likar packraften veldig godt, men bør jo altså helst enten ha på regnbukse, eller evt tørrdrakt (som eg uansett brukar når eg padlar på vår/haust).
  20. Har kommet til at min (ganske mange år gamle) Bergans Trollhetta Lady 75 l er hakket for liten til overnattingsturer spesielt på vinter, og er på utkikk etter en 100 ltr-sekk. Anbefalinger? Eg har bestilt Osprey Ariel Plus 100 og Gregory Baltoro 100, og har prøvd begge hjemme. Førstnevnte er damemodell, sistnevnte er herremodell. Eg hadde håpa at Ospreyen ville være full klaff, men er usikker. Eg har prøvd en mindre sekk av det merket tidligere, og husker at eg ikke syntes den passa, da heller. Føles som at eg ble gående litt framoverbøyd med hodet. Eg har prøvd begge 100 ltr-sekkene med eksakt samme innhold; det meste eg ville hatt med på tur. Det store problemet med Ospreyen, var at skulderreimene ikke tok nedpå skuldrene, når den ellers satt som den skulle. Eg prøvde ei lang stund å regulere i alle bauger og kanter, men noe ble bare feil, uansett. Om eg slakka de stroppene oppe (mellom skulderreimene og sekken) så satt den mer nedpå skuldrene, men da hang den til gjengjeld langt ut fra ryggen. Kunne aldri gått på ski med den slik. Eg er forresten 176 høy, 'normalt' bygd, nokså svai rygg. Gregory Baltoro-sekken kjennes egentlig bedre ut, men hoftebeltet havner for langt ned på meg. Har bestilt S nå, dette var M som eg har prøvd her. Noen synspunkt/innspill på de to sekkene, evt andre med ca samme volum - og da spesielt for kvinner? Ser forresten at Gregory har en tilsvarende damemodell som heter Deva, MEN den er bare 80 ltr
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.