Gå til innhold
  • Bli medlem

afe

Passivt medlem
  • Innlegg

    2 731
  • Ble med

  • Dager vunnet

    17

Alt skrevet av afe

  1. Med tanke på volum i sekken, kan det vera lurt å finne ei gryte som brennaren passar nedi.
  2.     http://www.moraofsweden.se/stalkvaliteter
  3. Det sies så mangt. Men dersom det ikkje fungerer i Optimus 00, fungerer det heller ikkje i Optimus 111.
  4.     Dei er ikkje heilt enig med seg sjølv, og dette er avhengig av trykk (altså avhengig av temperatur). Eg såg i bruksanvisninga som ligg til nedlasting på http://www.primus.se/media/pdf-printouts/manuals/Instruction-3277_EasyFuel_II.pdf og der står det "Gassforbruk 175 g/h / 9000 BTU/h / ca. 2,5 kW ved 1 bar gasstrykk." Det var der eg fann informasjon om dysa også. Tilsvarande for Trangia-brennaren: http://trangia.se/core/files/742527_gasburner2012.pdf "Gassforbruk: 150 g/h / 6.700 Btu/h / ca. 2,13 kW butan ved 1 bars trykk."
  5. Du har heilt sikkert rett. Eg ser at Trangia oppgjev dysestorleik 0,37mm og 2,13kW effekt mot Primus sine 0,4mm og 2,5kW. For alt eg veit, er det den einaste forskjellen. Og når ein veit korleis Trangia har strypt ned effekten på multifuelbrennaren som er basert på Primus Omnifuel, i forhold til at dei tidlegare leverte Nova-brennar med full effekt, kan det sjå ut til at dei har teke konsekvensen av at det kan bli i varmaste laget med full effekt i stormkjøkkenet. Eg trur fortsatt att tidlegare variantar av Trangia-gassbrennaren hadde same effekt som Easyfuel effekt. PS: Eg ser at primus.se ikkje opererer med 'II' i Easyfuel-navnet, så forskjellen frå tidlegare modell er truleg liten, men så stor at dei ville markere at det faktis var ein oppdatert versjon den gongen dei la til 'II'
  6. Eg har ein misstanke om at Trangia-brennaren har endra seg litt gjennom åra, mogleg også at det har vore ulike produsentar av han. Ei tid stod det 'Primus' på han, og då var det, slik eg har forstått det, akkurat same brennaren som Easyfuel. Eg har hatt i tankane å kjøpe Trangia-brennaren for å sette i kjelestøttene til Multifuel (som har same kjelestøtter som Easyfuel, men ellers er ein mindre vellukka brennar), men dette er ikkje aktuelt dersom Trangia-brennaren er dårlegare enn Easyfuel-brennaren. Til den prisen som er nevnt i denne tråden, gjev det jo heller ingen meining.
  7.     Når innertelt og yttertelt heng i saman, er framgangsmåten heilt lik fram til innerteltet er satt opp i videoen. Men då er også teltet ferdig oppsatt.
  8.     Joda, det ante meg.
  9. Primus Easyfuel er utan tvil ein god brennar, og truleg fyrstevalget dersom eg skulle kjøpt ein gassbrennar med hovedfokus på matlaging. Kjelestøttene er robust og stødig, og flammebildet er vidt og fungerer godt til steikepannebruk (samme eller i alle fall veldig lik gassbrennaren som Trangia sel til å bruke i stormkjøkkenet). Easyfuel har vore på marknaden i omlag 20 år (utan 'II' i navnet heile tida), så det er vel å rekne som ein klassiker. Fordelen med ein slangebrennar, i tillegg til det som allereie er nevnt med å kunne snu boksen, er at kjelestøttene er veldig stødige og at heile brennaren er nærare bakken så vindskjerming vert mykje enklare. Ulempa er storleik, vekt og at det er meir som kan gå sundt. Skal du fyrst ha ein robust brennar med slange, er nok Easyfuel ein av dei mest robuste. Når det gjeld Svea 123r, er flammebildet som andre brennarar, og egnar seg derfor verken betre eller verre enn dei fleste andre brennarane (typiske lettvektsgassbrennarar er unntaket med sine veldig konsentrerte flammer). Under steikepanna kan ein uansett ikkje fyre for fullt, så den meir beskjedne effekten er ikkje noko problem. Brenseltanken har omlag same diameteren som ein 230g gassboks, så han står like stødig eller ustødig som ein gassbrennar som er montert på ein sik boks.
  10.     Slik eg har forstått det, er det same brennar inkludert reguleringsventil, men reguleringsrattet er totalt ulikt. Sjølve ventilen er i form av ein lang skruve som er konisk i enden. På Nova er reguleringsrattet ei stang i forlenginga av ventilen. På Nova+ er ventilen kobla til ei hylse som ligg på utsida av brenselslangen, og sjølve reguleringsrattet er i enden av denne hylsa, like innved pumpa.
  11.     Så sant det ikkje står oppslag om at det er fritt fram å fiske, så er det ikkje fritt fram. Dei fleste plassane er ikkje fiskekort svindyrt.
  12. Me er altså enige om at ulven kan utryddast frå Noreg. Det er bra, eg forsto det nemleg ikkje slik litt tidlegare i tråden.
  13. Moskusstammen på Dovrefjell er ikkje der for å redde arten. Så verden vil ikkje misste noko om du får det gjennom. Villrein har så stor økonomisk betydning, at det aleine er grunn til å bevare stammen. Men dette er offtopic.
  14. Og kva er problemet med det?
  15.     Dei viktigaste forskjellen mellom dei to telta er truleg på heilt andre plan enn kvalitet. Eg ville ikkje kjøpt det til 4500 dersom eg ikkje greier å sjå at det er nokon forskjell. Men mest truleg er det så store forskjellar på form og funksjon at bare det eine teltet er aktuelt uansett. For meg er logoen av null verdi, og fyrste gongen eg kjøpte Hilleberg-telt, var merket relativt ukjent for meg. Men teltmodellen, altså kombinasjon av form, storleik og vekt, var akkurat slik eg ville ha det, og det var det ingen andre teltprodusentar som kunne levere. Eg rekna det faktis som ein viss risiko å kjøpe telt frå ein ukjent utanlandsk produsent. Men teltet fungerte heilt etter forventningane, så eg har har ikkje rekna den same risikoen ved seinare teltkjøp av same merke.
  16. Eit stort problem med mange av 'hjelp meg med kva eg skal kjøpe'-trådane, er at denne ferskingen eller kven det er som spør, spør etter det beste, eller har nokre krav som ikkje heng på greip. Då er det sjeldan at svaret er av dei billigaste modellane. Eg reknar med at dei som sel billig utstyr også prøver å lure deg...
  17. Og likevel meiner det same naturverforbundet at ulv er ein truga art. Forstå det den som kan.
  18. Av alt utstyr eg har kjøpt, har eg alltid vore villig til å betale prisen. Det eg ikkje har vore villig til å betale for, har eg heller ikkje kjøpt. I den samanhengen er det enkelt å konkludere med at alt eg ikkje har kjøpt, har vore prisa for høgt. Veldig mykje utstyr med dårleg kvalitet og veldig mykje utstyr med høg kvalitet havnar i gruppa som er prisa for høgt. Faktis det aller meste som vert solgt i landets sportsbutikkar havnar i denne gruppa. Kjøp av friluftsutstyr er heldigvis basert på frivillig handel.
  19.     Eg har bare gode erfaringar med parafin på Nova, men Nova'en min er frå tida Optimus hadde god kvalitet på produkta sine. Basert på kva eg har lese og sett av nyare Nova, ville eg halde meg vekk frå den brennaren. For å skaffe seg ein god parafinbrennar til billig penge, ville eg anbefale å sjå seg om på bruktmarkedet etter ein billig Primus 210, Radius 21, Optimus 00 eller Svea 121. Enklare og betre parafinbrennar til å ha med i ryggsekken, finnst ikkje. Slike finn ein for 100-200kr, men treng gjerne ei ny lokkpakning og litt olje på pumpelæret.
  20. Sjølv foretrekk eg skriftleg kontakt via nett. Der det fungerer, fungerer det utan åpningstider, og korrespondansen kan sporast. Det eg ikkje likar, er når kundeservice lovar noko dei ikkje held. Då hadde det vore betre utan noko svar, for då kunna eg mase, til dømes pr telefon, i staden for å vente på noko som aldri kom. Problemet løyste eg ved å kjøpe ny teltstang frå konkurrenten. Då visste eg også at eg fekk ei stang som heldt, noko eg ikkje ville fått frå Helsport på det tidspunktet uansett. At produktet var så dårleg at eg måtte ta kontakt med kundeservice, var ille nok til at eg stolte meir på konkurrenten på det tidspunktet. Og det gjer at eg ikkje har vurdert Helsport særleg høgt ved seinare innkjøp heller. Hadde eg hatt tru på at Helport kunna løyst problemet den gongen, hadde eg nok masa meir.
  21. Eg har prøvd å ta kontakt med kundeservice til Helsport ein gong, og det einaste eg fekk var eit automatisk svarbrev om at dei skulle ta kontakt.
  22. Ver nøye med korleis du innreier teltet. Hald vått utstyr skilt frå det som helst skal vera tørt, slik som soveposen. Når ein er bevisst på dette, er ikkje fukt noko stort problem.
  23. Dersom du meiner at eg har argumentert for at dyrt er best, har du ikkje forstått innhaldet i innlegget mitt. Nei du får ikkje nokon betre oppleving i eit dyrare telt, bare for at det er dyrare. Du må velge telt etter dine ynskjer og behov. Dersom Nordmarka er det riktige teltet for deg, vil du få ei dårlegare oppleving i andre telt, heilt uavhengig av pris.
  24. Det enkle er ofte det beste. Eg har gode erfaringar med romsleg pose utan noko dilldall. Når eg stappar dette hardt nedi sekken, vert ikkje volumet større enn nødvendig.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.